Heimsyn/VIII. Um Tilstand i fyrre Tider
←VII. Um Folkeskipnad | Heimsyn VIII. Um Tilstand i fyrre Tider av Ivar Aasen |
VIII. UM TILSTAND I FYRRE TIDER.
I Fylgje med denne Umsyni yver Folkeskipnaden
skulde me ogso hava ei Umsyn yver Folkeminni fraa
dei framfarne Tider; men detta er eit Maalemne, som
baade er ofsa stort og dertil ogso myket ujamt og
glepputt, med di at der heve voret lange Tider og
mange Folkeslag, som me ikkje vita nokot stort um.
Det var fyrst i dei seinaste Tider, at der vardt nokor
aalmenneleg Minneskrift (Historia), og di lenger ein
kjem attertil i Tiderna, di mindre og myrkare er
Minneskrifti. Det var lenge, fyrr en Skrivekunsten
kom upp, og det var faae Folk, som funno paa aa
skriva upp sine Minne, og so vita me og, at naar
Minnesegnerna ganga lenge i Arv og ikkje verda
uppskrivne, so kunna dei lett verda samanvasade
med Misminne elder og so forvende med Dikt og
Skrøyting, at ein aldri kann vita kvat Sanningi er.
Men med alt detta er daa den skrivne Minnesegni
so stor og rik, at det berre gjeld um aa velja ut
dei største og vigtugaste Merkestykke. Naar ein skal
taka alt paa snøggaste Maaten, so verd det berre
nokre faae Ord um dei største Rike og dei frægaste
Folkeslag; men endaa kann det vel alltid vera til
Hjelp fyre deim, som ikkje hava Tilleiding til større
Kunnskap.
Det er gamall Trunad, at dei fyrste Menneskjor
hava livt umkring som 4000 Aar fyre Kristendomen;
men daa der ikkje kann vera nokot visst Aarstal til
aa byrja med, so er det no sedvanlegt hjaa dei
kristne Folk aa rekna Aari baade framtil og attertil
fraa Kristi Fødeaar; det var umkring som tretti Aar
etter at Keisar Augustus hadde vordet Herre yver
det romerske Riket. Den fyregangande Tidi verd
dermed reknad bakleides fraa detta Aaret, so at
Aarstalet verd mindre etter som Tidi skrid fram: til
Exempel: Alexander vardt Konung 336 og døydde
323 f. Kr. (dvs. fyre Krist). Desse fyrste Aartusundi
verda kallade Forn-alderen elder den gamle Æva, og
hertil vilja mange ogso rekna dei næstfylgjande 500
Aar. Dei næste tusund Aar (fraa 500 til 1500) era
kallade Midalderen, og den seinare Tidi er kallad den
nye Aldren (elder Ny-Æva).
Som fyrr er sagt, er det Asia, som skal vera fyrste
Heimstaden fyre Mannætti, og i sydre Bolken av Asia
var ogso dei fyrste Riki, som me høyra nokot um.
Der var det gamle Assyria med Byen Ninive og
dernæst Babylonia med den store Staden Babylon,
som er so ofta nemnd i Bibelen. Lenger i Aust var
store Rike i India og Kina; men deira gamle Skipnad
er oss litet kunnug. Lenger i Vest imot Midelhavet
budde tvau Folkeslag, som vel vaaro smaa i
Magt og Manntal, men som endaa hava leivt eit stort
Minne etter seg. Det eine av deim var Fønik-Folket
(Phønicierne), som gjorde seg vidkunnugt med sine
Sjoferder i Aust og Vest og med ymse store Uppfinningar.
Det andre var Jude-Folket, som merkte
seg ut fraa Heidningom med si reinare Tru um Guddomen
og dei andelege Ting, so at deira Lærdom
sidan vardt ei Tilbuning fyre Kristendomen.
I dei andre Jordbolkom er det dei Landi, som
liggja næst ved Asia, som hava den eldste Minnesegni.
I Afrika var det Ægypten, som var mest
kunnugt, og som myket tidlege var eit stort Rike
med eit Herrestand, som var langt framkomet i Kunst
og Viting. I Europa var det Grækarland inst ved
Midelhavet, som fyrst fekk nokor merkjeleg Minneskrift.
Dei skilde seg i mange smaae Rike, som
stundom laago i Strid med kvarandre, men stundom
og kunde slaa seg saman til ymse store Tiltøkje.
Millom mangt annat er der store Segner um ein
Strid, som Grækarne førde mot Staden Troja i Litle-Asia
(den trojanske Striden); men desse Segnerna
era nokot villsvivande og stydja seg myket til eit
gamalt Dikt av ein Skald, som heitte Homeros. Elles
vordo Grækarne myket namnkunnuge av di, at dei
breidde seg vidt ut yver andre Land og stomnade Nybygder
elder Byar i Aust og Vest, i Litle-Asia og i
Italia. Og mest vidkunnuge vordo dei fyre deira store
Vitsemd og Kunst; for dermed vaaro dei alt i gamle
Tider komne til slik ein Meisterskap, at dei sidan hava
stadet som ei Mynster og Fyresyning fyre andre Folk.
