Skirnesmaal
Frøy, son aat Njørd, hadde ein dag sett seg paa Lidskjalv og saag ut yvir alle heimar.
Han saag (mot nord[1]), burt i Jøtunheimen, og gaadde ei fager møy, der ho gjekk fraa skaalen aat far sin burt til bure.
Av dette fekk han stor hugsott. (Daa han kom heim, mælte han inkje eit ord, han korkje sov eller drakk, heller inkje torde nokon tala aat han.[1])
Skirne het Frøy sin skosvein. Njørd bad honom røyne ut Frøy. <poem>
- Daa mælte Skade:
1. „Ris upp, Skirne! Skunde deg stad sonen vaar aa søkje og frette han um kven som frode drengen vreide mun valde.“
- Skirne:
2. „Vondord berre d’er von eg fær, um eg sonen skal søkje og frette han um kven som frode drengen vreide mun valde.“
- Skirne:
3. „Seg meg no, gasta gude-hovding, det eg vita vil: kvi einsam du sit i aude salen heile dagen, min drottin.“
- Frøy:
4. „Kvi skulde eg segja sellen so ung tung sut og trege? Um Gullstraale bjart glimar all dagen, lite mi sorg lettnar.“
- Skirne:
5. „Aldri eig du so ill ein trege, som meg du ’kje segja maa. Unge var me fraa upphav saman, me tvo kvarandre kann tru.“ <poem>
- Frøy:
6. „I Gymes-gardom gange eg saag ei møy, meg ho hugstal. Armar lyste, so logar leika yvir himil all og hav.
7. Heitare for møyi hugen han brenn, enn folk de fyrr hev kjent. Men av æsir og alvar ingin det likar, at me saman skal sitja.“
(Og for hennar skuld var han so hugsjuk, at han munde inkje lengi liva, um han inkje fekk ho. „Men no skal du fara stad og bele til ho paa mine vegnir.“ Skirne svara og sa at han skulde fara i sendeferd[2]).
8.
- Skirne:
„Hest du gjev meg den som gjeng gjenom røyk og leikande mein-logar, og det sverde som sjølvo seg braar[3] mot jøtun-ætt.“
9.
- Frøy :
Eg hesten den gjev deg som gjeng gjenom røyk og leikande mein-logar, og det sverde som sjølvo seg braar, naar djerv dreng ber det."
Skirne mælte ved hesten: 10. „Myrkt er det ute, og me lyt av stad yvir doggvaatt fjell fram, yvir huldre-heimar fram. Baae vert me berga, eller baae oss tek den ovsterke jøtun.“
Skirne reid inn i Jøtunheimen fram til garden aat Gyme. Der var det olme hundar; dei var bundne ved skigardslede fram-med salen aat Gjerd. Han reid dit som det sat ein hjuring paa haugen, og helsa honom:
11. „Seg meg, du hjuring, som paa haugen sit og vardar alle vegir: Kor kann eg sleppe for sinte hundom til unge møyi inn?“
- Hjuringen:
12. „Kvaare er du feig eller framfarin[4] alt (svein som hera sleng)[5] Aldri du slepp til aa andsynes[6] koma med gjæve møyi aat Gyme.“ <poem>
- Skirne:
13. „Alt er betre enn umanns-ferd, si von lyt ein vaage. Med dagen viss er dauden meg sett og heile livsens lagnad.“
- Gjerd:
14. „Kva for ljomande ljod lydest her inn i høge hallom vaare? Jordi ho skjelv, det skjek i grunnen i Gyme sine gardar.“
- Terna:
15. „Ein mann her av sàlen svinga seg ned, no hesten sin han hamnar. (Andsynes koma, krev unge drengen, med gjæve møyi til Gyme.“[7]
- Gjerd:
16. „Inn bed du han stige til oss i sal og drikke den mæte mjød, endaa eg ottast at ute her stend banemannen til bror min.
17. Er du ein alv eller aasa-son, eller av vise vanir komin? Kvi fór du aaleine gjenom frøsande eld salen vaar aa vitja?“
- Skirne:
18. „Eg er korkje alv eller aasa-son, eller av vise vanir komin. Endaa fór eg aaleine gjenom frøsande eld salen her aa sjaa.
19. Elleve eple, alle av gull, deim mun eg, Gjerd, deg gjeva, din hug aa vinne, so du viljen gjev til Frøy deg aa feste.“
- Gjerd :
20. „Elleve eple inkje eg tek, so ein mann fagnad skal faa. Aldri i live eg uner med Frøy til saman aa byggje og bu.“
- Skirne:
21. „Eg byd deg den ring som brend vart med unge Odins-sonen; aatte jamgode det av han dryp niande-kvar natt.“
- Gjerd:
22. „Meg batar inkje ring, um brend han vart med unge Odins-sonen. Inkje gull vantar i Gymes-gardom hjaa fræge far min.“ <poem>
- Skirne :
23. „Ser du sverde, møy, smalt og globjart, som i handi her eg hev? Hovud mun eg hogge av halsen din, vil du inkje vægsam[8] vera.“
- Gjerd:
24. „Ovrikje tola aldri eg gjer, so ein mann fagnad skal faa. Men eg gjet paa det, um Gyme deg finn, daa lyt stride sellar røynast.“
Skirne : „Ser du sverde, møy, smalt og globjart, som i handi her eg hev? For kvasse eggjar i koll sig gubben, feig vert han, far din.
