Han Hans Leirflaten

Han Hans Leirflaten.

Di gamle Hannverkarann i Bygdom va stødt sjøl-lærde Folk som ikje ha gaatt i Lære hjaa nugun Mestar. Vissa va de saa me Sme’om, for Smi’ing te Gards-Bruk høyrde me te di, kaar skulde ha lært, som vilde gje se ut for aa kunna sitt Arbei’. Og difor va de saa nemt for aa lære se Smi-Konste i kaar Gard, aa seja, at denn, som ha Hog og Hann-Lag te di, tok ette paa eigje Hann. Paa saamaa Visen va de me alle andre Hannverk, men me di tok de te aa brigde paa se, paa Lag ve Hondredeaars-Skjifte, ve 1800 og der umkring. Da bar de te aa bli ein og a’an som ga se i Hannverkar-Lære i By’n hell hjaa bylærde Mestare. „Maalar’n“ va nok ein ’taa di fyste som gjekk i Hannverks-Lære, men i di neraste Aarom, ette han va paa Røyros, va de fleire onge Gute, som ga se i Lære i By’n. Ein ’taa døm va han Hans Hansson Leirflaten fraa Heidale.

Han va fødd Aare 1800. Far hans va Heidøl og rødde og bygde paa Leirflaten, ein Plass onde Bjølsta; han umkomst ve ei Olykke saamaa Aare, som han Hans kom te Verd’n. Mor hans Hans va kome fraa ein ’taa Visdals-Gardom i Nordhera’ og ho ha tvo Brør som va buande i Bern. Da ho misste Mann sin sat ho att me 5 Bon i stor Armo paa di vetle, ny-rødde Plasse og da Brørann henne i Bern fekk høyre, kaar ille ho sat att, bou døm te aa taakaa aat se nogre ’taa Bonom. Ho gjorde ei Ferd aat Bern i 1802 me di tvæ eldste Døtt’om; døm gjekk ivi Sygnefjelle og han Hans bar ho paa Ryggje baade fram og att-ende. Eit Par Aar seinar gjorde ho ei ny Ferd aat Bern me di treja Dotter’n og me eldste Gute, ’om Per; de va Meiningje Guten skulde gaa Sme-Læra, men han dø førr han vart utlærd. No gjekk de nogre Aar og saa gjorde ho treja Ferde ivi Sygnefjelle og vilde sjaa, kaarles Bone ha de i By’n. Han Hans va da 6 hell 7 Aar gomol og lout vera att hjaa ’om Gamel-Lars Hovdae, men da ho va burte, kroup Gut-Ongjin onde Laavin og laag. der og greet. Han Gamel-Lars freista aa talde for ’om og go-taalaa ve han saa han roa se att, men han taalaa ofte um ette han va ein gomol Mann, at saa gla ha han alder vore her i Verd’n, som da han fekk sjaa Mor si va att-komin fraa Bern da de lei um ei Ti’.

I 1813 bar de ivegen aat Bern att baade me Mor og Son; den eine Syster hans Hans ha vorte gjift me ein Sme-Mestar og no skulde han stige i Sme-Lære hjaa honom, enda han va berre 13 Aar gomol. De va i verste Hard-Aarom dette, og i Bern va de nok ou harde og laake Ti’e saa Hannverkare og Smaa-Folk lout spaaraa paa Maten, meste døm sto ut me. Han Hans og di hine Drengjinn svolt og sleit illt; te Middags fekk døm ei Røykjesild paa eit Fjordong-Stykkjy[1] Hav’rbrø’ og detta Maale lout døm eta ve Smiu-Stabbin, for døm fekk ikje Eingong kvile Arbei’e mea’ døm aat. Mestar’n va eit Hard-Jønn ’taa argaste Slag og han Hans sto me Sleggjun, saa han tykte Armann slitna ’taa se og Blemunn hekk som store Bjøllo i Nevaom. Og va de alder saa lite, Mestar’n ikje lika, brukte han slik Kjefft, som de skulde vore Beist han taalaa aat: „din forbannade Svin-Honn! – dit fordømte Naut-a-Beist!“