Dei gamle Riki i Asia hadde tidt og ofta Strid
med sine Grannar og stundom ogso med stridsame
Hovdingar i sjølve Riket. Det babyloniske Riket og
ymse fleire kom sidstpaa inn under det store persiske
Riket, som byrjade med Kong Cyrus (560 f.Kr.)
og som sidan i tvau hundrad Aar var det megtugaste
av alle. Det persiske Herredømet tøygde seg
lika til Midelhavet; men dei græske Nybygderna i
Litle-Asia gjorde Motstand og fingo Hjelp fraa Grækarland. Dermed kveiktest det daa ein stor Strid imillom
Grækarland og Persia; men Grækarne varde seg traatt
og herdugt imot den store Yvermagti. Den persiske
Kongen Xerxes (Ahasverus) skal hava ført ein Stridsher
paa tvo Millionar imot Grækarland, men endaa laut
han venda heimatter med Skam og Skade. (480 f. Kr.).
Og Utgangen paa Striden vardt den, at Persarne laut
bjoda Fred og lata Grækarne i Litle-Asia vera frie.
Etter den Tid stodo dei græske Smaariki trygt;
men dei skadde seg sjølv med innbyrdes Strid, med
di at sume av deim, som Athenæ og Sparta, jamnan
traadde etter Herredømet yver dei andre. Ein av
deira Granne-Kongar, Filippos av Makedonia, vardt
ogso inndregen i denne Striden, og den Mannen
visste aa styra det so, at han sjølv vardt Herre yver
heile Grækarland. (338 f. Kr.). Hans Son var den
namnkunnuge Alexander den store, som tok Riket
etter honom. Han tok upp atter den gamle Striden
med Persia og førde Stridsheren sin inn i Asia; der
vann han try store Slag imot Kong Darius, og dermed
gjorde han Ende paa det persiske Riket og tok
under seg alle dei Land, som dertil høyrde. Sidan
vann han endaa fleire Land; men just som han var
i sin beste Uppgang, døydde han braadlege i Babylon
(323 f. Kr.), daa han var berre 32 Aar gamall.
Daa vardt der Strid, um kven som skulde erva det
store Riket, og sidstpaa skilde det seg i try Rike:
Grækarland og Syria og Ægypten.
Vestanfyre Grækarland var ikkje endaa nokot stort
Rike; men so var der daa eit, som lagade seg til
nokot stort. I Midbolken av Italia var ein By, som
heitte Rom og hadde eit litet Rike kringum seg.
Detta Riket hadde fyrst havt Kongar, men sidan var
det umskipat til eit Valmannsrike med eit Riksraad
(Senat) og med tvo Borgmeisterar (Konsuler), som
vordo valde til kvart Aar. Romarne komo ofta i
Strid med sine Grannar, men dei hadde jamnan Vinningen, so at dei smaatt um Senn vordo Herrar
yver heile Italia, og sidan toko dei til aa tøygja seg
vidare. Ein av deira sterkaste Motstandarar var den
rike Staden Karthago, som laag sunnanfyre Sjoen,
men som hadde vunnet myket Land paa Øyom
under Italia. Det kom til Strid imillom Rom og
Karthago, og Romarne vunno. (241 f. Kr.). Det vardt
ein ny Strid, og daa hadde Karthagarne ein Herførar
Hannibal, som gjekk inn i Italia med sin Stridsher
og lagde under seg Landet baade i Nord og Sud;
men endaa vende Striden seg so, at Romarne vunno.
(201). Karthago-Folket leid sidan slik Trykk og
Tyngsla, at det endaa tridje Gongen reiste seg til
Motstand; men daa vardt Karthago lagt reint i Øyde.
(146).
I desse Bilom hadde Romarne ogso Strid paa
andre Sidor, som i Spania og Grækarland og Litle-Asia;
og det er snøggaste aa segja, at dei jamnan
gingo av med Vinningen, so dei nokot um Senn
fingo Herredømet yver dei fleste Land kringum
Midelhavet. Og attaat all denne Striden med framande
Folkeslag hadde dei ogso myken innbyrdes
Strid, so at det stundom hende, at den eine Halvparten
av Riket laut strida mot den andre. I slike
Tilfelle kunde det og henda, at den eine Herføraren
vardt Herre yver heile Riket. So var det med
Sulla (elder Sylla), som eingong var Einvaldsherre
i tvau Aar (død 78). Nokot likt var det med Julius Cæsar (1)
, som elles var ein av dei mildaste og manntydaste
Hovdingar, som Minneskrifti nemner; han
var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han
drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa
var det ein Erving etter Cæsar med Namnet
Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan
var Herre yver Riket i 44 Aar. (død 14 e. Kr.). Han
vardt kallad Augustus og er reknad som den fyrste
Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike
i Staden fyre eit Valmannsvelde. Det romerske
Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver
Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland,
Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det
ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver
«heile Verdi». (Luc. 2, 1).
Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius
(død 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde
si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde
dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag.
Den nye Lærdomen vardt hædd og hatad baade av
Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var
mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru;
men lika fullt breidde Lærdomen seg alt vidare ut
med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor
hadde dei kristne Samningarne vordet so mange,
at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim
vera i Fred.
Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest
namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero (død 68),
Domitianus (død 96) og Commodus (død 192); andre
hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus
(død 117), Antoninus Pius (død 161), Alexander Severus
(død 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra
det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred
av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Keisar,
som heitte Diocletian (død 305), tok seg difyre ein
Med-keisar til Hjelp, og seinare var det fleire, som
gjorde det same; men so vardt der Strid imillom
desse Hovdingom innbyrdes, til dess at ein av deim,
som heitte Konstantin, vann yver alle dei andre og
vardt Einvaldsherre. (Aar 324). Denne Keisaren er
namnkunnug av di, at han samtyktest med det kristne
Folket og sidstpaa sjølv tok ved Kristendomen. (død 337).
