Fylgjesveinen.
Preika
paa
andre Joladagen.
————————
Av
Kristofer Janson.
————————
Bergen.
Hjaa Edv. B. Giertsen.
————————
Prentat hjaa J. D. Beyer.
Bøn.

Vaar Herre og vaar Gud! me koma til deg og vil beda deg um Styrke og Magt til at kunna vera dine rette Fylgjesveinar. Av eigi Kraft kann me det inkje, det veit du, og du heve sagt oss, at me skal taka Krossen upp og fylgja deg etter. So lyt du hjelpa oss, du vaar kjære Herre og Frelsar, som er sterk i det veike, du lyt hjelpa oss til at faa ein Hug, som er viljug til at taka Krossen upp, og ein Rygg, som er sterk nog til at bera honom etter deg. Du heve fulla synt fyrr, at du kann skapa um eit Mannahjarta, du heve synt i den Flokk av Pinslarvitne, som no kransa deg som ei Sky, at Jesu Namn kann traassa Baal og Brand og Sverd og Pinslor, at Jesu Namn kann fylla Hjartat med Song midt i Sorg, med Gleda midt i Trengsla, med Takk midt i Verk og Vaade. So kom daa til oss med din Heilage-Ande, og styrk det veike Hjartat vaart til at kunna vitna um deg i Ord og Gjerd alle vaare Livedagar, hjelp oss til at kunna syngja i dei myrke Dagar so hugheilt som Luther song:

„Og taka dei vaart Liv,
Gods, Æra, Born og Viv;
Lat fara, um so er,
Me endaa Siger fær,
Guds Rike vaart skal vera.“


Tekst.
Ap. Gj. 6, 8—15 og 7, 54—60.

„Men Stefanus full av Naade og Kraft gjorde Under og store Teikn millom Folket. Men sume stoda fram, som høyrde til den Synagoga, som verd kallad Libertiner- og Kyrenæer- og Aleksandriner-Synagoga, og sume av deim fraa Kilikia og Asia, og trætad med Stefanus, og dei vunno inkje standa mot den Visdom og Ande, som han talad med. Daa sette dei løynlega Folk til at segja: „me hava høyrt honom tala Spottord imot Moses og Gud.“ Og dei øste upp Folket og dei Eldste og dei Skrivtlærde, og dei foro inn paa honom og drogo honom med seg og førde honom fyre Raadet. Og dei hadde fram Ljungvitne, som sagde: „denne Mannen held inkje upp med at tala Ord mot den heilage Staden og mot Logi; for me hava høyrt honom segja, at denne Jesus fraa Nasaret skal brjota ned denne Staden og brøyta dei Skikkerna, som Moses heve gjevet oss.“ Og daa dei feste Augo paa honom alle som i Raadet saato, saago dei hans Andlit som eit Engels-Andlit. — Men daa dei høyrde detta, skar det deim i Hjarto deira, og dei bito Tennerna i Hop mot honom. Men full av heilag Ande skodad han mot Himmelen og saag Guds Æreglans og Jesum standa attved Guds høgre Hand, og han sagde: „sjaa, eg ser Himlarne opne og Menneskje-Sonen standa attved Guds høgre Hand.“ Men dei ropad med høg Røyst og heldo fyre Øyro sine og foro samhugade inn paa honom; og daa dei hadde støytt honom ut or Byen, steinad dei honom. Og Vitni lagde Klædi sine fraa seg attved Føterne til eit Ungmenne, som heitte Saulus, og dei steinad Stefanus, som aakallad og sagde: „Herre Jesu! tak imot Anden min!“ Og han fall paa Kne og ropad med høg Røyst: „Herre! lat deim inkje forskylda denne Syndi.“ Og daa han hadde sagt detta, somnad han av. —

Dagsens Evangelium.
Math. 23, 34 fg.

Difyre, sjaa eg sender til dykker Profetar og Vismenner og Skrivtlærde; sume av deim skulo de drepa og korssfesta og sume av deim skulo de hudflengja i Synagogom dykkar og forfylgja deim fra By til By; so at det skal koma yver dykker alt rettferdig Blod, som er uthellt paa Jordi, fraa Blodet av Abel den rettferdige til Blodet av Sakarias Barakiasson, som de draapo millom Templet og Altaret. Sanneleget eg segjer dykker, det skal koma alt detta yver denne Ætti. Jerusalem! Jerusalem! som slær i Hel Profetarne og steinar deim, som til deg ero sende, kor ofta heve eg viljat samna Borni dine, likasom ei Høna samnar Ungarne under Vengjorna sine, og de vilja inkje. Sjaa dykkar Hus skal verda lagt i Øyde. For eg segjer dykker, heretter skulo de inkje sjaa meg, til dess de segja: „velsignad vere den, som kjem i Herrens Namn!“

Brøder og Syster i Jesu Kristo, vaar Herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!

