Um Namnet Oslo
Um Namnet Oslo av Ivar Aasen |
(anonymt) prenta i «Dølen» IV 1866 nr. 26. |
I dei sidste Aarom hava me einkvar Gongen seet
det gamle Bynamnet Oslo umbrøytt til Aaslo, og no
sidst fingo me sjaa det atter i «Illustreret Nyhedsblad»
i eit Stykke fraa Nicolaysen um dei sidste
Utgravningar i «Aaslo». Detta syntest oss vera ei
uventande Avbrøyting i ein Ting, som me inkje
trudde, der kunde verda nokot Tvilsmaal um; og
difyre tyktest me ogso hava ei sterk Tildriving til
at leita etter, kvat Grunn det kunde hava.
I det frægdarlege Verket «Det norske Folks Historie» hever vaar hedanfarne Prof. Munch sett fram ei Tydning av Namnet Oslo, som me fyrst maa merka.
Paa den Staden, der han talar um Grunnlaget til Byen Oslo under Harald Hardraade (B. 3, S. 201), hever han lagt til ein Merknad um, at Namnet skulde helder vera Aaslo, at det i gamle Skrifter er lika so ofta stavat «Aslo» som Oslo, og i latinske Skrifter oftaste Asloia, og at Namnet maa vera ein Samansetning av «Lo» (d. v. s.: ei laag Strand under ei Høgd eller Bergsida) med «Aas» (ein Bergrygg) og inkje med «Os» (eit Elvargap), som her inkje vilde vera høvelegt. Med det same slær han ogso paa det, at Aaslo kann fyrst hava voret Bygdarnamn eller gjeldande fyre eit heilt Herad lika eins som Foldlo (Follo), som daa var det næste Herad paa Sudsida.
Med all Vyrdnad fyre Minnet av den navnfræge Mannen, som hever leivt etter seg so rike Upplysningar um Landsens Forntid, kann eg daa ikkje dylja ein Tanke um, at det her i detta Stykket maa vera nokot som er forhastat, og at der vist er lagt for stor Vegt paa den fraavikande Stavemaaten i dei gamle Brevom. Eg tykjest ikkje finna det fullt avgjort, at Oslo skulde vera eit uhøvelegt Namn, og at Aaslo skulde vera den eldste Form.
Um Namnet «Lo», som finst atter i so mange andre Gardsnamn, lyt eg segja det same, som M. Arnesen hever sagt i hans litle Bok um «Norske Stedsnavne» (Fredrikshald 1865), at det vistnog maa vera ei laag Strand, men at det just ikkje treng um at liggja under eit Berg eller Fjell. Det likjest nokot attpaa det tydske Ordet Lo (Loh), som tyder Myrar eller myrlendte Engjar; men det synest altid vera Merke med det norske Lo, at det skal liggja tett ved Vatnet. Etter Tillægjet paa dei Gardarne, som her heita Lo, synest Namnet rett fram tyda: ei Engsletta eller Flatmark, som ligg langs med Elv eller Vatn. Og etter denne Skapnaden vil Namnet høva godt til ein Gard eller ein Jordflekk, men ikkje til nokor større Vidd og soleides ikkje til nokot Herad eller Bygdarlag, utan soframt som Namnet er sett i Fleirtal, soleides som i «Loar» (= paa Loom, Lom) i Gudbrandsdalen. Men naar det no er sagt, at detta «Lo» skulde høva godt attaat ein Aas, og inkje til ein Os (Elvarkjeft), so er detta ein Ting, som eg slett ikkje kann skyna. Tvertimot maa eg synast, at det inkje høver saman med nokon Aas; for det verd daa altid eit Stykke imillom ein Aas og ei Lo, so dei ikkje rett kunna naa i Hop, utan i det Tilfellet, at der var ein gamall Gard, som heitte Aas, og so ei Lo, som laag under denne Garden og fekk Namn etter honom; men nokot slikt finna me her inkje nokot Teikn til. Derimot er der eit rett godt Samhøve imillom Os og Lo, og i Vissa her paa Staden, der det endaa er tvo Osar i Nærleiken; paa Austersida er Osen av den litle Elvi under Eikeberg (Lo-Elvi), og eit litet Sprang vestanfyre er Osen av den store Aakers-Elvi, som renn ut i same Viki rett fram fyre Byen. Det synest difyre aldri verdt at gjera seg nokor større Studering paa detta Namnet; det er greidt nog, naar ein vil taka det beint fram og tyda Oslo som ei Lo som ligger ved Osen (eller Osarne). Og eg seer ikkje nokon Ting, som kunde vera til Hindring fyre at segja Oslo, lika so vel som Osmark, Osvoll, Osbakken og meir slikt.
