Åpne hovedmenyen
Frelſaren.
Preika
paa
fyrſte Joladagen.
————————
Av
Kriſtofer Janſon
————————
Bergen.
Hjaa Edv. B. Giertſen.
————————
Prentat hjaa J. D. Beyer.
Bøn.

Herre Jeſus Kriſtus! me ſtanda i Dag med Hyrdingarne og ſkoda paa deg, ſom i Krubba ligg. Det er ſagt oſs, at du er vaar Frelſar, me ſjaa det, og me tru det. So bøygja me daa Kne ved Vogga di og beda deg um, at du vil taka mot oſs. Me koma med ei ſtor Byrd paa Ryggen, ei Byrd, ſom tyngjer oſs ned, ſo me lyt ſjaa mot Moldi og inkje kann venda Andlitet mod Himmelen, ei Byrd av Synd og av Veilor. Men du vil taka Byrdi fraa oſs, er det ſagt, og venda Andlitet vaart upp mot Stjernorna, ſom lyſa i Himmelſalen, der du vil laga Seſs fyre oſs. So kaſta me daa hugheile Byrdi ned fyre Føterne dine, og takka og lova det heilage Namnet ditt, du velſignade Frelſarmann, ſom gjev Fridom fyre Trældom, Liv fyre Daude. Det er fulla eit Underverk, me ſkyna det inkje, men Kriſtendomen trur paa Undervek. Du ſer fulla liten og ring ut, der du ligg i Krubba paa Halm, men me veit, at du er ſtor, ſtørre enn Himmel og Jord, at du er Gud allmaattug, ſom Himmel og Jord eg ſkapt ved. So kann du full ogſo berga ei veſall Mannaſaal, naar du vil vyrda oſs ſomyket, naar du heve ſlik ein brennande Kjærleike til oſs, at all vaar Synd og Usſeldom inkje kann ſlekkja honom. Je velſignat, lovat vere ditt heilage Namn i all Æva, du ſom heve ſendt Fred paa Jordi, du ſom heve ſonat Mann og Gud! Amen!

Tekſt.
Luc. 2, 1—15.

„Men det hende i det Bilet, at det kom Bod fraa Keiſar Auguſtus, at all Heimen ſkulde ſkrivaſt. Denne fyrſte Innſkriving vardt, daa Kvirinius var Hovding yver Syria. Og alle gingo dei til at lata ſeg ſkriva, kvar til ſin eigen Stad. So foor og Joſef fraa Galilæa or Staden Naſaret upp til Judæa til Davids Stad, ſom heiter Betlehem, med di han var av Davids Hus og Ætt, og ſkulde ſkrivaſt med Maria, Feſtarkona ſi, ſom var med Barn. Men det var til, medan dei vaaro der, at Dagarne fullendadſt, daa ho ſkulde føda, og ho fødde Son ſin, den fyrſtefødde, og lindad honom og lagde honom i ei Krubba, for det var inkje Rom aat deim i Herbyrget. Og i ſame Bygdi var det Hyrdingar, ſom vakte ute um Natti yver Fenaden ſin, og ſjaa — Herrens Engel ſtod hjaa deim, og Herrens Ljoſke ſkjein i Kring um deim, og dei ottadſt ſtorlega. Og Engelen ſagde til deim: „otteſt inkje, for ſjaa, eg kunngjerer dykker ei ſtor Gleda, ſom ſkal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelſar, ſom er Kriſtus, Herren. Og detta ſkal vera dykker Teiknet, de ſkulo finna eit Smaabarn lindat liggjande i ei Krubba“. Og braadt vardt det hjaa Engelen ei himmelſk Hermengd, ſom lovad Gud og ſagde: „Æra vere Gud i Høgdi og Fred paa Jordi og Godtokke yver Menneſkja.“

Brøder og Syſter i Kriſto Jeſu, vaar Herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jeſu Kriſto!

