Heimsyn/a) Steinriket
←V. Um Skapningen paa Jordi | Heimsyn a) Steinriket av Ivar Aasen |
b) Voksterriket→ |
a) Steinriket.
Til Steinriket høyrer allskyns Jordslag og Grjot og
Malmar; difyre er det stundom ogso kallat Malmriket.
Det skil seg i mange ulike Slag, og sume av deim
era nokot sjeldsynte, medan andre derimot finnast i
so stor Mengd, at dei fylla heile store Vidder paa
Jordi. Nokre Slag liggja samnade i store Floer elder
Veltor, og nokre liggja sundrade i smaae elder store
Klumpar og ofta i smaa Korn, som kunna vera innsprengde
i Klumpar av andre Slag.
Det hardaste og traustaste Telet i Jordflata er det,
som me i dagleg Tale kalla Berg (Stein). Det ligg
utbreidt i Jordi i ovlege store Mugor, og det deiler
seg ogso i mange Slag, som kunnuge Folk hava sine
visse Merke paa; men desse Merki era vande aa
skyna fyre andre en deim, som era dertil upplærde,
av di at fleire ymislege Grjot elder Steinslag kunna
liggja samanmengde i same Berget, so at snart det
eine og snart det andre Slaget gjerer Yvermengdi.
Nokot likt er det og med dei mjukare Steinslag og
Jordkynder, som liggja ovanpaa Grunnberget elder
imillom Berghøgdom; dei kunna og vera samanmengde
paa ymse Maatar, so det er vandt aa skilja deim fraa
kvarandre. Den grannaste Skilnad kann vera gjord
med Sundring og Samanstrjuking elder Smelting, naar
ein dermed kann faa utrøynt, kvat som er det rette
To elder Grunn-tel i alle Steinslag; men dertil treng
ein mange serlege Reidskapar, so at det aldri kann
verda nokon aalmenneleg Kunnskap.
Det vanlegaste harde Bergslaget kalla me jamnaste
Graaberg elder Kamp, og stundom Blaaberg elder
Raudberg (Raudegrjot), naar det heve ein annan Svip
i Liten. Ymse Bergslag, som lata seg kløyva elder
hogga og skjera, era kallade Helleberg, Flisberg (elder Skalberg) og Esja og Telgjestein (Blautegrjot). Elles
er Steinslaget oftaste nemnt etter dei Ting, som Folk
hava brukat det til, so som: Kverneberg, Slipesteinsgrjot,
Bryneberg, Heineberg, Tavlestein og Takstein.
I Bøker, som høyra til Bergkunnskapen, finna me
derimot mange andre og mest berre framande Namn
paa Steinkyndi, so som Granit, Gneis, Skifer, Sandstein,
Kisel og fleire slike; men desse Nemningarne
retta seg berre etter Grunntelet i Steinen, og dermed
fylgjer daa, at det same Namnet kann gjelda um
fleire ulike Ting. Soleides høyra me, at baade Kverneberg
og Bryneberg og Telgjestein er reknat til «Skifer»,
og at baade Kvitestein (Qvarz) og Tinna
(Flint) og Dvergsmide (Krystall) er altsaman reknat
til «Kisel».
Av dei mange ymislege Tel og To, som liggja
innsprengde i Berg elder Jord, er der nokre, som
era finare og seigare en andre Slag, so at dei lata
seg støypa elder forma i ymise Skap og soleides
verda brukade til Smidefang. Dertil høyrer dei tunge
Malmar (elder Metall), som er Jarn, Kopar, Tin, Bly,
Sylv og Gull og mange fleire, som era mindre kjende,
so som Nikkel, Zink, Platin og nokre andre. Til slike
Malmar rekna dei ogso Kviksylv, som merkjer seg
ut fraa dei andre med di, at det held seg rennande
elder sigande som ei Væta. Nokre Malmar lata seg
mengja elder samstøypa med ymse andre Slag, og
paa den Maaten kann ein laga blandade Malmar, so
som Massing og Tambak (av Kopar og Zink), Klokkemalm
og Brunkopar elder «Bronze» (av Kopar og
Tin), og Nysylv (av Kopar med Nikkel og Zink).