Me hava no høyrt um Fyregangsmannen, og me hava høyrt um Frelsaren sjølv, korleides han vardt fødd paa ein undarleg, løyndomsfull Maate av Jomfru Maria. Idag skal me festa Augat paa Fylgjesveinen, paa Stefanus; difyre verd denne Dag ogso kallad St. Stefanus Dag. Me skal taka honom til Mynster fyre oss, so me kunde læra av honom at verda sanne Jesu Vitne og gode Jesu Fylgjesveinar. Og so skal me taka Jødarne, som steinad honom, til Varegsla, so me inkje kasta Stein paa nokon Jesu Fylgesvein, inkje reka nokon truande Mann burt og stengja Dyri baade fyre honom og fyre Jesus Kristus, som gjeng i Fylge med honom. Kven var daa denne Stefanus? Me hava høyrt um honom fyrr i Apostla-Gjerningarne, at han var utvald til at vera Fatigforstandar fyre Menigheiti i Lag med 6 andre, og det Stykket, me hava leset i Dag, fortel oss, at han var ein Mann „full av Naade og Kraft,“ og at han „gjorde Under og store Teikn millom Folket.“ Han maa soleides hava voret ein mann, som heve aatt Guds Naadesgaavor i stort Maal, og som heve brukat desse Gaavor til at vitna um og utbreida hans Namn, som hadde gjevet honom Gaavorna, hans Namn, som han kjentest ved som sin Herre og Meistr, Jesus Kristus. Detta forargad Jødarne, men Stefanus gav seg inkje. Han sagde, som Apostlarne sagde, at „ein lyt lyda Gud meir enn Mann,“[1] og so var han lika urædd som fyrr. Daa var det, Jødarne tok honom og laug paa honom og sidstpaa steinad honom, soleides som me hava leset i Dag.

Kjære Viner! me maatte nog ynskja, at me kunde liva soleides og vitna soleides og faa døya med slik Gleda, som Stefanus gjorde det. Han var eit san Herrens Vitne denne Stefanus — men er det berre han, som skal vera detta? elder høyrde det verre den Tid til at vitna og lida fyre Jesu Skuld? elder gjeld det berre Læra’rne, dei som er utvalde til at preika og hjelpa Menigheiti i all andleg og likamleg Naud? Nei kristne Viner, det gjeld kvar Mann. Me skal alle vera som Stefanus fulle av Naade og Kraft, me skal alle vera som Stefanus Jesu Vitne kvar i sitt Stand, me skal alle liksom Stefanus vera ferduge til at lata Livet fyre Trui si Skuld. So styrkje du oss daa du gode Heilage-Ande til rett at grunda paa i denne Time, korleides me, kvar einaste ein, skal vera eit Jesu Vitne, og korleides me skal vera ferduge til at lida alt fyre hans Skuld.