Det er i Dag ein Gledesdag fyre Kyrkja. „Otteſt inkje,“ ſegjer Engelen til oſs, „for ſjaa, eg kunngjerer dykker ei ſtor Gleda, ſom ſkal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelſar, ſom er Kriſtus, Herren.“

Me hadde ſoleides Orſak til at ottaſt, me hadde Orſak til at vera uglade, fyrr Frelſaren kom, alle ſaman; men fraa den Dagen, at Engelen ſteig ned til Jordi med den Bod, at no var Frelſaren fødd, fraa den Dagen hava me Orſak til at vera glade, og det ſtorlega glade. Denne Dagen, Joladagen, ſom me kalla honom, ſtend ſoleides ſom Merkedagen fyre heile Mannaætti. Kring honom ſviv heile Mannaheimen ſom Stjernorna kring Soli. Fyrr Himmelljoſet var kveikt i Stallen i Betlehem, ſveiv heile Verdi i Myrkr. Mannatankarne ragad ſom drukne Mannen og trivlad ſeg fram ſom gjenom ei myrk Gong og vilde finna fram til Ljoſet, men dei fann det inkje. Dei visſte, det galdt um at finna Ljoſet, men dei fann inkje Ljoſet. Og Ætt paa Ætt gjekk i Gravi, den eine ſteig upp paa Akſlerna til hi og kagad ſom Sjomannen etter Land men ſaag inkje meir enn det ſtore, tome Rom. Heidningarne kveikte ſeg Ljos med ſine eigne Tankar og ſkapte ſeg Gudebilæte, ſom dei tilbad med dette Ljos, men Ljoſet ſlokknad det eine etter det andre, og Budebilæti ramlad ned og ſlo ſeg ſjølve iſund. Berre Jødafolket ſat fyrt og ventad, likſom Mannen, ſom ſtirer mot Auſt etter Dagen, naar han er faren vill paa Viddi. Gud hadde ſjølv ſnutt Augo deira paa rette Leid, ſo ſat dei og ſtirte paa Voni i mange, mange hundrad Aar, men dei ſaag inkje Ljoſet. Daa let Engelrøyſti: „otteſt inkje! for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelſar, ſom er Kriſtus, Herren;“ og ſom Eldingen kløyver Skyi og gjerer Natt til Dag, ſoleides vardt dei kløyvde alle dei Skyerna, ſom Mannatanken hadde myrkt Sanningi med, og Dagen vardt kveikt, ſo dei kunde ſjaa, kvar dei var alle desſe, ſom gjekk og ſtaakad i Myrkret. Og korleides tok daa Mannaætti mot Ljoſet? korleides fagnad dei ſin Frelſar? Jau ſume vardt reint ſom blinde og gjøymde ſeg ſom Adam millom Trei i Hagen, ſume gjekk glade med Hyrdingarne til Krubba og lovad og takkad Gud, og ſume ſnudde ſeg burt i Traaſs, vilde inkje kannaſt ved dette Ljoſet, ſom inkje var deira eiget, og ſom gjorde alle deira Hjartatankar openberre. Og du og eg — kvart er ſo me gjengne? Me veit, at Herodes leitad etter Barnet, for han vilde drepa det. Hava no du og eg ogſo lyft Sverdet og vil ſlaa i Hel Jeſubarnet, vaar Herre og Frelſar? Kom, kom, lat oſs ganga i denne Stund til Stallen i Betlehem og ſtira inn i det velſignade Andlit, ſom ligg i Krubba, og tenkja paa, kvat det er me eiga i denne Frelſar, og korleides me kann faa Lut i den Gleda, ſom ſkal vera fyre alt Folket. Guds eigen Heilade-Ande blaaſe Liv i Ordet, at det maatte vera eit ſant Guds Ord, ſom kunde feſta Rot i Hjartat!