25. Temjings-tein slær deg, tamd skal du verte etter min vilje, møy. Der skal du svive som sidan deg aldri ser mann eller møy.
27. Paa Ørnetuva du aarle skal sitja, nakken mot Mannheim, nasen mot Hel. Meir du ved mat skal leidast enn menn av Fraane-ormen tek fæle.
28. Eit bisn du verte, naar paa vegom du kjem. Rimne paa deg stire, alle glo og glire! Vidgjetnare vert du enn gude-vorden, der du gaper bak grindom.
29. I hugen deg suge sutir og verk! taarir vekse av din trege ! Set deg heran, og høyre skal du um svidande sut og tvifald trege.
30. Deg troll og tramar[9] tyne all dagen burt-i gygre-gardom! Til rimtusse-hallir du reke kvar dag, vanraadd i hug, vonlaus i hug.
31. Med eit trihovda troll du trøye deg skal, eller møykjering morkne Gir[10] deg gløype, sott deg suge; ver tistilen lik som dei tek og slengjer
tett under toka.32 (35).
Rimgrimne heiter tuss
som taka deg skal
nedanfor naagrindi.
Der skal tusular
kringum tre-rotom
geiteland deg gjeva;
yppare drikke
aldri du fær,
møy, mot din vilje,
møy, med min vilje.
33 (32).
Til holte eg gjekk,
til det grønande tre,
gambantein aa gripe,
gambantein eg greip.
Graat for gaman
skal gjegn-kreksa[11] hava,
taarir skal tregen fylgje.
34 (33).
Vreid er deg Odin,
vreid aasa-kulten,
hardt vil Frøy harmast.
Di treiske kjelle,
kveikt du heve
kalleg gir hjaa gudar.
35 (34).
Høyre det, jøtnar,
høyre det, rimtussar,
Suttung sine sønir,[12]
kor eg forbyd,
kor eg forbannar
møyi manns gaman,
møyi manns gagn.
36.
Tuss eg rister deg
og tri stavar:
erge og øde
og utòle.
So eg rister det av
som eg riste det inn,
um det tarvst og trengst.“
Gjerd:
37.
„Heil og sæl heller, svein,
tak staupe det dyre
fullt av forn mjød.
Men etla eg hadde
at aldri det hende
eg unnte vaningen vel.“
Skirne:
38. Ærendi mi
vil eg all reka,
fyrr eg rid heim hedan.
Naar vil du lova
til løynde-ting koma
med nyte sonen aat Njørd?"
Gjerd :
39.
„Barre heiter,
som baae me veit,
lunden still og logn.
Um nie nætar
der sonen aat Njørd
av Gjerd fær gaman.“
40.
„Seg meg det, Skirne,
fyrr du sålen legg av
og fram gjeng eit fèt,
kva du hev idka
i Jøtunheim
meg eller deg til mun?“
Skirne:
41.
„Barre heiter,
som baae me veit,
lunden still og logn;
um nætar nie
der Njørd sin son
av Gjerd fær gaman.“
Frøy:
42.
Lang er natt ei,
lenger er tvo,
koss kann tri eg trøyte?
Ofte ein maanad
mindre tottest
enn halve hi natti som fór."
Frøy (herre) er gudehovding og styrer folk (Ulv Uggeson). Han er (etter Snorre) drotnen yvir sviane, ja gud yvir heile verdi, den aagjætaste av æsine; han raader for regn og solskin. Han er aargud; dei bad til Frøy um godt aar og fred og velstand. „Han vart so mykje meir dyrka enn hine gudane, som landsfolke i hans tid vart rikare enn fyrr, av freden og dei gode aaringane.“ I hans tid raadde „gullalderen.“ Han er den beste av alle djerve gudar, løyser lekkjur og veld inkje nokon sorgir (Loketrætta). Gilde og gaman var „Frøys leik“. Han vart kalla den frode[13] (vise). Vaning[14] heiter han v. 37, av di ætti hans var kalla vanir.
Frøy er i Skirn. eigar til ring og eple og hest og sverd og Lidskjalv. Sidan tok Odin velde fraa Frøy og vanine.
I norske gardsnamn finn ein Frøy meir enn dubbelt so ofte (yvir 60 gongir) som noko anna gudenamn.
Um Frøy sitt syn fraa Lidskjalv minner steve noko:
Eg sat meg ut paa Gladheims-berge,[15]
saag meg ut so vide.
