Heimsyn/VII. Um Folkeskipnad
←VI. Um Menneskja | Heimsyn VII. Um Folkeskipnad av Ivar Aasen |
VIII. Um Tilstand i fyrre Tider→ |
VII. UM FOLKESKIPNAD
(ELDER LAGSKIPNAD I LAND OG RIKE).
Etter kvart som Folketalet heve vakset til, hava
smaa og store Folkehopar breidt seg ut yver alle
dei Land, som vaaro nokot laglege til Livbergning
og Upphald fyre Folk. Og daa det alltid er so, at
«Føda kostar Møda», so laut Menneskja alltid venja
seg til ymist Verk og Arbeid til aa vinna si Føda
med. Den næmaste Fødevegen var aa nøyta Frukt
elder Fræ av Matvokstren paa Jordi og dernæst aa
saa og haustvinna og reida Jordi til aa bera matført
Avgrøde. Ein annan Fødeveg var aa veida Fisk
elder Fugl og andre Dyr, og lika eins aa ala ymse
Budyr, som Kyr og Sauder og fleire Slag. I nokre
faae tunnbygde Land er det endaa heile Folkeslag,
som liva mest av Veideskap; i andre Land er det
Folkeslag, som liva mest av Feavle, og som helst
bu i Tjeld elder lause Buder, so at dei lett kunna
flytja med Fenaden sin fraa det eine Graslendet til
det andre; dei era kallade Flutningsfolk elder Hyrdefolk
(Nomader). Men den fredsamaste Fødeveg er
daa Jordbruket, med di det fester Folket til ein viss
Heimstad og eit visst Grendarlag og dermed fører
til ein tryggare Skipnad i Samlaget.
Jamnaste hava no Folkehoparne viljat busetja seg
so, at dei kunde baade hava Jordbruk og nokor Feavling
jamsides ved; og denne Lagningi er daa og
den beste, so lenge som Folket ikkje bur tettare
saman, en at kvar Ætt elder Huslyd kann hava eit
Jordstykke, som er stort nog, til at Lyden kann
vinna si Føda av det. Elles vil det no tidt ganga so,
at der samnar seg so myket Folk paa eit litet Rom,
at der ikkje er nokor Raad til, at alle kunna faa
nokon Part av Jordi; men paa slike Stader verd det
jamnaste ymse Verk og Embættingar av annat Slag,
so at mange dermed kunna vinna si Føda utan nokot Jordbruk. Dei busitjande Folk vilja alltid turva
ymis Reidskap og Husbunad, som dei ikkje sjølve
kunna verka til, og so kunna daa andre Folk verka
fyre deim og dermed faa seg ei Motgaava anten i
Matvaror elder andre Ting, som høyra til Livs Upphelde.
So er det ogso ymse Verk, som krevja serleg
Kunst og Tame, so at ein gjerer deim best, naar
ein fær driva stødt paa det same Handverket og
ikkje hefter seg med andre Ting. Slike Handverk
kunna daa ogso «føda sin Mann» (som me segja);
og dermed verd det daa ei Umdeilding elder Utbyting
av Arbeidet, med di at kvar Hand fær sitt
visse Verk, og kvar Mann fær nøyta den Kunst,
som han best heve lært, so han baade kann tena
dei andre og tena seg sjølv med det same.
Med Busetningi og Jordskiftet heve det gjenget
ymislege til, med di at Folket fyrst og fremst laut
retta seg etter Landslaget og dernæst etter ymse
andre Tilhøve. I bergutte og ujamne Landsbolkar
vardt det oftaste berre einskilde Bustader elder Gardar
med kvar sitt Jordstykke til. I dei store Flatlandi
vardt det Landsbyar elder Torp med store
Hopemarker kringum seg. Paa nokre Stader, som
laago midt i Ferdesvegom og hadde stort Tillaup
fraa ymse Sidor, heve det sidstpaa samnat seg so
myket Folk, at det vardt heile Byar med mange Hus�eigarar utan nokot Jordbruk, men elles med mange
Vinnevegar med Handverk og Vareførsla og Kaup�mannskap og dilike Ting. Denne Samanflutningi
heve no jamnaste havt si Uppkoma derav, at Folk
turfte hava ymse Marknadsstader til aa møtast paa,
naar dei skulde kaupa nokot langveges fraa elder
byta Varor med Folk or framande Bygder. Og difyre
hava slike Møtestader stundom skapat seg midt inne
i Landet, der det var store Vatsdrag og Dalføre,
som møttest i ein Os elder eit Aamot; men oftaste
hava dei daa komet upp paa Sjosida, der det var ein Fjord elder Vaag med god Hamn fyre sjofarande
Folk og med store Bygder i Umkverven.