Me skal alle vera Vitne; for Skrifti segjer:[2] „um du vitnar med din Munn um Herren Jesum og trur i ditt Hjarta, at Gud heve uppvakt honom fraa dei daude, so verd du frelst; for med Hjartat verd det trutt til Rettferd, men med Munnen vitnat til Frelse.“ Det gjeld soleides um at vitna, soframt me vil verda sæle, og detta er fulla greidt at skyna. Det som Hjartat er fullt av, det fløder um Munnen. Er no Hjartat fullt av sann Tru, so lyt ein tala som ein truande, um so denne Tale berre verd millom deg og Gud i Bøni i den vesle Stova di. Me lyt soleides vitna. Difyre er og det fyrste, du gjerer framfyre Gud, det at vitna; for naar Presten paa Guds Vegne ved Daupefatet spyr deg Sogbarnet, som ligg paa Armen, um du trur paa Gud Fader, Gud Son og Gud den Heilage Ande etter dei tri Artiklarne, so svara dei, som bera deg fram, paa dine Vegne: „ja, eg trur,“ og so fær du Daupen. Og denne Vitnesburd, som du byrjad med, den skal du og enda med, og den skal du hava i Hjartat ditt og paa Tunga di stendigt heile Livet igjenom. Men skal eg daa fara ut paa Gator og Vegjer og preika Kristus? elder skal eg treda fram i Kyrkja elder Samlingshuset og halda Møte? elder skal eg gjera, so som mange i vaare Dagar, fara ikring fraa Bygd til Bygd og preika og halda Bibellesingar? Nei du skal inkje gjera nokot av alt detta, med minder du dertil heve fenget eit ferlegt Kall, og Menigheiti heve kravt det av deg. Det er mange i vaare Dagar, som er gripne av slik utidig Vitnelyst, at dei inkje hava Ro paa seg, fyrr dei kann faa treda fram offentleg og preika fyre ei heil Mannamengd. Og so preika dei solenge fyre andre, at dei ofta gløyma at preika fyre seg sjølv um Audmykja og ei stillvori Tru. Detta kann no slett inkje vera rett. Og naar no desse reikande Predikarar endaatil, som det stundom hender, stemna til Møtes, utan at Presten veit um det elder samtykkjer, so maa det no vera reint galet daa. For detta verd inkje annat enn at freista at lokka Menigheiti fraa Presten, og skipla istadenfyre at skipa. Det maa no ogso vera reint at mistyda Guds Ord detta at tru, at ein er ein betre Kristen elder vitnar um sin Gud meir rettelegt, naar ein kavar med at faa i Lag Uppbyggelsar og sovoret, og renn rundt paa deim, naar ein kann koma seg til, paa same Tid, som ein dermed vanskipar og vansteller Huset sitt og Borni sine. Til deim, som tru at tena Gud paa den Maaten, vil eg segja, at dei tente Gud betre med at arbeida paa Marki elder sitja med Rokken sin. Og den som trur, at Kyrkja, og alt som til henne høyrer, stend for høgt til at verda neddregi i det daglege Strævet, han syner, at han inkje heve Syn paa, kvat Kristendom er elder skal tena til. Kristendomen skal nettupp vera Surdeigi, som fyrer all den daglege Gjerdi, den største som den minste. Den som soleides trur, at han er ein god Kristen, av di han gjeng i Kyrkja og paa Uppbyggelsar og held dagleg Bøn og snakker myket um Kristus, samstundes som han syner seg storlaaten, pengagirug, ukjærleg og fer med Drøsor kringum i Bygdi, han spottar snarare Gud, enn han vitnar um honom. Nei, Gud kann og skal verda umvitnat av kvar einaste ein s oss gjenom det daglege Arbeidet vaart, kvat Stand han so høyrer til. Er du Fiskar, skal du tena din Gud med at vera Fiskar, stella med baaten og Nøterna dine; er du Bonde, skal du vera Bonde, driva Jordi og stia Fenaden; er du Prest, skal du vera Prest, læra Guds Ord skirt og reint og stjorna Sakramenti; er du Kaupmann, skal du vera Kaupmann, selja og kaupa og gjera Rett og Skil mot kvar Mann. Men med alt detta skal du likavel vera eit Jesu Vitne stendigt. Korleides kann no detta hanga i hop? Det skal me no syna. Soleides er det, at du skal vitna um Jesus Kristus inkje einaste i Ord men og i Gjerd, fyrst og fremst i Ord men ogso i Gjerd. Men at vitna um Jesus Kristus i Ord vil inkje segja det same som at snakka um honom stødt, for so fekk ein fulla inkje gjera annat. Den rette Kristen heve det inkje somyket i Munnen, han er meir stillvoren av seg. OG so lyt ein hugsa paa, at alle hava inkje same Lag elder same Gaava til at leggja ut Gudsordet fyre andre, alt det dei kann vera like so gode Kritne. Nei at vitna um Gud i Ord er at tenkja paa honom og hava honom i Hjartat stendigt og vigja all i Gjerd med Bøn, Morgon, Middag og Kveld; det er at ala Borni sine upp i Gudsfrygt, leida deim tidlega burt aat Kristus og fortelja deim um honom og Riket hans; det er at takka fyre alt, det gode som det vonde, at tru fullt og fast, at alt om hender skal tena deim til godes, om elska Gud, og vitna um detta fyre Gud i Bøn. Og heve du so Hug og Trong til at faa lesa i Bibelboki i Lag med andre og samsnakkast med deim um Gud og hans Rike, so er det no inkjevetta at segja paa det. Du heve no alltid ei sopass Kvilestund, at du kann faa Grannarne elder Vinerne dine saman til ei Husandagt elder so. Og endelega, det at vitna Jesus Kristus i Ord, det er at svara fyre seg og lydt, naar ein verd spurt, at ein er ein Kristen og vil fara aat som slik ein, um so Keisar og Pave og Allverdi trod fram og trugad med Hogg og Slag, aldri vera rædd og krjupa i Kraa, men ganga ved, at ein elskar Jesum meir enn alle Ting, og „veit inkje til Frelse utan Jesum Kristum og honom krossfest,“ netupp soleides som Stefanus gjorde, daa Jødarne slog honom i Hel.