Gjenta leika i hugen min
som spunni gulle det fride.
Alle heimar. Dei heldt det for aa vera nie heimar (sjaa Vavtr.).
Skaale tyder no vanleg skur (vedskaale), men var i gomol tid namn paa stogo.
Skirne (av skir, skirne[16]), sendemannen til Frøy, som Snorre segjer, han som hadde vori i lag med solguden fraa 75 ungdomstidi, er vel upphavleg tenkt aa vera den personlege beraren aat solstraalen. Frøy sjølv vert kalla den skire, soldisi skirleitt. Naar Skirne fer paa hesten yvir doggvaatt fjell og huldreheimar, so minner dette noko um solgaatur: r So kom ei jomfru ridande", heiter det um soli; og um solstraalane stend det at dei: «fér yvir fjell og dal, yyir vatn og hav, gjenom høy og halm, og inkje tuskar." Og med spjot og sverd er solstraalen likna ihop baade i skaldekvæde 1) og folkevisur. I visa um Far og dotter" heiter det: Kva er det for eit naki spjut, som kvar dag leikar inn og ut?" «Det er inkje naki spjut, de'r solegeisle leikar inn og ut." Er solegeisle laga so med naki sverd og sylvhefte paa?" D'er 'kje naki sverd og sylvhefte paa, d'er solegeisle leikar so." Solstraalen er ogso vanleg det vaapn som dvergar og risar maa sige i koll" for (sjaa Alv. 48). Um kvelden var det vel Frøy hadde sett Gjerd; etterpaa var han tagall og fekk inkje sova um natti. Paa morgon-sida, med det endaa er myrkt (v. 10), sender han Skirne ut, so han naar Jotunheimen med dei fyrste solstraalane. Same dagen kjem han daa attende (sml. v. 42). Skade var dotter til risen Tjasse i Trymheim, og gift med Njørd, som fyrr maa ha havt ei onnor kone, vonleg syster si, etter vane-sed, mor til Frøy, som daa hadde Skade til stykmor. Skade er ski-dis og likar seg best til fjells, Njørd er med ho nie nætar der, men likar seg ille. So er ho med Njørd nie nætar nede ved sjøen, men likar seg like ille der. Um dette melder gamle vers. Njørd : Leid er eg fjell, eg lengi var 'kje der, berre nætar nie. Ulvetot tottest illt meg vera mot svane-songen." Skade: Sova eg fær 'kje ned-i sjøstrandi for fæle fugle-gaul. Eg støkk av svevnen, naar setjande dei kjem kvart morgo-mund fraa hav." M Einar Skuleson kallar heilag Olav for den stridføre geisle, og rodul (straale) brukar han um sverde. I Rekstevja er sverd kalla strids-soli og i Voluspaa valgude-soli. 76 Namne til Skade kunde liggje i: Skaabu (Skada-bu) i Gudbr., Skadastadir i Orked. og Austf., Skadaland i Vefsen og paa Rom. I Sverike: Skadevi og Skadalunda. Skade karm elles ogso vera mannsnamn. Gyme er vanleg namn paa ein havrise (= Æge, Loketr.), soleis i Yt, Herv. s., Ran er kalla volva (kona) hans. Snorre segjer at han var av bergrise-ætt. Namne tyder: den som gøymer. Øyi Gimsøy (or Gimisto) i Lofoten minner um namne. Elles mange liknande namn (Gimsøy, ogso skr. Gymsøy, ved Skien), som karm hava anna upphav. Gjerd. Loketrætta og Hyndleljod samstavar med Skirnes maal i det at Gjerd var dotter til Gyme, av jøtun-ætt (same leis Snorre). Likevel liknar ho meir innkvervde møyar fraa visur og æventyr enn ei gygr 1 ). Fraa armane hennar lyser det yvir luft og hav. Ho vert skræmd ved tanken um aa faa eit troll til mann, men er heller inkje sjuk etter gifte fraa andre heimar. Ein karm merke seg at (elter Hyndl. og Snorre) het mor hennar Aurboda, og dersom dette er den same som Fjølsvinns maal nemner, so tykkjest inkje ho vera gygr. Ein kunde helst tru at Gjerd var jøtun berre paa fars-sida, sameleis som det er fortalt elles um kvende i trollheimen 2). Namne Gjerd hev til seinaste tid vori brukt kringum Bergen. Den fyrste Gjerd me kjenner var dotter til ein land nåmsmann fraa Sogn. I samansetningar finst namne oftare. Vilgjerd het dotter til Horda-Kaare, sonen hennar var Floke, som for til Island aar 869. Torgjerd er gamalt namn fraa Sogn; Torgjerd Øylaugs-dotter maa ha livt i de Bde adr hundrad. Aasgjerd fraa Romsdalen tok land paa Island. Frøygjerd var dotter til ein landnåmsmann fraa Trondheim. I gardsnamn finn ein att namni Gjerd (mest millom Hordaland og Nordland) og Torgjerd