Heimsyn/III. Um Himmelklotarne
←II. Um Luft og Veder | Heimsyn III. Um Himmelklotarne av Ivar Aasen |
IV. Um Jordbolkarne→ |
III. UM HIMMELKLOTARNE.
Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande
Klump elder Klot i den store Himmelrømdi;
og av slike Klotar er der ogso fleire, som me alle
sjaa med Augom, av di dei visa seg fyre oss som
Ljos elder lysande Ting. Dertil høyrer no fyrst «dei
tvau store Ljosi», som er Sol og Maane. Av desse
er det Maanen, som er næst ved Jordi; det kunna
me sjaa paa Skinet, med di at han verd myrk, naar
han kjem paa den Sida, der Soli er, og kann fyrst
faa sitt fulle Skin, naar han kjem paa den andre
Sida av Jordi. Dermed viser det seg og, at han i
seg sjølv er lika so myrk som Jordi, og at han berre
lyser med eit Atterskin fraa den Sida, som vender
mot Soli. Med Solljoset er derimot eit annat Lag:
Soli stend alltid med fullt Ljos, alltid lika bjart og
brikjande, so at den Sida av Jordi, som vender imot
henne, vil alltid faa sitt fulle Dagsljos, og um Lufti
stundom er full av Skyer, so er Ljoset endaa sterkt
nog til aa trengja seg igjenom og gjera Dag paa
Jordi.
Fyre Augnesyni viser det seg so, at Jordi stend
fast i Midten av Himmelrømdi, og at Sol og Maane
og Stjernor ganga rettsøles i ein Ring elder Boge
um Jordi. Difyre segja me og, at Soli gjeng upp og
ned, og Maanen lika eins; for det fell oss so kvæmt
og høvelegt, at me ikkje kunna segja det paa annan
Maate. Det heve ogso voret lange Tider, daa alt
Folk trudde, at alle Himmelklotar gingo rundt um
Jordi, men i seinare Tider, daa Jordi vardt umsigld,
og Himmelbularne vordo grannare ettersedde, viste
det seg, at desse Tilhøvi maatte hava ei onnor Tyding.
Og sidstpaa vardt det daa avgreidt so, at det
er berre Maanen, som gjeng rundt um Jordi, men at
Jordi sjølv gjeng rundt um Soli, og at der endaa er
fleire Klotar, som ganga i Kring um Soli, og at sume
av deim ogso hava sine Maanar med seg.
Etter denne Tydingi heng det soleides saman, at
Soli stend paa sin eigen Stad som ei onnor Stjerna,
og at Jordi gjeng i ein avlang Ring um Soli, so at
ho fullfører denne Umgangen paa eit Aar; og paa
denne Vegen fylgjer Maanen med, so at han gjeng
rundt um Jordi tolv Gonger og nokot paa den trettande,
fyrr en Aaret er utlidet. Men med det same
heve Jordi ogso ei onnor Rørsla, med di at ho snur
seg rundt i Kring og fullfører denne Umsnuingi paa
fjore og tjuge Timar, som me kalla eit Døger. Og
desse Rørslorna ganga so jamt og stødt i den store
Rømdi, at me ikkje kjenna nokot til deim; den eine
Umgangen er so lik den andre, at me ikkje kunna
sjaa nokon Skilnad paa deim.
Daa no Soli alltid er lika ljos, vil det alltid vera
ein Halvpart elder ei Sida av Jordi, som heve Ljos
og Dag, medan den andre Sida stend i Skuggen og
heve Natt. Og daa Jordkloten er skapad som ei
Kula (som fyrr er sagt), so verd det alltid berre ei
liti Flata, som vender beint imot Soli. I Midten av
Dagsida verd det ein liten Kuv, som heve Soli beint
upp yver seg; utanfyre den Kuven verd det ein stor
Ring, som hallar nokot burt ifraa Soli, og utarst i
Dagsida hallar det so sterkt, at Soli stend tett ved
Landbruni elder i laagaste Himmelsynet. Men daa
no Jordi alltid held paa med ei Umsnuing, so vil
denne Dagsida alltid flytja seg etter Soli fraa den
eine Flata til den andre. Og deretter vil ogso Varmelaget
retta seg; der som Soli stend høgst, verd Varmen
størst; men ute paa Sidom verd han mindre, og i Skuggen elder paa Nattsida verd han alltid minst.
