Skihopparvise
Skihopparvise av Halvor Myrvoll |
Han står der og småfrys og ventar på toppen
at fløyta skal melda: Kom, no er det klart!
Han kjenner ei skjelvande spaning i kroppen,
han er ikkje redd, men det kjennest litt rart.
Han spenner seg ut for å auka på farten,
og augo er stendig på hoppkanten fest.
Det er om å gjera å passa på starten,
han veit, om det klaffar, kan han verta best.
Å jau, han har nedslag og jamvekt i orden,
så fjellstøtt og trygt som han rettar seg opp.
Det brusar ein jubel om bakkerekorden
der kry han på sletta gjer bråsving og stopp.
Denne teksten er lisensiert under lisensen Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0.
Du står fritt:
Under de følgende betingelsene:
|