og Aasgjerd. Gjerd er elles gamalt elvenamn rundt umkring i Norig. Gjerd 3) tyder vel helst den som er inngjerd, avstengd. Upphavleg karm det daa vera tenkt paa jordi, som er inngjerd av have, liksom ho er ætta fraa have. Upp or have lyfte Burs sønir jordi, forlel Voluspaa. Og fleire stadir i Norig gjeng de segnir um øyar som hev komi upp or have (Tautra, Jomfruland o. fl.). Med dei lysande armane som Gjerd retter upp i vere karm ein tenkje paa nordljose; um dette segjer folk endaa paa Nordhordland at det er tausekjeringane som dansar", og paa Sunnmøre at det er trollkjeringane som dansar". Det same maa vera meint med dei leikande, frøsande logane kringum salen hennar. Langt i nord bur ho. Naar ho lengi stend imot tilbode fraa Frøy, lyt ein tenkje ») Ei rett gygr er Rimgjerd. Sjaa kvade um Helge Hj. 2) Til dømes Menglad i sogo um Orm Storolvsson. •; A. Noreen tyder namne som lyse paa himilen (som gard i maane-gard). 77 paa at solstraalane fær liti magt med den frosne jordi um hausten. Solsyerde duger inkje lenger, de vert mist, som Loketrætta segjer. Men um nie nætar, de vil segja nie vinter maanar, ved jonsok-bil (i solmaanen), daa er det at «jordi stend brur". N. M. Petersen segjer 1): JFrej er en solgud, ikke hersker over solen i stenbukkens tegn, men herre over solstraalen, thi det er det sværd han svinger, over lyset for saavidt det er nødvendigt til at frem kalde sæden af jorden, thi det er hans rette væsen, at være gud for sæden. Gerd betegner sæden. Jorden med den nedlagte sæd modstaar Frejs omfavnelse; hans sende bud Skirner, der driver sæden frem for lyset, lover hende forgjæves høstens gyldne aks og den af overflod dryppende ring; hun har i sin jættenatur, der endnu ikke er besjælet af den guddommelige aande, ingen anelse om den herlighed, der ved Frejs elskov kan blive hende til del; Skirner maa mane hende, hvorledes hun evindelig, uden Frejs omfavnelse, vil blive frostens brud. — — Frejs kjærlighed til Gerd, som de gamle have skildret med saa levende træk, tagne af kjærlighedens natur med alle dens længsler og haab, er ikke blot en naturmyte. Ligesom solvarmen udvikler frøet, saa udvikler kjærlighed hjertet; den er den fra himlen sendte straale, der opliver og forædler jordklumpen. Gerd er den jordiske mø, der sysler med det jordiske og ikke endnu har anelse om noget ædlere end den daglige gjerning. Saa kalder elskov hende, i hendes bryst vaagner et nyt liv; underlige drømme omfavne hende som lune vinde; og naar de blive til bevidsthed, aabnes hen des øine for en høiere tilværelse. Frej med hans mø er den stille, blide, længslernes kjærlighed, elskovens fred." Eldre enn Skirnesmaal er baade namne Gjerd og sjølve emne ogso, maa ein tenkje. Fraa utgomol tid hev det vori truir og sogur i ymse land um jordi som ein guddom elskar. Med solstraalen trengjer han ned og vekkjer ho av vintersvevnen. I skaldskap og kunst hev dette emne fengi framvokster paa ymse vis. Sameleis som i Hellas hev vel ogso hjaa oss mytane fengi si fagraste og fullaste utforming av skaldar som fritt hev meistra og maksla gamle emne. Sendemannen som reiser hev kann-hende fraa fyrsto vori hamen eller hugen til guden sjølv. Soleis kunde ein, naar me høyrer korleis Skirne fer med hest og stav> tenkje paa tale maaten aa ride gandom, som vart sagt um den som for paa aandereis, med kroppen laag att heime. ») Nordisk Mythologi 1863. 78 Skirnesmaal karm ein, um ein vil, taka baade som eit kjærleiks-kvæde, og som ein song um vaaren i Norig, og som eit religiøst dikt. Kjenslur i bringa hadde den som skapte dette kvæde. 4. Gullstraale (Alvrodul), soli. 12. Jølunheiinen vert skildra som ein daudeheim. Skirne vert spurd um han alt er framfarin (avlidin), sidan han kjem der. Elles gjeng vegen til Helheimen nord og ned, gjenom Jøtimheimen ? 16. Um bror til Gjerd hev me ingin kunnskap. Bele, som Frøy drap, karm det inkje vera; dette høver daa visst inkje med Snorre si melding, at Frøy alt hadde mist sverde daa han drap Bele, so han laut bruke neven. Av segni um Gjerd hev me vel berre ein stubb i kvæde um Skirne. 