<poem>

Odin kvad:

1. „Raad meg no, Frigg; ei ferd meg lyster, aa vitja Vavtrudne. Forvitin aa freiste forn-frøde[1] eg er hjaa den ovkloke jøtun!“

Frigg kvad:

2. „Heime eg helst Herfader saag i gude-gardom; for av alle jøtnar mun ingin so ram som Vavtrudne vera.“

Odin kvad :

3. „Mykje eg for mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; no vil eg vita korleis Vavtrudne hev stelle hjaa seg.“

Frigg kvad :

4. „Heil du fare! og heil att kome! heil du paa vegom vere! Vite ei svike, naar sjølv Aldafar med ein jøtun skal ordast.“

5. Fór daa Odin ordleik aa freiste hjaa den ovkloke jøtun. Halli han fann som far til Im aatte; inn gjekk Ygg strakst.

Odin kvad :

6. „Heil Vavtrudne! i hall er eg komin og vil deg sjølv sjaa; fyrst vil eg vita um vismann du er og ein ovklok jøtun.“

Vavtrudne kvad:

7. „Kva er du for mann som i mine salar vil antrast med meg i ord? Ut skal du her fraa halli ’kje koma utan du meistre kann meg.“ <poem>

Odin kvad:

8. „Gagnraad eg heiter, av gonga kjem eg tyrst til dine tuftir; fagning treng eg — hev fari lengi — og une[2] hjaa deg, jøtun.“

Vavtrudne kvad:

9. „Kvi stend du daa, Gagnraad paa golve og talar? Finn deg sess i sal! Daa skal kannast kven kunnigast er, gjest eller gamle tul.“

Odin kvad:

10. „Ringe mann som til riking kjem, segje det som tarvst, eller tegje. Ov-svall eg trur ille kjem med, skal ein faast med kaldlege kultar.“

Vavtrudne kvad:

11. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og freiste vil din førleik: kva heiter den hesten som fram yvir heimen dagen dreg aat folk?“

Odin kvad:

12. „Skinfakse er det som fram den skire dagen dreg aat folk; fljotare finst ’kje fole hjaa reidgotar, av maani det straalar og skin.“

Vavtrudne kvad:

13. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva er det for øyk som austan dreg natt yvir gjæve gudar?“

Odin kvad:

14. „Rimfakse heiter hesten som dreg natt yvir gjæve gudar; skumdropar han slepper kvar morgon; av det kjem dogg i dalar.“

Vavtrudne kvad:

15. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva heiter den aai som deiler av millom jøtnar og gudar grunnen?“

Odin kvad : 16. „Iving heiter aai som ut skifter millom jøtnar og gu- dar grunnen; opi ho alle ævur skal gange aldri kjem is paa aai.“ <poem>

Vavtrudne kvad:

17. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva heiter vollen der høvast til strid skal Surt og dei sæle gudar?“

Odin kvad:

18. „Vigrid heiter vollen der høvast skal Surt og dei sæle gudar; hundrad rastir han held kvar veg; der er deim vollen vist.“

Vavtrudne kvad : 19. „Klok er gjesten; kom upp i benk, so talar me sitjande saman! Hovudi vaare me vaagar baae, um gjest er jamklok med jøtun.“

Odin kvad:

20. „Seg meg daa fyrst, so sant du det haattar, og vit du hev, Vavtrudne: kvar upphave var til jord og himil fyrst, du frode[3] jøtun?“

Vavtrudne kvad:

21. „Av Ymes hold jordi vart skapt, berg det vart av beinom himil av rimkalde jøtuns hausen, av blode baarut sjø.“

Odin kvad:

22. „Seg for det andre, so sant du er frod,[3] og vit du hev, Vavtrudne: kvar maanen kom fraa som fer yvir mannheim, og soli sameleis?“

Vavtrudne kvad:

23. „Mundilføre heiter far til Maanen, og til Soli sameleis, sviv vvir himil kvar skapte dag til aarmaals méd og merke.“

Odin kvad: 24: „Seg for det tridje, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar dagen kom fraa, som dreg yvir heimen, og natti med nedar myrke?“

Vavtrudne kvad: 25. „Delling han heiter som til Dag er far, og Natti er dotter til Nòr, gjæve gudar gav ny og nedar til aarmaals méd og merke.“ <poem>

Odin kvad:

26. „Seg for det fjorde, so sant du er frod, og vit du hev, Vavtrudne: kvar vinter kom fraa og varm sumar fyrst til frode gudar?“

