Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 1-5).

De va ei Gjente som eitte Aaste, ei nausin Gjente; ho va rundlagd aa rau som ein Blome, aa alle syntest dei godt um henne. Um Sumaren va ho paa Støle me Mor sinar[1]. So va de ein Kveld, at ho skulde gaa aat Fjelle ette Kyro, aa daa ho va komi burt me Haugo, møtte de henne ein Fremandkar, han va so sin aa gresk[2], at ho alder hadde set so fin Gut fyrr; han hadde stora Sylvspenno i Skono, de glittra i Skaalo aa Bello, aa greskje Hengsleknappa hadde han baade i Trøyunn aa i Veste. „Kom aa bli mæ me du, du e so fin,“ sa’e han te henne Aaste. „Aa nei e faar nok inki bli me de“ svara hona, „du har før langt heimatte te di.“ – „Jau du lyt endele vera me, e bur nemmar de en du trur,“ sa’e Fremandkaren. „De e ’ki sannt,“ sa’e ho Aaste, „e kjenne vel Gutadn paa dei nemmaste Stølo; no lyt e gaa;“ – „Du faar bli me likevæl,“ sa’e Karen, aa so tok han Hatten sin aa svinga han trjaa Gaange over se i Vere, aa daa ho Aaste, vart stird[3] um se, støndo dei i ein stor fin Gard; alle Huse voro blaamaala aa høge aa brei’e, so de kunna vore paa ein Kungsgard. Guten tok daa ho Aaste i Hønde aa vilde lei’e henne inn. I Dørenn sto de ein gamall Mann, de va Far aat Gute, aa han sa’e, „du e vælkomi inn, men ille kjem du utatt.“ – „Ver inki rædd,“ sa’e Guten, „de e berre ei rau Jødnstaang, som dei kaste ette kor einaste Kristenmanns-Sæl som gaar utatt, men du ska skvette snøggt tesi’is aat høgre Dørski’unn, trast du kjem ut over Dørstokken, so naar ho de ’ki.“ No vaagde ho Aaste se te bli me inn, aa ho vart no gildt mottaki daa maa veta, skile som ho hadde kome aat eit Gjestebø. De va mange Folk inne baade unge aa gamle, sume nau’ande fine men sume fælande stygge.

Mor aat Gute fulde henne rundt umkring i allo Stogo aa Klevo aa synte henne alt som fannst; de va fullt me Sylvstaup aa ann’ Sylvstas i allo Skaapo aa Gjøymslo, aa de laag store Hauga me alleslags rare Dvergasteina[4]. Dei toko no te aa ha paa Tale, at ho skulde vera der; men daa tok ho Aaste te aa graate aa vilde springe utatt, men Guten tok henne att paa Dørstokke, aa daa ho no saag, at de va Ølvøro, at han vilde gifte se me henne, so slo ho se te der, taa di ho syntest, at gildar Kar kunna alder bli tebø’ands hennar. So vart de laga te Bryllaups, aa de vart drøkke baade væl aa lengi.

Mor aat Gjentunn vart no ille ve kann ein tenkje, daa ho Aaste ’ki kom att. De vart leitt ikringo alle Haugo aa Hovdo[5] dei krossa alt som va baade Mjølkespønne aa Silingkjørølde; dei sette Tjørokross over Selsdøre aa Fjøsdøre aa i Skallin paa allo Kyro; dei segja endaa, at dei ringde ette henne, aa at Presten va der; men de hjølpte ’ki ei Dust.

