Bratt-Ækte paa Bjølsta
Gardnamne Bjølsta trur di Lærde kjøm se ’taa Manns-Namne Bjolv, som elles berre ska finnast nemnt ein Gong paa Islann og ein Gong i Norig. Men di Gamle i Bygden har fortalt, at Namne ha eit anna Utsprang. Vag-Verinn ha Sætrinn sine uppi Heidale, langt att-i Gamel-Ti’om, og naar Bølingann va nord-paa Skogje um Daagaane, gjekk Budeiunn nord-paa ei Slett, der Bjølsta no staar, og lydde ette Kubjøllom fine. Difor tok døm te aa kalle denne Slette „Bjøll-Sta’n“, og ’taa di ska Namne kaamaa se.
Fig. 37. Eistin Bratt 1530; Vaapn-Merkje. |
Fig. 38. Tord Bratt 1549; Vaapn-Merkje. |
Bjølsta va firi 1429 tri Garde, Blekan – Blikar – og Nørdre og Søre Bjølsta. Ette som de ha vore sagt fraa gomolt, skulde de Eingong, langt att-ende, kaamaa ein Adels-Mann fraa Bern, som heitte Eirik Bratt, hit i Bygde og han vart gjift me ei Gardjente paa ein ’taa Bjølsta-Gardom. Sia’ ha saamaa Ækte sute paa Garde og Mennann ha ette ’om Eirik heitt Tord Tordsson, saa langt att-ende Orde veit aa melle. Kaa Ti’ Brattann kom paa Gard’n er ikje saa beint aa rekkje og hell-ikje, um de va me Gjiftarmaal hell Kjøp døm kom der. I 1430 aatte han Paal Halvordson, Son hans Halvord Alvson paa Sambu, baade Søre og Nørdre Bjølsta og Ru’i, de Aare selde han desse Gardann aat ein Mann som heitte Eirik Bjønnsson. Kjøpe-Breve er skrivi i Vaagaa-Prestgarde, Ullinsøy, og Lagretts-Mennann, som va me ve Handel’n, va han Anders Jonsson paa Kleppe, han Tostin Paalson List og han Ommon Nilsson paa Toulsta. Blekan er ikje nemnd og er full hell ikje me i Kjøpe. Kunde no ein berre veta, kaar han Eirik Bjønnsson va ækta fraa, saa vilde de vera eitt Stykkjy paa Vegen, men de er saa lite aa finne um den Mann. Han er nemnt for Lagretts-Mann i Bygden nogre Gongo og me di maa han ha vore hulde for ein bra Mann; fraa Aare 1426 er de eit Brev som fortel, at han ha havt Toulsta og Kvennberge i Leige i minst 3 Aar ’taa ’om Holta Jonsson. Tvo Aar ette han kjøpte Bjølsta, vart de klaagaa ve Kongens Ombu’s-Mann, som da va han Paal Halvordson, at han Eirik Bjønnsson tok se forr-store Heimraste[1] aat Bjølsta og at han gjekk inn-paa Kongens Aalmenning. Han Anders Jonsson paa Kleppe bar fram desse Ankunn for Bøndom og 3 Lagretts-Menn vart te-sette, aa mæle upp kaar langt Heimrastinn aat Bjølsta skulde røkkje. Bytes-Merkje millom Aalmenningje og Bjølsta-Eigom vart sette ve Sinder-Høl’n[2] i Melun der, som Skjifte gaar den Dag idag. Han Anders Jonsson sa enda di Orde ve han Eirik, da Mar’stein va ne-sett, at no va Heimrastinn hans avmerkte og disom nugun la se inn-paa døm, hell fiska i hans Fiskevat’n – Bjølsta-Vatne – saa tyktes de honom jemngodt ve, aa brjote se inn i Stabure hans. Ikje lengje ette maa naagaa ’taa Nørdre Bjølsta vorte att-løyst me Odel ’taa Ervingom hans Baard Trondson, „Bonde paa Sjaak“ – sjaa Valbjørs-Ækte –. Han Eirik Bjønnson er dø firi 1441.