19. Elleve eple. Elleve (ellifo) eple stend det i hand skrifti. S. Grundtvig meiner at dette er ei misskriving, og at det fraa fyrst hev vori tale um ungdomseple, æsine sitt ellisyf (raad mot alderdom), som det andre stadir er fortalt at Idunn aatte. Etande villeple finst det no so langt nord som i nørdre Trondheim. Eple hev dei nyleg funni i eit vikingskip paa Vestfold. Alt i Frostatingslovi er eple nemnde. Gardsnamn som er samansette med Apald (Apaldsnes, Apaldsvik o. s. fr.) finn ein rundt lande heilt upp til Trondheim. Var Glase, tree med gull-lauv, som stod i Aasgard, kann hende tenkt aa vera ein apald? Det vilde daa vera eit sol symbol 1 ). Sml. Grimn. 39. Epli hev vori gamle elskhugs-symbol; folkevisur fortel um eple med innskrivne runir, som gav sers kraft til aa magtstela hugen. Ein maa inkje eta eple som ein hev fengi av ein framand mann," segjer folk endaa. Gull-apalden tykkjest difor aa høve godt til aa vera i sol og elskh.ugsguden_. Frøy sl eige. Hellenane og trudde at det fanst gulleple-tre langt i vest, i hagen til hesperidane. Her, meiner S. Bugge, finn ein upp have til epli i gudekvædi vaare 2). Elles, segjer han, er de gyldne æbler, der bydes for at vinde elskov, de foryngende og de frugtbargjørende æbler, saa vidt udbredte i den europæiske folkedigtning at de na^sten kan kaldes den europæiske folkedigtnings fælleseie." 21. Ringen som vart brend med Odins son (Balder) er Draupne, som etter Snorre vart send attende fraa Hel. Er (liksom hjule) gamalt sol-symbol. Ni-tale og tri-tale finn ein ofte i gudelæra. Keltane heldt ogso tri-tale hævt, like eins hellenane, som og tok ni-tale med (9 musar); nie aar slo dei saman til ei aar-rekkje. Vyrdnaden ') I India er det fraa gomol tid segn um soli sin apald, som hev liv- gjevande kraft.
- ) Aller fyrste upphave trur S. Bugge og M. Moe er fraa 1. Mosebog 2, 9.
5. Moseb. 33, 13—14 (Vulgata). Sml. Johs. op. 2, 7 og 22, I—2 . 79 for dette tale skriv seg kann-hende upphavleg fraa di at ymse spendyr ber avkjøme i nie raaanar. 22. Gull er det nøgdi av hjaa jøtnane (saral. Trymskv. 23). I folkevisa utn Hake og bergemannen er tusseheimen kalla gullberge" som glimar og glor", og eit kvende som hev vori innkvervt der segjer: meire gull fær eg aldri sjaa." 26. Temjings-tein. Sjaa gambantein v. 32. Fyrr Skirne tek til aa galdre for aalvor og riste runir {v. 35 og 36), fortel han fyrst korleis galdringi vil verke. 27. Ørnetiwa (Aretuva, av are, ørn). Tuva finn ein brukt i fjellnamn helst i Fjordane (Y. Holmedal, Askvoll, Bremanger, Selja, Honndalen), ogso i Bjugn og nordetter til Nordland. Ja sjølve namne Ørnetuva finst; so heiter fjell i Vanelven, paa Alsen (Helgeland) og i Lofoten. Arekletten finst i Masfjorden og i Naustdal. Fraane-ormen. Sume tenkjer her er meint Midgardsormen. Rimne er ogso nemnd i Hyndl., hjaa Snorre, i sogo mn Grim lodinkinn (der kona hans heiter Hyrja) og i Vols. s. Han er vel den same som Rimgrimne v. 32. Giulevorden er etter Loketr. 48 Heimdall. Bak grindom. Meint er vel Hel-grindi. 31. Tistil. Paa Romerike er det folketru, at kvi lyt hava ein tistil i fore sitt um vinteren, skal ho vera god til aa reise seg um vaaren. Tistilar brukte dei vel daa gamalt aa slengje uppaa høystaale. Gambantein, trollstav. Orde er inkje godt aa tyde *). Ynskjekvisten. lukkestaven, hev mange namn. Osketein (retta for husketein"), tyder beintfram ynskjetein, i ei folkevise. Elles er han kalla stav, seidstav, vol (staven til Grid og til volvune 2), ogso gandstav eller berre gand (Gondul, ei valkyrju, og Gondli, namn paa Odin, som hadde trollspjote Gungne). Syevrttorn i kvæde um Sigerdriva, sml. troll ved (krosstorn). Sigmunds-svipa heiter han paa Lista, peikestikke i Nordland, murukvist sume stadir. Dei trudde ein kunde bruke ein slik trolistav til mangt: finne vatn og malm og skattar, skræme troll, temja kvende (ja faa magt yvir alle menneskje, segjer