Me trenga alle um ein Frelſar, det lyt me no fyrſt og fremſt tenkja paa. „Alle hava ſyndat og det ſkortar deim Guds Æra,“ ſegjer Bibelboki.[1] Og um Boki aldri ſagde det, ſo laut me ganga ved det, kor ſom var, at me er ſynduge. me kjenna det altfor vel i oſs ſjølve, korleides Syndi heve Magt yver oſs baade i Ord og Gjerd og Tankar. Samvitet klagar oſs rett ſom det er, og dei tie Guds Bodord ſtanda der ſom Domen yver oſs. Og um me aldri ſo lenge og aldri ſo vel hadee ſett oſs inkje at ſynda meir, ſo laut me ſidſtpaa ſegja med St. Paulus: „det gode, ſom eg vil, gjerer eg inkje, men det vonde, ſom eg inkje vil, det gjerer eg.“[2] Naar ſo Boki kjem til og ſtadfeſter denne Røynſla vaar, ſo hava me inkje nokot meir at leggja imot, ſo lyt me berre vera med paa og underſkriva denne Domen yver oſs: „ſannelega, det bid inkje ein rettferdig Mann paa Jordi, ſom gjerer godt og inkje ſyndar.“[3] Og ſo fortel Boki oſs, at denne ſynduge Hug hava ma ervt fraa Foreldri vaare og desſe atter fraa ſine Foreldre og ſoleides uppigjenom Ætterna likatil det fyrſte Mannahjonet, Adam og Eva. „Ved eit Menne er Syndi innkomi i Verdi og ved Syndi Dauden, og ſoleides kom Dauden til alle Menne, i di alle ſyndad.“[4] Og David ſegjer: „ſjaa i Misgjerning er eg fødd, og i Synd heve Moder mi fenget meg.“[5] So er det daa inkje mogelegt fyre oſs at frelſa oſs ſjølve, naar med er dømde ſynduge radt fraa Moderliv av. Og naar det no til denne Erveſynd kjem alle dei openberre Synder, eg heve gjort gjenom heile mitt Liv, ſo verd galet verre. Eg merkar, eg ſtøyter mod Guds Logbok kvar Dag paa ein elder annan Maate, og det er ſkrivet: „forbannad vere kvar den, ſom inkje held ſeg til alt det, ſom ſkrivet er i Logboki, ſo at han det gjerer.“[6] So er daa kvart Mannaliv paa Jordi forbannat likafraa Fødſla av, ſoframt det inkje finſt Frelſe paa eikor Vis. Det er likſo umogelegt fyre Mannen at treda fram fyre Gud i Syndaklædnaden ſin, ſom det er fyre Jordi at lyfta ſeg til Himmels, ſom det er fyre kvart at verda kvitt. Gud er den heilage og reine, han toler inkje annat enn heilagt og reint i Nærleiken ſin. Korleides ſkal me daa kunna verda frelſte, korleides ſkal me kunna verda heilage og reine, naar me inkje duga til detta ſjølve? „Otteſt inkje, ſjaa eg kunngjerer dykker ei ſtor Gleda, ſom ſkal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelſar.“ Me hava ſoleides funnet ein Frelſarmann, ſom vil taka paa ſeg alle Synderna vaare, ſona fyre deim og ſo gjera oſs heilage og reine. Men kvat kann detta vera for ein Mann, ſom ſtend ſo høgt, at hans Soning kann vera fullgod fyre heile Mannaætti? Han lyt fulla vera Mann, for annars kunde han inkje ſona fyre Mannaborn, men han lyt og vera meir enn Mann, for annars kunde han inkje ſona fyre alle Mannaborn. Kven er han daa denne Frelſar? Han er „Kriſtus, Herren,“ ſegjer Tekſti oſs. Kriſtus er det ſame, ſom paa Jødamaalet heitte Mesſias, han ſom var lovad Jødarne ved Abraham, han ſom var lovad alle Folk ved Adam, daa det vardt ſagt, at Kvendeavkoma ſkulde kraſa Hovudet paa Ormen. Denne Mesſias verd alt i den gamle Pakti kallad Guds Son. „Du er min Son, eg fødde deg i Dag,“ let David Gud Fader ſegja til honom i den andre Salmen. Han er ſoleides Herren, Herren yver Himmel, Herren yver Jord, Herren yver Liv, Herren yver Daude, Guds Einberning. han er ſann Gud og ſann Mann, ſom Luther ſegjer i Tydingi til andre Artikelen. Og dette at han var ſann Gud og ſann Mann, ſynte han gjenom heile ſitt Liv hernede. Han lækte ulækjande ſjuke, han uppvekkte daude, han vardt forklaarad paa Berget, han gjekk paa Sjoen, han ſtilte Vinden, han gjorde uteljande Underverk, han hadde Magt og kalla fram heile Englaheren — kven annan kunde gjera detta enn ſann Gud? Og han var ſann Mann. Han var Kjøt og Blod, han aat og drakk, han gret og bad, han leid og ſtridde ſom alle andre Mannaborn — kven annan kunde detta enn ſann Mann? So vardt daa denne Kriſtus, Herren, ſom Engelen kunngjerer oſs i Dag, vaar dyre Frelſarmann fraa Synd og fraa Daude og Satans Rike. Korleides vardt han no detta, og kvat var det, me maatte krevja av ein, ſom ſkulde vera Frelſarmann fyre oſs? Jau me maatte krevja tri Ting: han laut lida, han laut læra, han laut ſigra.