Det er inkje lett detta at vitna um Jesum i Ord, kjære Viner. Ein kvider seg ofta fyre at bera Jesu Merke paa Bringa si. Ein vil gjerna tegja, naar Born av denne Verdi spea og spotta Namnet hans, og ein blygst fyre at gjera si kristelege Skylda, av di ein ottast fyre at faa Namn av „Hengjehovud“ og verda utskriken som ein av „dei vakte“. Hermed vere det inkje sagt, at ein alltid framfyre Born av denne Verdi skal preika Kristum i Ord. Naar ein merkar, at Gudsordet er spillt paa deim, at det berre vilde øsa deim meir upp til Traass og Spott imot Gud, so skal ein tegja seg. Det er detta, Frelsaren kallar „at kasta Perlor fyre Svin,“[3] som me inkje maa gjera. Men me maa paa same Tid vel agta oss fyre at bruka dette Ord av Frelsaren til at orsaka og løyna vaar Leta med og vaar Ulyst til at vedkjenna oss Jesum. Det gjeld her som alltid at fara aat med Apostel-Klokskap, at vera „kloke som Ormar og meinlause som Duvor,“[4] at vera alt fyre alle, so ein iminsto kunde frelsa sume.[5]

Og so var det det at vitna um Gud i Gjerd. At vitna um Gud i Gjerd, det er det same som at laga all Gjerdi si soleides, at kvar ein, som ser paa henne, lyt segja, „han der er ein rett Kristen.“ Naar ein Tjuv stel, og Folk standa og sjaa paa det, so er detta, at han stel, det same som at vitna um seg sjølv fyre deim, som skoda paa: „eg er ein Tjuv!“ Likeins og med ein Kristen, all hans Gjerd lyt vera eit Vitnesmaal um, at han er ein Kristen fyre deim, som sjaa paa. Og denne Vitning i Gjerd, ho skal syna seg i, at du alltid gjerer Skylda di og arbeider trutt, anten du so er Husbond elder Tenestegut, for inkje nokot Arbeid er laakt, naar det verd gjort i Jesu Namn. Og so skal ho syna seg i, at du er snild med Kona og Born, at du heve Umsut fyre dei fatige, aldri stengjer Dyri fyre den, som laana vil, sosant du kann hjelpa honom, og han fortener at verda hjelpt, aldri syta, um det gjeng nogso galet, men „elska dine Fiender, og beda fyre deim, som forfylgja deg.“[6] Daa skal du heita Guds Barn, som er i Himmelen, daa skal du heita ein sann Kristen.

Og denne Vitning av Kristus baade i Ord og Gjerd, ho gjeld baade Mann og Kvende, ho skal signa alt Arbeidet ditt, og ho er so langt fraa at meinka elder seinka det fyre deg, at ho tvertum vil gjera det lettare. Naar du, som er Fiskar, er ute i Baaten din og held Snøret; ligg det daa so langt undan, trur du, at koma til at tenkja paa Apostlarne, som var Fiskarar so mange, at tenkja paa den store Fiskefarm, som dei ein Gong fekk, daa vaar Herre Jesus sagde det, at siga i Kne fyre honom, som Petrus, og segja: „Herre! gakk ifraa meg, for eg er ein syndug Mann,“[7] og likavel beda honom av sin Naade velsigna ogso Fiskjet ditt. Elder naar du er ute og arbeider paa Marki, ligg det daa so langt undan, trur du, at tenkja paa honom, som all god og fullkomleg Gaava er ifraa, som gjev Regn og Solskin og Grodr og so at beda til honom i Hjartat ditt um Lukka til det Aar, som stundar. Elder naar du ser paa Vegen paa Kjerra di, ligg det daa so langt undan, trur du, at koma i Hug, korleides Gud no i so mange Aar heve latet deg fara vel aat og fram, og so takka honom fyre det og syngja ein Salmestubbe elder ei onnor god Visa istaden fyre at stogga med Skjenkjestova og sitja og sumla til langt paa Natt. Og naar du so kjem heim og finn Kona og Born heile, ligg det daa so langt undan, trur du, at tenkja paa, at Gud heve voret god imot deg likavel, som heve gjevet deg baade Kona og Born.

