Han Anders Ulv
De va naagaa saa onderle me ’om Anders Ulv, Ingen ha høyrt Maakan, her i desse Bygdom. Saa grovt lengje sia, han livde, kan de ikje vera hell, for Mor hans Bestefar minntes han, mea ho va Vetljente heime paa Sambu. Ette di skulde de stikke inn-aat[1] otte Reiso[2] Tjuge Aar sia. Ho taalaa ofte um, at da ho va saa ein seks, sjou Aar, kom han Anders inn paa Uppigar Sør-Sambu ein Dag mea Folke sat ve Borde og nønte[3]. Han ba um Mat og de laavaa Kjeringje ’om at han skulde faa, men han lout bie, sa ho ve’n, te hitt Folke ha ete fraa se. De va Kjøt og Kaal-Supe te Nons og han Anders sat paa Stabba og ni’stirde burt-paa Borde. Han tykte nok, de vart lengje aa bie, for mea’ han sat paa Stabba, bar de te aa renne Taame[4] utu Munns-Vikom hans og best de va, sto han upp og gjekk te-dørs. I saamaa Stonn fekk døm høyre, de skreik ei Purke saa innverkjeleg og da døm kom ut og skulde sjaa kaa som sto’ paa, foor de ein avraa’e stor Ulv ne-over Aakrann me Purkun i Kjefte og de va alt Oraa’ og berge Live henne. Jou, han fekk Flesk te Nons da, han Anders, for de va hann, maa’ta, som ha tikji Ulve-Ham paa se og drepe Purka. De va de, maa’ta, som ha gjeve ’om Namne, at han ha Ulve-Ham og kunde taakaa den paa naar han vilde og berre han ha han ’taa att, va han som anna Folk att i saamaa Stonn. Han ha havt Stygg-Mor mea’ han va liten og ho va saa go Troll-Kjering, at ho kasta antell de va Bjønn-Ham hell Ulve-Ham paa kem ho vilde. Og saa ha ho kasta Ham paa Styggson sin da han va Fram-Vaksing. Men kaarles detta meire kunde haa se, ho ha no ikje faatt de te verre, hell han Anders va go-te skjifte Ham, naar han sjøl vilde.
Naar han Anders Ulv gjekk gard-imillom i Bygden, bar han stødt ein liten Tull onde eine Haann og den va han saa redd for, at ingor Menneskje fekk taakaa si hann i han. Den vetle Tull’n sleppte han ikje fraa se, korkje Natt hell Dag og Folk gjorde se den Tankjin, at de va Ulve-Hamen han bar i honom. I alle andre Maate saag han Anders ut som eit anna Menneskje; han va ingen Arbei’s-Kar og difor gjekk han og ba aat se heile si Ti’. Summe sa, at de skulde stækje[5] saa illt ’taa ’om imillom, og da trudde døm, at han nyle ha havt Ulve-Hamen paa og drepe Krytyr. Døm freista da aa faa han utu Husom att, snøggast døm kunna.
Di Gongann han va i Ulve-Ham, va han Anders Ulv all igjønom og Menneskja i ’om va burte; kom han da ivi eit Krytyr han raadde me, saa reiv han de sonn antell han va svoltin hell ikje. Honnde og Svin, Sou og Gjeit, Lous-Nout og Føl beit han Live ’taa alle Sta’ann han foor og gjekk de lengje imillom han fekk ferskt Kjøt inn-um Tenn, ha han mest sin Doue før han fekk Tak te, aa rive ihel eit Beist.
