H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 69-72).
◄  XXIX
XXXI  ►

Gamlingen nede gjeng tuslar og skal døy. Og Bror min kjem stundom og lès for han.

So lyder han gjerne innum meg. Hev han daa ei Stund, sèt han seg ned og røder med meg um laust og fast. Og eg høyrer etter og fylgjer med, um eg skulde kunna finna noko gale hjaa han.

Men eg finn ikkje noko.

Vondt er der ikkje i han, so langt som mi Sókn naar. Og rekna kann han ikkje. Han er lite sløg. Eg trur kje paa lange Utrekningar under hans rare Paafund.

Og ikkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend ingen Kaldhjelm av han, og ingen Utòkke. Han hev eit godt Fylgje med seg; eg vert rolegare naar han kjem. Og eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje Ov-ekse eller Mislynde. Heller noko avdøyvt og stilt, som etter Sorg og tung Røynsle. Men han hev røynt mykje. Og misst mykje.

Men seint vert eg trygg. For det er mange Merke paa Galenskap, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So at knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggja lam berre med aa segja høgt: han er galen.

Eg sagde til Bror min: «no skal du segja meg den rette Grunnen til, at du gav burt din Eigedom.»

Han smilte og svara: «Du trur meg ikkje. Men eg maatte. Verdi hadde Tâk i meg. Eg fekk Magt. Det sanka seg Mengd um meg; og Vénerne mine raadde snart Bygdi. Og eg kjende at eg lika dette. Daa vakna eg og saag meg ikring. Og eg saag at det spøkte for meg. Daa reiv eg meg laus. Men eg var fjamsen og uppskræmd og fann kje den rette Maaten.»

«Vedgjeng du det, Paal?»

«Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre gjer; men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi alle Bygder; eg vart til ei Bisn; og det eg hadde gjort vart rangtydt og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev gjort vondt.»

«Segjer du det.»

«Pengar gjer altid vondt. Gaava og Gjevaren maa ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei Kasse; og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett og knurra for dei ikkje fekk meir; men dei som ikkje fekk, hata og harma seg. Og ikkje Kjærleike men Ovund grodde etter Gaava.»

Han var vorten aalvorsam. Men so smilte han. «Altid paa nytt maa ein læra og læra. Av kvart Mistak veks det Visdom; og av Synderne sine maa ein byggja seg Troppestig; for det er høgt upp.»

«Men,» sagde eg; «er det kje du som lærer at me skal vera fullkomne?»

Han smilte. «Viljen vaar maa vera heil.»

Eg tenkte med meg: ein slepp nok ikkje fraa han med aa kalla han galen.