Han laut lida. Ja for annars kunde han inkje frelſa oſs. Paa Syndi fylgjer Straff, og me hava alle ſyndat. So laut han daa lida denne Straff, ſom er Dauden. Heve han daa lidet Dauden? Ja myket meir. Han heve lidet fyre vaar Skuld, alt fraa han ſaug det fyrſte Andadraget i Krubba i Betlehem-Stallen. Han vardt forfylgt og etterleitat alt ſom Sogbarn, ſo Foreldri laut fly med honom til Ægypti Land. Daa han vardt vakſen, vardt han paaſett baade av Djevel og Mann. Djevelen freiſtad honom i Øydemarki og vilde hava honom til at ſvika ſi Frelſarærend og ſelja Mannaætti til ſeg fyre Gods og Gull. Mannen freiſtad honom, kvar han elleſt gjekk og vilde hava honom til at ſvika ſi Frelſarærend ved at ganga undan ſi Liding og ſin Daude og byta Herſkarſtolen i Himmelen med Herſkarſtolen paa Jordi. Han band Frelſelæra ſi til alt Folket, og alt Folket mistydde henne. Dei ſkrivtkloke og ſtore ſnudde ſeg burt, og vilde inkje høyra henne, og dei ringe og fatige høyrde henne men vilde inkje ſkyna henne. Han var kringſett av tri Slag Folk. Fariſæarne og dei ſrkivtkloge hatad og forfylgde honom, Folkahopen kroſsfeſte honom, Vinerne ſveik og rømde fraa honom. Eine Luten laut han kalla Ormungar,[7] andre Luten arme Blindingar, den beſte Læreſveinen ſin laut han kalla ein Satan.[8] Var inkje detta at lida?

Og ſo visſte han alt fyreaat likafraa det fyrſte Upphavet. Naar Folket foor etter honom og vilde gjera honom til Konge og helſad honom med Fagnadrop: „velſignad vere den, ſom kjem i Herrens Namn, Hoſianna i Høgdi!“[9] ſo visſte han, at denne ſame Folkahopen nokre Dagar etter vilde ropa: „kroſsfeſt honom! kroſsfeſt honom!“ Naar Læreſveinarne hans ſagde for viſt, at um alle ſveik honom, ſo ſkulde dei fulla inkje gjera det, — ſo visſte han, at den beſte vilde negta honom, dei andre røma fraa honom. Naar han laag og ſtridde og bad i Getſemane Hagen, ſo Sveittedroparne vardt ſom Blod, ſom draup til Marki, ſo visſte han, at det nyttad inkje Bøni, ſo visſte han, at han laut tøma Bikaren til Botnar. Er inkje detta Liding?

So kjem den ſidſte tunge Ferdi. Judas ſvik honom, og han kysſer Judas. Han ſom var Frelſar fyre heile Mannaætti og berre av fri Kjræleike var komen til Jordi, han verd ſlæpt fyre menneſkjeleg Domſtol, og dømt ſom den verſte Brotsmann. Røvaren Barrabas verd tillyſt at vera betre enn Guds Son. Han verd hudſlengd og ſputtat paa og lætt aat og ſo ſlæpt til Golgata og kroſsfeſt millom tvo Røvarar. Mannahopen ſtend ved Foten av Krosſen og riſter paa Hovudet aat honom. Men Gudſkelov, han hadde daa Gud og Faderen atter denne Frelſarmannen — nei han kjenner ſeg ſviken ogſo av Gud. „Min Gud, min Gud, kvi heve du gjenget fra meg?“ ſtyn han paa Krosſen, og ſoleides heng han der millom Himmel og Jord, burtſtøytt av Jordi, burtſtøytt av Himmelen. For ei Rædſleſtund, for ei Liding, ſom inkje Mannatanken kann ſjaa Botn i! Og alt detta gjorde han fyre vaar Skuld. „Kriſtus kaupte oſs frie fraa Forbanningi av Logi, daa han vardt ei Forbanning fyre oſs, di at det er ſkrivet: „forbannad er kvar den, ſom heng paa Tre,“ ſoleides ſkriv St. Paulus til Galatia-Mennerne.[10] Er det ſo inkje ſant, at han er vorden oſs ein dyr Frelſarmann.