Vavtrudne kvad:

27.[4] „Vindsval heiter Vinter sin far, men Svaasuder er Sumars far. (Vindsvals far var Vaasud kalla, atall[5] er heile den ætt.)“

Odin kvad:

28. „Seg for det femte, so sant du er frod, og vit du hev, Vavtrudne: kva for ein jøtun av Yme-lyden vart fyrst i upphav fødd?“

Vavtrudne kvad:

29. „Ovmange vintrar fyrr jord vart skapt, daa var Bergjelme borin, Trudgjelme heitte far aat honom, alin av Aurgjelme.“

Odin kvad:

30. „Seg for det sétte, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar Aurgjelme fraa til Jøtunheim kom fyrst, du frode jøtun?“

Vavtrudne kvad:

31. „Or Elivaagom stokk eiterdropar og voks til det jøtun vart; vaare ættir alle sitt upphav hev der, di er slage altfor atalt.“

Odin kvad:

32. „Seg for det sjaunde, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: korleis horn han fekk, den balde jøtun, daa der var inkje gygrar til gifte?“

Vavtrudne kvad:

33. „Under armen paa rimtussen det olst, er det sagt, møy og mann saman, fot med fot, til den fræge jøtun avla ein sekshovda son.“

Odin kvad:

34. „Seg for det aattande, so sant du er frod, og vit du hev, Vavtrudne: <poem> kva fyrst do minnest og fremst du veit, du den allkloke jøtun?“

Vavtrudne kvad:

35. „Ovmange vintrar fyrr jord vart skapt, daa var Bergjelme borin; det fyrst eg minnest er fræge jøtun daa han berga seg paa baat.“

Odin kvad:

36. „Seg for det niande, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar vinden kjem fraa som fèr yvir vaag, endaa ingin ser honom sjølv?“

Vavtrudne kvad:

37. „Ræsvelg han heiter, sit ved himil-enden, jøtun i ørne-ham; av vengine hans vind mun koma ut vvir vide verdi.“

Odin kvad:

38. „Seg for det tiande, daa du sogo um gudar all, Vavtrudne, veit: kor Njørd kom inn millom aasa-sonom — horgir og hov han hev i mengd — men vart kje hjaa æsir alin.“

Vavtrudne kvad:

39. „I Vanaheim skapte vise magtir honom og sende til gisl aat gudom; naar æva er all, han att mun koma heim til dei vise vanir.“

Odin kvad:

40. „Seg for det ellevte, kvar alle dagar dei svingar sverd i tun; etter manna-fall stort fraa striden dei rid, sit sidan i lag saman.“

Vavtrudne kvad:

41. „Einherjar alle i Odins tun svingar sverd kvar dag: etter manna-fall stort fraa striden dei rid, sit sidan i lag saman.“

Odin kvad:

42. „Seg for det tolvte, kor du sogo aat gudom all, Vavtrudne, veit? um rune-løyndom til risar og gudar seg sannast det du veit, du allkloke jøtun.“

Vavtrudne kvad: 43. „Um rune-lærdom til risar og gudar eg sant kann segja, for i alle heimar eg heve vori; <poem> i nie heimar kom eg, nedanfor Nivlhel, dit kjem daude menn fraa Hel.“

Odin kvad:

44. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kva liver av menn naar det lid til dess at fimbulvinter er farin?“

Vavtrudne kvad:

45. „Liv og Livtrase løynde held seg i Hoddmimes holt; av morgon-doggi sin mette dei fær, fraa deim ættir mun alast.“

Odin kvad:

46. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kvar fær dei sol att paa himilen slétte, naar varg den gamle hev gløypt?“

Vavtrudne kvad:

47. Alvròdul ber ei bjart dotter fyrr Fenre den gamle hev gløypt; brauti[6] til mor si møyi ho rid, naar gude-dauden er gjengin."

Odin kvad: 48. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kven er dei drosir, som dreg yvir hav og visst sin veg finn?“

Odin kvad:

49. „Tri stor-elvar yvir torpe[7] fell til Mogtrases møyar; hamingjur[8] alle gjenom heimen dei fer, endaa dei hjaa jøtnom er alne.“

Odin kvad:

50. „Mykje eg fór, mykje eg freista, mykje eg magtine røynde; kven av æsir raader for gude-eignir, naar Surts loge sloknar?“

Vavtrudne kvad:

51. „Vidar og Vaale i veom[9] skal bu,

naar Surts loge sloknar;

Mode og Magne
skal Mjølne hava
naar Vingne vegin er.“

Odin kvad:
52.
„Mykje eg for,
mykje eg freista,
mykje eg magtine røynde ;
korleis skal Odin
si avferd faa,
naar det for gudane
glepp?“

Vavtrudne kvad .
53.
„Ulven gløyper
Aldafader,
Vidar mun verke hemne;
kalde kjeftar
han kløyve mun
naar han vargen veg.“

Odin kvad:
54.
„Mykje eg for,
mykje eg freista,
mykje eg magtine røynde ;
kva sa Odin
son sin i øyra,
fyrr han vart borin
paa baal?“
 
Vavtrudne kvad :
55.
„Ingin det veit
kva i upphavs tid
du sjølv sa son din i øyra;
med feig munn eg kvad
um forne runir
og um ragnarok;
med Odin er det
eg antrast heve,
visast vert du av alle.“


Vavtrudne, han som er sterk til aa binde flokar. Han veit so mykje for di han er ovgamall. — Maal, rødu, samtale.

Frigg I „fredag“ er Frigg uppkalla etter Venus. Frigg var kona til Odin, soleis ogso hjaa langbardane. Men etter svensk folketru sviv ho um torsdags natti saman med Tor og spinn paa ein rokk. Dei kallar ho Frigge; soleis (ei frigge) er huldri òg nemnd i ei segn fraa Gudbrandsdalen. I Vestergøtland vitnar namne Friggjærakær um at ho vart dyrka. Blomar som no byrjar med Mari (Maria) hev vonleg fyrr byrja med Frigg (Friggjar-gras heiter endaa ein elskhugsblom paa Island). — Frigg bur i Fensal (havsalen), ho er framvis; sonen Balder ligg henne tungt paa hjarta. Sume meiner at ho var ein sol-guddom fraa det fyrste. Namne (av ei rot fri, elske) heng ihop med Priaqos (græsk Priapos) i Litleasia, og tyder paa gamall innverknad fraa desse kantar, meiner S. Bugge.