No er det aa merka, at detta Umsvivet gjeng alltid
i same Stemna (fraa Vest mot Aust), og at der
er tvo Flator elder Rundingar, som alltid halla nokot
burt fraa Soli og aldri venda beint imot henne. Det
er dei Rundingarne, som dei kalla Polar (Nordpolen
og Sudpolen). Paa ei Kula, som snur seg rundt, er
det alltid ein Prikk paa kvar Sida, som ikkje snur
seg; lika eins paa eit Nysta, som heng i ein Traad,
so at alle Sidorna kunna sviva i Ring: den øvste og
den nedste Toppen kjem so midt i Ringen, at han
ikkje kann sviva. So er det med Jordkloten og: dei
tvo Polarne standa paa sin visse Stad, medan heile
Umkverven snur seg kringum deim, og det heile Umsvivet
gjeng so stødt og trygt, som um Jordi hadde
ein Aas elder Nagle til aa snu seg paa; difyre verd
det ogso talat um Jord-aasen (elder Axen), endaa
der er ikkje annan Aas en berre det beine Striket i
Himmelrømdi. Detta Striket stend ikkje beint i Tverlina
fyre Soli, men alltid nokot hallande til den eine
Sida; og denne Hallingi gjerer so myket, at Jordi
fær ein Gong Sumar paa Nordsida og ein annan
Gong paa Sudsida.
Ein Gong um Aaret hallar Nordpolen so langt
ifraa Soli; at ho ikkje naar til aa skina paa den
Landbolken, som er lengst i Nord; det er ved Jole-Tider,
og daa hava me her paa Nordsida den lengste
Natti; men dei, som bu paa Sudsida, hava lengste
Dagen og høgste Sumaren. Tri Maanadar deretter
heve Jordi gjenget ein Fjordung av sitt lange Skeid
kring um Soli; daa er ho komi i det Tilhøve, at
Solljoset naar Nordpolen og lika eins til Sudpolen,
so at Dagen er lika lang som Natti kring um heile
Jordi; difyre heiter det Jamdøger. Medan Jordi sidan
gjeng den andre Fjordungen av Umvegen sin, hallar
Nordsida meir og meir aat Soli alt fram til Jonsvoko-Tider; daa er Nordpolen lengst inne paa Dagsida,
og daa hava me lengste Dagen her; men paa Sudsida
hava dei lengste Natti og høgste Vetteren. Dermed
byrjar det andre Halvaaret, daa Jordi kjem bakleides
paa andre Sida aat Soli; etter tri Maanadar
er det Jamdøger paa nytt, og Nordsida hallar meir
og meir fraa Soli, til dess ho kjem atter i det same
Stødet, der ho var fyre eit Aar sidan. Daa heve
Jordi fullført sin Umgang og byrjar den same Langferdi
paa nytt og med same Gangen som fyrr.
Fraa vaar eigen Bustad viser alt detta seg so, at
Soli laagnar um Hausten til Midvetters Tid; daa
stend ho so laagt, at det er litet ho kjem upp yver
Himmelsynet; men so tek ho til aa stiga og gjeng
høgre og høgre alt fram til Midsumars Bil; daa gjeng
ho so vidt i Kring, at det er berre nokre faae Timar,
som ho er burte. Sidan laagnar ho paa nytt, so lenge
til ho kjem atter i Midvetters-Maatet. Men no vita
me og, at der er stor Skilnad imillom Nord og Sud.
Naar Folk fara berre so langt nord som til nørdste
Enden av vaart eiget Land, faa dei alt sjaa ein annan
Solargang: midt paa Vetteren sjaa dei berre ein liten
Ljoske av Dagen, men ingi Sol; midt paa Sumaren
sjaa dei Soli heile Døgret igjenom; der verd ingi
Natt, for Soli gjeng aldri ned. Naar Folk fara langt
i Sud, faa dei derimot sjaa, at Soli gjeng høgre en
her, men brattare upp og ned. Ved Mid-Lina (Æqvator)
elder i Tverstriket midt paa Jordi gjeng Soli
beint upp og midt yver Hovudet; og naar ein kjem
nokot langt Sud um Lina, kann ein endaa faa sjaa
Middagssoli paa Nordsida.
Med Umsvivet millom Aust og Vest er det nokot
likt som med Vendingi millom Nord og Sud, med
di at me berre sjaa ei Vending paa Himmelen, men
ikkje paa Jordi; det er mest so, som naar me sigla
langs med med Landet med ein makleg Byr; me tykkja,
at det er Landet, som sigler, og ikkje Baaten. Etter vaar Augnesyn kjem Soli upp paa Austersida og
gjeng i ein Boge mot Sud og Vest, til dess at ho
sig under elder «gjeng i Havet», som me segja.