Seint ein Kveld um Veten, daa de hadde li’e over Aare, kom de kjøyrandis ein Mann heim i Garden te Foreldro hennar Aaste, han hadde svart Hest aa den so spræk, at de fannst ’ki Make te hono i Bygdenn, aa Sle’in va ogso umfram. Han gikk inn aa helsa aa sette se paa ein Stol. More laag te Sængs taa Sorg, men Faren skrangla paa Føto, endaa han va ’ki stort likare han. Daa Fremandkaren hadde faatt Øl drikke, sa’e han: „de undrast væl, kor de e vorte taa henne Aaste de, men de staar væl te me henne, e ska helse dikkan ifraa henne.“ „Nei kjære – kor e ho Aaste no daa?“ sa’e More; ho tok te graate taa Gle’e, aa de va ’ki fritt anna ell Faren ogso støkk[6] Taare. „Ho Aaste e hjaa me hona,“ svara Mannen, „de sko ’ki syrgje; Lykka hennar e større en de hava Vet paa; men no vil ho gjedne faa tala ve Mor sinar; e du go te krusle de, upp aa bli mæ me?“ No skynte dei ko Mann de va, men dei løto vera gla’e likevæl, ja More va so gla, at ho fauk upp som ei ung Gjente, gikk paa Lofte aa tok paa se Kyrkjeklæ’o sine. Faren va nok huga te aa vera me, men de va ’ki Raa te di Mannen balla Vermore godt inn i Sle’afelden, aa so bar de taa Garde i dragandis Renning. De va ’ki lang Ri’e so stana dei i ein blaamaala Gard. „No faar du sjaa inn te Døtte dino“ sa’e Mannen, steig taa Mei’o. Daa ho kom inn, laag ho Aaste i Barsæng, aa ho va so sin, at ho alder hadde vore so sin fyrr, syntest More, ho gret so sæl va ho. Aa Sængi va no so gresk maa veta me Blaajo[7] aa Tæpen, at ei Prinsesse kunna alder liggje i finare Sæng. More laut no bli der aa sjaa te rettis me henne. De va ’ki lengi fyrr ho aatte ein stor aa fin Gut; „so vart e Go’mo’ likevæl e,“ sa’e ho Gamle. Hona vilde lesa over Baadne, men ho fekk ’ki Løv. „Du ska ’ki koma her me Gudsord,“ sa ho Aaste, „slikt leva me føruta.“ Ho Gamle syntest detta va villt, at ’ki Baadne skulde bli kristna, men daa ho saag, ko væl dei levde, aa ko sæle dei voro taa di soleine som dei hadde de, so laut ho ’ki taka se Sorg fere likevæl. Den unge Mannen va no so reint snill maa veta aa benkasam[8] aa venle imot Kjeringenn sino, so de va godt aa sjaa de. Ho kom se att fort, aa so vart de Gjestebø; Barsøl daa likesom, aa Baadne fekk so myki Gaavo baade taa Gull aa Sylv, at de kom no inkit te aa vante di Leiko. Ho Gamle fekk ogso manga Gaavo, daa ho skulde reise heimatt. „No ska du inki ottast aa syrgje før mi Skuld,“ sa’e ho Aaste, daa ho sto atte inni Kleva me Baadne paa Arme aa skulde be’a farvæl me Mor sinar, – „e har de so godt, at e vilde ’ki byte me nokon. Men nær vesle Guten min bli so stor, at e faar sett han aav, so ska e koma te dikka som snøggast aa sjaa te dikka, men alder før aa vera. Lykka ska fulgje dikkan baade heime aa paa Støle, aa de ska synast paa Sumardraatte, at de era komne i go Skylde.“ No skildest dei, aa Maagen skjussa ho Gamle heimatt; ho va ’ki lengi paa Vegi; de gikk like so fort som daa ho reiste.

No e de ’ki meir te segja um Foreldro hennar Aaste, enn at dei levde godt aa vorto gamle; alt treivst gildt hjaa dei, aa Rikdom vart de so fort, at dei visste ’ki kor han kom ifraa. Ei Gaang um Veten kom ho Aaste te dei. Daa ho va komi te Bords, løto dei skrapa Krossen taa Smørstette, fyrr ho torde eta. Ho va der nokre Daga, men daa tok ho te aa ilengjast so ette vesle Gute sino, – ein veit koss de e me unga Møra – at ho laut reise att. Men um Sumradn, nær Mor hennar va paa Støle saago dei ina’n ofto.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. soleides i Uppskrifti her og fleire Stader. Elles synes Dativformi aa vera “sino, mino“ o. s. v. i alle try Kyn.
  2. gild.
  3. kom til aa sjaa. I Fyretidom hava dei væl sagt: henne vart stirt; jf. gamalnorsk: honum varð litit.
  4. Bergkrystall.
  5. eit Hovda, ei Høgd.
  6. fella Taarer.
  7. soleides i Uppskr. Bleior, Lakan.
  8. hjelpsam.