Og so Kvinna, som steller meir inne, kann inkje ho og vitna um Kristus i si stille Ferd. Jau visselega. Naar ho flir og soper og tvær Golvet og vil halda alt fint og reint, av di ho veit, at Gud, som er den reine, inkje kann lika at vera tilhuse i ei Stova, som meir er likt til eit Grisebol enn Folkahus, so gjerer ho ei Gjerd, som det sømer seg eit kristelegt Kvende. Og naar ho alltid held seg og Mannen sin velflidde, agtar vel paa Borni sine og el deim upp i Gudsfrygt, daa er ho eit sant Jesu Vitne. Og naar ho i all Aatferdi si er stilvori og bljug og tolug og fudelski og Mannen sin lydug av Hjartat, so er ho ei sann, kristeleg Kvinna. Difyre segjer ogso Boki, at slik ei Kvinna skal hava stor Løn, fyredi mange skal verda vunne fyre Kristo ved at sjaa paa hennar reine og bljuge Aatferd.[8] Og Salomon skriv i sine Ordtøke soleides um den rette Kvinna:

„Ho gjerer Mannen sin godt og inkje illt alle sine Livedagar. Ho fær seg Ull og Lin, og Henderna hennar arbeida med Lyst. Henderna sine retter ho aat Rokken, og Fingrarne hennar fata Snelda. Handi si opnar ho fyre Armingen, og Henderna sin retter ho til den fatige. Aaklæde gjerer hoseg, fint Lin og Purpur er hennar Klædnad. — Skyrtor gjerer ho og sel deim, og Belte flir ho Kaupmannen. Styrke og Heider er hennar Klædnad, og ho lær aat den komande Dag. Ein Munn let ho upp med Visdom, Kjærleiks-Log er paaa Tunga hennar. Ho ser etter, kor det fer aat i Huset sitt, og ho et inkje sitt Braud i Leta. Tekke er svikalt, og Vænleike er faafeng — ei Kvinna, som ottast Herren, ho skal verda lovad.“[9] Ja kjære Viner! Mann og Kvende, det gjeld um at vedkjenna seg den Herre Kristus i Ord og i Gjerd. Og detta er inkje Smaating, men det er ein overslega stor Ting. For Herren segjer: „kvar den som vitnar um meg fyre Menneskjom, honom vil eg og vitna um fyre Fader min, som er i Himlarne, men den som negtar meg fyre Menneskjom, honom vil eg og negta fyre Fader min, som er i Himlarne.“[10] At me daa maatte rettelega vitna um ditt heilage Namn du vaar Herre og Frelsar!

Men kvat Løn hava no dei, som vitna um Kristus, her paa Jordi. Sjaa paa Stefanus, so fær du Svaret. Han vardt hatad, han vardt forfylgt, han vardt slæpt fyre Raadet og lastad paa sitt Bak, og sidstpaa vardt han steinad i Hel. Det var hans Live, det var deira Liv, som vitna i Sanning um Herren og Meistren sin. Sannelega han fekk sanna paa seg dei Ord i Skrifti: „me ljota gjenom mange Trengslor ganga inn i Gudsriket,“[11] han fekk sanna paa seg, „at Vegen er trong, som ber til Livet.“[12] Viner! me lyt lida, soframt me vil ganga inn til Livet, og det er Teiknet paa eit sant Jesu Vitne, at ein kann lida me Tolmøde. Eg meiner inkje her nettupp det at vera sjuk, at mista Gods elder Born elder Kona, endaa det er hardt nog detta; men det finst andre Trengslor, som er langt verre, og det er andlege Freistingar og andleg Strid. Naar det stundom kjem smjugande ein Tvil i Hjartat, um du no og i Røyndi vil verda sæl, naar du skjelv fyre Guds Andlit i Anger og Rædsla og berre for Myrkr kringum, naar du lyt stynja med den heilage Songaren: „Frels meg Gud, for Vatn gjeng alt til Saali. Eg er sigen i djupt Dy, og det finst inkje Fotefeste, eg er komen i djupt Vatn, og ein Straum bryt yver meg. Eg heve ropat meg trøytt, Barken min er haas; Augo mine ero upptærde, medan og ventar paa min Gud,“[13] — ja daa er det vel Trengsla.

Og naar du kjem full av glad Tillit og vedkjenner deg det dyre Jesu Namn, og so berre møter Laatt og Spott, naar Folk kalla det fyre Daarskap at tru slikt nokot, naar dei inkje vil gjera Lag med deg, av di du er ein rett Jesu Fylgesvein, og du tapar baade Æra og Gods med at vera trufast — jaa daa er det vel og Trengsla.