Den neste Eigar’n ’taa Bjølsta heite Endre Eirikson og de skulde liggje nerast for Hann aa tru, at han er Son hans Eirik Bjønnson, enda de ikje er funne naagaa som kan sanne de heilt. Denne Mann kjøpte i 1441 2 Kuleigo Jord i Bleka og i 1449 6 Kuleigo i Nørdre Bjølsta; i 1456 kjøpte han 2 Kuleigo att i Bleka og me desse Jordkjøpom er visst Bjølsta kome te-samen att me di Vidden, som Hugu-Bøle har den Dag idag. At han Endre Eirikson va ’taa Brattom maa vera visst, og er han Son hans Eirik Bjønnson, saa va han Eirik den fyste ’taa Bratt-Ækten paa Garde. Er han Endre ikje Son hans, saa bli hann den fyste; ette desse skulde Brattann vera kome paa Garden imillom 1430 og 1449.
Nest ette ’om Endre Eiriksson kjøm han Gottorm Endreson, han skriv se i 1518 for „Guttorm Endridson Brat“; baade han og Sonen, Eistin Gottormson, har de Aare vore me te Vitne paa eit Bror-Skjifte millom ’om Jo og ’om Anders Kleppe. Segle aat baae tvo er vis’lege, men ikje naagaa ’taa døm er Vaaben-Segl. Han Gottorm Bratt va gjift me ei heitte Sissil (Cecilia) Persdotter, men kaa Folke-Ferd[3] ho va ’taa, er de ikje funne naagaa um. I Aare 1500 gjere han Gottorm og ho Sissil „eigin Kona hans“ eit Jordbyte me Bispen Herman paa Storhaamaar saales, at Bispen fær att Gronnin og By i Veldre paa Hei’marken, 4 Kuleigo te-samen, for 6 Kuleigo Jord i Andgard og Halvordshus paa Dovre. Di 6 Kuleigunn i Andgard ha ei, heitte Randi Olsdotter, førr selt Preste paa Lesja te bordheldes, men da dette Jordbyte no vart gjort, fekk ikje Lesja-Presten naagaa att ista’n. Han Gottorm ska ha livt i 1529 og va da 108 Aar gomol.
Son heitte Eistin Gottormsson og han maa ha aatt Bjølsta i Ti’n millom 1515 og 1545. Ette som de ha vore skrivi um de – Saml. t. d. norske Folks Sprog og Historie 1 B. S. 403 – skulde han vera gjift me ei ’taa Adels-Ækt, heitte Tora Tordsdotter. Far henna aatte mykjy Jord-Eigo ut-i Viken og andre Sta’ann, han skulde ou eige Tjerne paa Ringsak, og va ækta fraa Italien. Er dette saales, saa va ho Tora Tordsdotter paa Bjølsta og Fruga aat Adels-Manne, han Hans Krukov, Syst’. Han Eistin ha aatt Jord baade paa Lom, Dovre og Fron, men ette Lensreiknskape for 1528 legg han Skatt som andre Bonn’-Menn i Bygden. Mann er avfulle imillom 1540 og 50. ’Taa Bonom hans er kjennde desse: Per, som dø firi 1572 men ha Bon ette se, Enkja hans upp-att-gjift me ’om Knut Bagge paa Heringsta, seinare me ’om Abraham Stub; Eirik, laag i Krangel me ’om Knut Bagge – for Stygg-Bonom sine – um Aasæte paa Bjølsta; Tora og Sissil som fekk Andgard paa Dovre. I Lensreiknskape for Akershus 1557–58 er de nemnt ein Eirik Bratt og ein Kristian Bratt ’som fekk i „Svenneløn paa Slottet“ for de Aare 4 Dale og 8 Mark kaar og 41⁄2 Aln „Engelst til Hofklædning“, men um døm er tvo Brør fraa Bjølsta, kan ikje nettup vera visst. Saamaa Ti’e livde de ein Tord Bratt som nok helst er den, som Bygda-Minne ha gjort te den fyste ’taa Brattom, som kom ivi Sygnefjelle og gjifta se te Bjølsta. I 1550–51 va han Fout ivi Jord-Eigom hans Eirik Otteson Rosenkrans i Bernhus og de er att ei Kvittering, han har faatt for Reiknskape de Aare. Gerhard Schjøning skriv um, at da han va paa Bjølsta i 1775 va de ei „Jernskjeppe“ paa Garde, døm ha gjøymt alle di gamle Jord-Breve i, og den skulde han Tord Bratt ha gjort se te aa føre me se Reiknskapann sine i, naar han reiste millom Bernhus og Gullbransdale den Ti’e, han styrde Jord-Eigom aat Rosenkrans. Farsnamne hans Tord er ikje funne men de er all Von te at han va eldste hell nest-eldste Son hans Eistin Bratt og heitte ette Bestefar sine paa Mor-Lei’e Tord (Tore?) Torgundsson. De kan tenkjast at han Tord ha Retten aat Aasæte paa Bjølsta og at Bror’n, han Per, ha brukt Garden paa Leige. Um dette er rett, saa er han den fyste ’taa Brattom, som bar Namne Tord og Ti’e hans maa felle millom 1545–60.