Men det var inkje nog, at Kriſtus, Herren, leid. Han laut og ſyna, at han var Herre yver Dauden, annars ſo rakk inkje han helder lenger, enn kvar Mann kunde rekka — til Gravi. Kriſtus, Herren, laut ſigra. Heve han daa ſigrat? Me veit, at han ſtod upp fraa Daude paa tridje Dagen, daa Engelen velte Steinen fraa Gravi, me veit, at han uppfoor til Himmels og ſiter no ved høgre Handi til Faderen. Det var fulla Siger det. So heve daa inkje Dauden Magt til at halda oſs helder. Der Herren og Meiſtren vaar foor i Fyrevegen, der ſkal me fylgja etter. Gravdyri er opi, Himmeldyri er opi, og han heve Magt til at draga oſs fraa Gravi til Himmelen. Likamen vaar ſkal vel folna ſom Lanvet og verda til Mold, ſom han er teken av, men ein Gong ſkal Luren ſkrella til Doms, og alle dei daude Likamar ſkal reiſa ſeg. Steinen er velt fraa Gravi, Dauden er glupt av Sigren, og med forklaarad Hold likſom han ſkal me møta Herren og Meiſtaren vaar i Skyi. „Kriſtus ſkal umſkapa vaar veſalle Likam, ſom han verd lik med hans Ære-Likam etter den Kraft, ſom han heve til at leggja alle Ting under ſeg;[11] for „eg er Uppſtandingi og Livet. Den, ſom trur paa meg, han ſkal liva, endaa han døyr, og kvar den, ſom liver og trur paa meg meg, ſkal i all Æva inkje døya.“[12] So er daa Dauden inkje lenger myrk og ſkræmeleg, men ljos og lokkande. So er Gravi inkje lenger Porten til Helvite men Porten til Himmelen fyre kvar truande Saal. So kann me no gledja oſs i Livet og gledja oſs i Dauden og gledja oſs i Himmelen, og alt detta berre fyre vaar kjære Frelſar ſi Skuld. Er han ſo inkje ein dyr Frelſarmann?

Men det var inkje nog endaa detta, at han leid Dauden fyre oſs og opnad Gravi og vardt den ſterke Sigrar yver Djevel og Helvite. Korleides ſkulde alt detta hjelpa oſs, naar me inkje kunde faa Lut i denne Frelſe, ſom ſkulde vera fyre alt Folket. Og Ordet er inkje ſoleides at mistyda, at kvar Mann ſkal verda ſæl, etter at Kriſtus er komen til Verdi, han vere ſo gudlaus og ſidlans han vera vil. „Gud vil, at alle ſkulo verda frelſte,“[13] men inkje alle vil verda frelſte av Gud. Det er ein viſs Frelſesveg, og utanfyre den Vegen finſt inkje Frelſe. Det gjeld ſoleides um at finne denne Vegen, at verda upplyſt um denne Vegen. Soleides laut Kriſtus, Herren, inkje berre vera Sonar og Sigrar, naar han vilde vera Frelſar, men han laut og vera Lærar. Heve han daa voret Lærar? Ja vel heve han voret det. Solenge han gjekk hernede paa Jordarike lærte han, etter at han var uppſtaden, lærte han, etter at han var faren til Himmels, lærte han. Paa Kvitſundagen ſende han den Heilage-Ande paa Apoſtlarne og Næmingarne, ſo dei vardt uppglødde av himmelſk Visdom og preikad Ordet fyre heile Mannamengdi fyre kvar i hans Tungemaal. So foor dei ut i vida Heimen og lærte, og i Kyrkja, ſom vardt grunnfeſt av deim, vardt det lært og verd det lært den Dag i Dag um Frelſesvegen, ſoleides ſom Kriſtus, Herren heve lært det ſjølv. Kvat er det ſo fyre Vilkor Frelſarmannen ſet fyre oſs? kvat er det, han krev av oſs, fyrr me kann faa Lov til at fylgja honom paa Sigersferdi hans? Jau det er fyrſt, at du lyt ſegja fraa deg alt ditt eiget, at du trur fullt og faſt, at du inkje kann gjera det minſte til Sæla di, korkje fraa elder til, men maa taka alt ſom ei Naadegaava, av Herren; dinæſt at du vil tru fullt og faſt, at han, Jeſus Kriſtus, ſann Gud og ſann Mann, er einaſte Frelſar din, ſom heve kaupt deg med ſitt Blod, og ſo endelega, at du vil fylgja honom etter ſame Vegen, han gjekk, gjenom Trengſla og Liding til Dauden, men ſo og gjenom Siger og Sæla til Himmelen. Det høyreſt ſo lett detta, og naar ein veit, at det er einaſte Maaten at verda ſæl paa, ſkulde ein tru, at kvar og ein vilde triva etter desſe Vilkori med Gleda. Men nei, det er inkje ſo. „Mange ero kallade, men faae utvalde,“[14] ſegjer Herren ſjølv. Det er ſo vandt at gjeva upp ſeg ſjølv, me vil ſo gjerna hava litet vetta Æra med, og det er ſo vandt at ſegja ifraa ſeg alt det, ſom Hjartat heng ved, det vere godt elder vondt, det vere Kona, Born, Foreldre, Gods elder Æra. So kann det finſt dei, ſom tru ſeg ſterke i Trui, men naar ſo Trengſla kjem og ſkal røyna deim, ſo verda dei rædde og draga ſeg undan. Aa Mannen er veik! Moldi heng ved oſs, me er inkje gode til at lyfta Augo og riva Hjarto lauſe fraa Jordi, me er tekne av. Ja ein kann fritt ſegja det, at um inkje Mannen hadde ſterke Hjelpesmenner, ſo ſtod han inkje i at halda Trui, han hadde fenget. Men ogſo detta heve Frelſarmannen vaar dreget Umſut fyre. Han heve gjevet oſs ſin Daup og ſin heilage Nattverd, han heve gjevet oſs ſitt Ord baade i Munn og Bok, han ſyner ofta i Livslagnaden vaar, korleides den uſynlege Handi hans er med oſs og leider oſs framigjenom. I alt detta er det ſo rik ei Trøyſt, at naar me berre rett vilde nytta Gaavorna hans og hadde Syn fyre, kor uendeleg god og tolug han er mot oſs, ſo ſkulo me verda ſterke og hugheile og inkje ottaſt korkje Spott elder Naud elder Faare.