Og naar du verd ribbat so naken so naken baade paa Sall og Kropp, som Job vardt det, daa han miste alt han aatte, laag i Verk og Saar og korkje fekk Trøyst hjaa Viner elder Viv, so han laut segja: „naken kom eg or Moderliv, og naken skal eg atter fara dit,“[14] naar detta hender deg, alt det du heve trutt og bedet so hjartalegt all di Tid, og du so attpaa er nøydd til at sjaa ugudelege Folk trivast og hava det godt og vel, og du endaa inkje heve Lov til at syta men skal takka — ja daa er det vel Trengsla!

Og naar du ser Borni elder Foreldri dine, elder kven du no kann hava kjærast, vanvyrda jesu Namn, liva reint gudlaust, ganga rake Vegen til Helvite — for ei Trengsla!

Naar du lyt „hata Fader og Moder,“ av di du vil vera ein rett Jesu Fylgjesvein, naar du lyt riva Kjøt og Blod ut or deg sjølv og banna, der du ynskte signa — ja vel er det Trengsla!

Men trøysta deg, trøysta deg, du stend inkje eismall paa denne tronge Vegen. Det finst dei, som er gjegne i Fyrevegen, og det skal finnast dei, som koma etter. Sjaa paa Stefanus og dei mage tusund, som med honom er steinade, brende, pinte til Daudes — kven heve lidet som dei? Og likavel syta dei inkje, likavel graate dei inkje, men „deira Andlit er som eit Engels-Andlit.“[15] Og dei ropa hugheile til deg: „kom, kom, ræddest inkje fyre deim, som Likamen døyda men kunna inkje døyda Saali; men ræddest helder fyre deim, som kunna tyna baade Saal og Likam i Helvite.“[16]

Og sjaa paa den endaa større, Jesus Kristus. Alle dine Trengslor, kor store dei so kann vera, er som eit Fjom at rekna mot deim, som han leid. Du er freistad, han var meir freistad. Han stridde med Djevelen sjølv, han laag og sukkad og bad i Hagen Getsemane, so Sveitten hans var lik Blodsdropar, som draup paa Jordi. — Du møter Spott og Haad, lyt tola Slengjeord og torer inkje gjengjelda, — han endaa meir. Han, som var Guds Son, laut tola Mistak og Vantru av Vinerne sine, Spott og Reising av Uvinerne. Han som, kvat Tid han vilde, kunde ropa Herar av Englar til Hjelp, han laut lata seg slaa og hudflengja og krossfesta av vesalt Mannakrek, som han var komen til at frelsa. — Du er arm og fatig som Himmelens Fugl, han var endaa fatigare. Han, som aatte all Verdi, som alle Ting er skapte ved, han hadde inkje det, som han kunde stydja Hovudet til.[17] Du lyt hata Fader din og Moder di elder Syster og Broder — han laut endaa meir. Han laut kasta ut den Branden, som skulde kveikja paa denne Eld av Hat i Verdi. Han segjer: „de skulo inkje meina, at eg er komen til at senda Fred paa Jordi; inkje er eg komen til at senda Fred men Sverd. Di at komen er eg til at setja Mannen upp mot Fader sin og Dotteri mot Moder si og Brudri mot Bermoder si, og Uviner av Mannen skal Huslyden hans vera.“[18] Fyrr hava alle livt i syndug Trygd, no er han komen, som kallar alle til seg, og dei som koma, maa soleides riva seg lause fraa den synduge Verdi, endaa til fraa sine nærmaste, naar desve er synduge. Tenk at maatte segja detta og det berra av Kjærleike, for ei Trengsla maa inkje det hava voret! Ja kjære Viner, det er umogelegt at sjaa Botn i Jesu Trengslor fyre vaar Skuld, skulde daa inkje me den Stundi, me bu hernede, lida med Tolmøde. No maa inkje detta verda mistytt soleides, at me skal leita etter Trengslor, skapa oss Trengslor, der dei inkje finnast, liksom Munkarne i gamle Dagar, som drog ut i Øydemarki og slo seg med Svipor og plaagad seg paa alle Maatar. Nei Trengslorna koma nog av seg sjølv, det gjeld berre um at taka rett imot deim. Og me kann vera gode Kristne, um me inkje kvar Dag hava Trengslor. Det hadde Stefanus helder inkje. Og sjaa paa Job, fyrr han vardt slegen! Daa kallar Gud honom ein god, gudfrygtig Mann, og likavel var han baade rik og glad og livde berre Fagnadagar. Og um me enn kann segja, at vaar Herre Jesus Kristus, daa han gjekk hernede paa Jordi, hadde Trengslor kvar Dag, og at me skal vera hans Fylgjesveinar, so lyt me og hugsa paa, at det er uendleg Skil paa honom og paa oss. Han var Guds Son, og me er Mannaborn, han bar Syndabyrdi fyre all Verdi, og me er frie fyre Syndabyrdi i Trui paa honom. Dessutan kann du inkje vita, kvat Dag Trengsla kjem, daa Livet er langt. Det kann og finnast dei, som slett inkje faa ytre Trengsla, nettupp fyre di dei lengta so saart etter henne. So vil Gud røyna deim, um dei kann vera true utan Trengsla. Aalment verd det likavel, at ein lyt lida her i Verdi fyre Jesu Namns Skuld; men ein lyt agta seg fyre at setja detta upp som ein Læresetning paa den Maaten, at ein dømer andre, som inkje just hava Trengsla, til at vera laake Kristne elder slett inkje at høyra Jesus til. Men dei som lida, skal hava den Trøyst med seeg, at dei er paa same Vegen, som Kristus var, at dei er sanne Fylgjesveinar som Stefanus og dei andre, at dei er millom deim, som taka upp Krossen og fylgja honom. Me veit fulla, at desse Trengslor ein Gong skal taka Ende, daa naar me skal ganga heim til dei høge Bustader, der me er ættade fraa, daa naar me som Stefanus skal sjaa Himlarne opne og Menneskje-Sonen standande attmed høgre Handi til Gud, og vaar Herre Jesus Kristus skal turka Taara av alle Augo, daa naar me skal liva i den fælaste Glæda i all Æva. Kvat er so Trengslorna paa Jordi at rekna mot den Æreglans, som skal verda openberr paa oss. Og tenk, tenkj kjære Viner, um me skulde koma til at byta faafeng Gleda hernede med evenlege Trengslor, med evenleg Usæla i Lag med Djevelen og Englarne hans! Nei lat oss siga i Kne, og midt i Sorger og Trengslor beda som Stefanus: „Herre tak imot Anden min!“ so skal det og verda sagt um oss, som det segjest um honom, at me somna ut or Verdi, og so skal me og vakna i Armarne paa Frelsaren vaar og aldri lida meir.

