Heimsyn

av Ivar Aasen
I. Um Jordflata


EI SNØGG UMSJAAING YVER SKAPNINGEN OG MENNESKJA

TILMAATAD FYRE UNGDOMEN

Naar Folk fara ut og sjaa seg um paa ein Stad, som dei skula flytja til elder busetja seg paa, so segja me, at dei era ute og heimsjaa seg. Og med ei onnor Vending kann ein ogso kalla det ei Heimsyn elder Heimsjaaing, naar unge Folk vilja sjaa seg i Kring i den store Mannheimen, elder naar dei høyra og spyrja etter nokot meir en det, som dei sjaa paa Fødestaden. Det kunde vera godt aa vita myket um den Verdi, som me liva i, um Land og Rike, um Himmel og Jord, um Skapningen paa Jordi og um ymse Tilstand i dei framfarne Tider; men naar alt slikt skal vera avgreidt i alle Smaagreiner, so vil det verda so mangfeldt og vidgjengt, at det er seint lært og snart avgløymt. Og so høver det so til fyre dei fleste Folk i den store Hopen, at dei hava so myki Annsemd med sitt daglege Vinneverk, at dei korkje faa Tid elder Tilgjenge til aa samna seg nokon munarleg Kunnskap; og daa maa dei nøgja seg med den vesle Rettleiding, som dei kunna faa um dei næste og naudsamaste Ting. Og soleides kann det henda, at ein stutt Umtale av dei vigtugaste Maalemne kann ogso verda til nokor Hjelp fyre ymse Folk, som dermed kunna faa ei Tilleiding til større Ettertanke elder i minsto ei Minning um nokot, som dei elles kunde gløyma.


Heimsyn
Originalspråk nynorsk
Originaltittel
Skrevet av Ivar Aasen
Oversatt av
Publiseringsdato 1875
Kilde Ivar Aasen: "Heimsyn", Kristiania 1875. Gjengjeve i «Skrifter i samling, band II», Det Norske Samlaget, 1997.
Wikipedia-referanser Ivar Aasen
Wikiquote-referanser
Andre kilder