Med serleg Tilverkning kann ein ogso gjera Jarn til
Staal og til Blekkplator. Til Manns Bruk er Jarnet
den gagnlegaste av alle Malmar.
Nokre fine Steinslag merkja seg ut med ein serleg
Lit og Glans og verda difyre ofta umtalade som Prydesteinar
i ymse Kunstverk; det er slike som Demant,
Rubin, Smaragd og fleire, som era nokot sjeldfengde
og standa høgt i Pris. Ei fin Steinkynd, som kløyver
seg i tunne glitrande Skivor, og som me kalla Kraakesylv,
er mangstad aa finna, men er ikkje vidare havd
til nokot Bruk. Av dei mange mjukare Steinslag
kunna me nemna Kalkslaget; dertil høyrer Kalk (elder
Limstein) og Gips og Krit, og dertil rekna dei ogso
Marmor, som er myket brukat til ymse Kunstverk.
Nokre Steinslag lata seg brenna og verda reknade til
Kol-kyndi; det er slike som Brennestein (elder Svaavel)
og Rav og Steinkol; og til denna Kyndi rekna dei
ogso Demanten, som elles er det hardaste av alle
Steinslag. Nokre andre lata seg bræda elder tida upp
til Væta, og dei verda reknade til Saltkyndi; det er
slike som Salt, Salpeter, Alun og Svertestein (Vitriol).
Det Steinslaget, som er vidaste aa finna, høyrer
no elles til same Telet, som det faste Bergslaget; og
i Blanding med Steinen er der ymse Kynder av lausare
og mjukare Tel, som liggja utjamnade i store
Floer paa Jordi; det er slike som Aur, Sand, Leir,
Torv og Mold. Av desse Jordkyndom er det Moldjordi,
som er vidaste utbreidd, og som dertil ogso
heve det største Verdet fyre Grasvokstren og Skogvokstren.
Ein kann endaa segja, at liksom Jordi tenar
til Fodring fyre Vokstren, so tenar Vokstren ogso til
Fodring fyre Jordi, med di at alt Avfall av visnad
og uppmorknad Vokster vil smaatt um Senn skapa
seg um til Mold og mengja seg med den underliggjande
Jordtorva.
Bergkunnuge Folk gjera Skilnad paa eldre og yngre
Lag i Jordbotnen, so at dei deila Grunnen i try store
Lag, som er Grunnberg og Fletberg (1) og Tridjelag (2),
og dernæst lata dei det lause Jordslaget fylgja som
eit Tillag ovanpaa. Desse Lagi skilja seg stundom i fleire Floer, og paa sume Stader kann det vera
mange Floer fraa Grunnen og upp til Jordtorva; paa
andre Stader kann Grunnberget ganga heilt upp i
Jordflata og endaa stiga i Høgdi som store Fjell.
Paa sume Stader kann eit Bergslag vera fullt av
Smaafloer elder Millomfloer av eit annat Grjot, som
me kunna sjaa i ymse Bergbrot, som hava heile
Rader av slike Millomfloer, so at dei visa seg mest
som Gaarar i Tre elder som Render i ein Vev. Ofta
høver det og so til, at desse Gaararne halla upp og
ned, so det er mest aa sjaa til, som um Berget
hadde eingong voret blautt og bøygt seg upp og
ned, som Baaror paa ein Sjo, og so sidan storknat
i Hop og hardnat til. Og der er ogso fleire Likinde
til, at det eingong heve voret store Umskjeplingar i
Jordi, fyrr en ho fekk sitt fullkomne Skap; men kor
det elles heve gjenget til, er vandt aa vita. Derimot
er der ymse Umskifte i det øvste Jordlaget, som era
lettare aa skyna, so som at Jord og Stein heve siget
lenger ned ifraa Bergom, at Vatnet heve gravet seg
djupare Rennor, og at Øyrarne elder Grandarne i
Elvosom hava lagt seg lenger ut og vakset til av
Sand og Gyrma, som Elvarne føra med seg. Slike
Tiljamningar paa Jordi kunna ganga fyre seg endaa;
men dei ganga so seint og smaatt, at me ikkje merka
nokot stort til deim.
(1) Etter det tydske Flötzgebirge. Flötz er ei Flata elder Flo; eigenlege
det same som vaart gamle «Flet».
(2) Kallat dei «tertiære» Lag.