Med den gamle Skrivemaaten av Namnet er det vistnog so, at dei eldste Brevi hava lika so ofta «Aslo» som Oslo, som ein lettaste kann sjaa i dei store Brevsamningom, som no ero prentade med Namn av Diplomatarium norvegicum. I ymse Samningar fraa ei viss Tid (fram mot Aar 1300) finn eg endaa oftare Aslo en Oslo. Men det er at merka, at den gamle Skrivemaaten var ofta ustød, at mange av dei Brevom, som hava Aslo (Asloia), ero skrivne paa Latin, og at mange av deim ero skrivne utanlands. Det er og at merka, at me finna Oslo lika tidlegt som Aslo (i nokre Brevsamningar endaa tidlegare), og at Oslo finst atter so einkvar Gongen i all den Tid, daa Aslo var so ofta brukat. Bisp Nikolas skreiv Oslo i Aaret 1224 (Dipl. 1, 6), lika eins Bisp Haakon i 1264 (D. 3, 9), Bisp Andres i 1279 og 1286 (D. 2, 19. 23). Bisp Eyvind i 1300 (D. 2, 53) og Lagmannen Hauk Erlendson, som er velgjeten fyre si gode Skrift, i 1302 (D. 1, 86). Og so er det og at merka, at det er berre ei viss Tid frametter, at Aslo finst so ofta skrivet, og det er just i det Bilet, daa so mange Brev vordo skrivne paa Latin; det varer frametter til 1320 eller so umkring, men paa den Tid sjaa me ei stor Vending, med di at Aslo verdt sjeldsynt og kverver burt, men derimot Oslo fær fullt Yvertak og sidstpaa verd einraadande. No er det vistnog so, at det er vandt at vita, kor denne Skilnaden kann vera uppkomen, og med fyrsta Augnasyni kunde ein ogso koma paa den Tanken, at den eldste Form var Aaslo, som sidan vende seg til Oslo. Men naar ein so vil leggja Merke til ymse Tilhøve, som eg her i kortaste Maate hever umtalat, so synest denne Tydingi hava mindre Von fyre seg. Helder kann der daa vera Grunn til at tenkja, at «Aslo» er berre ei sjølvtykkjeleg Vending, ein Sving, som var sett paa Namnet i dei latinske Brevom, og som ymse skrivande Folk hava sidan teket etter og sjølve brukat utan nokon vidare Tanke um, kvat Grunn det kunde hava. Det finst fleire slike Avbrigde i dei latinske Skriftom, so som Bergæ fyre Bjørgvin (Bergvin), Albia fyre Elv (Gaut-Elvi), og andre, som ero endaa sterkare, som Svecia (Svealand) og Dacia (Danmark). Og eit slikt Avbrigde kunde gjerna vera ei Paafinning av ein Brevskrivar, kann henda fyrst av ein Utlending; men naar det eingong var uppsett, og eit Exempel soleides var gjevet, kunde det altid verda fleire, som toko etter, og endaa trudde, at det var det rettaste. Me sjaa Merke nog i vaar eigi Tid, at ymse undarlege Avbrøyte kunna soleides koma upp, og at det just ikkje altid er det rettaste, som fær dei fleste Fylgjesmenner.
Etter alt detta trur eg vist, at Oslo er det rette Namnet, og at Landsens Folk hava haldet det fyre det rette. Men um endaa detta inkje var so fullvist, so synest daa det vera vist, at der inkje er nokor Torv til, at me no i desse Dagar skulde byrja med ei ny Staving i det gamle Namnet. Munch sjølv synest aldri hava tenkt paa nokot slikt, endaa den Mannen ikkje var rædd fyre at slaa paa med nokot nytt, naar han tykte, det turftest. Han berre klagar paa det, at Namnet sidan vardt burtskutlat, med di at Kong Kristian IV i Aaret 1624 «hadde det uheppne Innfallet at umbyta det eldgamle ærverdige Namnet Oslo med det nye, sjølvuppfundne og halvbarbariske Namn Christiania». (Norske F. Historie, 6, 646). Og detta er vel ogso den rettaste Synsmaaten. Er det nokot her til at retta paa, so maa det vera i Bruket og inkje i sjølve Stavemaaten. Me hava Gardsnamn i Hundradtal, som trenga til Umbot, av di dei ero forvanskade med Mistydning eller med ein undarleg Skrivemaate, so der altid er nog til at retta og brøyta paa. Men med Namnet Oslo finna me ingen Trong til nokor Umbot.
