Han Sta’e-Lars
Han va ’taa Gjæsling-Ækten han Sta’e-Lars; Far hans, han Ommon Sta’e, va kome fraa Uppigard Sør-Sambu og de va han Ommon, som sette upp den gjilde, tvihøge Stugo paa Sør-Sta’e som sto tess her Eitt-Aare. Sta’e va Kjørkje-Gods og han Ommon ha bygsla Gard’n si Ti’ saa han trudde, han sat trygg. Men i 1742 vart de gjort saales, at Bygde fekk fast Kapplan me Prestgard og ette di de va saa gjild ny Stugu paa Sør-Sta’e, vart Gard’n tikji te Kapplan-Gard og han Ommon lout gaa fraa. De fekk han, for han timbra ny Stugu paa Sta’e. Han Ommon ha fem Bon og ’taa døm va de berre ein einaste Gut og de va han Sta’e-Lars.
Um han Lars kan ein seja, som Lomver’n sa, han sto fippla me ei Børse og nugun sporde, um han va Skjyttar: „aa eg er paa alle Hando[1], eg,“ sa han og me di saamaa skout han Kula gjønom Stuguskaape. Han Lars va Fiskar og Skjyttar, Treskjerar og vanle Arbei’s-Kar paa kaa, som kunde felle. Men Fjelle og Vei’ingje va ’om kjærast og da han vart ein meire te-komin Mann, laag han i Fjelle mest stødt, paa Fisking og Skjoting um ein-a’an. Og Skjyttar-hog ha han saa stor, at døm, som fyl’de ’om i Fjelle sa, døm alder ha seett nugun saa forr-herdog, som han Tars. Naar han stillte paa Rein, saa va han saa gjert, att han bevra all upp og Skraa-Nebbann hans hakka upp-og-ne, upp-og-ne, mot Fjelle mea’ han drog se fram og fram i Stillande[2]. Men va han fyst fram-kome og fekk skjote, saa gjorde han korkje dildra hell skolv lenger, da va han stø i Kroppe.
Han Sta’e-Lars va ein stout Kar, frisk og væl-vuksin, ein Springleik-Dansar ’taa di fyste og ein Kolv te aa gjera Ronnkast. Ein lett-verle, morosamd Selle va han ra’e og stødt, kaar han foor; han fekk de hogle og livle langt um-kring se. Ho taalaa saa ofte um han Lars, Gamla paa Snele; han va me i Vaar-Onn der ein Vaar, og kaar Gong Karann gjekk ut-att ette Maalom, saa va ho viss paa aa sjaa Fota-Bla’e hans Lars upp-onde Kolle i Sval-Dør’n, me di saamaa han foor ut-ivi Svaldør-Stokken. Ho sa de ou, Gamla, at ho tykte de vart reint som tomt i Huse ette ’om, da han va ferdog paa Garde. I Lag og Leik va de ikje Maakan hans Sta’e-Lars te aa faa Moro paa Gaang; og slik Kar, som han va te aa laate paa Munnhorpa! – han leet saa han mest kunde klomse Folk me Horpe-Læte sine. Han va no namnspord ou, saa vidt han foor, for de.
Folk, som er paa den Lynnska, som han Lars va, og som ha saa godt for, aa kaamaa se me Alle, er jemnan slike, at døm traast ette Leik og Moro te kaar Ti’ og Stonn. Døm tek Moro naar ho kan vera aa faa og tenkje ikje stort paa Framti’e. Og paa den Visen va de me ’om Lars; men rokk ikje de morosamde lenger, saa drog han te-fjells og fiska og skout og skar ut me Tollknive. Han gjifta se ti’le men nugun troust og tru Kar te aa draagaa Umsorg for Kjering og Bon, vart han ikje. Me honom og Kjeringen drog de ikje likt og de enda me, at døm fløtte fraa eina’an og livde se og kort. Kjeringje tok di tvoug Bone deres og han Lars gjekk lous-um-gard i Fjell og Fyru, kaar de best fallt se. Ofte fekk han Hog te faaraa utu Bygden og va burte lange Ti’inn. Men naar han da kom att-i Heim-Grende, va han dubbelt kjærkomin, for da ha han mangt aa fortelja og Kjenningann hans og Ongdommen tykte, de va forkunt aa raakaa han Sta’e-Lars att.