Kjære Viner! Kriſtus er fødd fyre oſs, men er han no ogſo fødd i oſs? Elder med andre Ord: hava no me denne ſterke Tru paa honom, ſom kann bera oſs yver Daude og Grav? er det til oſs, til deg og til meg, at Engelen ſegjer: „otteſt inkje, ſjaa eg kunngjerer dykker ei ſtor Gleda, for det er i Dag i Davids Stad født dykker ein Frelſar.“ Gud gjeve, eg kund ſvara det ſo ſant fyre alle. Elſka me Kriſtus, takka me Kriſtus, fylgja me Kriſtus? det er Spursmaali, ſom du i Dag ſkal ſvara paa fyre ditt eiget Samvit. Det er Frugterna, ſom ſpretta fram av Trui og bløma fyre Verdi, og paa Frugti ſkal Treet kjennaſt.

Elſkar du Kriſtus? Veit du ingen Ting ſo godt at tenkja paa ſom hans Kjærleike? er du god til at ſegja ifraa deg, kvat det ſkulde vera fyre hans Skuld? Naar Foreldre elder Born elder Kona elder Husbond vil freiſta deg til det, ſom rangt er, det vere ſtort elder litet, er du daa god til at ſegja, ſom Kriſtus ſagde til Petrus: „vik fraa meg Satan!“[15] Naar dei anten lova deg baade Rikdom og Æra, elder truga deg med Hat og Forfylging, ſoframt du berre vil ſegja elder gjera det og det, ſom inkje er rett, er du ſo god til at riva deg laus fraa deim og vera trufaſt mot Herren og Meiſtren din? Og detta lyt du vera, ſoframt du vil elſka Kriſtus, ſom du ſkal. Og naar dei ſpea og ſpotta deg Grannarne dine, og du gjeng ſom ei onnor Bygdarſkam, av di du inkje vil vera med paa at drikka og banna og gjera nett ſom dei gjera, er du daa god til at ſtanda ſtødt? Det er ingen Ting, ſom bit ſeg ſo inn i Mannen ſom Spe. Ein kann tola baade Hogg og Slag og Skjemdaord, men at verda lætt aat, det er verre. Og naar Sjukdom og Naud kjem paa, og du misſer baade Gods og Born og lyt ſkilja deg ved alt, ſom gjorde det hyggelegt i Heimen din, er du daa god til „at vyrda det alt fyre Skarn, ſo du kunde vinna Kriſtum?“[16] Detta lyt du gjera, ſoframt du rett vil elſka Kriſtum? Det kann vera tungt fyre Kjøt og Blod meir enn ein Gong detta, men naar dun tenkjer paa alt det, ſom Kriſtus heve lidet og ſtridt fyre deg, og det av fri Kjærleike utan nokor Naudtorv til, ſo lyt du vel ganga ved, at det vesle ein Mann kann hava at lida hernede, verd inkjevetta at rekna imot hans Liding fyre vaar Skuld. Og naar du tenkje paa, kor brennande Kriſtus elſkar deg, at han inkje einaſte heve kaupt deg med ſitt Blod men og fylgjer deg med ſin Naade, kvar du gjeng, og ſtyrkjer deg i Møda di og leitar etter deg ſom Hyrdingen etter Sauden ſin, naar han er komen paa Villſtig — ja ſo lyt du nog ſegja, at den veike Kjærleike, ſom du kann hava at bjoda honom, kverv burt likſom Dogg fyre Soli, naar han verd liknat i Hop med hans. Me ſkal ſoleides inkje tru og meina, at me gjera nokot ſtort, naar me halda faſt paa Herren og Meiſtren vaar i Trengſla og Naud, tvertum er det berre vaar ringaſte Skylda. Og me ſkal helde audmjuke ſynaſt, at det er fulla litet at bjoda fram eit Hjarta fullt af Synd og Beilor, men ſo er det no det einaſte og ſtørſte me hava, og me veit, han er nøgd med det Frelſaren. Kor faae er det inkje, ſom gjeva Frelſaren Hjartat ſitt. naar me leſa, korleides han Gong etter Gond ſpurde St. Petrus: „Petrus, elſkar du med?“[17] og ſpurde uppatter og uppatter, endaa St. Petrus kvar Gong ſvarad, at han det gjorde, ſo maa me av detta kunna ſkyna, kor laakt det er voret med oſs, og kor litet me duga til at elſka Frelſaren, ſom me ſkulde. At me daa alleſaman maatte rett ut av Hjartat beda honom um, at han vilde verma upp Hjartat vaart, ſom me kunde koma til at elſka honom nokot litet meir enn me gjera.