Naar han foor igjønom Ottdal’n ba ha stødt Hus i Nørdre Kleiven for han va lite skyld te-gards, der, og Hus vart de hell-ikje nekta ’om. No ha han alder biti naagaa Krytyr for døm saa døm trudde ’om væl ette di, han ofte trongde paa døm ette „Hus-Vero for Natten. Men ein Gong, han gjekk att um Maargaan, møtte han ein liten, holdog[6] Gjeld-Ukse norda’ Gard’n. De va lengje sia han Anders ha smaakaa Kjøt og no bar han te aa lange[7], saa han kjennde de gjekk Flogo[8] i Tann-Garde sine. Han tykte de vilde vera styggt ’taa se, aa gjera Folkom i Kleiven eit Skarv-Kast for Beinkunn døm ha gjort ’om og difor gjorde han se hard og gjekk. Nei, um ei litol Ri’ kom han att-ende, for han kjennde Kjøt-Smaken og Blo-Teven saa sterk, at han skolv og rykktes, der han sto. Enno va han go-te aagaa se og han gjekk fraa Uksa den Gongen, ou. Nei da kom han att-ende andre Venda og da styrde han se ikje lenger: han tok paa se Ulve-Hamen og reiv ihel Uksin.
Eingong, han kom faaraande upp-igjønom Ottdal’n kom han fram i nørdre Veggjems-Garde; han gjekk burti Stall-Døre og sto saag paa, at Mann agta Øykjinn. Saa vart han var, de sto eit Føl fram-i ei ’taa Krubbom og skar og aat saa friskt. Da vart han staa-ande og ni’stire paa Føle saa Ougo hans sto reint stive og Taamann rann utu Kjefte hans. „Huh-uh! Føl-Kjøt er godt!“ sa han Anders.
Summe Ti’e va han Ulv lange Takje og da slo han Lag me Ulve-Hopom, kaar han raakaa døm, og foor strennda i Skog og Lie, alle Bygde upp. Eingong, de va i Gjø-Maana’e[9], va han me og floug imillom Sonnbru’n paa Vaagaa og Vollomsbru’n i Skjaak sjoug Gongo nord og sjoug Gongo sø’ paa ei Natt og millom di Bruom er de go’e fire gamle Mil! Seint ein Kvell, ette Avdaagaas-Leite, kom han inn i Minne i E’svoll og ba um Hus, da ha han helde se me sine Likje paa Flatbygdom i lang Ti’ um Vinter’n, men no vilde han paa Heim-Leie att. Han fekk ikje Hus i Minne og me di saamaa han gjekk te-dørs, sa han: „Ja, tolv Mil er Mjøse lang, de kjøm saa mang ein Syndar fram, saa kjøm full eg, ou!“ Saa ha han Ulve-Hamen paa i saamaa Stonn og da sprang han ette Mjøs-Ise aat Vetlhaamaar førr Folke ha lagt se um Kvell’n.
Stødt naar han Anders ha vore i Ulve-Ham og rivi ihel naagaa Krytyr, lout han louge se bakette; da gjorde han se Loug i eit stort Kjer, men den vetle Tull’n sleppte han ikje utu Hendom paa se, da, hell. Saa va de ein Gong de rotta se ihop sjoug Kare, som vilde ruke paa og taakaa fraa ’om Tull’n mea’ han va i Loug-Kjere. Døm gouv paa han saa kvasst, at han fekk ikje Ti’ te aa taakaa Tull’n i Kjeiva, for ho skulde han ha største Magte i. De spenntes hardt og de va me arme Nø’[10] døm sist va go-te slite Tull’n fraa ’om, alle sjoug. Da han lout sleppe, sa han: „ha eg faatt Tak me vinstre Haann, eg, skulde døkk ikje tikji’n fraa meg um døkk ha vore sjoug te.“ Karann brennde upp Tull’n hans Anders og ette den Dag vart de slutt me aa skaapaa se um te Ulv for ’om. Sia gjekk han og ba aat se, men han taalaa mykjy um den Ti’e, han „floug og va Ulv“.
- ↑ stikke inn-aat: vera nere paa, „nærme sig sterkt“.
- ↑ otte Reiso: otte Gongo.
- ↑ nønte: aat None, Middagsmaten.
- ↑ Taame „Tømmer“; Meiningje er at de seig Strengje ’taa Sikl utu Munns-Vikom hans.
- ↑ stækje: stinke.
- ↑ holdog: feit, i go Hold.
- ↑ bar te aa lange: fekk stor Lyst; lange paa: kjenne stor Hog paa.
- ↑ Flogo: Rykk, hard Ri’, El.
- ↑ Gjø-Maane: Februar.
- ↑ arme Nø’: paa Nau-Tak.