Mea’ han va i beste Aarom sine, heldt han se mykjy i Valders; og der va de saamaa-eins me ’om som i Heimbygden, han va væl-lika og um-tykt, kaar han kom. Han va me døm i Gjestbo’om deres, leet paa Munnhorpa og dansa i Kapp me døm, „han Lars i Sta’e“ vart reint ein Grum-Gut i Valders. Han taalaa mykjy um de, sjøl, og eitt Gjestbo’ tykte han bar Prisen for alle.
„Brennvin ha oss Nøgde ’taa,“ sa han „og dansa gjorde oss saa Golve va verre hell de argaste Fjosgolv. Springleiken gjekk saa Stugo huska og Valdersann gjorde Kast og trilla som Sekkje ette Golve – men sto paa Føtom, gjorde eg og va ikje ikoll fyste Gongen!“ Valdersann tykte ou, at han Lars va Gut som trotta Brennvin, og naar han bar te kaste se paa Golve paa Døla-Gjerde si, va de tett-ve han bytla døm. Attaat heldt døm han for aa vera saa før og drug paa Vokst, at han Lars sjøl ha go Moro ’taa di. I Oustre Sli’re va han lengje paa ein Gard og der va de ei Jente, som soma ei ny Stri-Skjurte aat ’om. „Ha du mælt Halsloko paa’o Lars?“ sporde Mann i Huse, „du maa endele mæle Halsloko paa’o Lars!“ sa han, for elles va han redd, Skjurta skulde bli trong um Halsen. I Valders fekk han gjort se ei Munnhorpe saa avraa’e stor, og de va slikt Maal i henne, at de svaaraa i kaar ei Veggje-Spronge naar han leet paa ho. Ho va gjild, tykte han, me di, ho lyddes ivi heile Stugo um de daanaa paa Golve ’taa Springleikje og Hallingje. Naar han va heime paa Lalm att, imillom, og fekk Ongdommen umkring se, fann han fram Stor-Horpa og synte døm: „denne her leet eg paa i di store Bru’loupom i Valders!“ sa han og saa leet han „Filefjell-Leiken“[3] som han ha lært der i Bygdom.
Han va hendt me Knive, han Sta’e-Lars og skar ein rein og go Utskurd som la se godt. Nettup nugun Mester va han ikje, og de er lite sjølmerkt ved Skurd’n hans, men Døla-Krillann hans va vælskapte og ala se væl. Han va saa før te aa spikke, at de va ingor Ri’ førr han ha eit Arbei’ ferdogt; de kan vera, at han ha vannt se te aa gjera allt snøgt fraa se og gjorde se mindre forr, hell som væl va. Sela-Tre, Øl-Trøyse[4], Rulla-Gongje, Tre-Skjei’e og Krut-Hønn gjorde han upp i houge-tal og Arbei’e hans va gjævt og gjekk onda saa fort, han fekk de ferdogt. I Kvikne paa Fron va han i nogre Aar og der arbeidde han upp mykjy utskaare Tre-Vare. Han kom gaa-ande aat Nistugun-Skaabu, da han kom dit i Bygde, og ba um aa faa sitja der „aa spikke i tvo-hell-tri Daagaa “. Men han vart verande der i tri Aar, og de ha vore att Sela-Tre, Skjei’e og mangt ette ’om te i siste Ti’om, kanhende de enno er att Lik-Fjøle paa Kvikne-Kjørkjegarde, som han Lars ha skore ut. Tvo ’taa Gutom i Nistugun lærde han Lars upp te Treskjerare og den eine ’taa døm gjorde saa mykjy Tre-Skjei’e i Ti’in, at han sa sjøl, at de fannst ’taa Skjei’om hans i sjoug Kongerikje. Elles laag han Lars mykjy paa Fisking og gjekk ette Stor-Fugle um Vaarann di Aare, han heldt se i Kvikne. Ein ’taa Nistugu-Gutom fyl’de ’om ette Fugle ein Vaar ei Vikus Ti’; da døm gjekk te-bygda att, ha døm nitten Tiurs-Tyngde te Bytes. De vart ei tong Børd aat kaar, de, og Guten gjekk mest trøtt paa Heim-Vegje, enda han va ein full-før Kar. Men han Lars gjekk ei go halv Mil lenger, hann, um Dagen førr han heldt Kvell.
