Tyteberet
A. O. Vinjes Skrifter i Utval
Det norske Samlaget, (3, s. 45).
Tyteberet uppaa Tuva
voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
fostrar mang ein raudleitt Son.
Eingong seint um Hausten lagde
liten Svein til Ber-Skogs ut:
»Raudt eg lyser,« Beret sagde,
»kom aat meg, du Vesle-Gut.
»Her ifraa du maa meg taka;
mogjet Ber er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kann smaka
Svaledrykken av mit Blod!
»Mognar du, so vil du beda
just den sama Bøn som eg.
Mogjen Mann det mest maa gleda,
burt for Folk at gjeva seg.«