Derimot er det ein Ting, som me helder skulde driva paa, og det er at føra Namnet Oslo til større Æra, en som det no ei Tid hever havt. Me kunna ikkje annat en kveda med i den Utsegni av Munch, at Christiania er eit Namn, som fyre oss er «halvbarbarisk ». Det er mødesamt fyre Aalmugen, med di det hever so framand Form, at det lett kann verda Mistak i sjølve Uttalen; difyre høyra me so ofta, at Folk segja «Kristian» (med Tonen paa sidste Stavliden), eller «Kristians By», som er myket rettare. Det er ogso mødesamt fyre dei Folk, som skulo skriva det mange Gonger um Dagen: difyre sjaa me ogso ymse undarlege Avkortningar (som Chra, Chria, X.ania), og soleides hava me her nokot av den same Plaaga som med andre lange og leide Namn, som dei danske Kongar hava bundet paa oss, som Christiansand, Christiansund, Frederikshald, Frederiksstad og fleire, som baade ero til Møda fyre Folket, og som dertil ogso ero uduglege til Minne-Namn, av di det hever voret so mange Kongar, som heitte Kristian og Fredrik, at det ofta er vandt at vita, kven det var, som sette Namn paa Staden. Med si latinske Form hever Namnet Christiania eit Skin av Studering og dertil ogso eit Skin av Heilagskap, daa ein snaraste skulde tru, at det kom av Ordet Christianus (ein Kristen), og i det Tilfellet vilde det høva best til ei Nybygd i eit Land, som var fullt av Heidningar. Denne Lengdi og detta Skin av Studering gjerer ogso, at Namnet sjeldan kann verda brukat i Vers; og me faa soleides inkje sjaa det i nokon Song um Fedralandet, for der vil Oslo altid bjoda seg fram med si korte Form og sin historiske Verdleike. Og sidstpaa er det ogso nokot blygslegt, at Hovudstaden i vaart Land skal hava eit latinsk Namn, medan derimot so mange andre Hovudstader hava uppehaldet dei stutte og nette Namni, som Folket sjølv hever gjevet deim i den uminnelege Forntidi. Eit slikt Uhøve maatte vel endaa vera Raad til at retta paa, og det kunde vel ogso vera betre Raad til det no en fyrr, med di at den gamle Byen (Oslo) no nyst er lagd saman med den nye, so der inkje lenger er det til at segja, at Oslo er eitt, og Christiania eit annat. Men slikt verd inkje gjort med det, at ein berre tenkjer, at det skulde vera gjort; det duger ikkje at segja, at det no er for seint, at det inkje nyttar, at det er umogelegt, og so frametter. Me hava Rett til at halda paa vaare gamle Namn, og Utlendingen kann inkje formeinka oss at nemna vaare Byar, som me sjølve vilja, naar me tala til vaart eiget Landsfolk. Vistnog er det so, at eit slikt Umskifte kann ikkje verda gjort i nokor Hast, og at det Namn, som no er i Bruk, i visse Tilhøve ogso maa standa fyre Framtidi. Men ei god Vending kunde daa altid verda gjord paa den Maaten, at Folk av eigi Drift vilde bruka det gamle Namnet i Brev og Bøker, i dagleg Tale, og i alle dei Tilfelle, daa dei inkje ero nøydde til at bruka nokot annat. Det vilde gjera so myket, at Landsens Folk vordo kjende og vande med Namnet, so dei med Tidi inkje trengde um nokot annat Namn til daglegt Bruk og millom sine eigne Landsmenner; og naar det var so langt komet, so var det vigtigaste vunnet, so at det andre kunde sidan laga seg sjølv, som det vilde.