Aa du gode, du heilage,
du som kom og vilde hjelpa,
og føra dei burtkomen heim,
og lækja dei sjuke,
og gjeva dei trøytte Ro,
aa, at du ikkje lenger er paa Jordi.
Eg vilde so gjerne ha funne deg,
og sagt deg mi Naud,
at eg er sjuk,
og hev synda
og forspillt mitt Liv
og sumla meg sjølv burt,
og er faren villt
og er ein burtkomen Son;
men daa eg søkte heim,
var det ingen som tok imot meg.
Og du vilde sjaa mildt paa meg
og gjeva meg eit godt Ord
og leggja Henderne paa meg
og lækja meg.
Og er vart sterk
og levde eit nytt Liv
og fann heim att til sist
til Faderen.
Men det er for seint.
Du er burt-teken.
Dei hev gjort deg til Gud.
No sit du der uppe og dømer,
som Fâr din.
Og kva kunde det nytta med daa.
Um eg naadde fram til deg,
du vilde sjaa kvasst paa meg
og segja: høyr min gode Mann;
kor vaagar du deg hit
og er ikkje høgtidsklædd.
Og eg torde visst ikkje svara.
Ein Gud?
Kva skal me med ein Gud?
Fordøma oss
kann me sjølve.
Men ein Menneskjeson,
som kjende oss,
og visste alt,
og hadde det lækjande Ord,
og Hjelp,
der dei andre berre hev Domar
og kalde Augo;
ei Menneskjeson — —
Aa, at du ikkje lenger er paa Jordi.