I Absalon Pedersøns „Kapitelsbog“ staar de, at den 27de August 1560 „døde den ædelbaarne Tord Bratt og blev begravet i Domkirken“. Um dette er den saamaa, som va Fout hjaa ’om Eirik Rosenkrans, kan vera paa de ovisse, men er elles mykjy trule. De er enno naagaa meir i „Kapitelsbogen“ som peika paa, at de har se saales. Den 20de August 1570 skriv han Absalon Pedersøn um, at han Jon Person, Skulmestar i Bern, vart trulova me henne Barbro (Barbara) Trondsdotter, fødd i Gullbransdale „og sigis at være Tord Brattis Søsterdotter“. 1571 den 2den September sto Gjestbo’e deres, men da skriv han Absalon Pedersøn, at ho Barbro er fødd paa „Hetmarken“; dette er helst ei Miss-Skriving. Ho Barbro va kome fraa Valbjør (sjaa Valbjørs-Ækte S. 312) og va ho Systerdotter hans Tord Bratt, saa ha han Eistin Bratt havt ei Dotter som va gjift me ’om Trond Baardson (Peterson?) Valbjør. Naar han Absalon Pedersøn nemner „Tord Brattis Søsterdotter“ er de fyst for Hann aa tenkje se, at han mena paa den Tord’n Bratt, som tvo Aar førr va jorda i Domkjørkjun. Og detta stø’e onde den Meiningje, at de er saamaa Mann som aatte Bjølsta og som va Fout hjaa Rosenkrans.
Han Tord Bratt er visst den siste ’taa Ækten, ’taa di Grein som budde paa Bjølsta, vissa, som kan tenkjast aa ha brukt de gamle Vaapn-Merkje aat Brattom, me di, han nemnes „ædelbaaren“. Ækte heldt dette Bele paa aa gjekk heilt inn i Bonn’-Stann og de er ikje aa finne naagaa Merkje paa, at Ækte lenger aatte nogor stor Jord-Eige, hell ha meir Rikdom onde Hendom Hell andre Stor-Bonde i Bygden.
Neste Eigar’n oss raakaa paa Bjølsta ette ’om Tord Bratt,
Fouten aat Rosenkrans, er ein Tord Tordson, fødd 1575; men her maa de ha vore ein Tord Tordson imillom og som de ikje finnst
att anna Minne um, hell ei „Rigens Stevning“ fraa Jørgen
Friis og som kalla Tord Bratt i Retten for, aa ha bygsla burt
eit Stykkjy Jord te Ska’e for ein av a’an Mann. Denne, som va
fødd 1575, naadde ein høg Alder for han livde i 1666 og va
da 91 Aar, de gamlaste Menneskja ’taa Karfolk i Vaagaa den
Gongen. Baade i di Folketals-Listun som vart tikjin de Aare og
i di nye Gard-Skjyld’n fraa 1668, er han skrivi for Tord Tordson
og Bratt-Namne er ikje me. Ette Skatte-Manntale i 1610 er
han Eigar ’taa 9 Hu’e og 9 Skjinn me Jord: 5 Hu’e i Bjølsta,
1 i Aaseng, 2 Hu’e og 4 Skjinn i Røberg i Lann, 8 Skjinn i
Setrang, Seval og Halmrast i Lann og 9 Skjinn i Veikle i Kvam.
Seksten Aar etter er han Eigar for berre 5 Hu’e og 10 Skjinn.
Han va gjift me ei heitte Ingri Olsdotter og som dø i 1672;
kaar ho er kome fraa er okjenndt; sjøl livde han te umkring
1675 og vart saales 100 Aar gomol. Paa Skjifte etter Kjeringen
ha Jord-Eigunn hans Tord ouka att te 11 Hu’e og 7 Skjinn og
heile Bue svaaraa te paa Lag 28 000 Krono i vore Pening.