Ei Umflutning av ymse Varor fraa den eine Bustaden
til den andre heve alltid voret ei aalmenneleg
Torv, med di at ingi Bygd kunde vera so fullbergad
med alle Tarvende, at der aldri vardt Spurnad um
nokor Tilførsla utanfraa. Den eine Bustaden kunde
hava god Raad paa Budraatt og Suvl elder paa
Fisk og annan Veideskap, men derimot hava stor
Skort paa Korn elder Treverk og Timber, som Folk
i eit annat Bygdarlag kunde hava god Raad paa.
I slike Tilhøve maatte det laga seg so, at den eine
laut fara til den andre og faa dei Ting, som han
trengde til, og giva nokot jamgodt i Staden. Fyre
det fyrste kunde dei byta den eine Vara med den
andre etter eit visst Maal elder Tal; men med lengre
Samkvæme vardt det Torv til, at Folk maatte hava
ein viss Takster (elder Regel) til aa rekna etter, so
dei kunde vita nokot grannare, kor myket kvar Ting
skulde kosta; og helst vilde Folk hava ein viss Bytemidel,
som kunde gjelda lika godt fyre alle Varor.
Dertil hava dei daa funnet den Utvegen, at dei toko
visse Vegter av Sylv elder Gull til Utmæling fyre
Verdet paa Varom; og slike Vegter (som Pund elder
Mork) hava sidan vordet tilskapade i smaa Plator
med Tal og Merke paa; det er den Ting, som me
kalla Mynt elder Pengar. Deretter kann ein lettaste
rekna Prisen paa alle dei Eignarmuner, som ein anten
skal skifta elder avhenda; og dernæst hava Pengarne
den Fyremunen framfyre annat Gods, at ein alltid
kann faa Varor fyre deim, og at ein dermed lettaste
kann forskylda andre Folk fyre den Hjelp og Tenesta,
som ein ymist kann trenga til.
Med alt slikt Samkvæme, som Folk maa hava til
innbyrdes Beining og Rettleiding, vil det Folket, som
bur i ei Grend fyre seg sjølv, med Tidi verda samanbundet
til eit serskilt Lag elder Samnøyte, so at det endaa kjem til aa hava ymse Ting til Sameiga som
eit Aalmennings Gods. So er det, til Exempel, naar
der skal ganga ein Landsveg igjenom Bygdi, so
kann den Grunnen, som er teken til Landsveg, ikkje
lenger vera nokon einskild Manns Eigedom; men alle
maa eiga honom i Hop. Naar nokre Grender liggja
so nær saman, at dei kunna hava ein Tingstad elder
ei Kyrkja fyre seg sjølv, so verd det eit Samnøyte,
som me kalla eit Tinglag elder ei Sokn. Naar fleire
Sokner hanga nokot saman, so verd det eit større
Samnøyte, som me helst vilja kalla med det gamle
Namnet: eit Fylke. Og naar dei serskilde Fylke i
eit Land era soleides samlagade, at dei alle kunna
hava same Landsrett og same Regjering, so verd
det eit endaa større Samnøyte, som me kalla eit
Rike. Daa kann ein kalla det so, at alle Grender i
Landet era samanbundne til eit einskilt Grendarlag,
og at kvar Huslyd er berre ei liti Grein av ein
einaste stor Lyd, som ein kann kalla Landslyden.
No er det den fyrste Torv i eit slikt Samnøyte,
at der maa vera trygt og fredsamt fyre alle ærlege
Folk, so at ingen heve Lov til aa gjera andre nokon
Skade. Der maa vera ein Landsrett med Tugt og
Refsing fyre alle deim, som gjera Illverk paa annan
Manns Liv elder Gods og Velferd. Alle maa hava
jamgod Rett til aa ganga frie og ukrenkte, so framt
som dei ikkje sjølve gjera nokon Ufred; og lika eins
maa ein og kvar hava sin Eigedom i Fred og sjølv
faa raada yver all den Midel, som han heve fenget
paa ærleg Maate, og som etter hans Fraafall skal
ganga i Arv til hans Born elder Ættingar. Dertilmed
maa ein og kvar hava Rett til aa hava si Æra
uskadd, so at ingen heve Lov til aa ljuga paa honom
og dermed avla honom Skam og Vanvyrdnad, som
han ikkje heve forskyldt. Alt detta er nokot, som
alle vituge og fredsame Folk vilja vera samtykte um;
og difyre vil og eit skaplegt Samnøyte laga seg so, at det alltid heve ein Tilskipnad til Tugt og Age
fyre deim, som gjera Uskil, og til Verja fyre alle
deim, som liva fredsamt og driva sitt Verk paa ærleg
Maate.
