H. Aschehoug & Co. (s. 227-231).

Han Sjaak-Ola.

Mange ’taa beste Konst-Arbeiom Vaagaa ha att fraa gomol Ti’, er arbeidde ’taa Sjaak-Vere og Lom-Vere og me di lyt ein taakaa me nogre ’taa Bygda-Konstnarom fraa di tvo Bygdom.

Ingor ’taa hine Bygdom i Dale ha ale upp saa mange Konstnare og framifraa hendoge Hannverkare som Sjaak og Lom, de ha vore den eine ette di andre fraa di gamlaste Ti’om og radt te vore Daagaa. Mange ’taa dom ha vore Stor-Hugu me saa overlag te Evne og Hannlag, at de ska halde hardt, um di beste i vore Daagaa orka aa naa døm. Vissa va Utskurd’n der i Bygdom ei fullt utvukse Konst, longe førr nogor ’taa di andre Bygdom kom saa langt paa Vegen me di, at de er naagaa aa nemne. De

Fig. 12. Skaap ette ’om Sjaak-Ola hjaa J. Aars Fabritius paa Klones. Fotografi ’taa Iver Storvik.
er der, og visst helst i Sjaak, at Døla-Skurd’n, Krill-Kroten, ha naatt si beste Bløming og mange ’taa Arbei’om ette Mestarom i Sjaak og Lom er saa go og fullhave Konst, at døm vil vera Mønster for Norddøls-Skurde te alle Ti’e.

Kaales de kan haa kome se, at Treskurd’n ha røta se saa ti’le og vukse saa fru’ugt uppi desse tvæ Bygdom, som laag mest avsies ’taa alle, er enno forr-lite ettegranska te, at ein kan peika paa di Aarsakjinn, som ha skuva faa Voksten utta’fraa. Men de si’ se sjøl, at Bygdafolke ha havt framifraagoe Konstnar-Evne i Kroppen bore, ei rik Innbilnings-Evne og eit maakaaloust gløgt Ouga for di, som va vakkert. De ha ikje vanta paa go Jord aa gro i og naar berre ho finnst, saa kan Konste arbeie se fram ette di vandaste Vegjom, um ei Bygd ligg alder saa avstengt fraa hine Verd’n.

Ein ’taa di gamlaste Mestarom som te denne Ti’ er naagaa meire kjend, er han Sjaak-Ola hell Teig-Roin, som han ou er kalla; han va fødd uppi Sjaak paa ein ’taa Sjaak-Gardom i Aarom millom 1630 og 1640, naagaa vissare um Aarstale hans er enno ikje funne. Di Arbei’e han dreiv mest me va store Stuguskaap, som allt i hans Ti’ va kome i Bruk i Loms-Bygdom, og saa gjorde han Kjørkje-Sle’a hell Brur-Sle’a, som døm kallast. Baade Skaape og Sle’ane hans Sjaak-Ola va namnsporde baade for den vakre Utskurd’n og for di døm va saa troust arbeidde all igjønom. ’Taa Skaapom hans er de enno att mange i Heimbygden, paa Vaagaa er de eitt og de er go Von te, at de kan finnast att inkort lenger ut i Dale ou, for han skulde vera i Arbei paa Honndorp og andre Stor-Garde paa Fron eit heilt Aar, er de sagt. I Heimbygden hans trur døm ikje de no’ finnst att nugun Brur-Sle’a ette ’om, men de kan vera tenkjande, at de paa andre Stelle kunde leitast upp inkun ’taa døm enno.

Skaape han Sjaak-Ola gjorde er framifraa store, røslege og fellne og Kroten hans syne Mestar’n baade i Smaatt og Stort, antell de er Krill-Krot hell Bla’-Krot. Han ser ut te, aa havt den beste Hogen te aa skaare Bla’-Skurd og jemnan er Skurd’n paa Skaapom ei Blanding taa baa’e Slagom; men han ha bonde baa’e Gjerdinn saa høvele ihop, saa lugumt og fint, at Skurd’n all me se fell like andsynle. Bla’-Skurd’n hans kann summe Sta’ann bli mest forr-rik, kaar væl-skapt og fin han elles er – han ha aatt ein Skaapaar-Evne saa stor, at han mest ikje ha orka aa halde Aagaa paa ’om naar de kom rettele Liv i han. Bla’ og Rose og di finaste Sløngjinn ha oula fram onda Kniv-Odde hans som ein Leik og i desse Leikje ha han Sjaak-Ola gledt se’, saa han ha tongt for, aa halde Maate paa. De er vandt aa seia, kem som vinn taa Bla’-Krote og Krill-Krote hans, ette di baa’e Gjerdinn, kaar for se, er saa framifraa. Men ein lyt full helst gjeva Krill-Krote Firi-Mon, for der ha han styrt Innbilnings-Evna sine be’re saa Skurd’n fell meire role i Ougom. Koll’n paa Skaape fraa Klones, er ’taa di vakraste og finaste Krill-Skurde som kan finnast; den vakre, fem-bla’a Rose, som han der enda Krillann me, er visst ei Gjerd han Sjaak-Ola sjøl ha funne paa, for de er knapt um ho finnst paa eldre Skurd. Eit anna Lag, han ha paa Krill-Krote, syne se ou væl paa di saamaa Kolle: han ha havt imot alle opne Millom-Rum. Difor drog han Krillann saa væl ihop, som han berre kunde, og fyllte alle Rum me Bla. Hjaa ein a’an Treskjerar vilde dette gjort Kroken tong og mindre andsynle, men han tek de tonge ’taa ’om ve aa skjera Krillann saa mykjy høgre.

Ein slik Mester

Fig. 13. Skaap paa Garden Sjaak i Sjaak ette ’om Sjaak-Ola. Fotografi ’taa Prest Neumann.
som han Sjaak-Ola, lout setja Merkje ette se paa Treskurd’n i Loms-Bygdom, og ein vil ou finne att eitt og anna ’taa Gjerd’n hans hjaa di gjilde Treskjerarom, som kom ette ’om. Men lell kan de ikje sejast, at han ga Skurde i di tvæ Bygdom ei eigje Maksel, hell skapte ein „Skule“ ette se, som de heite. Dette kjøm se full ’taa di, at han va for tong te Mønster for medels Treskjerare og di Stor-Hugue, som kom ette ’om, va kaar for se Menn, me saa store Evne, at døm skapte se si eigje Gjerd for Skurde sine. De ska elles finnast nogre Stuguskaap i Sjaak, som er ei Ette-Herming ette Skaapom hans Sjaak-Ola og som ofte ha gaatt for hans Arbei. Saales saa kan de tenkjast, at han antell kan ha havt ein Son som ha vore Treskjerar, hell ein Lærgut som ha halde se i Fare hans.

Um Live hans Sjaak-Ola elles veit Bygdafolke no lite aa fortelja; han skulde liva si Ti’ i ein Plass onde ein ’taa Sjaak-Gardom. Denne Plassen heitte den Ti’e Teig-Roe og ette honom va han kalla Teig-Roin; no er Plassen ein Gard og heite Teigom. Men um de er lite Bygdaminne ha gjøymt paa um Live hans, vil han alder bli gløymt saalengje, de er att naagaa ’taa Arbeiom ette ’om, hell saalengje Norddøls-Skurd’n er i Bruk.