Nibelunge-kvæde), til vaapn, baade til aa taka liv og kveikje live att, til aa gjera alle slag trollskap (ride paa, sende i ærend, gandferd" o. s. fr.), svæve folk, døyve eller vekkje minne, halde fast alt som kjem burtaat. Sigmundssvipa er ein samanvaksin knut av bjørkegreinir som ein skal taka paa nordsida av ein bekk. Peikestikka i Nordland skal vera ein raunkvist som hev vaksi fast i ei ’) J. Grimm tenkte paa angels, gamban, der H. Sveet trur det ligg til grunn ei form gamba f., skatt. Altso: skattetein, ein stav som ein karm tvinge nokon til aa reide skatt med eller til aa finne skattar. Det er vel inkje sagt at diktaren heilt hev skyna orde, men brukt det um ein trollstav. Sjølve det framande orde totte han kanskje hadde noko skræmelegt ved seg. a) r Kjeringa med staven"? 80 bjørk; elles er hasl eller hegg det vanlege. Helst skal det vera kluft paa staven 1); i Hardanger og andre stadir skal han vera bein, men so mjuk at dei karm bøygje han. Runir gjer trolldomen sterkare. Ein slik trollstav skal ein taka naar det er fullmaane, fyrr soli sprett, av unge renningar. Trui paa trollstaven hev funnist i mange land, og ho finst endaa. 32. Rimgrimne. Grimne (han som gjeng med grime, maske, som gjer seg ukjenneleg) er namn paa Odin (Grimnes maal). Snorre fortel at fyrr Odin vart storgud var han med rimtussane. ... .... Med tre-røtar tenkjer sume paa Yggdrasil, som hadde ei av røtane sine i rimtusse-heimen. Det trihovda trolle (v. 31) er vel Rimgrimne. Grimen kallar Torekalls-visa det trolle som hev stoli hamaren fraa Tor. So heiter og ein jutul i Hardanger. (SmL fossegrimen). Ein fjord paa Helgeland heiter Grimen. Aasa-kulten er Tor. Suttung er ein rise. Sjaa Haav. 103. 36. Tuss 2) er namn paa ein rune-bokstav. Erge (argskap) og øde (galskap) og utole vil runine hava til verknad. Runine hev eit gotisk folk laga etter græske og latinske bokstavar; Dei eldste norske rune-innskriftir er fraa ikr. 400. 37. Staup. Rimkalk stend det; meint er vel eit staup av glas, eller og at det er frode paa mjøden. Kalk er fraa fyrst eit latinsk ord. Kann-hende ordi hev fylgt med glasskaaline (av framandt arbeid) som finst alt fraa den eldre jarnalderen. (Eit drikkehorn av glas er ogso funni i Norig). 39. Barre (Barrøy hev Snorre) av barr, som tyder anten korn (barlaag) eller barnaalir, eller ogso tre eller bjelke, gjerde (berling). Daa det her er ein lund som heiter Barre, kunde ein tenkje paa ein furulund. Men lund tyder ogso tre, sameleis, bar i Fjølsvinnsm. um Mimetree. Bare-asken (paa Bare-berg) paa Gotland var grøn heile aare og heilag. Er her meint himil-tree? Barøy finst i Skotland (paa Hebridane), iFinnaas, Sulen, A a (S. T), Lødingen (Nordl.) Barholmen i Askvoll, Barskjere paa Nordm. Barsnes i Sogndal og Askvoll. Barlund i Lom. Bare (Barra 1663, Bared,. vonleg = Bareid) Agdenes, ogso i Aukra (Romsd.). Elles: Barbogen, Barbu, Barbøl, Bardal, Barland, Barre stad (Sogndal), Barvik. ," .'... 42. Lang er natt. Um Lusi-natti heiter det: Lusi-natti er lang", og so vert det svara: ho er som tvo". ») Soleis ogso die wunschelruthe og den gyllde staven til Hermes. s / Um rune-teikne Tuss heiter det i den norske runesongen fraa ikr. 1200: Tuss drep kvende-kjæte, kur fylgjer ille læte. 81 I eit stev stend det: Eg totte lenger den vinternatti enn halve alderen min". Ei merkeleg samling av namn som minner um Skirnes maal finst i Askvoll i Sunnfjord: Garden Gjerdarvik, fjelli Hovdetuva og Ørneklett, og Barsnes og Barsholmane. Tuva er eit fjell innanfor, i I. Holmedal (Gaular), og Areklett ved Førdefj orden. Inkje langt sunnanfor er Barøy i Gulen. Gjeng me nordyvir, finn me Ørnetuva i Vanelven, Bare i Aukra og paa Agdenes. I Ytre Namdalen var heile sysla r Njardarøy (Nærøy), uppkalla etter Njørd. Lenger nord er Ørnetuva paa Alsen, fjorden Grimen, Gjerderøy, Gjertinden paa Blaaisen, og i Lofoten Barøy og Ørnetuva. Frøy saag Gjerd i nord (etter Snorre), og Haalogaland tyder sume : nordljosheimen. Orde hara" Skirn. 