Naar det soleides alltid er Torv til, at der skal
vera Log og Rett i Landet, so er det ogso tarvlegt,
at der skal vera Embættesfolk til aa halda Lands�retten i Hævd og til aa greida Sakerna i alle dei
Kivsmaal og Tvidrætte, som ymist koma upp imil�lom Landsens Folk; og dermed fylgjer daa og, at
desse Embættesfolk maa hava Magt til aa driva
Retten fram og tvinga deim, som imot vilja standa.
Men der lyt ogso vera nokot annat, som kann driva
Menneskja til aa temja seg sjølv og vyrda lika myket
um annan Manns Rett som um sin eigen; der maa
vera ein godviljug Vyrdnad fyre Rett og Sanning,
og ein ærleg Hug til aa gjera sin Skyldnad, anten
det so vil falla lett elder tungt. Det er ikkje nog aa
berre vakta seg fyre all den Uskil, som Landsretten
kann døma og refsa; der skulde ogso vera ein Otte
fyre ein Domar, som ser i Løyndom, og som viser
fraa seg alle deim, som leggja Vinn paa Urett. Og
difyre vil det krevjast, at Folk fraa Barndomen faa
Kunnskap um Guds Ord og Guds Vilje, og at der
alltid maa vera Lærarar, som kunna rettleida Folket
og jamlege minna det um denne Kunnskapen. Og
best er det, naar kvar Fader og Moder vil hjelpa
Læraren og sjølv vera Lærar i sitt eiget Hus fyre
den tilveksande Ungdomen.
Di betre Landsretten er vyrd og hævdad, og di
betre Samhelde der er imillom alle Deilder av Riket,
di tryggare kann Riket standa, og di sterkare vil
det vera til aa verja seg mot Urett fraa andre Sidor.
Mest vil det gjelda um eit godt Samhelde, naar
Riket kjem i Strid med eit annat Rike, og eit framandt
Folk vil herja i Landet. Det er syrgjelegt aa
vita, at Verdi, med alt sitt Skrøyt av Framstig og Uppstig, skal endaa ikkje vera komi so langt, at alle
Kivsmaal imillom Rikjom kunde vera avgjorde med
Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men det
er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt
einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at
megtuge Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola
nokon Motburd av sine Grannar. Og so kann det
ymist henda, at eit fredsamt Folk verd innfløkt i ein
Strid imillom andre Rike, so at det mot sin Vilje
maa fylgja med og hjelpa den eine Parten imot den
andre. Og sidan det daa alltid er ein Faare aa standa
verjelaus, so vil Riket vera nøydt til aa kosta seg
Vaapen og Herbunad og Upplæring i Hermannskunst
fyre paarøynande Tilfelle. Det er ikkje nokon hyggjeleg
Tilbunad; men naar det endelege skal so vera,
so er det best aa taka det som ein annan Leik; og
so lenge som det gjeld um aa verja sitt Fødeland,
so er det daa alltid ei Æra aa vera med og hjelpa
til, at Landslyden i minsto kann vinna Vyrdnad hjaa
andre Folk.