5. Im er ukjend; ogso ulvenamn. Elvenamn paa Im- eller Ims- er avleidde av im, dumbe eller gov. Sume trur at det fraa det fyrste hev stadi Him. — Ygg (den øgjelege) namn paa Odin. 41 4 8. Gagnraad, han som gjev gagnlege raadir. Sume trur <let skal vera Gangraad, som daa skulde tyde ferda-mann. 9. Tid, forteljar, songar eller diktar av det gamle slage, fraa tidi fyrr dei rette- skaldane kom upp ; han var som ein lærar i gude-frøde og galder-kunnskap, difor ofte (som her) ein trollmann som kjenner løyndomane i heimen. Det angelsaks. kvæde um Bjovulf fortel at thylen hadde aa gama hirdi. Orde finst kanskje att i tul, tyl, tule, og tyder anten ein tufs, løgin selle (Hard., Tel., Agd-, Nordtj. og Snnm.) eller trugin knark (Innh.) eller furtekrok (Vald). 12. Sldnfakse. Luft og jord lyser av fakse hans,- segjer Snorre, som ogso fortel um at ein som het Dag reid Drasil (trasa, masa, sumle). Sldnfakse heiter ein ukse i ein hulder lokk fraa Folddalen (N. Øyst), fleire gamle heste-namn fraa fornkvæde tykkjest vera med. Det er ei frigge" som lokkar. — Reidgotane (austgotane) var vidkjende far hestane sine. Det fanst gamle kvæde um deim. 16. wing, ukjend. Iva er namne paa ei elv i Jøtunheimen (Torsdraapa og Kraakumaal). Det vert tydt: tvil-aai. 17. Surt tyder han som er svart. Surt er mannsnamn (paa austlandc og) paa Island i det 10. aarh.; fyrst er det til namn (sonesonen aat ein landnaamsmann). — Surtshelleren paa Island hev havt namne sitt alt fraa ikr. 900. — Surtsstadir (Sokstad no) i Vardal er og gamalt, daa namn som endar paa stadir, etter Rygh si meining, var mest brukte i vikingtidi. — Elvenamn som byrjar med Surt finst millom Agdir og Gud brandsdalen (ogso i Elfsborg, Sverige). Fjellnamn paa aust lande byrjar, og sameleis. Slike namn er visst eldre enn fraa vikingtidi. Surte kallar dei myrjord som held jarn i Dalane. Lista, Set, Tel. og Hall. (sorta paa Island), surte-kjelda Tel., surtemyr Set. - Heimstaden til namne Surt maa daa vera Norig paa sør- eller austlande. Surt tykkjest bu djupt nede i jordi baade i Surtsheller og etter Haaløygjatal (der Surt = Suttung) og i Fjølsvinnsmaal. Upphave til Surt er kanskje dette: Naar folk kom til ein stad der det hadde brunni so all ting var svart, sa dei her hev Surt (svarten) fari." Garden Surtsstadir er vel rudd paa ein slik stad. Litt um senn hama branden seg til ein svart rise, Surt, og dei tala um Surts loge; at han fer med skogøyding", segjer Voluspaa. Surt var vel eld-risen paa aust lande, sameleis som Loke paa sørlande. Og baae, meinte dei, hadde heimstaden sin nede i jordi, der det etter segnir fraa andre land jamt brann eld. Ein karm inkje segja so visst um denne eld-tanken hev heimlegt eller framandt upphav. Det vert tala um heims-branden hjaa hinduar, persar, jødar, kristne og keltar (i Frankrike og Irland), men udformningen er saa forskjellig," segjer A. Olrik, at det staar som uvist, om vi kan forfølge en historisk sammenhæng gjennem hele rækken." Og um keltane gjeld det, B at vor faste viden er indskrænket til det blotte faktum, at en saadan tro paa verdensbranden forekom i Mellemevropa paa den tid, da den 42 > keltiske stamme øvede stærkest iadflvdelse paa Nordens kultur " Kor som er, maa det helst vera i skogbygdir, der elden er slik ram øydar, at den tanken hev slegi rot, at eld skal øyde heimen. . 18. Vitjvid, den staden der folk rid imot kvarandre til strid. — Irane hadde ogso ei sogu, eldre enn 900, um at gudar og jøtnar møtest til slag paa sletta Tured. 21. Yrne (av ymja?}. Rundt ikring i mange land vert det fortalt um at verdi er skapt or ein rise-kropp. Naar ville folk hev komi paa .slikt av seg sjølve, meiner E. Mogk, so kann vel germanske folk ha gjort det same. «En vildt fantastisk myte, der ogsaa spores i lithauisk, og som har siiT Fod enten i almen folkepsykologi" eller maaske saa fjernt ude som i den assyriske sagnverden." (A. Olrik). — Ymisland: vart i Fornaldar-sogur lagt til Haalogaland. Namne Ymis haugen paa Romerike kann hava anna upphav. 