28 (yvirsett: stire), som ein inkje hev funni andre stadir, liver endaa i bygdemaali i Trondheim og Nordland. Orde tram" (troll) er brukt vest og nord i lande. Namn paa Gjerd fanst i gomol tid helst millom Voss og Namdalen Frøygjerd var namn i Trondheim i landnaamstidi. Skulde ein leite etter upphave til Skirnesmaal, laut det daa etter alt dette verte millom Bergen og Nordland. F. Jonsson, som meiner at kvæde er fraa Norig l) og eit av dei eldste eddakvæde, trur at det godt karm vera noko eldre enn 900. Av sjølve kvæde fær me kann-hende vita noko um korleis forfattaren var laga. Skirnesmaal er eit storfelt diktverk. God og fast byg ning. Visshøv menneskjekunnskap, raakande skildring av hug lynde og kjenslur, merkeleg rikdom paa ord og vendingar (ogso utanlandske ord 2), gløgg utnytting av alle fridomar som versemaale byd, djerve tilsprang med umkvæde og uppatt-tak og enderim og innrim og dubbell-linur i galdrelag; forfattaren er ein maalmeister so fri og megtig at han sprengjer mest den gamle formi og fører deg langt fram i tidi, burt imot folkevisestilen. Eit lyrisk drama i tri vendingar (eller aatte møte). Endaa det er sendeferdi og røda til Skirne som fær hovudvegti, so er det daa likevel kjærleiks-lengten som ber alt og heile tidi blaanar i bakgrunnen. Lengt og sut er so livande skildra, at ein maa tru for fattaren sjølv hev kjent det same ein gong; men no, daa han 1) I Tyskland meiner mange at Skirnesmaal er dikta paa Island. Men der finst korkje tistil eller skigard eller namn paa stadir som i Norig. 2) Susbreke og gambantein (angelsaksisk), og Kann-hende fleire. 6 Edda-kvæde. 82 diktar kvæde, er dette ei gomol sogu; han veit no at ein kjem inkje langt med graat og ille laat; ein maa inkje gjeva seg yvir; magt og manndom, og galdring med, vil det til, skal ein vinne ei byrg møy. I sendemannsferd kunde ein gjerne tru at han sjølv hadde fari, der det galdt um aa vera baade djerv og ordhag. Med storlynde folk hev han fulla havt umgang, ein av dei fremste hev han vori i si tid, og baade vellærd og vid farin. Av Trymskvæde hev han lært mykje, men elles lyt han ha havt læremeisterar andre stadir og, og daa helst i utlande; dei mjuke elskhugs-tonane med lengt og sut skulde kanskje helst peike til keltane. Etter ein slik mann lyt ein leite paa høgdi, og daa fyrst hjaa kong Harald Haarfagre, som nett daa samla kringum seg dei største skaldane og sette deim høgst av alle sine mennar. I hirdi var inkje andre med enn dei som var ovkarar baade i styrke og mod og allslag hævleik, segjer Snorre. Der var det at kultur-aaren var paa dette leite, med kveik fraa den eine branden til den andre, og med framstøyt og eggjing paa ymse vis, berre so det gneista og spraka. Og der er det serleg ein mann som me kjem til aa tenkje paa: skalden Olve Nuva fraa Fjordane. Fleire ting gjer det mogelegt at Olve kunde ha dikta Skirnesmaal : 1. Han var ifraa den lands-luten der kvæde helst høyrer heime. 2. Han kjende sjølv kjærleikssuti, paa same maaten som det er fortalt um Frøy, og han kvad um slike emne elles og. Egils saga fortel at Olve paa eit haustblot i Gaular (I. Holmedal), truleg aar 868. saag Solveig den fagre, dotter til jarlen Atle, og han vart hugtekin i ho. Sidan bela han, men jarlen totte det var for stor mannemun, han var inkje hæv nok. Daa dikta Olve mange elskhugs-kvæde. So tung ei sorg la han paa seg for Solveig, at han slutta med herferd. Brørane hennar tok paa han (hausten 869). vonleg for kvædi si skuld. Han laut røme, og kom til kong Harald og vart skald hjaa honom Kongen heidra Olve høgt, han vilde inkje lata han sleppe ifraa seg, for itrottine" hans si skuld. Berre gamle Audun og Torbjørn Hornklove hadde hævare sess ved kongens bord enn Olve. Av Torbjørn kjenner me ymse gilde kvæde; vonleg stod Olve inkje langt etter han l). 