Han Tord og ho Ingri ha 7 Bon, Sonn, han Tord, fekk Bjølsta,
han Gottorm gjifta se aat Sambu (sjaa Gjæsling-Ækte S. 306 f.);
han Ola fløtte aat Ottesta i Vardal, da Far’n aatte
Fig. 39.
Segle hans Tord Bjølsta 1633.
den Garden; ho Brit kom aat Kleppe (sjaa List-Ækte),
ho Marit aat Prestgarde i Heidale; ho Aase gjift aat
Londe (sjaa Londe-Ækte); ei heitte Marit, dø ogjift.
Han Tord Tordson, fødd 1625, dø 1680, va gjift me henne Barbro Ommonsdotter Sambu, Syster hans Iva Ommonsson Gjæsling fraa Nigard Sør-Sambu. Saa lengje han va Gardbrukar va han „Postmann“ i Heidale og skjussa Posten fraa Heidale og aat Kolun, „en lang og besværlig Mil, og nord til Sell en stor Mil“.
Son hans, han Tord Tordson, fødd 1665, dø i 1759, va gjift me henne Guri Olsdotter fraa Slette. ’Taa Bonom hans vart ein Son gjift aat Nigard-Aassaare, ei Dotter aat Kleppe og ei aat Toulsta, den eldste Son va han Tord Tordson, fødd um Lag 1695. Han va gjift me henne Mari Iva’sdotter fraa Kleppe (sjaa List-Ækte); i Heimafylgd ha ho 6000 Krono i reie Pening, 14 Nout, 2 Heste 9 Soue og 1 Svin oframt Lousøyre og Innbu ’taa alle andre Slag. Mann dø allt i 1750 men ho Mari styrde Garde i 15 Aar og paa den Visen, at ho ouka Medel’n paa alle Lei’e. Naagaa ’taa di fyste ho gjorde, va aa faa greie Bytes-Lino for Skog-Eigom sine imot Vaagaa-Aalmenningje. Detta vart ei lang Sak me fleire Møte paa Aasta’e, men de enda me Forlik ette di gamle Bytes-Merkj’om. Da den Sakje va Ende, la ho ei ny ei imot Skogbygds-Gardom um ei stor Skogvidd, som kallast Lusæter-Maarkje, og som Skogbygdingann vilde haa te aa vera obytt Skog onde Gardom deres. Ho Mari Bjølsta paa-sto, at de va Bjølsta-Eige ette eit „Tolv-Manns-Brev“ fraa 1596 og de sa greitt fraa Skjifte imillom Bjølsta og Skogbygds-Gardom. Denne Sakje vaaraa i 8 Aar førr ho vart dømd ve Oberhofretten i 1761; Retten heldt se ette di gamle Breve og Lusæter-Maarkje vart kjenndt for Bjølsta-Eige. Førr den Sakje va enda, begjynda ho den treja store Retts-Sakje me Grannom sine, di tvo Prestgards-Gardann, um Skog-Eiga deres paa hine Siun aat Sjo’n. Der vilde Prestgards-Mennann haa de te di, at baade Bjølsta og Prestgardann laag i Sam-Eige um Skogen. Ho Mari paa-sto, at Bjølsta ette gomolt Bruk ha hevda se visse Grenso for sine Eigo og ha sett ne Husmenn paa Eigun. Den Sakje vann ho ou og no ha ho naatt aa faa visse og greie Skjiftes-Lino for alle sine Eigo. Men saa ha ho ou naatt, aa faa mest halve Bygde te Oven, vissa tykte Prestgardann og enno meir Skogbygds-Gardann, at de gjekk ein stygg Orett ivi døm. Mot-Mennann henna Mari tykte, kaar me se, at Dommann va saa orett-vise, at døm trudde ho ha brukt baade falske Vitne og Stikk-Pening aat Fout og Skrivar og di andre, som ha me Sakom henna aa gjera. Ho fekk Ord for aa vera eit hard-tydd og haagriskt Menneskje, som brukte Magt og Rikdom i Sta’n for Rett naar de va naagaa, ho fekk Hog te aa slaa onde se. Frama’for (S. 44) er fortalt um kaa Bygda-Orde sa um ho. Men Sambygdingann henna ha gjort Minne henna Orett me desse, de finnst ikje de minste Merkje ette, at de er brukt Svek hell Oskjeel i Sakom fraa nogor Si’e og de som ha vore fortald, um Vitne ho ha kjøpt, er de argaste Paafunn. At ho elles sto hardt ette aa leggje onde se de, ho vannst ivi-kaamaa, er mykjy trule for den Hogen laag i mange ’taa di Sys’kin-Legde ho va ’taa og hardsøkte kunde døm ou vera. Attaat di ha ho kanhende stor Hog te aa drive Sakje, ou, ho va full ikje Syster hans Ola Mo og hans Tostin Haakaasta for inkje.