Og no, kristne Viner, er endaa eit Spursmaal atter, og det er: er me slike Jesu Vitne? slike Jesu Fylgjesveinar? Elder er me meir like dei vantrue Jødarne, som Dagsens Evangelium talar um, som ihelslaa, hudflengja, krossfesta dei Profetar og Vismenner og Skrivtkloke, som han sender til deim? Eg veit det inkje, kvar lyt svara fyre seg, men at desse Ordi raaka mang ein i Menigheiti, det er visst. Me kann inkje lenger hudflengja og forfylgja Læra’rne paa same Maaten, som Jødarne gjorde, (for detta dømer den verdslege Logi) men me kann det, som kjem paa eit ut, svivyrda deim, reka deim fraa oss, vera deim ulyduge og tidt og ofta spilla deira gode Namn ved skamlaus Snakk. „Men“ — kann de segja — „me hava inkje set nokon Profet elder Skrivtklok, som er send til oss?“ „Jau det hava de,“ vil so eg svara. „Det stend paa Preikestolem um Sundagarne ein Mann, som talar Gudsordet til dykker med Maning og Bøn, — sjaa han er ein skrivtklok. Han talar inkje sitt eiget men Herren sitt, han gjev inkje av sine eigne Naadesgaavor men av Herren sine. Han kann vera veik og hava liten Givnad og høva litet til Folket, men so kann han likavel vera til Velsigning, av di han byd fram Herren sine Naadesgaavor og inkje sine eigne.“