3. Olve var ofte send ut i sendeferd, og var ein god maalsmann for Harald. Han tala langt og snaalt, med di han var ein ordfør mann". God menneskje-kjennar laut han vera, sidan den kloke kongen trudde han til slikt. I aare 870 var han send til Kveldulv og lagde ut um at kongen var vreid, og han fekk same slag svar som Gjerd gav: nei straks, men god lovnad til sidan. ') Me kjenner elles berre tvo smaastubbar av kvædi hans fraa Snorre- edda. Det eine er um Tor og Midgards-ormen og i greidt edda-versemaal (fornyrdes-lag). er det likt til. 83 4. Olve var vidfarin. I ungdomen hadde han vori ute paa viking. Daa han kom til kong Harald, vart han med til Trond heim og var der vinteren 870-871. Sidan fylgde han vel med til Havrsfiorden, og daa Harald gjorde ferdi si til vesterøyane og heilt til Man, var vel ogso Olve med. Baade av angelsaksar og keltar kunde han der suge mangt til vokster-auke. Angelsaksane hadde ymis dikt ning i ljodahaatt-vers (same versemaal som i Skirnesmaal), som det vel kunde vera sumt aa lære av, og derifraa kunde han ha teki upp ymse ord ogso. Hjaa keltane 1) paa Irland og vesterøyane var det mange sogur som sveiv, derav sume med meir eller mindre upphav fraa latinske bøkar. Der kunde nok Olve ha raaka til aa faa høyre fortalt um huldri som synte seg for kongssonen, utan at andre saag ho, og bad han fylgje seg, med di ho kasta eit eple til han. Eller um Hermokares som huglagde Ktesylla, daa han saag ho danse ved ein fest, og som skreiv paa eit eple: eg sver ved Artemis aa gifte meg med Hermokares", og kasta so eple inn i tempele til ho, so ho kom til aa lesa skriiti høgt og vart bundi. Eller um Hippomenes som fekk slik ein brennhug til Atalanta, men ho vilde inkje hava han. Livsfaarlegt er det aa koma dit som ho er, men han fæler inkj?. Tri gulleple som Afrodite hev gjevi honom kastar han og stoggar ho med. Og daa møtest dei endeleg ved eit tempel i ein løynleg lund. (Sjaa S. Bugge: .Iduns æbler" i Ark. for n. fil. 1889). Daa Olve kom heim att til Norig, vart han med kong Harald paa ferdi til Nordland i 873. Det gavst vel i han, daa han kom upp i trollheimen der i Gyme sitt rike (,have) Der var nok aa sjaa av trihovda jøtnar og steingjengne gygrar i fjelli; i fjorden Grimen torde vel ein Rimgrimne bu. Og segnir um risar og fagre møyar laag alle paa munnen, bestmannen" 2) tottest ride burt etter have i sendemannsferd, berre so baara duna mot land og jordi riste I Lofoten, ytst i verdi, tottest vel MøysaleiV2 )" høveleg til aa slengje ei trassig gjente uppi. Nordljose saag han leikande paa himilen. med vinteren aldri tok ende; men so kom ogso med ein gong denne vaaren, daa alle fjell paa nokre faa dagar klæder seg til brur. Etterpaa denne reisi maatte det daa helst vera ein kunde tenkje seg at Olve hadde dikta Skirnesmaal, paa grunnlag av gamle mytar og med innsprengde drag fraa ymse kantar, med minne um si eigi kjærleiks-sogu, noko bak-um dei nye sterke hugsyni fraa naturen. ') Mykje samverknad var det millom nordmenn og keltar alt fraa det 7de aarh. Dei lærde og kveikte kvarandre. Irland var det som i lang tid bar kulturen uppe i Europa. Nytt og gamalt gjekk ihop. Der fekk skaldane vaare ei bru yvir til den klassiske bokheimen. a) Namn paa fjell i Nordland.
- ↑ 1,0 1,1 Etter Snorre-edda.
- ↑ Snorre-edda.
- ↑ Sjølvo seg braar, svingar seg av seg sjølv.
- ↑ Framfarin, daain.
- ↑ Utfyllt paa ei von. Lina er burte i handskrifti.
- ↑ Andsynes, heilt innaat.
- ↑ Utfyllt paa ei von
- ↑ Vægsam, som gjev etter.
- ↑ Tramar Hordl., Sogn. Vald, Nordanfj. troll.
- ↑ Gir, ofse.
- ↑ Gjegn-krekse, ei som er vrang og leid.
- ↑ Imillom denne og næste lina stend i handskrifti ei line som inkje
tykkjest høyre med. - ↑ I sogune um kong Frode hjaa Saxo er det mange mytar um Frøy.
- ↑ Elles galtenamn hjaa Snorre, liksom Frøy ogso er uksenamn. Frøy var vel fraa fyrst tenkt aa hava ukse- eller galteham, sidan vart gull-galten (Gullborste) hjelmen hans.
- ↑ So heiter eit fjell vest for Rollag i Numedal.
- ↑ Roti finst i fleire namn: Skirna, elv Bynese, Skirn elv i Aa N. T. Skir-aa Rom. o. fl.
Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan. |