Ein Vinter da han budde i Kvikne, fiska han paa Ise paa eitt ’taa Kvikne-Vatnom. Da de lei’ paa Vaar-Sia sette Korpen og Reven paa aa vetja Is-Onglom hans og stal ’taa Fisken, saa han va mest ibeit, Korpen va den aller argaste. Jou, da va de ein Dag han laagaa te eit Agn aat ’om paa Ise fram-me eitt ’taa Holom sine – han sette ei Fiske-Kjøe paa ein stor Ongul og batt ein Stein i Endin paa Snøre; detta maa’ta han te saales, at naar Korpen tok Agne, vilde Stein rulle ne-i Hole. Me di gjort la han Lars se i Bak-Lur og vilde sjaa, kaa te skulde gaa. Rett som de va kom Korpen, gløypte i se Kjøa og fekk Onguln i Inn-Maten og um lite trilla Stein ne-i Hole og bar te aa tøygje Korpen ette. Han stridde imot ’taa all Livsens Magt, gjorde Hopp for Hopp og skreik stygt, men te-hols barst de me ’om lell. „De siste, eg høyrde ’taa ’om, sa han ptro! han protta og drog, protta og drog,“ sa han Lars.
ve Aakker-Vatne laag han Lars ette Tiure te kaar Vaar, for de va slike glupe Tiur-Leikje paa alle Lei’e der, de va enda ein Leik tett inn-ve den Fiskebue han laag i. Ti’le ein Maargaa førr han Lars va uppe, fekk han høyre de sat ein Tiur og leet paa Flis-Hougje ve Hoggar-Stabbin, midt utta’ Budøre. Detta va leitt aa liggje ly’e paa for Skjyttare, men skulde han glotte paa Døre, kom han te aa skræme Tiur’n og ikje va de naagaa Opn[5] i Dør’n han kunde skjote igjønom. De va ei litol Revo nest paa Dør’n imillom tvæ Fjøle og i di Sprikkje sette han Lars paa aa skjera eit Hol me Tollknive. Kaar Gong Tiur’n slo Klonken, skonda han Lars se og skar nogre gjilde Drag me Knive og paa lite fekk han eit Hol saa stort, at han saag væl igjønom. Og mena du ikje, de sat ei Røy ne-me Dør-Stokkje, saa tett inn-ve, at Kaarann[6] fraa Knive hans Lars datt ne-paa Ryggen henna. Da han fekk Hole stort nokk skout han og Tiur’n vart liggjande paa Flis-Hougje; men kaar ho skulde skvette, den Røye, du!
Han gjekk ut og tok Tiur’n og mea’ han sto me ’om i Haann slo de i eit avraa’e Læte uppi Ve’re, beint upp-ivi ’om. Naagaa saa onderle ha han alder høyrt – de va Fele og Fløyte, Kla’nette og Trumme og mange andre Slag Læte. De lyddes baade høgt og vakkert og for hans Øyre høyrdes de, som de foor nord-ette, høgt uppi Ve’re, men saag nugun Ting gjorde han ikje og sist do de burt, langt nord-ivi mot Fjellom. Detta vart han annas-ve[7] ’taa og han taalaa ofte um de sia’ og ondrast paa, kaa de kunde vera.
Ein Saamaar va han Fe-Gjætar i Nere Heimdale, han gjætte Fe-Driften aat Vag-Verom. I Øvre Heimdale laag de ein ong Valders-Gut me ei Valders-Drift og saa kom Fee deres ihop ein Dag. De vart fælt te Leik og barst te me slik Stanging og Ovenskap at Goul’n og Rout’n svaaraa fraa alle Høe. Aa faa skjølt aat Fee va ikje grei-fare og Gra-Uksann dreiv og stangast, te de saag ut te aa gaa paa Live. Valders-Guten va heilt ill-hyffsin ’taa dessa Leikje og da han Lars merkte de, skapte han se te aa graate for di; han tykte elles de va stor Moro, for han Lars ha største og gjildaste Uksann, saa de sto ikje paa me døm. Men da Guten saag, at han Lars myklas[8], vart de reint gale me honom og han greet, som han skulde vore ris-dengd. Sist fekk døm skjølt fraa kaar sitt, men sia’ um Saamaar’n heldt Guten Live i Neva for, at Fee deres skulde kaamaa ihop att meir og han fortalde jamnan, kaar fæl ei Kule han og han Lars va fram-i den Gongen. „’O greet ’o Lars,“ sa han, „ja eg greet eg, ou, for eg maatte graate, eg, naar eg saag ’o Lars greet.“ Di Orde ha vore te Ord-Tøkje sia’.
