Faderen. Oversat af en Dame

Faderen.
(Af Bjørnstjerne Bjørnson.)
Oversat af en Dame.

Dan megtugaste mann i dat prestegeld, som her skal forteljast um, heitte Thord Øvreaas. Han stod ein dag i stova til presten, høg og aalvorsleg: „eg hever fenget ein son“, sagde han, „og vil hava honom yver daupen“. — „Kvat skal han heita“? — „Finn etter fader min“. — „Og faddrarne“? Dei vordo nemnde og vaaro daa dei beste karar og kvinnor uti bygdi av mannens ætt. „Vil du eljest nokot“? spurde presten, han saag upp. Bonden stod litet: „eg vilde gerna hava honom døypt fyre seg sjølv“, sagde han. „Dat vil segja paa ein kvardag“? — „Ja Laurdaug som kem, 12 middag“. „Vil du eljest nokot“? spurde presten. „Eljest vil eg inke nokot“, bonden snudde paa luva, som vilde han ganga. Daa reiste presten seg: „enno detta likevæl“, sagde han og gekk like burt aat Thord, tok handi hans og saag inn i augo paa honom: „geve Gud at barnet maa verda ei vælsignelse aat deg“.

Sekstan aar etter dan dagen stod Thord i stova til presten. „Du held deg godt, du Thord“, sagde presten, han saag inke skil paa honom. „Eg hev inga sorger helder“, svarade Thord. Aat detta tagde presten seg, men ei stund etter spurde han: „kvat er ærendi di ikveld“? „I kveld kem eg fyre sonen min, som skal konfirmerast i morgon“. — „Han er ein næm gut.“ — „Eg vilde inke betala presten fyrr eg høyrde kvat nummer han fekk paa kyrkjegolvet.“ — „Han kem paa numer 1“. — „Eg høyrer detta og her er 10 dalar aat presten“. — „Vil du eljest nokot“? spurde presten, han saag paa Thord. „Eljest vil eg inke nokot“. Thord gekk.

Aatte aar leid tidi fram atter, og so vardt dat ein dag høyr eit staak framfyre stova til presten; fyre tio menner komo, og Thord fyrst. Presten saag upp og kende honom: „Du kem mannsterk ikveld“. — Eg vilde have lysning fyre sonen min; han skal gifta seg med Karen Storlidi, dotter til Gudmund som her stend“. „Detta er nog dan rikaste genta i bygdi“. „Dei segja so“, svarade bonden, han strauk upp haaret med dan eine handi. Presten sat ei stund som i tankar, han sagde inke nokot, men skreiv namni upp i bøkerna sina og mennerne skrivo under. Thord lagde tri dalar uppaa bordet. „Eg skal bere hava ein“, sagde presten — „Veit dat nog; men han er einaste barnet mitt; vilde gerna gera dat væl“. Presten tok imot pengarne. „Dat er tridje gongen du stend fyre her fyre sonen din no, Thord“. — „Men no er eg ogso ferdug med honom“, sagde Thord, lagde lumeboki si saman, sagde farvæl og gekk, — mennerne langsamt etter.

Fjortan dagar etter dan dagen rodde fader og son i stilt vedr yver vatnet til Storlidi fyre aa tala um bryllaupet. „Dan tosta lig inke stød under meg“, sagde sonen, og reiste seg fyre aa leggja henne til rettes. Med same skrid dan tilja han stend uppaa; han slær ut med armarne, gever eit skrik og fell uti vatnet. — „Tak i aari“! ropte faderen, han reiste seg upp og stakk henne ut. Men daa sonen havde gjort eit tak elder tvo, stirdnar han. „Vænt litet“, ropte faderen, han rodde burtaat. Daa velt sonen bakyver, ser langt paa faderen — og sekk.

Thord vilde inke rett tru dat, han heldt baaten still og stirte paa dan flekken, sonen var sokken, som skulde han koma upp atter.

I tri dagar og næter saago folk faderen ro kringum denna flekken utan aa taka mat elder sømn aat seg; han soknade etter sonen sin. Og tridje dagen um morgonen fann han honom og kom berande uppyver bakkom med honom til garden sin.

Dat kunde væl vera genget eit aar etter dan dagen. Daa høyrer presten seint ein haustkveld nokon rusla ved dyri ute i fyrestova og leita vart laasen. Presten let upp dyri og inn steig ein høg framyverbøygd mann, mager og kvit av haar. Presten saag lenge paa honom fyrr han kende honom, dat var Thord. — „Ken du so seint“? sagde presten og stod stilt framfyre honom. „Aa ja, eg kem seint“, sagde Thord, han sette seg ned. Presten sette seg ogso, liksom han ventade; dar var lenge stilt. Daa sagde Thord: „Eg hever nokot med som eg gerna vilde geva dei fatike“, — han reiste seg, lagde peningar uppaa bordet og sette seg atter. Presten talde dei upp, „dat var mange peningar“, sagde han. — „Dat er helvti av garden min; eg selde honom idag“. Presten vardt lengje sitjande stilt, daa spurde han, men mildt: „Kvat vill du taka deg fyre“? — „Nokot betre“. — Dei saato dar ei stund, Thord med augo mot golvet, presten med augo paa honom. Daa sagde presten linnt og langt: „No tenker eg at sonen din endelege er vorden ei vælsignelse aat deg“. — „Ja no tenker eg dat sjølv ogso“, sagde Thord, han saag upp og tvo taaror runno tunga nedyver andlitet hans.





Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.