Etter alt detta verd det mange Aalmennings-Saker,
som binda Landsfolket saman til eit Bulag elder Sam�eigarlag. Ei Sokn elder Grend fær ymse Sameigor,
som Kyrkja, Skule, Tinghus og dilikt; og det heile
Riket fær mange større Sameigner, som Aalmennings-Marker, Landsvegar, Festningar, Herskip og Hus�bygningar av mange Slag. Og hertil kjem daa all
den andre Fyreskipnad til Hævding av Log og Rett,
til Framhjelp fyre Lærdoms-Verket, til Lette fyre
Umferd og Samferd i Landet, til Umsyn med Aalmennings-Godset og til mangt annat, som dermed
fylgjer. I alle desse Greiner maa der vera Raadsfolk
elder Umbodsmenner, som hava kvar si Tenesta med
Styring og Tilsyn og Rekneskap, so at alt maa ganga
sin rette Gang. Fyrst og fremst lyt Riket hava ei
Regjering elder Yverstyring, som kann hava Umsyn
yver det heile; og dernæst maa dei ymise Deilder av Riket hava sine Raadsmenner, som standa i Samband
med Regjeringi og hava kvar sitt visse Verk
til aa fullføra. Regjeringi kjem dermed i same Umstand
som ein Husbonde elder Fyrestandar, som skal
styra eit stort Bruk og leiga mange Tenarar og
bjoda deim so store Aarspengar, at dei kunna vera
viljuge til aa taka Tenesta hjaa honom. Denne Tenesta
verd soleides ein Fødeveg fyre mange Landsmenner,
og det er endaa ein Fødeveg, som er myket
ettersøkt, av di at slike Embætte alltid giva ei aarviss
Inntekt, medan andre Livsstand derimot era
nokot utrygge, med di at Vinningen er alltid uviss
og stundom kann verda alt for liten.
Desse Ting og mange andre, som høyra med til
ei skapleg Innreiding i eit Rike, vilja alltid krevja
visse Tilkostingar og Utgifter, som alle Landsmenner
maa finna seg i og leggja sin Part til. Slike Utreidslor
kunna lagast paa ymis Maate; det kann vera
Skattar, som verda paalagde med ei viss Utlikning
etter kvar Manns Midlar; det kann ogso vera Tollar,
som era lagde paa ymis Kaupmannskap og Vare�førsla, men som i Verkningi jamna seg til ei aal�menneleg Utgift, med di at Tollen gjerer Varorna
dyrare fyre deim, som kaupa. Daa no slike Utreidslor
verda kravde etter eit Paabod, som ein lyt fylgja
og lyda, anten ein vil elder ei, so vil det ofta verda
etterspurt, um det var nokor Naudtorv til aa leggja
so store Tyngslor paa Folket, elder um ikkje Landet
kunde standa lika godt med mindre Tilkostnad. Men
det er aa merka, at det, som Folket legg ut, er nokot,
som ein kann rekna; men det, som det fær atter fyre
sitt Utlegg, er nokot, som ein ikkje kann rekna ut i
Pengar. Ei god Landsstyring vil alltid trenga til store
Midlar til Trygd og Hævding fyre Landsens Velferd,
som fyrr er umtalat, og til ymis Umbot, som kann
vera til Æra fyre Landet. Og difyre sjaa me og, at
der er nokot so nær den same Tilskipnad i alle Rike.
Til Avgjerd av slike Tiltak og Tilkostingar, som
era alle Mann vedkomande, kunde det synast som
rettaste, at alle Mann skulde vera med og samraadast
um Sakerna; men detta kann ikkje godt ganga fyre
seg, utan berre i eit litet Samnøyte, som ein By
elder eit Tinglag. I eit større Samnøyte (som eit
Fylke elder Rike) fær det helder ganga paa den
Maaten, at nokre Menner av kvar Landsbolk verda
valde av Aalmugen til aa samna seg til eit Landsmøte
elder Ting, so at dei der kunna samraadast um
dei Maalemni, som trenga til Avgjerd. I slike Tingmøte
er det daa dei fleste Røyster, som gjera Utfallet;
det er so til aa skyna, at naar eit Fyreslag
elder Tilraad er framsett fyre Tinget, og dei fleste
Tingmenner (elder ogso alle) samtykkja i Tilraadet,
so er det dermed vedteket og stadfest; men er det
fleire, som segja imot, en som samtykkja, so er Tilraadet
fallet. Med denne Avgjeringsmaaten er det
no vistnog so, at det stundom kann vera mange,
som mislika det Tilraadet, som er framsett, men
endaa faa finna seg i, at det fær Framgang, av di
at dei era for faae til aa fella det ned; og detta kann
ofta vera meinslegt nog; men der er ikkje nokon
annan Utveg, som kann høva betre fyre eit fritt
Folk; og so er der daa alltid ei Von til, at naar dei
fleste faa raada, so vil ikkje Folket faa større Tyngslor
paa seg, en som det kann orka aa bera.
