H. Aschehoug & Co. (s. 391-395).

Ellingsbø-Ækte.

Um Ellingsbø fortel Gerhard Schjøning de saamaa som um Heringsta, at de Eingong har budd Adels-Folk paa Garde og at Namne va burtgløymt. De maa vera Minne ette Foute paa Toulsta, ’om Paal Kristenson, som enno livde att i 1775, for han fekk Ellingsbø me henne Aagot Andersdotter – sjaa Bjønnsta-Ækte – og eldste Son deres, han Kristen Paalsson, ser ut te aa vera fløtt paa Gard’n umkring 1600.

Som de førr er nemnt (S. 359) høyrde Ellingsbø allt i 1518 me ’taa Odels-Eigom aat Kleppe-Ækten. De er eit gomolt Sejan um, at Ellingsbø, langt att-ende i Gamel-Ti-Verd’n, va Sæter onde Valbjør paa Vaagaa og, der Ku-Traae va, er no gjildaste Aaker’n paa Garde og heite „Traae“[1] den Dag idag. Han Kristen Paalsson maa vera fødd umkring 1565; Kjeringje hans heitte Marit, men de er ou allt som er kjennt um ho. I fyste Aarom han ha Gard’n la han Skatt me Leiglenningom, for de va mange ’taa Sys’kjønom hans som ha Erve-Laate i Garde. De Aare Skotte-Slage sto bygde han Kristen ny, tvihøg Stugu paa Ellingsbø ette di Gjerd’n, som desse Risse vise; de er den søre Stugu paa Garde og ho staar paa saamaa Toften, men ho vart ne-tikji og uppatt-sett paa ei annor Gjerd i 1862.

Fig. 50.
A Fyste Høgde; a Sval, b Forstugu me
Vind-Tropp, c Kleva, d Stugu.



B Andre Høgde; a Sval, b øvre Høgstugo, c yttre Høgstugo me Skorstein. C Svale.
No fannst de nok ikje Aarstal paa Stugun, men de ha igjønom alle Ti’e gaatt de Orde i Bygden, at ho va bygt i 1612 og va gamlaste Stugo i Heidals-Gardom og hell-ikje fannst de fleire Stugu i Bygden, som va slik paa Gjerd me Forstugu, Sval og Vind-Tropp uppaa Høgstugo.

I 1618 skatta han Kristen for Odelsbonde og lyt vera me aa kjøpe full Sylater-Vyrju paa Gard’n ette Konge-Baa fraa ’om Kr. IV. og i 1628 er han Eigar ’taa 312 Hu’ Jord. Han er avfulle i 1628, men Enkja brukte Gard’n heilt te i 1655.

Um eldste Son, han Paal Kristensson, er ikje meir aa melle um, hell de, at han va gjift me henne Barbro Olsdotter fraa Slette; ho va ’taa Bratt-Ækten paa Bjølsta. Han Paal fall av i 1667 og ette som Skjifte-Breve ette ’om fortel, va Bue hans „ringe“ og i Garde aatte han berre 1 Hu’ og 2 Skjinn, de va all Jord-Eiga hans og me Kjeringen fekk han ingen Arv fraa Slette. Den eldste Son som fekk Gard’n ette om heitte Kristen Paalsson og va fødd 1645. De va stor Skuld paa Garde da han Kristen tok imot ’om, han Knut Kleppe ha staa-ande saa mange Pening der, at han kunde taakaa Ellingsbø kaa Dag han vilde og fyste Vaar’n, han Kristen ha Gard’n, sa han Knut upp Peningann sine. Han Kristen visste se ingen Utveg te aa løyse Skulde og gjekk nord aat Kleppe for aa høyre aat, um han Knut ikje vilde gjeva ’om Dag inkort Aare. De va fyst i Vaaronn detta og paa Kleppe va ferdoge te aa begjynde Saaningje; han Kristen bar fram Ærende si, men fekk ikje korkje Ja hell Nei ’taa ’om Knut me di saamaa. Elles vart han væl imot-tikji og vart liggjande paa Kleppe um Natte. Han laag i Sla’-Stole inne i Stugun og ti’le um Maargaan, før Sjølvefolkje va uppe, kom Saa-Mann hans Knut inn og sporde ette, kaar han skulde begjynde aa saa. Da han Knut ha sagt ’om de la han attaat di Orde: „du fær saa tunnt, for eg kjøm nok te aa saa Ellingsbø, ou.“ Me di fekk han Kristen veta, kaa han ha aa vente se – han sto upp og laagaa se te gaa upp-over Skogen att, snøggast han kunde kaamaa avsta.