Dette vart forr-hard Pers for ein Gut-Ongje og da han Hans ha sliti me di eitt Aar, sto han ikje imot lenger, han vart sengjeliggjandest ’taa Svult og Sleet. Mor og Son fløtte aat di hine Syster’n; ho ha vorte gjift me ein Skjeps-Førar og der i Huse fekk han Hans de godt og han kom se att, vonoms snøggare. Da han vart full-frisk att, tykte nok More de va best, han Hans drygde me Sme-Lærun te han sterktna meir te og saa reiste døm att-ende aat Heimbygden. Dette va um Housten i 1814 og døm ha me se 1 Vog Mjøl ivi Sygnefjelle – de va lang Veg aa bera ei Mjøl-Vog, paa-lag 14 gamle Mil, og ein kan veta kaa de va te Ti’e millom Folk. No va han Hans i Heimbygden i 5 Aar og han va allt saa-pass Sme’, at han gjorde ende-frame Laas og mindre Smi ’taa naagaa ’taa kaart. Men de va ikje Meiningje hans, aa gje se me halvgjord Lære og i 1820 barst de ivi Sygnefjelle aat Bern att og More fyl’de me, for han Hans va ho ikje go-te slite Lag ve nogor Ti’. Da han denne Gongen kom aat Bern, fekk han stor Hog te aa faaraa te-sjøs og leta Sme-Læra vera, men baade Mor hans og Syst’n avtalde han me di, og fekk han te stige i hjaa Sme’e att. Og no gjekk de som ein Røyk for ’om, Mestar’n ha ou vorte eit anna Menneskje saa Drengjinn hans slapp baade Svult og stygg Kjefft. Ein og a’an Gong freista summe ’taa hine Drengjom aa ha forr se Døl’n for de tonge, klabbote Maale hans, men da han Eingong synte døm, at han kunde bera ein Skjeps-Ankar, døm vilde vaage for ’om, fekk døm Aagaa for Døle, og bou sia’ ikje te aa hengje paa ’om.

Da han va ferdog me Lærunn, raadde Mestar’n ’om te aa gjeva se inn paa ein mekanisk Ver’sta, for han saag, at de sat eit framifraa Arbei’s-Hugu paa ’om og at han ha eit Hann-Lag, de-skulde leitast ette Maakan ve. Og di Raa’n ha full han Hans kome te aa fyl’t ou, men Mor hans gjorde allt, ho va go-te, for aa av-øy’e. Ho heldt saa ’taa ’om, at ho kjennde ikje ei go Stonn førr ho fekk han me att-i Heimbygde og han ha hell-ikje Hjerta te, aa gjera henne imot. Saa gjorde døm siste Ferde si ivi Sygnefjelle; denne Gongen bar han Hans me se ei Ryggje-Børd me Skrap-Jønn som Mestar’n hans ga ’om og dette Jønne sou[2] han Hans ihop te ein stor Jønn-Klomp som er te enno, den Dag idag. Og no vart de aa hogge i me Smi’ing paa hard Vis.

Han festa att den Plassen i Rinnhøl-Grend’n[3], som Far hans ha begjyndt aa rødja, Leirflate, døm kalla, men de va ikje rar Jordveg enda – de va ikje Eingong eit Ku-Foor. For de fyste fekk de nok bli Smio aa leva ’taa. Og han Hans va ou baade traa og utheldin, den ra’føraste Sme’n, Bygde nugun Gong ha aatt, naar de galdt um. Me saamaa va de aa taakaa de Arbei’e, som bou se, Ljaa-Smi, Øks-Smi, Hestsko-Smi og kaa som fall; men ette som han Hans vart kjennd, vart de Laas, Skruv-Ste’ og vandare Arbei’ Folk tinga han te aa gjera, vidt og breidt. For be’re, lugumare og troustare Smi-Arbei’ hell hans Hans Leirflaten gjorde, sto de ikje te aa gjera, og saa de, at lova han ut aa gjera eit Arbei’, saa va de visst, aa faa de paa Dagen. Den Mann somla se ikje burt me Drykk, hell fjontra Ti’e fraa se, og Arbei’ va de nokk ’taa paa alle Lei’e. Han gjifta se um nogre Aar og detta va i di harde Ti’n som fall inn fyst i Tredeve-Aarom; de va Oaar tri hell fire Aar i Ra’ og mange lout skjøyte Grone me Maasaa og Baark for aa slite se igjønom. Jordvegen paa Leirflaten va ikje enno stort aa leva ’taa, og i desse harde Ti’om galdt de aa leggje se i no, da han ha gjifta se att-paa. Men den onge Kjeringje hans va baade helsog og sterk og te-treiv som han va sjøl, ho ga se me ’om i Smiun og va me og rekte Ljaa, som ein full-før Kar. Og de skulde ingen seja, at de va stor Væl-Levna hjaa di onge Folkom: te Dugurds aat døm Maasaa-Grout ve Smiu-Stabbin for ikje aa misse nogor Ti’.

