H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 65-66).
◄  XXVII
XXIX  ►

Ein Skriftefâr kunde lyfta av meg mine tunge Minne.

Ein klok, fin mann, som kjende Verdi og Live og Hjarta vaart, og som ein torde tala ut med, kunde gjera det. Men kor finn eg ein slik. Protestantarne hev berre Teologar. Og ein framand forstod meg ikkje.

Men so tenkjer eg: i Grunnen er alla framande. Det er ikkje paa Jordi tvo, som talar det same Maal. Kvar legg sitt i Ordi; dei talar med dei same Ord um kvar sine Ting. Og eg veit ikkje, kva det som eg segjer vert til i Heilen aat den eg segjer det til. Eg vil ikkje hava nokon Skriftefâr.

Eg vil vera sterk.

Den vise segjer til Baane: du er stor; og til sitt Kvende: du er ein Engel; og til sin Ven: treng du Mynt? og til Folke: Hurra. Men treng han aa letta sitt Hjarta med eit sant Ord, so læser han seg inn attum tri Laas, og kviskrar Orde med hand yvi Munn, at ingen skal høyra det utan den einaste som han veit forstend det.

Difor talar alle gamle Folk med seg sjølve. Dei hev i eit langt Liv lært det.

Ein lærer so lengi ein lever; og kvar Lærdom er ei ny Sorg. Og kvar Sorg ei ny Kraft. Men ingen er utlærd, fyrr han hev lært aa tigja.