23. Miindilføre, den som fér i smaae mund (tidbolkar)?" Systkin er Sol og Maane ogso etter Reginsmaal. Same leis i Hellas, i eventyr fraa Italia og Grønland, hjaa lettar og tyskar (Sunna og SintguntV 25. Delling (den bjarte?) er morgon-roden manngjord. 27. SiHiasiid av svåss, mild. kjær (svæse. upplive, hugge Romsd.). Av same roti: Svaase, heimfest paa Dovre i Aagrip (han rar far til Snjofrid) og i sogo um Nor og Gor. Man synes engang at have førestillet sig Svaase som en jætle. der ligesom Gudmund paa Glasesvoldene midt i kulden og vinte ren fjærnt fra menneskelige boliger havde et mildt sommerligt hjem." (S. Bugge). Og Svaase er en sagnfigur som er nær beslægtet med jætten Dovre — — han der opfattes som Norges hedenske landvætte" - Vaaaud, av vas, slit i kulde og uver. 29. Aurgjelme tykkjest vera den same som Yrne; gjelme anten = gemle (den gamle) eller av rot gelma = gjalla. Det vilde høve godt: gamall som aur (vatn), som berg, den sterke gamle (Trudgjelme). 31. Elioooffar, dei stormfulle vatni. Elvaagen heiter eiiv sjø i 0. Aker; navnet synes at være det samme som det mythiske Elivaagar" (O. Rygh). Gard i Lier Æliuaghom. Namne finst ogso paa Shetlandsøyane. Sjø-namne er veJ eldre enn Vavtr. 33. Sekéhovda troll, Hovudi aukast paa trolli for kvar diktar. I Skirnesmaal er det nemnt ein trihovda tusse, og i Hymeskvida eit troll med 900 hovud. Sogo um Aur gjelme som vart baade far og mor er kanskje vorli fortald i Tyskland um Tuisto (tvitoling), som hadde upphave sitt fraa jordi og var far til Mannus, som germanane skulde vera ætta fraa, etter som Tacitus fortel. I Finnland vart det fortalt sameleis at Ukko var baade far og mor til dei tri naturar. - Trudgjelme var sameleis mann og møy paa ein gong. 43 35. Berga seg paa baat. Snorre fortel at sønine til Bor drap Yrne, og det rann so mykje blod at heile rimtusse-ætti drukna, berre ein kom seg undan med husfolke sitt. Dette var Bergjelme, han for upp i luren (baaten) sin med kona si og heldt seg der. Og fraa honom er rimtusse-ættine sidan komne. Vavtrudne maatte soleis vera med der. var kanskje sonen til Bergjelme. — Sume trur at det er forteljingi i bibelen um Noa som gjeng att her. Elles er det mange folk som hev gamle sogur um storftaumar (i Hellas um Devkalion og Pyrra)^ so ein karm inkje vita visst kvar upphave er. 37. Ræ-svelg, lik-sveljar. Tanken um trolle som syg hk ber Voluspaa meir fram. - Sume meiner at i Ræ-svelg hev ein Odin i utgamalt skap; vindgud, daudegud, ørn. Yvir døn til Valhall er daa siste resten av dette skape, ørnen som sit der (Grimnesmaal). Ørne-ham hadde Odin daa han førde skalde-mjøden fraa Gunnlod. Are og Arn hovud (ørn, ørne hovud) er han og sjølv kalla. 39. Njørd gisl aal gudom. Paa eit spjotskaft som vart funni i Kragehul, Fyen i Danmark, er ei runeskrift, der det stend: ek erilar asugisalas, eg jarlen til aas-gisl, fraa ikr. 500. Minst so gomol måa daa semjo vera millom æsir og vanir, daa ho var kjend i Danmark den tidi. — Weinhold meiner at vanekrigen var ein solkrig. Vindguden Odin elter solmøyi; ulvane skulde daa vera hundane hans, og vanine solgudar. 41. Einherjane (einka eller framifraa kjempur) vart vigde til Odin med spjot-styng eller hengjing og kom til Valhall. Um Hild fortel Snorre at ho vakte dei fallne kjempur til liv att um natti med trolldom. 43. Nie heimar. Det er inkje greidt aa rekne upp alle desse. Karm hende at ni-tale berre er brukt som heilt tal. Gering reknar: 1. Aasgard, 2. Vanaheim, 3. Alvheim, 4. Mid aard (mannaheimen), 5. Jotunheimen, 6. Muspellsheim (eld heimen), 7. Svartalvheim, 8. Nivlheim (eller Nivlhel), 9. Ægjes heim (vatsheimen). — Nedanfor Nivlhel er det tenkt aa vera ein straffestad for dei daude (kristeleg innverknad, meiner S. Bugge). 44. Fimbulvinteren (storvinteren) er etter Snorre tri vintrar etter kvarandre utan nokon sumar imillom. — Fraa Persia er det og ei utgomol segn um at det skal koma ein øgjeleg kald sne-vinter som drep alt liv. I ei borg sankar fé-guden Vima eit par av alt livande, som vert upphav til ein ny heim. — I Øvrepfalz (Tyskland) er det ymse sogur av same slage, og A. Olrik formar deim soleis: AH som verden bliver gammel, blive vintrene koldere, og somrene kortvarigere ; til sidst er der lutter vinter i sledet for sommer, og hele befolkningen dør ud. Kun en hyrde holder sig skjult i hulningen inde i det kolde træ" oppe paa bjærgryggen, og da modgangstiden er til ende, bliver han stamfader til en ny menneskeslægt." Han meiner at i den danske sogo um den harde kong Snjo er og noko av same tanken gøymd. — Prokop segjer ogso um folk i Tule at han trur dei fæler f.or at soli ein gong kunde verte reint burte; 44 Vanleg var ho burte 40 dagar uni aare, og kvar gong ho kom titt, var det difor stor høgtid. - B Vi staar overfor en tanke gang," segjer A. Olrik, som er født under barske nordlige liimmelstrøg, som kun bevares, hvor naturen byder samme baggrund." 45. Livtrase. Orde ein trase u finst endaa i N. Trond lieim og tyder ein som trasar, sumlar og aldri vert ferdig med noko. Sml. Moglrase v 49. - Hodd-mimc (hodd tyder skatt, rikdom), den rike Mime. Etter som me kjenner Mime fraa andre kjeldur, maa rikdomen hans vera visdom. Hans tykkjest vera ein vats-rise (regn, storm, rennande vatn i elv og sfø). Elvar og sjøar ber namne hans, Mimes sjø og Mimes aa i Sverige, og fleire stadir i Tyskland finn ein att namne hans. — Miming hjaa Saxo er skogtroll. Hoddmimes holt maa vera himil-tree, det same som Svipdagsmaal kallar Mimameid (Mime-tree), og som korkje eld eller jarn karm felle. Det stend so høgt, yvir gudeheimane i hi milen, at Surts loge inkje karm naa det. Der er einaste bergingstaden. Morgondoggi. I folkeminne sit det endaa att tru um at det er dygd i doggi; allvisst jonsok-doggi skal hava ei serskild livskraft baade for folk og dyr og vokstrar. Sjaa ymse brigde av eventyre um Tru og Utru". I England, Portugal og Ægypt finn ein noko av same tru paa doggi. I kvæde um Helge Hjørvardsson er det sagt, at den doggi som veid vokster dryp fraa maani paa hesten til den møyi som sit kvit under hjel men, Svaava. Læra um uppattnyingi aat alt liv etter ragnarok er bygd paa trui um at live kjem att. n Her læres ikke hvad vi vilde kalde personlig udødelighed, men det er dog sjælenes udøde lighed, idet sjælene tænkes overført stadig paa nye menne sker. - - Det er en hedensk (ikke kristelig) forestilling, der kommer til orde i troen paa det godes endelige seir og stadige fornyelse i den nye verden."' (G. Storm). Å. Olrik meiner at ..nordboerne har paa dette punkt ikke føiet noget væsentligt nyt til; deres gudekvad indeholder den fyldige fremstilling af tanker, som ogsaa levede hos beslægtede folk i Forasien og Nordeuropa. Dqt var ikke Nordens eller vikinge tidens særtanker, men hvad Odin og Vavtrudne skiftede ord -om, var netop den gamle visdom". 47. Alvrodiil (alve-straale) namn paa sol i. Ho er tenkt vera kvende, med di ho fær ei dotter, den nye soli. Det karm vera eit spursmaal, um her er meint sol-skiva eller ei aasynjli Sol eller Sunna, som fører soli med seg. Frostatingslovi talar iim at soli rid upp um morgonen og set seg um kvelden, og - der karm ein godt tenkje paa solskiva. Men fraa det fyrste karm det likevel vera meint paa sol-disi. Det som ho rid paa -maa daa vera sol-hesten, himilhesten, som Voluspaa nemner, -eller ein av dei tvo solhestane som Grimnesmaal talar um. Soli er kalla eit rullande hjul i Alvismaal; det var daa vel Inkje meint at det var nokor vogn. Veda-songane fraa India fortel ogso at soli er ei skive eller eit hjul som himilhesten 45 dreg. I Trundliolm paa Sjælland fann dei i 1902 eit bronse bilæte av solhesten som dreg soli, som hev vori gull-sett, fra* um lag 1000 aar f. Kr. Baade sol og hest stend der paa ei vogn. I Assyria og Fønikia brukte dei aa køyre eit solbilæte um kring paa ei vogn naar det var fest. Same skikken var det vel i Danmark. Sophus Miiller meiner at soldyrkingi maa veia komi upp i nordlandi i bronse-alderen. (Fyrr vart tre og stein, jord og vatn dyrka, og deretter