Men no vita me, at det alltid er ei heil Sida elder
Halva av Jordi, som vender mot Soli og heve Dag;
og daa no Jordi alltid sveiver seg rangsøles i Kring,
so maa denne Dagsida alltid flytja seg smaatt i Senn
fraa Vest mot Aust. Naar no vaart Land kjem aust
um Dagsida og inn i Skuggen, so hava me Natt, og
sidan gjeng Landet aust igjenom Skuggen, til det
møter Dagsida paa nytt; daa sjaa me fyrst ein liten
Ljoske paa Austersida, og sidan hava me Dag, til
dess at Skuggen kjem atter austantil. Dermed kunna
me ogso skyna, kor det heve seg, at Klokkeslættet
er so ulikt i Aust og Vest. Naar me fara nokre
Miler mot Vest, so verd Klokka vaar for snar, og
fara me mot Aust, so verd ho for sein; og di lenger
Vegen er, di større er Skilnaden. Auster i Russland
er det Middag tvo Timar fyrr en her; ute
paa Island er det tvo Timar seinare, og vestanfyre
Havet (so som i Ny-York) er Middagen seks Timar
seinare en hjaa oss. Og so paa Lag maa det
vera, naar Dagen skal koma rundt i Kring paa eit
Døger.
Av alt detta kunna me merka, at Soli heve ein
overslege stor Verknad paa Jordi. Men um sjølve
Soli vita me litet meir, en at ho er mange tusund
Gonger større en Jordi, og at ho er so langt burte,
at der er tvo Klotar (elder Planetor), som standa
imillom henne og Jordi, og endaa er desse Klotarne
so langt fraa oss, at dei visa seg berre som Stjernor
paa Himmelen. Serdeiles merkverdig er den Varmen,
som fylgjer med Ljoset fraa Soli; og difyre høyra
me og so mange undarlege Gisningar um, kor denne
Varmen skal koma til. Snaraste vilja no Folk tru,
at Soli berre varmar fraa seg som ein annan Eld,
men detta kann ikkje vera den rette Tydingi; for dertil er Soli for langt burte og dernæst so sjaa me,
at ho alltid varmar mest paa Laaglandet og minst i
Høgdi, so at der endaa i varmaste Jordbolken kann
vera Fjell med Is og Snjo paa Toppen. Det einaste
visse er, at Ljoset fraa Soli heve ei serleg Kraft til
aa vekkja Varme paa Jordi elder til aa varma det
Luftlaget, som er næst ved Sjoflata. Denne Krafti
er nokot vandsleg til aa skyna og tyda; men so er
det og med mange andre av dei store Krafter i Skaparverket.
Maanen er oss myket nærre en alle andre Himmelklotar,
og difyre synest han vera so stor, endaa
han er berre liten imot andre Klotar. Maaneljoset
er, som fyrr sagt, berre eit Atterskin; og derav kjem
det, at det veks og minkar. Naar Maanen stend imillom
Jordi og Soli, so vender han Baksida til oss og
er myrk; men etter tvo-tri Dagar er han komen so
langt auster um Soli, at me sjaa ein Trøm av den
ljose Sida paa honom, og sidan verd denne Ljossida
større fyre kvar Dag. Etter fjortan Dagar er han
komen paa Baksida av Jordi, so at han vender heile
si ljose Sida imot oss; det kalla me «full Maane».
Deretter gjeng han um paa vinstre Sida, og daa
vender den ljose Maanesida meir og meir ifraa oss,
til dess at ho kverv reint burt; og daa verd det «ny
Maane» atter. Denne Umgangen kjem nær inn paa
tretti Dagar (eigenlege 29 1/2 Dag), og deretter er
Maanadstalet reknat; men daa det verd nokot meir
en tolv Umgangar i eit Aar, so er nokre Maanadar
reknade til tretti Dagar, og nokre til ein og tretti,
so det kann høva saman med Aarsgangen. For eit
Aar er det same som ein Umgang um Soli og heve
alltid si visse Lengd, som er try hundrad og fem og
seksti Dagar og seks Timar, so at fjordekvart Aar
verd ein Dag lenger.