Med den høgste Magti i Riket er det nokot ymislege
tilskipat hjaa dei mange serskilde Folkeslag. I
dei fleste Rike er det gamall Skipnad, at Landet
heve ein Herre elder Hovding med ein viss Fyrerett
fram fyre alle Landsmenner, og at Herredømet gjeng
i Arv i Ætti hans som eit annat Ervegods. Ein slik
Hovding er jamnaste kallad Konung (Kong); i nokre
store Rike er han kallad Keisar, og i ymse smaa
Rike heiter han Hertug elder Fyrste. Men daa Styreverket
i eit Rike alltid vil krevja so myki Umsut og Rettleiding, at ingen Mann kann vinnast yver det
utan Hjelp, so lyt Hovdingen alltid hava nokre
Raadsmenner med seg til aa halda Verket i Gang,
og dermed verd det daa eit Riksraad elder ei Regjering,
som fyrr er umtalat. I sume Rike heve Hovdingen
den høgste Magti i alle saker, so han kann
bjoda og forbjoda som han sjølv vil; daa heiter det
eit ubundet Einvelde. I andre Rike er der ein tiljamnad
Riksskipnad (1), so at nokre Landssaker (som
Logsetning og Skattekrav) verda avgjorde i ei Samning
av Tingmenner, som era valde av Landsens
Folk til Møting og Samraad paa visse tilsette Tider;
daa er det eit avmaatat elder bundet Einvelde, som
er so tilskipat, at Hovdingen og Riksraadet skal
styra i Samraad med Riks-Tinget.
I ymse andre Rike er det so tilskipat, at der ikkje
skal vera nokon Erve-Hovding elder Konung, men
berre ein Formann (Fyrestandar, Præsident), som er
dertil utvald fyre nokre Aar, og som ogso kann
velja seg eit Riksraad, men elles alltid maa styra i
Samraad med eit Riks-Ting, som er valt av sjølve
Folket. Eit slikt Valmanns-Rike er jamnaste kallat
ein Fristat (elder Republik); og daa Magti her er
jamnare og vidare utskift, so skulde ein og venta,
at der maatte vera ein større Fridom og mindre
Faare fyre nokot Ovrike elder Meinvelde. Men der
er jamlege den Uheppa med, at der lett kann verda
Sundring og Tvidrætte anten um Formanns-Valet
elder Styringi; og naar daa den eine Hopen vil
bruka Magt og Meinraad imot den andre, so kann
der snart verda so stor Ugreida, at Folket vil langt
helder hava ein Einvaldsherre til aa hævda Landsfreden
og Landsretten. Og difyre er det og so
mange av dei gildaste Folkeslag, som finna seg best
nøgde med et linnt og lempelegt Kongedøme.
I Storleike og Folketal er dei einskilde Riki myket ulike, og mange av deim era myket større, en eit
maatelegt Rike skulde vera. Det heve ikkje alltid
gjenget so fagert til, at Folket i eit Land kunde
slaa seg saman og velja seg Hovding og Regjering
etter sin eigen Hug; helder heve det ofta voret so,
at ein djerv og megtug Hovding heve lagt Landet
under seg med Hermagt, og ofta heve det endaa
voret ein framand Hovding, som heve trengt seg
inn i Landet og gjort sine eigne Fylgjesveinar til
Herrar yver Landsfolket. Dermed heve det daa
vordet ei Samanhoping av Folkeslag, som ikkje hadde
nokon Skyldskap med kvarandre; og slike Samanstøypningar
hava so ymist gjort ei Umbrøyting i
Tungemaal og Landsbunad, med di at dei undergjevne
Folk hava voret udjerve og etterlaatne og
skapat seg til etter sine framande Herrar baade i
Maal og Bunad, so at dei dermed skulde vinna seg
større Vyrdnad og Gjævleike. Derimot er der andre
Folk, som hava gjætt sine Ættarminne med Truskap
og haldet so fast paa deim, at deira framande Herrar
sidstpaa hava lært av deim og lagat seg etter deim.
Slikt er nokot, som er Vyrdnad verdt; for den Arveluten
av Maal og Minne, som vituge og skynsame Forfeder
hava leivt etter seg, er ein alt for stor Ting til aa
kasta burt elder byta fraa seg fyre eit Skin av Herredom
og Storleike. Og den rette Stormannskapen kann
godt lata seg semja med alle Tungemaal og med alle
meinlause Landsseder.
(1) Konstitution.