„De bli ingen Skjyttar rik,“ sa di Gamle, de ein lett fær gaar jemnan lett ut att og saales vilde de stødt laagaa se for ’om Sta’e-Lars, ou. Naar han kom te-bygda att me Fisk og Kjøt hell annor Vill-Vare og han fekk naagaa i Pongen, saa skulde han stødt raaka ein hell a’an go Kjenningen og gjera se ein morosamd Kvell, for han va saa go-ærog ’taa se, all sin Dag, han Lars. Og naar de fyst bar i Vegen saa va de ette, som de bikka te: snart kunde de ende væl og snart saales, at Pongen vart tom og han Lars sto att snou. „Faaraa i Fjelle, høgt og laagt og tene nogre Tjuge[9] – kaamaa heim-i Bygde att og drikke upp kaar ein Skjilling, de va Gjerde paa di, de!“ sa han Lars um Live sitt. Meir hell ein Gong fortalde han um ei grov Haspe-Reise han gjorde, saales, paa ei Snøgg-Ferd, han va heime fraa Fjelle. „Eg og han Gullik Li gjekk ette Reine paa Sein- Houste og ein Dag fann oss ein liten Hop, som de va tvo avraa’e store Bukke i, den eine va den største Rein eg nugun Gong ha seett, den andre va ikje fullt saa drug, men Hønne paa ’om va saa utu Maata store, at de ska leitast ette Maakaa, han ha ei Fjøl ne-me Naasaa saa brei, at naar han slo upp Hugue, ruvde ho som eit Reko-Bla’[10]. Oss va go-te aa skjote den Bukken me Stor-Hønnom og da eg mælte Fjøle va ho eitt Spann og tri Tverrfinger brei. Dagen ette sette oss uppi Fjelle att, fann att saamaa Hopen og da rouk Stor-Bukken; detta vart gjildt Kjøt i Snøggun, for kaart Laar ’taa di tvo Bukkom sto over Vogje. Oss drog Kjøte ne-i Valders paa Skji-Kjolkom vore og ein Kaftin ne-i Bygden kjøpte de ’taa oss og ga tie Dale Stykkjye. Attaat ha oss skote ikje saa lite me Rupe saa eg veit, eg ha væl-saa Tjuge Dale i Lummun, da eg gjekk heim-ivi Fjelle og etla meg te aa sjaa aat Lalm som snarast.
Eg ha ei Syster i Kaajun[11] paa Sell og da eg ha vore ein Dag over paa Lalm, kom de forr meg, at eg vilde rangle burti Kaaja aat henna. Da eg saa ha vore der ein Dags Ti’ fekk eg veta, at de va aa faa Brennvin sy-i Olsta-Grend’n og saa va oss nogre, som gjekk dit og skulde faa oss ein Pæl for Moro Skull. Oss fekk Hus paa Olsta mea’ oss drakk upp denne Skvetten – aa jou, de drog godt ivegen! Fulle vart oss som Svin, Allesamen. Den Brennvins-Pæl’n oss begjynda me, va oss ikje heldne me, oss kjøpte te att, eine Gongen ette di andre og eg vart forr, aa helde Krut. Naar Brennvine va Ende att, saa sette di Hine paa aa skryte ’taa meg kaar gjill ein Kar eg va: „du, Lars, du er Kar, du, nogre Potte Brennvin gjere korkje fraa hell te for deg – berre du klemme te einn Gong me Riflun, du, saa ha du de att baade tvi-fellt og tri-fellt!“ sa døm. Eg gjekk upp, eg, sist og somna i ei Seng, men, harde-dyre-De, for eit Rusk døm ha halde i Bole um Natte! Da eg vakna att um Maargaan ha døm sliis saa Omn-Jønne i Stugun sto i ein Bøyg – eg ha drukkje upp kaar ein Skjilling eg aatte og ha og att-paa va eg skrivin paa Veggen for fjorten Potte me Brennvin. Jou de va Gjerd, de!“
Saales hekk de ve han Lars, at han drakk naar han fyst kom paa Skot, men han ha eit anna Lyte ou, som ikje va be’re, han va lous-lynd me Kvinnfolkom. Der han foor paa Vidden og vart verande ei Ti’, vilde de bli att Avkjøme ette ’om; saales gjekk de i Heimbygden og saamaa-eins i Valders og i Kvikne. „Goddag Skytter, Fisker, Træskjærer og – og –,“ saales helsa Presten i ei ’taa Valders-Bygdom paa han Lars eingong; de va naagaa um Baan-Far Presten ha fremst paa Tongun um de ikje va de, som styggare va.