Trast førr Mann henna dø, kjøpte han Grann-Garden Ru’i; um ei Ti’ vart han att-tikjin me Odel men Son fekk kjøpt han fraa nytt og no ha Bjølsta og Rui vore i eitt i over hondrede Aar. Ho Mari Bjølsta ligg jorda paa Heidals-Kjørkjegarde; Hugu-Staven henna va ein Jønn-Kross han Per Langrusten ha arbeidt, paa ei Plaate sto inn-hoggje Namne henna me Aarstalom og eit langt Bibel-Sprok; no er dette vakre Grav-Minne vorte forr-daagaa[4].
Den eldste Son hans Tord og henne Mari Bjølsta, han Tord Tordsson, va fødd umkring 1735; han gjifta se me Gardjentun paa Tofte ho Ragnhil Semonsdotter som va baade ’taa List-Ækten, Toulsta-Ækten og langt ute ’taa Bratt-Ækten. Han Tord vart saales Eigar baade ’taa Tofte og Bjølsta; tri Manns-Aldre førr aatte Kaftin paa Toulsta baade Toulsta og Tofte i nogre Aar. Han Tord og Kjeringje dø saamaa Ti’e og fyl’dest aat te Graven i 1813. Døm ha ein Son heitte Tord Tordson og 3 Døtt’; den eine ’taa desse Døttom vart gjift me ’om Paal Tjøstolson Haarelsta fraa Kvikne (’taa Gjæsling og Bratt-Ækten) og desse tvoug fekk Tofte; den andre Dottere vart gjift me ’om Ola Olsson Slette og den treja me Stortingsmanne, han Ola Haakaastad (fraa Haarelsta i Kvikne). Bror’n som fekk Bjølsta, va gjift me henne Ragnhil Paalsdotter Toulsta. Denne Mann sette i 1820 upp den store Bygna’n paa Bjølsta som er eit framifraa væl-gjort Hus; han vart blinn da han va ein me’-alders Mann men for aa kaamaa ette me, um Timbrarann gjorde Arbei’e paa di nye Stugun væl fraa se, gjekk han ofte me Lumm-Knive sine og stakk inn-i Maasaa-Fare for aa kjenne ette, um Veggje-Mote va tette. Han Tord ha 3 Bon, eldste Son, han Tord Tordsson, fekk Garden, ein yngre, heitte Paal, dreiv Fehandel men dø ugjift i sine beste Aar; ei Dotter vart gjift me eldste Sone paa Tofte. Han Tord gjifta se paa sine gamle Daagaa, men dø baanlous i 1864; han va den 9de Tord Tordsson som ha sute paa Garde, Son ette Far. Ette honom kom Garden i framonde Menns Henn i nogre Aar te ein ’taa Ækten paa Tofte tok han att me Odel; Garden er enno i Eige ’taa di gamle Ækten.
Paa Bjølsta staar enno nogre gamle Hus, ei tvihøg Stugu fraa umkring 1760 og ei som er ihop-bygd ’taa fleire gamle Stuguhus, sumt i henna kan vera fraa millom 1680–1700. Og saa staar de att eit overlag vakkert Stabur, som visst ikje er yngre hell 1600.
Paa Lag 1628 vart Kjørkja i Heidale fløtt aat Bjølsta, førr sto ho paa Nørdre Prestgarde. De va ei timbra Langkjørkje og i 1688 vart de byggt att-aat nytt Vaabenhus, da de gamle va ne-rote. I 1700 vart de byggt att-aat eit lite Skrifthus ’taa Timber. Kjørkja paa Bjølsta va i Bruk te um Vaarn i 1753 da den Kjørkja, som no er, vart ferdog. Langhuse ’taa di gamle Bjølsta-Kjørkjun me gomol Utskurd umkring Døre, staar att paa Garde, men Taarne, Vaabenhuse og Skrifthuse er burte. Den gamle. Altar’n staar i Vaabenhuse i di nye Kjørkjun og der finnst ei Tavle og nogre andre Ting fraa di gamle.