Detta var eit stort Umskifte fyre det kristne Folket,
som so lenge fyrr hadde lidet Skjemd og Elting med
Draap og Pinslor fyre si Tru, men som no so braadlege
kom til Magt og Vyrdnad i Riket.
Konstantin hadde flutt sitt Kongssæte fraa Italia
til Grækarland; og ein av hans Ettermenner, som
heitte Theodosius (død 395) skifte det store Rike millom
sine tvo Søner, so at den eine fekk det vestlege
Riket med Rom til Hovudstad, og den andre fekk
det øystre (elder grækiske) Riket med Hovudstaden
Byzantium, som no vardt kallad Konstantinopel. Men
endaa vardt kvart Rike so vidlendt, at det vardt
vandslegt aa møta dei store Folkeskararne, som søkte
inn paa Landet. Alt fyrr hadde ymse germanske og
mest gothiske Folkeslag trengt seg inn i Landet
nordantil; men no var det ogso eit nytt og ukunnugt
Folkeslag, kallat Hunnar (elder Hunar), som
kom innstrøymande fraa Asia, og som sette slik Uro
i dei andre Folkehoparne, at det vardt ei ideleg
Strøyming og Flutning mot Vest og mot Sud, so at
denne Æva er kallad den store Folkeflutningi. Med
Hunnarne vardt det daa ikkje nokon lang Strid; dei
komo rynjande vest yver Landet lika til Gallia; men
der tapte dei eit stort Slag (Aar 451), og sidan drogo
dei seg tilbaka, og daa deira Konung Attila var
daaen, slitnade Riket deira i sunder. Men dei andre
Folkehoparne trengde seg alltid fram paa Sudsida.
Det grækiske Keisardømet stod seg nokorleid imot
denne Trengsla; men det romerske Riket vardt reint yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker,
tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade seg
sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein
gothisk Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var
ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans Ættingar
miste si Magt, og sidan var Italia i lange Tider som
ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist
slogost um Landet og toko snart det eine Stykket
og snart det andre.
Enden paa det romerske Riket er reknad som eit
stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad
Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre, som er reknad
til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no
aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar
av dei germanske elder tydske Ætter (Gothar, Frankar,
Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom
hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit
nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia
vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter
deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. I Britania
vardt ei stor Innflutning av Saksar elder Anglar
(Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kallat
Engelland (elder Anglia). Sjølve Tydskland var endaa
skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet
hekk saman med det nye frankiske (elder franske)
Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste
Rike paa Vesterleidi.
I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang
nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor
Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom
til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg
til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne
fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad
etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom,
og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre
heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e.
Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og
Vyrdnad, og sume av deim, som Gregor den store
(død 604), verkade ogso myket godt til Framhjelp fyre
Kunnskapen og til Utbreiding av Kristendom imillom
Heidningom. Men medan Kristendomen soleides gjekk
jamt fram i Vesterrikjom, fekk han derimot ein stor
Atterstøyt paa Austersida. I Mekka i Arabia var ein
Mann med Namnet Mahomed, som tok seg til aa læra
Folket ei ny Tru, og daa han hadde fenget eit Fylgje
med seg, tok han Landet under seg med Vald og
Vaapenmagt og nøydde Folket til aa taka ved den
nye Lærdomen. (død 632). Hans Ettermenner i Herredømet vaaro djerve og stridsame, so dei foro med
Hermagt yver Landet i Aust og Vest og trugade
Folket til aa taka Mahomeds Tru. I Asia grunnade
dei eit stort Rike med Hovudstaden Bagdad, som
vardt Sæte fyre deira Konung elder «Kalif». I Afrika
toko dei heile Nordsida langs med Midelhavet; derifraa
trengde dei seg inn i Spania og stomnade der
det mauriske Riket, som sidan stod lenge uppe.
Sidstpaa vilde dei og leggja Frankrike under seg;
men den frankiske Hovdingen Karl Martell samnade
ein sterk Stridsher imot deim og slog deim i eit
stort Slag (Aar 732), so dei sidan ikkje torde vaaga
nokot meir paa den Sida.
Ein Son til Karl Martell vardt sidan Konung i
Frankrike, og hans Son var den vidkunnuge Karl
den store (død 814). Han hadde myken Strid, men var
jamnan heppen, so han sidstpaa lagde under seg
heile Saksland og Sud-Tydskland med Halvparten av
Italia og eit Stykke av Spania. Dertil er han og
myket namnfræg fyre si Umsut fyre Log og Rett
og lika eins fyre Kristendom og Kunnskap. Etter
hans Daude losnade det store Riket i sunder, og
hans Sonarsøner skifte det i try Rike, som var Frankrike
og Tydskland og Italia. (843). Tittelen av «romersk
Keisar», som Karl den store hadde fenget,
gjekk sidan i Arv til Kongarne i Tydskland.
I desse Bilom hadde dei nørdste Smaaariki skipat
seg til try serskilde Rike: Danmark, Sverike og
Norig, og den fyrste Konung yver heile Norig var
Harald Haarfagre (død 933). Ymse Smaahovdingar,
som tykte, at det vardt trongt fyre deim i Norderrikjom,
hadde teket seg til aa fara i Kring som Vikingar
med Herjing og Plundring i andre Land, so
at dei vordo ei stor Skræmsla fyre Folket. Ein av
desse Hovdingom vann so stor Magt i Frankrike, at
han tok under seg eit stort Fylke, som sidan var
kallat Normandie og vardt myket namnkunnugt. Elles
var det Engelland, som leid mest av slike Vikingsferder.
Detta Riket hadde no skipat seg nokorleid
vel til og hadde ymse gilde Kongar, som Alfred den
store (død 901) og Athelstan elder Adelstein (død 940);
men Landet fekk alltid Ufred av framande Gjester,
og sidstpaa kom ogso dei danske Kongarne til, og
Knut hin rike lagde heile Landet under seg. Dei
danske Herrarne fingo daa ikkje nokot langt Velde;
men etter deim kom William, Hertugen av Normandiet,
og tok inn Riket og gjorde sine franske Fylgjesveinar
til Herrar yver dei engelske Fylke. (Aar
1066).
Ut imot Enden av det ellevte Aarhundrad byrjade
dei store Herferderna, som era kallade Krossferder.
Det hadde lenge voret sedvanlegt, at kristne Ferdarmenner
foro til Judeland og vitjade Jerusalem og
andre heilage Stader. Desse Ferderna vordo no nokot
kranglege, daa Arabarne etter Mahomed hadde stomnat
sitt store Rike i Asia og dermed ogso lagt Judeland
under seg; men so gjekk det no tollege endaa
ei Tid, til dess at der kom ei ny Hovding-Ætt (Tyrkarne),
som hatade alle dei kristne Ferdarmenner og
gjorde deim alt større og større Forfang. Desse Tidenderna
vakte daa myken Harm i Vesterlandet, so
der vardt ein stor Tilbunad til aa strida fyre det
heilage Landet og taka det atter fraa dei ukristne Valdhavarom. Heile store Folkeskarar drogo aust
igjenom Landi til denne Striden; men ei stor Mengd
av deim gavst upp og fekk sin Bane paa den lange
Vegen. Ein sterk Her av duglege Stridsmenner, med
Hertugen Gottfrid (av Bouillon) til Formann, vann
daa endelege so myket, at dei toko Jerusalem og
sette kristne Hovdingar yver Landet (Aar 1099), men
det nye Riket fekk ingen Fred, og ikkje varde det
lenge helder, fyrr dei ukristne fingo Yvertaket. Seinare
gjekk det fleire store Krossferder vestanifraa;
men alt, som vardt vunnet, gjekk atter tapt, og det
heile vardt berre til ei stor Spilling av Liv og Mannskraft.
I det kristne Kyrkjelaget hadde der nyst fyrr vordet
eit Tviskifte, med di at Bisparne i det græske Riket
skilde seg av fraa Paven i Rom og toko Bispen i
Konstantinopel til Formann (1054). Dermed miste
daa Pavarne nokot av sitt Herredøme; men so vaaro
dei og so myket herdugare til aa auka si Magt yver
dei vestlege Riki. Mest kjende fyre denne Trøytingi
etter Magt og Velde era Pavarne Gregor VII (død 1085)
og Innocentius III (død 1216). Etter deira Fyreskipnad
skulde Pavarne ikke berre raada yver Kyrkja og
Prestestandet, men dei kunde ogso taka seg Løyve
til aa tugta sjølve Kongarne og setja deim av fraa
Embættet, naar dei gjorde nokot Motstand.
Med Kunnskap og Boklærdom var det i lang Tid
myket smaatt i dei fleste Land; men so er det daa
likt til, at dei store Krossferderna til Austerlandet
hava havt ymse gode Fylgjor i Vesterlandet og vakt
ein friskare Hug til bokleg Kunst. Umkring som paa
Tolvhundrad-Talet viser der seg alt eit munarlegt
Uppstig i Vesterbolken, so som i Frankrike og paa
fleire andre Stader, og mange gilde Bøker og Diktarverk
era i desse Tidom tilkomne. Ogso i vaart eiget
Land var der gjort ymse gode Tiltak i boklegt
Verk, og Sogomennerne paa Island hava endaa merkt seg ut framfyre andre med sine meisterlege
Skrifter.
Etter all den Folkeflutning, som fyrr hadde voret,
kom det endaa i det trettande Aarhundradet ein ny
Folkestraum fraa Asia inn yver Midbolken av Europa.
Det var Mongolarne, som fyrst hadde sleget under
seg eit stort Rike i Asia og sidan komo herjande
inn yver Russland og fram mot Tydskland, men daa
umsider stadnade og drogo seg tilbaka. (1241). Russland
vardt sidan lenge standande under det mongolske
Herredøme og kom dermed i stor Vanmagt.
Elles var det fleire Rike, som i lange Tider veiknade
og vanskipade seg sjølve med innbyrdes Ufred
og mest med Strid um Retten til Herredømet. Det
gjekk ofta so til, at naar ein Konung døydde, var
det tvo elder tri Ervingar, som vilde taka Riket
etter honom, og som hadde kvar sin Folkehop med
seg, so det berre galdt um kven som kunde trøyta
lengst ut med Striden.
I dei fleste Rike var det og so, at sjølve Folket
hadde liten elder ingen Aatgang til Riksstyringi,
med di at der alt som vidaste hadde skapat seg ein
Adel elder eit Herrestand, som vilde hava Magti
fyre seg sjølv. Men so hende det daa og paa nokre
Stader, og mest i Tydskland og Italia, at ymse Byar
elder Smaafylke fingo skipa seg til som eit litet Rike
fyre seg sjølv. I Berglandet Sveits vardt det endaa
eit Sambands-Rike av nokre Fylke, som slogo seg
saman til Sjølvverja (Aar 1308) og vaaro heppne
nog til aa verja sitt Sjølvvelde mot dei framande
Herrar, som vilde leggja Landet under seg.
Kongarne av Engelland hadde lenge havt eit Stykke
av Frankrike (Normandiet) som eit Ervegods, og seinare
vilde dei og hava Herredømet yver heile Riket.
Derav reiste der seg daa ein lang Strid (1340), og
ei Stund frametter var det likt til, at heile Frankrike
skulde koma under Engelland. Men sidan vende daa Lukka seg so, at Franskmennerne vunno atter det,
som dei hadde tapt; og den, som gjorde mest til
denne Vinningen, var ei Bondegjenta, den namnkunnuge
Jomfru av Orleans, som tok paa seg aa føra
Stridsheren imot Fienden, daa so mange andre hadde
mist Modet. Uheppelege nog vardt ho fangad av
Fienden og baalbrend som ei Trollkjerring (1431);
men daa hadde hennar Landsmenner alt fenget so
godt Framtak, at dei sidan jamt gingo av med
Sigren.
Det græske Keisarriket hadde i lange Tider havt
myken Ufred baade innantil og utantil; og sidstpaa
fekk det daa og ein Granne, som var det for sterk;
det var Tyrkarne, som ved Aaret 1330 hadde lagt
under seg Litle-Asia og sidan trengde seg inn i Europa
og toko Staden Adrianopel, der dei sette seg
so fast fyre, at all Freistnad til aa driva deim bakleides
var faafengd. Sidstpaa toko dei sjølve Hovudstaden
Konstantinopel (1453), og dermed var det
græske Keisardømet fallet.
Dei nørdste Riki hadde i desse Tider liti Magt.
Den danske Drottningi Margreta fekk Norig og Sverike
til aa binda seg saman med Danmark (Aar 1397);
men detta Sambandet vardt berre til Vanheppa. Sverike
skilde seg fraa og valde seg fyrst ein Fyrestandar
og seinare ein Konung; Norig derimot vardt i
lange Tider hangande fast med Danmark.
I det femtande Aarhundrad var det uppfunnet aa
bruka Fyrvaapen elder Skotvaapen med Krut, og
detta Bruket førde sidan til ein ny Tilskipnad i Herstriden
og Herbunaden. Ei onnor Uppkoma, som
vardt til stor Hjelp fyre den aalmennelege Kunnskapen,
var det, at Prentekunsten umkring som ved
Aaret 1440 vardt uppfunnen i Tydskland og snart
deretter vardt innførd i dei umliggjande Landi.
Ein annan Tilburd, som drog store Fylgjor etter
seg, var det, at Amerika no fyrst vardt kunnugt fyre Folket i Gamle-Heimen. Vistnog var Landet funnet
fyrr; det er sagt, at Folk fraa Kina hadde visst um
det eit Tusund Aar tidlegare; og nokre Hundrad
Aar seinare hadde Folk fraa Island og Grønland
ogso funnet Amerika; men det vardt ikkje so, at
det kom deim til nokot Gagn, og ikkje vardt det
vidare kunnugt helder. Det var fyrst i Aaret 1492,
at ein Mann, som heitte Kolombo, siglde ut fraa
Spania med try Skip og stemnde vest yver Havet i
den Voni, at han der skulde koma til India fraa
Austersida. Det Landet, som han daa fann, vardt
og sidan kallat Vest-India, men elles var det berre
nokre Øyar austanfyre Amerika. Nokre faae Aar seinare
vardt den rette Vegen til India ogso funnen,
daa ein Sjomann fraa Portugal siglde sud um Enden
av Afrika og derfraa i Aust yver det indiske Havet.
Med desse Sjoferdom hadde daa Folket fenget ei ny
Utsyn yver Verdi, og dermed fylgde daa ei stor Forvitna
til aa fara i Kring paa Havet i Aust og Vest
og leita etter nye Land, so lenge til at heile Jordi
var umsigld og alle Sjovegar uppdagade.
Detta Bilet kringum Aaret 1500 er difyre reknat
som eit stort Tideskifte, so at dei fylgjande Tider
til Skilnad fraa Midaldren era kallade Ny-Aldren elder
den nye Æva.
Det nyfundne Landet Amerika var ikkje nokot
audt elder ubygt Land; tvertimot var der buande
Folk baade i Nord og Sud, og i Midbolken var der
endaa megtuge Rike, som Mexiko og det gullrike
Peru-Landet, og der var eit djervt og duglegt Folk,
som var vidt komet i ymis Kunst og Hagleike. Europa-Mennerne hadde ingen Rett til aa taka nokot
Land fraa deim elder gjera deim nokot Forfang; men
til Uheppa skøytte dei ikkje stort um nokon Rett;
dei vilde hava Landet og vyrde litet um Folket; for
dei hadde Krut og Kulor, som dei innfødde ikkje
kjende nokot til. Dei innfødde Hovdingarne laago
ymist i Strid med kvarandre, og detta visste dei framande
Gjesterne aa nøyta so, at dei snart sjølve
vordo Herrar i Landet og kunde fara med Folket,
som dei vilde. Spaniorarne toko dei gildaste Landi
i Midbolken; Portugalsmennerne toko myket av Sud-Amerika; Franskmenner og Engelsmenner toko store
Stykke av Nord-Amerika. Og paa same Tider foro
Portugisar og Engelsmenner ogso paa Austerleidi og
lagde under seg ymse Nylende i Sudhavet og det
indiske Hav.
Den megtugaste Hovdingen paa denne Tid var
Karl V, som var Keisar i Tydskland (1519 til 1556),
og som dertil og ved Erverett hadde vordet Konung
av Spania og Herre yver Holland med eit stort
Stykke av Italia. Til hans Rike i Spania kom no
ogso det nye Landet i Amerika, so det var sagt, at
«Soli gjekk ikkje ned i hans Rike». Men hadde han
stor Magt, so hadde han og myket til aa strida med.
Um Herredømet i Italia fekk han ein lang Strid med
Kongen av Frankrike (Frants I), og um Styringi i
Tydskland fekk han Strid med sine Underhovdingar.
I sine seinare Aar var han myket sjukleg, og difyre
avleet han Keisarriket til Broder sin (Ferdinand I) og
det spanske Riket til Son sin (Filip II). Tvau Aar
seinare døydde han (1558).
Keisar Karl hadde ikkje berre havt Strid um Land
og Rike, men han vardt og uroad av eit Kivsmaal
um Tru og Kyrkjesed. Pavarne i Rom hadde lenge
havt eit Velde, som var til Tyngsla fyre Folket og
til Skræmsla fyre sjølve Kongarne. Bibelen var litet
kjend, og Lærdomen var forvend og umvavd med
mange nye Paabod; og dermed fylgde daa streng
Refsing fyre alle, som mistoko seg elder gløymde
nokot av desse Paabodom. Detta Meinveldet hadde
paa ymse Stader vakt myket Misnøgje. Alt i det
tolvte Aarhundradet var der i Frankrike ein Flokk
(Valdensarne), som traadde etter ein reinare Lærdom og som difyre vardt hardlege trugad og forfylgd.
Seinare var der i Engelland ein lærd Mann, John
Viclif (død l387), som talade imot Paven og raadde
Folk til aa fylgja Bibelen. Nokot slikt lærde ogso
Johan Hus i Bøhmen, og difyre vardt han baalbrend
paa eit Kyrkjemøte (Aar 1415). Men sidstpaa kom
der daa ein Mann, som hadde større Heppa med
seg; det var Martin Luther, Lærar ved Høgskulen i
Wittenberg (i Tydskland). Han vitnade djervt og
fyndugt mot alle Forvendingar i Kyrkje-Læra og
sette sjølv upp ei Fyreskrift til ein betre Lærdom
og Kyrkjesed. Han fekk godt Medhelde, og ymse
Hovdingar hjelpte honom, so hans Fiendar ikkje fekk
Magt yver honom. Fyrr en han døydde (1546), hadde
han daa ogso den Hugnad, at hans Lærdomsbot alt
var innførd i Nord-Tydskland og Holland og dertil
ogso i Danmark, Norig og Sverike.
I det frie Landet Sveits vardt ogso ei Lærdomsbot
innførd (av Zvingli og Calvin); men Lærdomen
var ikkje heilt upp den same, som Luther hadde
sett upp, og difyre vardt detta Kyrkjelaget kallat
det «reformerade» til Skilnad fraa det «lutherske».
I Frankrike fekk den «reformerade» Lærdomen myken
Inngang, men kom ikkje til nokot Herredøme I Engelland
hadde Kongen, Henrik VIII, komet i Usemja
med Paven og difyre skilt seg fraa den romerske
Kyrkja og innført ein ny Kyrkjesed. Dotter hans,
Maria, som sidan fekk Riket, vilde derimot reisa den
gamle Kyrkjeseden uppatter; men etter henne kom
Systeri, Drottning Elisabeth, og i hennar lange og
lukkelege Regjering (1558 til 1603) kom Lærdomsboti
til fullt Herredøme.
I Frankrike vardt det ein stor Strid um Lærdomsskiftet.
Dei, som stridde fyre den umbøtte (elder reformerade)
Lærdomen, hadde mindre Magt og leid
store Tap, og eingong vardt alle deira gildaste Menner
lokkade saman med Voner til Fred og Vinskap,men sidan sviklege yverfallne og drepne i Tusundtal.
(Bartholomæus-Natti 1572). Men med alt detta vaaro
dei endaa mangmennte nog til Motstand; og daa
Henrik IV vardt Konung (1593), fingo dei daa umsider
Løyve til aa halda sin eigen Kyrkjesed.
I Tydskland vardt det alt større og større Tvidrætte
millom det gamle og det nye Kyrkjelaget;
og sidstpaa kom det endaa til ein rasande Herstrid,
som varde i 30 Aar og difyre er kallad Trettiaars-Striden. 1618 til 1648. Nordtydskarne, som stridde
fyre Lærdomsboti, kunde i Fyrstningi ikkje standa
seg imot Keisaren; men fingo sidan stor Framgang,
daa den namnfræge svenske Kongen, Gustav Adolf,
kom deim til Hjelp. Han fall i eit Slag (1632); men
hans Fylgjesmenner sigrade, og daa Keisaren sidan
ogso fekk Strid med Frankrike, laut han umsider
bjoda Fred og lata Lærdomsboti hava sin Gang.
Engelland hadde i desse Tider fenget stor Magt
paa Sjoen og vunnet seg mange Hamnestader og
Nylende baade i Amerika og paa Austerleidi. Nokot
likt var det og med Holland, som under Keisar Karl
V var sambundet med Spania, men sidan sette seg
upp mot det spanske Meinveldet (1579) og fekk Hjelp
dertil av Engelland. I den lange Striden mot Spania
og Portugal vann Holland mange rike Nybygder i
India og Austerhavet.
Engelland hadde ymist fyrr leget i Strid med Skotland, som i lange Tider var eit Kongerike fyre seg
sjølv; men daa Drottning Elisabeth døydde (1603),
var det den skotske Kongen Jakob (elder James), som
var næste Ervingen etter henne, og dermed kom daa
Engelland og Skotland under same Kongen. Engelland
hadde i nokre hundrad Aar havt eit Riks-Ting
(Parlament), som skulde raada saman med Kongen
um Landsens Saker; men det hende so ymist, at
Kongarne fylgde sin eigen Vilje og ikkje lydde etter
Rikstinget. So gjorde ogso Karl I, Son til Kong Jakob; men so vardt der ein Fiendskap, som steig
so høgt, at Kongen og Tinget førde Herstrid mot
kvarandre, og Kong Karl vardt fangad og dømd til
Daude og halshoggen (1649). Sidan var Engelland i
nokre Aar kongelaust, og Herføraren Cromwell styrde
Riket med stor Klokskap men myket strengt og einraadugt,
so at Folket leiddest av «Fristaten»; og daa
Cromwell var daaen, toko dei Kongssonen, Karl II,
til Konung (1660). Etter honom fylgde Broderen
Jakob II; men hans Regjering vardt so illa likad, at
han sidstpaa vardt avsett, og Maagen hans, William
III, vardt teken til Konung (1689). Men daa vardt
der og gjort ei ny Grunnlog med greide Skilvangar
fyre Kongemagti, so at Engelland dermed fekk ein
friare og tryggare Skipnad en dei fleste andre Rike.
I Frankrike var i desse Bilom ein Konung, Ludvig
XIV, som jamnan traadde etter Yvermagt paa alle
Sidor og dermed vakte myken Ufred. Paa sine gamle
Dagar førde han ein stor Strid um Kongedømet i
Spania; det er kallat den spanske Ervestriden (1701
til 1714). Der hadde han baade Tydskland og fleire
Magter imot seg og leid mange store Tap; men paa
Enden fekk han daa sin Vilje fram, so at Sonarson
hans, Filip V, fekk hava det spanske Kongedømet.
I same Tidom var det og ein stor Strid i dei
nørdste Rikjom. Sverike hadde med Gustav Adolf
og etter hans Tid fenget stor Magt og vunnet ymse
Landstykke innanfyre Øystersjoen. Dei næste Riki
tykte detta vera ottesamt; og Kongarne av Danmark
og Polsland og Russland bundo seg saman mot den
unge Kongen Karl XII. Kong Karl var so god Stridsmann,
at han vann paa deim alle i Hop og var
nokre faae Aar i stor Uppgang; men seinare vende
det seg so, at hans Fiendar fingo Yvertaket. Det
Riket, som gjekk sterkaste ut av Striden, var Russland,
som i detta Bilet hadde fenget ein ovlege djerv
og dugleg Hovding, Zar Peter den store (død 1725).
I Nørdre-Luten av Tydskland var der uppkomet
eit nytt Rike, som traadde sterkt etter større Magt
og Landvinning. Det var Prussland elder «Preuszen»,
som eingong var eit Hertugdøme under Polsland,
men sidan vardt sambundet med Brandenburg og
fleire Landstykke. Det hadde fenget Namn av Kongerike
(1701) og kom til stor Magt og Uppgang under
Kong Fredrik II elder den store (1740 til 1786).
Det polske Riket kom derimot i Nedfall. Detta
Riket hadde i nokor Tid voret eit Kongedøme med
den Fyreskipnad, at Landsens Adel skulde velja den
nye Kongen, naar den gamle var fraafallen. Men
detta Kongevalet førde ofta til innbyrdes Strid, og
sidstpaa gjekk det so, at Grannarne, Russland, Prussland
og Austerrike, drogo seg inn i denne Striden
og toko kvar sitt Stykke av Landet (1772). Dei
polske Hovdingarne reiste seg sidan til Motstand;
men dei tapte mot Yvermagti, og daa toko Grannarne
det Stykket, som atter var, og bytte det imillom
seg. (1795).
Engelsmennerne hadde, som fyrr er umtalat, teket
eit stort Landstykke i Amerika, og myket Folk hadde
flutt ut og busett seg der. Dei hadde skipat seg i
ymse Fylke elder Smaarike med kvar sitt Riksting
og ikkje trengt til nokor Hjelp fraa Heimlandet. Daa
no den engelske Regjeringi kravde Skatt av deim,
so vilde dei ingen Skatt giva, og trettan Fylke slogo
seg saman og sagde seg frie fraa Engellands Herredøme
(1776). Dei fingo Medhald av Frankrike og
Spania, so at Engelland fekk Ufred paa alle Sidor.
Og Enden paa Striden vardt daa den, at dei trettan
Fylki fingo sin Fridom og vordo standande som eit
Sambandsrike, som vardt kallat Unionsstatarne elder
dei sambundne Statarne i Nord-Amerika. (Aar 1783).
Det Landet, som no eit Bil frametter vakte den
største Tilspurnad, var Frankrike. Det franske Folket
hadde lenge boret store Tyngslor og var myket misnøgt med si Landsstyring og sitt Herrestand; og i
Aaret 1789 kom det umsider til ei stor Umstøyting (2).
Kong Ludvig XVI laut kalla saman eit Riksting, og
detta Tinget kravde store Avtak i Kongemagti og sette
upp ei ny Grunnlog, som Kongen laut samtykkja.
(1791). Eit nytt Ting var endaa stridare mot Kongen
og Herrestandet. Mange Stormenner hadde rømt
ut or Landet og eggjat dei andre Kongarne til aa
hjelpa Kong Ludvig; og daa det sidan spurdest, at
ein tydsk Stridsher var paa Vegen til Frankrike, so
vardt Kong Ludvig skuldad fyre Samraad med Fienden,
og difyre vardt han fangad og dømd og drepen.
(1793). Riket vardt kallat Fristat, og Kongsmennerne
vordo fangade og drepne i Tusundtal. Desse Tidenderna
vakte Illhug og Fælske baade i Tydskland og
fleire Rike, og store Stridsherar vordo avsende mot
Frankrike til aa hjelpa Kongsmennerne, men dei tapte
i Striden og fingo Ufreden inn i sitt eiget Land. Dei
franske Hermennerne gingo so fast fram, at dei snart
vordo Herrar yver ymse store Landstykke, som fyrr
hadde leget under Tydskland og Austerrike, men som
no vordo umskipade til Fristatar i fast Samband med
Frankrike.
Det vardt elles ikkje rett lenge, fyrr en det franske
Folkeriket vardt som eit Einvaldsrike paa nytt Lag.
Av dei mange gilde Herførarar, som tamde seg upp
i denne Striden, var der ein, som hadde merkt seg
ut framfyre dei andre og vunnet mange store Sigrar;
det var Napoleon Bonaparte. Han hadde sidstpaa
fenget so stor Magt og Vyrdnad, at han vardt Formann
fyre Riket (1799), og nokot seinare vardt han
endaa utropad til Keisar (1804). Det nye Keisarriket
fekk Ufred paa alle Sidor; men Napoleon hadde si
gamle Lukka endaa eit Bil, so han vann alt større
og større Yvermagt. Men sidstpaa var han daa uheppen
og leid store Tap paa ei Herferd til Russland (1812); og dermed fingo hans Fiendar Yvertaket og
søkte inn i hans eiget Land. Han vardt avsett og
utviist or Landet (1814); men endaa kom han atter
og samnade ein ny Stridsher imot Fienden; daa tapte
han eit stort Slag (ved Waterloo, 1815), og so vardt
han avsett paa nytt og utførd som Fange til ein
engelsk Hamnestad paa Øyi Sant-Helena under Afrika.
Seks Aar seinare døydde han.
Daa Napoleon var sigrad, hadde dei Magterna,
som stridde mot honom, fenget slikt Yvervelde, at
dei kunde skifta Land og Folk imillom seg, som dei
vilde; og dermed vardt det daa myken Umskipnad i
Tydskland og Italia og ymse andre Land. Millom
annat, som daa vardt avgjort, var ogso det, at Norig
skulde vera skilt fraa Danmark og lagt under Sverike;
men seinare vardt det daa so tilskipat, at Norig
skulde faa standa som serskilt Rike i Samband med
Sverike (1814).
Av nyare Umskifte kunna me som snøggaste nemna,
at Grækarland vardt skilt fraa Tyrkeriket og gjort
til serskilt Kongerike 1829, at Flamland (elder Belgia)
vardt skilt fraa Holland i 1830, og at Italia umsider
samnade seg til eit heilt Rike 1861. Frankrike
var Kongerike til 1848, daa det vardt umskipat til
Fristat; sidan var det Keisardøme under Napoleon
III fraa 1852 til 1870, og so vardt det Fristat paa
nytt. Um all den styggjelege Ufreden, som elles heve
voret i Tydskland og Frankrike, vilde her verda for
langt aa fortelja.
Eit huglegare Minne er daa dei mange heppelege
Uppfinningar, som era tilkomne i den sidste Mannsaldren.
Fyrst og fremst er det den Kunsten aa nøyta
Eimkrafti til Flutning og Førsla; dermed kom Folk
fyrst til aa byggja Eimskip til Langferder paa Sjoen,
og sidan til aa leggja Jarnvegar og gjera Eimvogner
til Førsla paa Landet. Dernæst kom det upp aa nøyta
Ravkrafti (S. 230) til Teiknestreng (Telegraf) og dermed senda Snarbod fraa Stad til Stad, som er til stor
Vinning fyre deim, som turva Tidender langveges ifraa.
Og dertil kjem daa ei heil Mengd av Drivverk og Maskinor, som era uppfundne til aa letta Tungorka og
dermed spara Tid og Handemagt. Desse nye Uppkomorna hava daa og gjort myki Umbrøyting i ymis
Verknad og Vinneskap; og fyrst og fremst er det aa
merka, at Samkvæmet imillom dei serskilde Folkeslag
heve dermed lettnat og fenget ein Framvokster, som
heve gjenget yver alle Voner.
(1) Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen
«Keisar» uppkomen.
(2) Revolution.