Mea’ han gjekk ivi Heidals-Skogen rann de for ’om eit Hende fraa di, han va Gut-Ongje. Ein Dag, da han va paa Lag 11 hell 12 Aar, gjekk han ne-paa Volle paa Ellingsbø og best de va kom Kjeringje paa Nørd-Fouksta ri’ande me eit Baan i Armom. Da ho kom fram-aat Voll-Grinn ropte ho aat ’om Kristen: „Aa let upp Grinde aat meg, Kristen, ska du faa denne Dotter mi, naar ho bli vaksin!“! Han saa gjorde og Fouksta-Kjeringje takka og sa, at han fekk sjøl halde se fram, naar ho Ingjeleiv vart vakse. No kom dette upp i Minne att hjaa ’om – ho Ingjeleiv va vakse Jente vorte og han Per Fouksta, Far henne, va ein rik Mann. „Eg gjekk radt aat Fouksta me ein Gong og saag ikje fram hell i Leirsulu-Hougje[2],“ fortalde han Kristen, sporde Fouksta-Kjeringje, um ho vilde halde Lovna’n sin og Mann, um han vilde løyse Gard-Skulde hans paa Kleppe. Og de fekk han Javerde deres paa – han Knut Kleppe fekk Peningann sine og slapp hegde me Saa-Konne lenger for Saa-Gjerd’n paa Ellingsbø Skuld. Han Kristen og ho Ingjeleiv vart Vælstanns-Folk vonoms førr og da han heldt Skjifte i 1715, va han ein rik Mann og aatte Ellingsbø heilt og halde forutta Skuld.

Han ha 8 Bon og den eldste Son fekk Gard’n i 1715; han heitte Paal Kristenson og va fødd paa Lag 1660, gjift me henne

Fig. 51.
Laas paa søre Stugudørn paa Ellingsbø; paa Laas-Skraa’n staar P. C. S. 1706.
Anne Andersdotter Formo fraa Sell, Dotter-Dotter aat Toulsta-Kaftine. Han Paal vart ikje gomol Mann for han fall av i 1719; de va 3 Bon ette ’om og Enkja gjifta se upp-att me Enkje-Manne paa Heringsta, han Gottorm. Han Gottorm brukte baae Gardann te eldste Son ette ’om Paal vart vaksin paa Lag 1740. De va Kristen Paalsson att, maa’ta, og Kjeringje hans kom fraa Ner-Øy, ho Anne Knutsdotter, Far henna va ein ’taa „di Tolv“ paa Toulsta. Han Kristen vart ein Mann me Medel onde Hendom og bygde mykjy paa Garde si Ti’; i 1760 sette han upp Skaarstein-Omn paa søre Høgstugun og i 1277 bygde han nørdre Stugo som enno staar like go, ei stout, gjild Stugu, Maakan aat nørdre Stugun paa Ner-Bjønnsta.

Han Kristen kalla eldste Son sin Knut ette ’om Knut Toulsta paa Øy og saales vart de Umskjifte me Manns-Namne paa Garde og Ette-Mannen hans Kristen kom te aa heitte Knut Kristensson. Han fekk Gjifte si fraa Storvik paa Vaagaa og ha ei einaste Dotter ette se. Ho vart gjift men fekk ikje Bon og me di kom Gard’n aat ei Si’e-Grein ’taa Ellingsbø-Ækten; ho sit no paa Garde og di gamle Manns-Namne Kristen og Paal er kome atti Fare sitt som førr.

  1. Traae, ei Traa: Kvee, inngjerd Stykkjy.
  2. Leirsulu-Hougen kalla døm i gamle Daagaa Ellingsbø paa Moro for di, at de heldt se saa mykjy Leir-Sulu i di store Mæl-Hougje Gard’n staar paa.