Han Jørn Hilme
Her i Bygden va da for vel so eit Manneminne sia ein Gut, so eitte Jørn. Han va endaa uppalin paa ein Plass unde Hilme i Ulnesbygden. Han hadde slik Hug te bli Spelemann o fekk se ogso fatt paa ei Skarvefele o balla o let lite vætta; men dæ va kji stort han kunna.
Ein Haust laga han se te fara nordover paa Lærdalsøyre; Fela si hadde han me o let jamt o samt ette Vego. Den Ti han va komin nord i Brekkudn synna i Nystogun, møtte dæ hono eit Kvinnfolk, so gjekk batt paa ein Bønding. „E du Tjaak du?“ sa ho. Ja han hadde go Hug te lære laate, svara han. „E veit dæ,“ sa hono o ga hono eit Strengjinykkla. „Ner du set i Fela di taa dessa, ska ingjin truge de te laate: men ner dæ bli ende, læt du kji lenger du heldan,“ sa hona. Han for nordover paa Øyre; o der let han i Martnae, so ingjin hass Make hadde høyrt. Han vart verand der lengje o tente se baade Øyk o Kjerre o eit Sildelass o skrakkla so heimattover. Dæ kom Snjo paa han, so han laut leie se Sle’e over Fjelle; men daa han kom nie Vangsokne, sette han Slein atte o kjøyrde me Kjerre utover Mjøse – før hona hadde lagt se, so de var sterk Is paa henne. Han skrakkla o kjøyrde i smaae Dagsskjei utover o sat jamble paa Lasse o let ette Vego. Han kom skjele aat Ulnesbrun te i Avdegningen um Joleeftan. Daa tverstana Øyken, o dæ va kji Raae skaft faa han taa Stae. Ve han sat venta paa, at Øyken skulde ta te raggle paa att, to han upp Fela si o te laate. Ress so dæ va, fekk han sjaa ei heil Horg, so spelte o dansa burt unde Kjæro. Dæ va Kar o Kvinnfolk, unge o gamble – ein heil Døtt taa dei. Daa han Jørn tok te paa trea Laatten, steig dæ fram ein or Dunga: „du prilla kji skjele gøtt mæ Veslefinge,“ sa han o braut Fingen fram o attende, so han Jørn fekk Stannfing,“ alt han levde ette. Der sat han o let, te Dagen rann; daa rakkla Øyken att i Vegen sjølvo se. Heile Dansarly’n va kvarvin burt. Ve Duggurdsleite Joledagen kom han Jørn heim te Følke seno.
Han vart ein namgjetin Spelemann. Han va so go, at han i eit Bryllaup paa Røn let eit mett Brennevinglas taa fremdre Bordsenda aat dei ættre, der han sjøl sat. I eit Bryllaup uppi Vang va dæ ein Spelemann eitte Nordlanden, so ogso va noko umframt. Han let aav Kvinten i Felun hass Jørn. „O æ du sleke Kar!“ sa han Jørn, stilte Fela si o skar i mæ ein Laatt. „Au!“ sa dæ i Felun aat Nordlande, o i di sama sprang Kvinten. „Au!“ sa dæ ei Gong te, o so sprang dæ ein an Streng. „Au, au!“ sa dæ, o Fela aat Nordlande va strengjilaus. – Sia han Jørn Hilme døydde, ha dæ kji vøre Spelemann i Valdris, so dæ ha vøre noko mæ, o klendre o klendre bli dei. Ro drivst dæ so mykji paa mæ ’sa Belgjispelo no. Ner ein vaaga se te ganga paa engor Moroe, veit ein mest inkji, kor ein ska gjera taa Øyro si. Dei Laattadn, ein kann faa fram paa eit Belgjispel, æ no væl dæ ljøtaste Læte, so i Verd’n finnst, veit e. Dæ æ nokk eit anna Ljø i Felun daa.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |