Heimsyn/V. Um Skapningen paa Jordi

IV. Um Jordbolkarne Heimsyn
V. Um Skapningen paa Jordi
av Ivar Aasen
a) Steinriket


V. UM SKAPNINGEN PAA JORDI.
Dei mange Slag elder Kynder av skapade Ting paa Jordi skilja seg i tri store Deilder elder sokallade Rike, som er Steinriket, Voksterriket og Dyreriket. I den fyrste Deildi er slike Skapkynder, som korkje hava Vokster elder Liv elder nokot Slags Innreide og difyre kunna heita reidelause elder uvoksterlege (1) Skapningar. I andre Deildi er slike Kynder, som hava Innreide til aa draga Safter i seg og tilverka Safterna, so at dei kunna veksa og halda sin Vokster i kvar sin eigen Skapnad og Storleike. I tridje Deildi er ogso Skapningar, som veksa og fodra seg, men som dertil og hava Innreide til fullkomet Liv med Rørsla og Nørsla etter sin eigen Vilje. Dei tvo sidste Deilderna hava det Laget saman, at Einingarne (elder dei einlege Skapningar) koma til fraa eit litet Upphav og veksa til ein viss Alder og sidan kunna øksla seg sjølve med nytt Elde av sitt eiget Slag, so at Ætti stend uppe, um Einingen (2) fell ifraa. I fyrste Deildi er ikkje nokre slike Skifte, som kunna vekkja so stor Forvitna; men lika fullt er no denne Deildi som eit Grunnlag fyre dei andre, og difyre synest det vera høvelegt her som annanstad aa nemna fyrst det, som eldst er, elder rettare: det som fyrst laut vera, fyrr en det andre kunde vera.

(1) Uorganiske.
(2) Individet.