P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 12-13).

 1. Upp av Krakken!
Sumarsoli skin i grene Bakken;
Jordi hever fenget Helgar-Plagget paa,
Skogen stend i Lauv so lysteleg at sjaa.
Livet lettnar,
Vollen turkar seg, og Vegen slettnar.

 2. Varma Guster
leda Lauvet paa dei grøne Ruster.
Nyst var Regn, og Jordi fekk sit milde Bad,
reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit
Toppen sprikjer,
Blomen slær seg ut, og Bladet slikjer.

 3. Inn um Glaset
fær eg Angen av det grøne Graset.
Vist er Vinden rik paa Liv og Lækjesaft;
ut eg vil og sanka Helsebot og Kraft;
alt for lenge
sat eg inne som ein Fugl i Stenge.

 4. Kvar ein kagar,
altid nokot nytt seg uppedagar.
Nye Blomar spretta fram paa alle Rom;

lette Fivreld’ yppa seg fraa Blom til Blom;
Fuglar sviva
upp med Song og rundt um Rusti driva.

 5. Kvar em lyder,
Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring:
Vegen er saa full av fagnadsame Ting.
Langa Stunder
treng eg til at sjaa paa desse Funder.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.