So ſkal du takka honom. Gjerer du det? Du ſkal takka honom inkje einaſte, naar han ſender deg Gleda, men og naar han ſender deg Sorg. Det høyreſt undarlegt detta, og det er inkje greidt at ſkyna fyre Borni av denne Verdi. Men ein Kriſten ſkynar det. Han veit, at all Sorg, ſom verd ſend, berre er ei kjærleg Refſing, ſom vekkjer ein og manar til Bøn og Bot og til at vera aarvak. Og han veit, at naar Sorgi verd teki paa rette Maaten, vil ho berre bera Fred og Velſigning med ſeg. Ein Kriſten kann „umſkapa Taaredalen til kjelderik Grunn,“ ſom David ſo fagert ſegjer.[18] „Dei ſom ſaa med Graat, ſkulo ſkjera med Gleda. Graatande gjeng han og ber Saadkornet, ſom han ſtraar; med Glederop ſkal han koma heim og bera Kornbondi ſine.“[19] Ein Kriſtenmann er ſterkaſte Mannen paa Jordarike. Naar andre er rædde og korkje finna Fred elder Svevn, av di alt gjeng galet fyre deim, ſo er Kriſtenmannen logn og hugheil; naar andre reint gjeva ſeg upp i Orvon og ſukka og ropa og riva ſeg i Haaret, og inkje veit, kvar dei ſkal ſøkja Berging ifraa, ſo er Kriſtenmannen ſterk og glad og kann lova og ſyngja. Og alt dette kjem ſeg av di, at Kriſtenmannen inkje heve bundet ſeg ſo faſt til nokot her paa Jordi, at det ſkulde riva honom med ſeg, um det ſeig og ſlokknad. Han heve bygt ſitt Hus paa Berget, ſom er Kriſtus, han heve lagt Skipet fyre Anker i Himmelhamni. Men naar Kriſtenmannen er ſo ſterk, at inkje nokot kann vinna paa honom, naar han er ſo ſterk, at han kann vera frihugad og glad, medan alle andre er raadlauſe og rædde, daa var det vel verdt at vera ein Kriſtenmann. Men ſo lyt du elſka Kriſtus, Herren, meir enn alle Ting, og ſo lyt du takka honom fyre alt, ſom hender.