Men de gjekk ikje mange Aare, førr Utkoma deres vart be’re, baade ha han Hans jemn Fortenest me Smi-Arbei’e og saa veelte han um Heimen te kaar Ti’ saa han fødde nogre vælstellte Kjy da de lei’ paa. Ette som Aare gjekk mona de me Utkommun og da de lei’ naagaa lenger fram, va han Hans ein vælberga Mann paa Leirflaten, som bar te aa faa Pening te-beste. Men de va hell-ikje ’taa Inkje de kom – han sto i Smiun fraa Klukka 4 um Maargaan te Grouten kom paa Borde um Kvell’n um de saa va den kaldaste Vinterdag. Men trøtt kjennde han se alder, han ha ei Arbei’s-Helse, som va maakaalous, og kaa han kunde røkkje aa gjera paa stutt Ti’, naar de kniptest, saag reint otruande ut. Eingong gjorde han 3 Hestsko-Gange og 4 Som-Gange fraa um Maargaan te Kl. 3 um Eftan, Hestskoen smidde han ferdog paa 3 Heto[4]. Ein a’an Gong gjorde han ferdog 3 Ljaa og 1 Lauv-Jønn me Skaft og Holk, enda gjekk han ne-aat Bjølsta og slipte upp Ljaa’ne saamaa Dagen. No ha han Sleggje-Kar[5] me se, baae desse Gongann, men difor! Ve Sleggje-Kar’n sin gjorde han Eingong Vaagan’[6] um aa slaa 12 Sko-Spikar paa ei Heto, men han slog 14, for han vart var, at Sleggje-Kar’n for Moro Skuld tro’ 2 Spikar ne-i Smiju-Our’n. I allt anna Arbei’ va han ou framifraa ra’før og Slaatt-Kar va han ein ’taa di fyste. Daa Bjølsta slo døm ofte Mælings-Slaatt[7] i Ru’i og Øver-Jorde, men han Hans slo jemnast Mælingen sin te Nons.

Allt Smi-Arbei’ ette ’om Hans Leirflaten som han gjorde se forr me, sa fraa sjøl, at han va ein Mestar i Konsten; de ha si eigje Gjerd antell de er eit Laas, eit Skruv-Ste’, eit Døra-Smi’ hell eit Omn-Jønn me Vind-Skjerding. De er saa troust og væl-gjort me ei felle Gjerd som ofte likna paa de beste ’taa Maskjin-Arbei’om i seinaste Daag’om. De Laase, som er avskildra nea’for arbeidde han i 1833 te Port-Laas aat Garvar Ytteborg i Kristian; de va enda saa nøgje og konstogt gjort, at de kom Brev aat ’om Hans, at antell lout han kaamaa aat By’n og lære døm aa læse de, hell ou fekk han skrive og gje døm Rettlei’ing. Han senda eit Brev og sa fraa kaarles døm ha aa gjera de og sia’ høyrde han ikje meir um de; dette Laase er naagaa ’taa vakraste Smi-Arbei’e, som er gjort i Bygden. Te aa gje ein Ting ein vælfelle og andsynle[8] Skapna, ha han eit visst-saa gløgt Ouga, som han Ellan Li’n og der, de galdt um aa maksle Jønne heilt paa Hannverkar-Vis, gjekk han Hans langt fram-um, for de va nok paa mange Maate ein stor Firimon, aa ha vore i rett Smelære. De va helles ikje ei ny Bysme’-Gjerd paa Arbei’e hans; han heldt se aat di gamle Mønstrom men han maata døm te ette sitt eigje Ouga og de gjorde han me Konstnar-Hann. Ein

Fig. 32. Portlaas ette ’om Hans Leirflaten. Kunstindustrimusæet.

vil trast sjaa, at de er Langrust-Gjerde som kjem att i desse Nykjyle hans paa Avskjildringen, og saa va de, me di meste ’taa beste Arbei’om hans.

Han Hans Leirflaten va ein tenkt Mann; han va ein ’taa di fyste som bar te aa grunne paa, um alle gamle Takste, Skjikke og Bruk me Gardsstell og Jordbruk, va fullt dugele paa all Vis. De ha han go Hog te, aa setja Prøve paa baade me eitt og anna og han saag snart, at de va mangt ’taa di Gamle, som ikje va full-godt. Og han va ikje redd aa brjote me ei gomol Takst, naar han ha vorte viss paa, at ho ikje dugde lenger. De vetle Jordbruke sit dreiv han ette sine Ti’, reint som ei Mønster og han va ein Kolv te aa finne paa lettvinnte Arbei’s-Maate og Ambo for Gardsdriften. Sume Ti’e tenkte han paa aa faatt se eit be’re Bruk hell Leirflate og ein Gong ha han i Tankom, aa reise aat Amerika. Men enda han vart ein vælstaa-ande Mann, som ha havt godt for aa kjøpt se eit anna Rum, vart han buande paa Leirflaten te han dø 85 Aar gomol i 1885.

  1. Fjordong-Stykkjy: Fjorde-Parten ’taa ein Brø’-Leiv.
  2. sou, ’taa aa sjo’: sveise.
  3. Rinnhøl-Grennde ligg øvst i Heidals-Skogbygden, ne mot Rinn-Elven paa Vest-Sia’ aat Sjo’n.
  4. Ei Heto: saa lang Ri’, som Jønn-Stykkje held se varmt te aa smie ’taa ette de kjøm utu Avle.
  5. Sleggje-Kar: Sme’-Dreng.
  6. Vaagan’: Vaagar-Maal, „Væddemaal“.
  7. Mælings-Slaatt: Slaatt ette Maal: 1 Mæling: 9604 □ Alne.
  8. andsynle: som fell væl i Ougo, gjere se godt, tek se godt ut.