aandir). Men de per sonlige guder traadte utvilsomt i forgrunden fra den romerske tid. — For de nye personlige guder traadte den gamle soldyrkelse tilbage eller antog saadanne nye former, at den ikke kan eftervises." Eddamytologien/' segjer A. Olrik, stiller os overfor guder, hvor det individuelle præg er sterkt gjen nemført, og hvor det samtidig indskjærpes, at guderne er hævet overnaturfaMiomenerne. Som dens forudsætning kan vi skimte en tidsalder, hvor adskillige guder har været knyttede til de store især himmelske naturfænomener." — I Norig finn ein endaa fleire minne um det gamle. Solmøya" kallar dei paa Romerike og i Austfold ljosflekken som stundom er aa sjaa attmed soli. Ei gaate fraa Valdres kallar vaarsoli «jomfru munnlaus", paa vestlande er ho ei ridande jomfru. Mange stadir brukar dei aa ofre smør og halde fest naar soli kjem. att paa nyaare. *) Varg. Grimnesmaal 39 fortel at det er tvo ulvar i fylgje med soli, Hate fyri og Skoll etter. I Hallingdal kallar dei ljosflekkir nær soli i dim luft for solulv. Dette namne er kjent ogso i Danmark og Sverige. Soli er i ulveklemma," segjer dei paa Island. Solhunden talar dei um i England. I tyske, rumænske og sudslaviske land hev folk trutt at ein ulv var skuld i solmyrkjingar. Keltar og lithauingar trur ogso at troll er etter sol og maane. I Lithauen trur dei at ved heimsens ende skal trolle faa tak i sol-vogni og gjera ende paa soli. — Orsaki til fimbulvinteren er vel den at soli vert burte. — Det er tenkjelegt, at det fraa fyrstundes var meint at soli kvart aar, naar ho var burte, vart teki av ulven, og at ei ny sol kom ura vaaren. Sidan vart hendingi flutt til framtidi og hengd ihop med fimbulvinteren. Andre namn paa slike solflekkir er: Hug (Ring., Vald), Huv (Vardal), Solur (Tel.), Solhøve (Sunnhordland). Sol-gisl (geisle, straale) heiter solulven nordanfjells, og Gisl heiter i Ynglingesogo ein av sønine til Visbur, som er meint aa vera solguden Frøy. Han og bror hans hissa den gloheite hunden paa Visbur, og den beit honom i hel. Dette er kann hende fraa det fyrste sogo um solulven som gløyper soli» Etterpaa vart det fæl svult og naud, heiter det. Daa tok dei paa kongen sin, Domalde (= Raider?) og drap han. Finn Magnusson fortel at slike solflekkir fyrst i det 18de aarh. w menes at forkynde langvarig uveir og uaar og hunger for menneskene." J) Sjaa n Danskc Studier" 1905. 46 49. Tri sior-elvar. Vavtrudne fortel fyrst kva som er meint med have. Det er dei tri storelvane som Grimnesmaal 29 gjev namn paa, Kormt og Ormt og Kjerlaug, som vonleg renn fraa himil-tree og lagar himil-have. — Mog trase er kanskje den same som er kalla Mog (mann) i 33, son til Yrne, Trudgjelme. Møyane (døtrane) hans maa vera nornine, som Voluspaa fortel kom fraa Urdarbrunnen, og hadde ein sal der, som daa heiter torp (hus) i Vavtr. Snorre fortel at der var svanur i brunnen ; truleg hadde daa nornine svaneham, soleis kunde dei fara yvir have. Difor er dei og kalla hamingjur, ham-møyar. Hamingje er vanleg namn paa godvette. Dette maa ogso vera meiningi her: dei er godvette, endaa dei er alne i Jøtunheimen. Det dei hev aa gjera i den nye mannaheimen er daa aa hjelpe born fram til verdi. I Faavnesmaal 12 er det tale vin dei nornir som hjelper i naud og forløyser mødrar med sønir. Sml. Sigerdrivumaal 14. Paa Island," segjer M. Moe, fl be tragtes nornerne til dels som magter der gjør den gifte kvinde til moder" Og i det norske eventyr um dei tri mostrane fremstilles — nornernes hjelpsomhed mod kyinden og deres fremme af den egteskabelige forbindelse." Sameleis i tyske og hellenske eventjT (moirune). Barsel-grauten (norne graut paa Færøyane) er vel fraa det fyrste meint som offer til nornine. 