Og ſo var det det tridje, me talad um, det at fylgja honom etter. Var ein viſs um, alltid at elſka Kriſtum, ſom ein ſkulde, og alltid at takka honom, ſom ein ſkulde, ſo kom det av ſeg ſjølv detta at fylgja honom etter. Men daa me veit, at Mannen er veik og ſom tidaſte gløymer Kjærleiken til Gud fyre Kjærleiken til Verdi, ſo verd det inkje ſo beint helder. Korleides ein no ſkal ſyna det i eit og alt, at ein fylgjer Kriſtum etter, det ſkal eg nærmare utgreida i ei onnor Preika, ſom eg vil kalla Fylgjeſveinen. Her vil eg berre ſegja, at naar ein rett vil fylgja Jeſum etter, maa ein ingen Stad ganga og ingen Ting gjera, ſom anten ſtrider mot Guds Bodord elder der ein veit, at Kriſtus inkje kann fylgja med, der ein veit, ein kann taka Skade paa Saali ſi. No er Mannanaturi ſo undarleg ſkapt, at det ſom ein kann hava Lov til, det kan inkje ein annan, og det ſom ein hugheilt kann gjera ein Stad, ſkal ein inkje gjera ein annan Stad. Her gjeld det at fara aat med Apoſtel-Klokſkap og inkje vekkja Forarging hjaa ſine veike Brøder. Og framfyre alt gjeld det inkje at vera ein Skrymtar, ſo ein inje letſt retta ſeg etter alt, ſom ſjuke Hovud og inkje Hjarto kann finna paa, naar ein inkje meiner med det, for daa verd ein ſom dei gamle Fariſæarne. Alt ſom ein kann taka mot ſom ei god Gaava av Guds Hand og takka fyre, det kann ein og hugheilt njota, og all Stad, der ein kann bera Gud med ſeg i Hjartat, der kann ein og frihugad ganga.

So leide du oſs daa vaar kjære Frelſarmann fram paa Vegen, ſom der til ditt Rike, at me kunde vera ſannferdelege og reinhugade og taka Krosſen upp og fylgja deg etter. Ja kveik i oſs den ſame Eld, ſom i Apoſtlarne Kvitſundagen, at Bilætet av deg, ſom elſkad oſs meir enn alle Ting, ſom leid og ſom døydde fyre vaar Skuld, maatte ſtanda fyre Augat vaart ſtendigt og mana oſs til med Gleda og med lyſt Andlit at ſkrida fram den tronge Vegen, der du foor fyre. Ja lat oſs inkje gløyma i Staaket og Strævet hernede, at me er nokot meir enn Mold, at me hava ein udaudled Ande ſom er ættad fraa Himmelen og ſom ſkal venda atter til den høge Heimſtaden ſin. Lat oſs inkje gløyma, at det koſtad Blod og det Blodet av Guds eigen Son, fyrr Himmeldyri kunde verda upplati atter, Himmeldyri, ſom me hadde læſt ihop ved vaar eigen Traaſs og Ulydugſkap. Ja kjære Frelſarmann, verd inkje kjeid og leid av oſs, naar me endaa er trege og kalde og utakkſame, me ſom ſkulde hjartaglade triva Frelſen med baade Hender og lova oſs lukkelege kunde me koma til at lida fyre di Skyld. Verd inkje kjeid og leid av oſs, men tak oſs, ſom me er, fulle av Synd og Beilor. Di Kaapa av Kjærleike er fulla ſo ſtor, at ho kann gjøyma Syndamengdi, og du heve ſagt, at du er komen til dei ſjuke og inkje til dei heile. So tilgjev oſs daa alle vaare Synder fyre ditt dyre Blods Skuld, og tak mot oſs, naar me koma, og lat oſs ſaa vera dine Brøder og Syſter.

„Daa verd det Jol i Stova,
naar Jeſus han er min,
daa kann eg Herren lova,
ſom gav meg Sonen ſin,
daa ſmiler eg aat Verdi
med hennar Sut og Strid,
eg heiv ein Bror paa Ferdi,
min Frelſar ſterk og frid.

Lat Livſens Stormar truga,
eg vyrder deim ei no,
lat Storm og Armod kuga,
i Jeſus hev eg Ro,
han held meg trauſt i Armen
fram gjenom Strid og Haad,
Med Herrens Fred i Barmen
verd alle Vander ſmaa.“

Amen i Jeſu Namn! Amen!


  1. Rom. 3, 23.
  2. Rom. 7, 19;
  3. Præd. 7, 20;
  4. Rom. 5, 12.
  5. Salm. 51, 7.
  6. Gal.
  7. Math. 23, 33;
  8. Math. 16, 23.
  9. Math. 21, 9.
  10. Gal. 3, 13.
  11. Phil. 3, 21.
  12. Joh. 11, 25. 26.
  13. 1 Tim. 2, 4.
  14. Math. 20, 16.
  15. Math. 16, 28.
  16. Phil. 3, 8.
  17. Joh. 21, 15.
  18. Salm. 84, 7;
  19. Salm 125, 5, 6.