Og so hava vel flestalle i Stova si ei Bibelbok elder nytt Testamente — sjaa dei er Herrens livande Profetar, som tala hans guddomlege Ord skirt og reint, soleides som han sjølv talad det, daa hann gjekk hernede. Ja her ropar og lokkar han meir kjærlegt enn den kjærlegaste Fader. Han opnar Dyri fyre alle, den ringaste som den rikaste, for han segjer: „Gud vil, at alle skulo verda frelste,“[19] og „kom til meg allle som slita og ero tyngde, og eg vil gjeva dykker Kvila.“[20] Men agta dykker, at inkje Herren skal segja til dykker som til Jerusalem: „kor ofta heve eg viljat samna Borni dine likasom ei Høna samnar Ungarne under Vengjorna sine og de vilja inkje.“ Ja det er Orsaki. De vilja inkje. Gud heve inkje voret lika sæl, han lokkar og dreg i eit standande likatil det sidste Andadraget dykkar, men — de vilja inkje, de vilja inkje høyra Bøni, lyda paa Ropet, de er trege, kalde. Difyre lyt og Domen verda lesen yver deim, som detta høver paa: „alt rettferdigt Blod, som er uthellt paa Jordi skal koma yver dykker.“ Det vantrue Jødar bad Bloddomen ned yver seg sjølve, daa dei ropad: „ditt Blod kome yver oss og yver Borni vaare!“[21] og det er denne same Bloddom, som alle vantrue nedbeda paa seg, Domen som skrik ifraa Kristi Blod og fraa Blodet til alle dei heilage, som Utrui heve tynt. Og vidare skal Straffi verda lesi: „Dykkar Hus skal verda lagt i Øyde.“ Liksom det inkje vardt Stein paa Stein atter av Jødagudshuset i Jerusalem, so skal dykkar Gudshus, dykkar Hjarta verda lagt i Øyde, Gud skal vilja burt fraa dykkar, um de so enn utvertes synast hava det godt. Men liksom Banningi paa Jødarne inkje skal vara til evenleg Tid, men dei skal sjaa Herren og Meistren sin koma atter, inkje som fyrr audmjukt ridande paa Æslet, men i Kraft og Æreglans i Skyerna, daa naar dei umvenda seg og segja: „velsignad vera han, som kjem i Herrens Namn;“ soleides skal og de, naar de umvenda dykker og segja av Hjartat: „velsignad vere han, som kjem i Herrens Namn,“[22] strakst faa sjaa Jesum koma til dykker med sin rike Naade og gjera dykker føre til ein Gong at samnast med honom i høge Himmelsheimen.

Herre Jesus Kristus! so lat oss daa velsigna deg, velsigna kvar den, som kjem i ditt Namn. Lat oss verda rette Vitne, som Stefanus var det, i Rikdom, i Lukka, i Gleda, i Naud, i Faare, i Trengsla. Ja um me so sat i djupaste Myrkr, i vesalste Usseldom, hadde tapt alt og vonad inkje, so lat oss likavel kunna syngja med Fatigmannen:

Aa Herre Jesus, i din Famn
det er so godt at kvila,
her er so myrkt, eg ser ei Hamn,
men eg paa deg vil stila;
den saare Foten snaudt meg ber,
du vil meg taka kor som er,

aa Herre Jesus! i din Famn
det er so godt at kvila.

Mi Not er sprengd, mitt Hus er selt,
paa deg eg do vil lita;
eg balar hardt, men alt det velt,
do endaa kann eg slita;
vel er eg bleik og sjuk av Naud,
og Borni skrika etter Braud,
mi Not er sprengd, mitt Hus er selt,
paa deg eg do vil lita.

Du heve sagt det i ditt Ord,
at du vil aldri svika,
at Naud og Trong er Dyri stor
radt inn til Himmerike;
so vil eg beda glad, og tru
du bert til Himlen byggjer Bru,
for du hev sagt det i ditt Ord,
at du vil aldri svika.

So tak meg dyre Frelsarmann,
og lat meg inkje gløyma,
at fyrr du yver Djevlen vann,
ditt raude Blod laut strøyma;
naar daa eg lig, eg fast vil tru,
eg er paa same seg som du —
ja tak meg milde Frelsarmann,
du vil meg aldri gløyma!

Amen, i Jesu Namn, Amen!


  1. Ap. Gj. 5, 29.
  2. Rom. 10, 9, 10;
  3. Mt. 7, 6;
  4. Mt. 10, 16.
  5. 1 Kor. 9, 22.
  6. Mt. 5, 44.
  7. Luk. 5, 8.
  8. 1 Pet. 3, 1. 2;
  9. Ord. 31, 12 fg.
  10. Mt. 10, 32. 33.
  11. Ap. Gj. 14, 22;
  12. Mt. 7, 14.
  13. Salm. 69, 2. 3. 4.
  14. Job. 1, 21.
  15. Ao. Gj. 6, 15.
  16. Mt. 10, 28.
  17. Mt. 8, 20.
  18. Mt. 10, 34 fg.
  19. 1 Tim. 2, 4.
  20. Mt. 11, 25.
  21. Mt. 27, 25.
  22. Mt. 23, 38.