I den Timen, daa Nymaanen gjeng auster um Soli,
hender det stundom, at han kjem so beint i Striket millom Sol og Jord, at han halvt elder heilt kann
skyla Soli fyre oss, med di at Jordi daa kjem inn i
Skuggen av Maanen. Det er det Tilfelle, som dei
kalla ei Formyrkning. Eit annat Tilfelle er det, at
Jordi kann koma beint i Striket millom Sol og Maane,
so at Skuggen av Jordi kjem inn paa Maanen; daa
er det so aa sjaa til, som det var ei rund Skiva,
som kom sigande inn yver Maanen; og det er ogso
eit Merke paa, at Jordi er rund. Desse Formyrkningar
hava sine visse Tider, so at kunnige Folk vita
grant, kvat Dag og Time dei skula koma; og dei
kunna endaa rekna det ut fyre mange Aar fram
igjenom Tidi. Slik ein jamn og stødug Gang hava
desse Klotarne paa sin avstakade Veg i den store
Himmelrømdi.
Dei andre Klotarne, som me sjaa i Himmelromet,
kalla me allesaman Stjernor; men det er upplyst, at
nokre av deim era myrke Klotar, som berre lysa
med eit Atterskin fraa Soli og ganga kringum Soli
lika eins som Jordi. Dei era kallade «Planetor», det
er Flutningsstjernor, av di at dei flytja seg fraa den
eine Himmelbolken til den andre. Tvo av deim
standa imillom Soli og Jordi (som fyrr er nemnt); det
er «Merkur» næst Soli og «Venus» næst Jordi. Paa
andre Sida av Jordi er fyrst «Mars» og so ein Flokk
av Smaaklotar, som era litet kunnige; deretter kjem
der fjore store Klotar (Jupiter, Saturnus, Uranus og
Neptunus), som kvar fyre seg heve eit litet Fylgje
av Maanar kringum seg. Nokre av Planetom era so
ljose, at ein ser deim godt med berre Augom, og
tvo av deim (som er Venus og Jupiter) hava endaa
so bjart eit Skin, at dei stundom visa seg som dei
største av alle Stjernor. Naar me no tenkja oss, at
Jordi sjølv i langt Fraastand maa visa seg som ei
Stjerna, so kunna me ogso tenkja, at vaar Jord er
sjølv ei Planeta, som stend i tridje Staden fraa Soli,
midt imillom Venus og Mars; og so faa me det ut, at heile denne Flokken er eit Solfylgje (Solsystem),
med di at heile Radi svingar seg kring um Soli og
fær sitt Ljos fraa henne.
Utanfyre desse Flutningsstjernorna er der ogso
nokre som dei kalla Kometor, det er Haarstjernor,
av di at dei hava nokot med seg, som er likt til
ein Hale elder Dusk; men desse Synerna era vandslege
aa skyna, og det er uvisst, um det er nokot
hardt elder heilt To i deim. Det kann ogso vera
mange Aar, at ein ikkje ser deim.
Dei andre Stjernorna era jamt aa finna paa same
Staden elder i same Bolken som fyrr; og difyre era
dei kallade faste Stjernor (Fixstjernor). Dei era uteljande
mange, som ein kann sjaa med Augom, og
endaa fleire, som ein ser med Glas; men dei era so
udømelege langt burte, at ein fær ikkje sjaa nokot
stort meir en ein lysande Prikk, som det skulde vera
ei Sol i eit umælelegt Fraastand. Og difyre hava
Folk ogso tenkt, at det maa vera Soler, som standa
lika so langt ifraa kvarandre som fraa vaar eigen
Synstad, og at det er mogelegt, at dei hava sine
Fylgje-Klotar elder Planetor kring um seg likasom
vaar eigi Sol. Vistnog er detta nokot, som me ikkje
kunna vita til Fullnad; men er det so som det synest
vera, so maa baade vaar Jord med all sin Storleike
og endaa vaar Sol med alt sitt Fylgje vera berre ein
liten Deil av det store Skaparverket. Og dermed
kunna me daa faa eit Hugbod um, kor litet det er,
som me vita, og kor liti all Magt paa Jordi er imot
den Magti, som styrer det store Verket i den umælelege
Himmelrømdi. Men med det same maa me ogso
minnast, at Skaparen er lika so stor i det smaae som
i det store og heve Tilsyn med det smaae sovel som
med det store. «Han kjenner kvar Saal i sitt Rike»,
som det heiter i Salmen; og um no hans Rike er
større en alt, som me kunna skyna, so faa me endaa
tru, at han er allstad lika nær og alltid lika vakande.