51. Vidar (skogmannen) er nemnd her og i v. 53 og i Grimnesmaal og Loketrætla og Voluspaa. Odin var far hans, og Snorre fortel at mor hans var ei gygr som heitte Grid, og at han sjølv var tagall. — Namn som minner um han er: Vidarshov (Heidm ) og Widarsleff i Sverige (Smaaland); Vidars holm (Austf.) og Vistad (Tel.) karm likso snart koma av manns namne Vidar, som endaa er brukt i Ryfylke. Vidar og Vale heiter kongar i svenske folkesegnir. — Paa ein kross i Gos forth i Cumberland stend ein mann med eine foten mot neder kjeften av eit ulvehovud med ormekropp, eine handi held han mot øvrekjeften og bryt han upp, i andre handi hev han eit spjot. Dei meiner dette skal vera Vidar. Like eins er det meint det skal vera han som er framstelt paa ein granitt-stein iei dansk kyrkje (Lime, Falling). Han ligg paa ryggen av udyre og held det i kjeften. Dyre tykkjest halde paa aa eta upp ein mann, som daa skulde vera Odin. — Paa ein gamall vase ser ein Herakles stigande i munnen paa ein kvallisk. Hev sogo um Vidar upphave sitt derifraa? Mode og Magne er sønine til Tor. Det vart ofte sagt um Tor at han var i aasmod, og mod tyder harm. Denne harmen vart manngjord og nemnd son hans aa vera. Sameleis med Magne (den sterke). Gamle gudar karm dei inkje vera. 54. Kva sa Odin i øyra til Balder'} Det karm inkje vera .anna enn voni um at Balder skulde koma att paa einkvar inaaten. 47 En sammanfattning af de vid en kultort bekanta myterna fick lått en viss likhet med en modem katekes. I denna form kunde en gode eller en tulr samman trånga allt, hvad han visste om den gud, som dyrkades vid hans hof eller harg, och vi aga lyckligtvis en dylik hednisk katekes i behåll, nåmligen Vaftrudnesmal. Vål år det tydligt. at alldeles så kan en rent hednisk kultkatekes icke hafva sett ut — Vaf trudnesmal år snarare en skalds bearbetning af en dylik katekes." (H. Schuck). Heimstad, n Det er i sig selv klart, at myten om fimbul vinteren er bunden til egne med en haard vinter, der truer menneskenes tilværelse. Men ogsaa digteren af Vafjir. giver •et mærkeligt eksempel paa, at han hører hjemme i en saadan natur; han kender det som den største sjældenhed, at en aa ikke fryser til, og han sætter endogsaa frosten som begyndelse til al verdensdannelse: da de iskolde stænk fra Elivaage-havet stivnede i kulden, formedes den første skikkelse, stamfaderen Aurgelme." (A. Olrik). Han maa daa vera fraa innlande, langt fraa have. Og helst der det er store skogyiddir vert elden den fæle svarte øydaren. At Surt hev vori kjend paa upp lande fraa gamalt viser gardsnamn i Vardal. Minne ura Vidar finst paa Heidmarki. um Skinfakse i Gudbrandsdalom. Sol~ møya" er kjend i Austfold og paa Romerike. El-vaagen er sjønamn iO. Aker, Svaasud peikar til Dovre 1) Orde atall" «r no brukt i Vestf.. Austf., Rom., Num., Nedal, Oslo, Øystred. Orde trase" i Innherad. — Ein skulde helst tru at skalden Tiev havt heimstaden sin nokon stad millom Viki og Trond heim. 2) Vavtrudnesmaal hev mange likskapar med Grimnesmaal og Loketrætta, men tykkjest vera eldre enn desse, og maa vera eit av dei eldste gudékvædi. S. Bugge meiner at heimstaden er Bretland, og tid: forste halvdelen af det 10de aarh. F. Jonsson set same tidi; heim stad: Norig. Ogso i eit angelsaksisk kvæde fraa slutten av det 9de aarh. er det ein gud og ein jutul som kappast (Salomo og Saturn). S. Bugge finn likevel inkje nokon framand innverk nad, endaa Saturn segjer som Vavtr. at han hev vandra gjenom alle heimar. Um so er, karm meisteren til Vavtrudnesmaal ha høyrt som snarast dette kvæde, meiner han. I indiske •eventyr finst ogso gaatestridar. Gaatestriden i sogo um Hervor tykkjest ha havt Vav trudnesmaal til mynster. Ein liknande gaatekamp, millom tvo brørar um arv, er folkevisa fraa Telemork Paa Grønali heii". Dei gamle mannjamningar ligg vel til grunn for alle «like kvæde. >) Im kunde godt veia elve-risen i husdalen. - ; Ein karm inkje slutte noko fraa at ..solulyen" no er berre kjend i Hal- lingdal. Me veit at han hev vori vidare kjend fyrr.


  1. Forn-frøde, gamall visdom.
  2. Une, hugnad.
  3. 3,0 3,1 Frod, vis.
  4. 4 — 6 etter Snorre-edda.
  5. Atall, leid.
  6. Braut, veg.
  7. Torp, gard.
  8. Hamingje, ei som gjeng i ham, ei fylgje.
  9. Ve, heilagdom ; her: bustad til gudar.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.