Da Graamann[12] tok te aa kaamaa aat ’om Lars og han vart mindre go-te aa faaraa i Fjell og Fyru, brøkja han se upp ei litol Stugu nord-i Holongsøyom. Ho sto syna’-for eine Myroms-Plassen og dit va eine Dotter hans gjift. Ein Dag mea’ han heldt paa aa timbra paa Stugo si, raakaa han fram-i han Iva Bjønnsta, døm va gomolt kjennde og goe Venne di tvo og no kunde han Lars fortelja, at han heldt paa og bygde aat se. „Aa, de bli mang-ein Aas!“ sa han, som de skulde vore ein Stor-Bygna han sette upp – Moro lout han gjera ’taa Allt. I dessa Stugun budde han i mange Aar og me Tollknive heldt han se ’taa Bygden forutta Hjolp.
Saa fekk han saa leit eit Hals-Bylde ein n Houst; han vart gaa-ande me di i lang Ti’ for-utta de vilde bli nogor Vend me di. Heilt sengje-liggjandes va han ikje og berre saa vidt han heldt se uppe. Ein Dag mea’ dette va saales me ’om, va han Jakup Snele ve Holongen og mool; han Lars ha Stugo si nere ve og saa kom han og ga se i Snakk me ’om Jakup. Døm ha ofte vore te-samen i Reins-Fjelle, di tvo, og han Lars ha likesom vore fyste Lær-Mester’n hans Jakup me Reins-Vei’ingen. „Ja, no kjenne eg væl, at de er Douin eg ha faatt – eg bli alder frisk att meir“ sa han Lars. Aa, de va full ikje saa vonloust for ’om, svaaraa han Jakup. „Eg ha høyrt, at du nyst ha vore te-fjells og skote Rein, einn eg ikje skulde vore go-te aa kaame sø’ aat deg og faatt meg ein fersk Beta!“ sa han, „for de er no ikje naagaa saa grepa aat meg lell, som Reinskjøt.“ De skulde de no bli ei Raa’ me, svaaraa han Jakup og Dagen ette senda han me Bror sine baade naagaa Reinskjøt og ei Flaske me ferskt Malt-Øl. Da han fekk detta sa han: „Ja no eet eg ikje meir Reinskjøt, her i Verd’n, for dette Hals-Bylde kjøm te aa gjera Ende paa meg.“ „Du kan nok kaamaa deg att enno, lell,“ svaaraa hinn. „Sprikk Verken ut, saa kan eg bli att, men sprikk han inn, og de er eg mest viss paa, saa ryk eg me.“ Enno hekk de att naagaa Moro i ’om; da han tømde Ølflaska paa ei, han sjøl ha, vart ho so full, at de rann ut-over. Da han saag de sa han: „no fekk a børdt[13], sa Heggjerustin, han gjorde aat for Veggje-Lus’n, tok ei og ha Aat-Gjerd[14] inn-i Kjeften paa henne – no fekk a børdt, sa han og no fekk Flaska mi børdt, ou!“
Tvo Daagaa ette, fekk døm Myrom[15] sjaa han Lars kom setjande saa fort fraa Stugun sine og dit nord. Han kom inn, gjekk kvasst nogre Steg inn-over Golve og sette se i Klevadørs-Støkken. I di saamaa rei’ han att-aa-Bak og va klar. Hals-Bylde ha sprukkje inn og kvævt han. Han Sta’e-Lars va fødd 1776 og dø 1840.
- ↑ paa alle Hando: te kaa, som fall.
- ↑ Stillande, eit Stillan: de Stykkjy Skjyttar’n lyt „stille se“ fram for aa kaamaa i høvele Skot-Maal; eit godt Stillan: godt Lende aa stille fram paa.
- ↑ Filefjell-Leiken: „Taamaas-Klukke’Laatten“.
- ↑ Trøys: avlang Skaal me Tut. Ei Tiurs-Tyngd: paa Lag 4 Kilo.
- ↑ eit Opn: Opning.
- ↑ Kaarann, ein Kaare: Kaure, Spon, Flis.
- ↑ annas-ve: skremd, ill-hyfsin.
- ↑ myklas: vera inn-ve Graaten.
- ↑ nogre Tjuge: nogre Tjuge me Dalar.
- ↑ Reko-Bla’: Skuff-Bla’, Spade-Bla’.
- ↑ Kaajun: ein liten Gard heitte Kaaja.
- ↑ Graamann: Alderdommen.
- ↑ faa børdt: faa nokk, de som trøngs; fullt upp.
- ↑ Aat-Gjerd: Raa’, helst Lækje-Raa’.
- ↑ døm Myrom: døm i Myrom, Folke i Myrom.