Segner fraa Bygdom I
Landsmaalet skulde vera likt ei Aa, |
Den fyrste Luten av desse Segnom, „fraa Valdres,“ hever Samlaget fenget fraa Hr. Student H. Hande, som hever skrivet dei upp i si Heimbygd vestre Slidre. Samningi hans hadde alt voret ætlad til Utgjeving fyre nokre Aar sidan, men so høvde det so uheppeleg, at Forleggjaren til Boki vardt busliten; Trykkingi stadnade, og imedan kom det burt ein stor Lut av Uppskrifti. Samlaget vardt sidan Eigar av det, som var atter; men detta var for litet til ei serskild Bok, og me totte det var høvelegast aa lata det koma saman med nokra andra Segner me hadde liggjande. Det var ymist i Skrivemaaten som me vilde hava umbrøytt; men Uppskrivaren var inkje i Byen, so at me inkje hadde Heve til aa samraadast med honom. Etterat det alt var teket til med Trykkingi, fingo me vita, at han kunde faa uppatterskrivet det, som fyrr hadde komet burt; men daa detta kom fram, var det alt trykt try Ark – eit Stykki inn i Segnerna fraa Hallingdal; – og me saago inkje onnor Raad en aa setja det, som me sidst hadde fenget fraa Valdres, fyrst og merka Sidorna med romerske Tal. Det var ymse Avbrigde i Skrivemaaten, som Forteljaren inkje vilde samtykkja i, og difyre er det nokon Skilnad i detta Stykket millom Segnerna S. I–LV og S. 1–39. Skulde daa Valdresarne tykkja, at det er ymist, som inkje høver so grannt etter deira Uttala, so fær Samlaget taka Skuldi paa seg.
Um Uttala er det merkande, at k og g laata mjukt fyre i og y, Ex. kinne, Kyrkja, gift, gyne; men det er Undantak med Substantiva masc. paa ge og ke; i dei laata g og k altid hardt, som Omage, Omag’in, Bakke, Bakk’in, Hage, Hag’in. Nær k og g laata mjukt fyre e, er det skrivet kj og gj. – Open o læter javnast som ø: og al som æl, nær ein annan Consonant fylgjer etter l, som, Mælm, Hælm, Sælm, hælv, Kælv, hælt. Soleides ogso i Vang. – Infinitivendingen e læter som i etter kj og gj, Ex. tenkji tyggji, og det sama gjelder um e som Samansetningsvocal etter kj og gj, Ex. Ryggjitak, Kyrkjigard.
Det er komet inn nokre Mistak, som me serleg ljota beda Lesaren retta; Sida 33 Rad 13 og 14 ovan stend, Si’e, fyre Su’e (Su = Sida); Sida 34, Rad 16 ovan, han ska ’ki seta væl taa di, skal vera, han ska ’ki sita væl taa di; Sida 35 Rad 11 nedan, laag i Lego, fyre, laag baadnklen; Sida 37 Rad 11 nedan, vil e ’ki gjera uppatt, fyre, vil e gjera uppatt.
Ordtydingarne ero attvedsette av den som hever fyrestadet Utgjevingi og etter Upplysningar av Forteljaren um ymse Ord, som inkje ero aalgjengde.
Hallingsegnerna ero uppskrivna av Sander Rø’o, Eirik Sand, Guttorm Kaupang og Olav Solheim. Bryllaupsskikkidn i Aal og Bjødnen paa Smettbakstøle ero av Skulelærar H. S., han hever inkje sett meir en Fyrebokstavarne sine under. Eit Festarøl og ait Gravarøl hava fyrr stadet i „Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie“ 4de og 5te B. Desse Stykki vaaro innsende fraa Soknarprest Caspar Hansen, og han hever medgjevet Vitnesmaal um, at dei ero skrivne av Hallingar. – Det er nokot Aatskil i Uttala millom Hole og Aal, med di at i Hole læter ei som ai og open o og javnan aa som ø; men i Aal læter det ei og rein o og aa; Ex. Hole, gødt, difør, kømin, kvørven, Børu; Aal, godt, difor, komin, kvorven, Baaru (Bylgja). I dei fyrre Søgnom stend jamt, difyr, tvaa, kaa; men det er rettare etter Uttala (i Hole) aa skriva, difør, tvo og ko. – Dativ av ho skal heita henna eller hena; ifraa Aal er uppgjevet baada henna og henne. Genitiv av dei heiter deires, daires i Aal og Hole; dairre skal høyra heime i Torpo. Nær (ner) og naar brukast ymist.
Av Segnom fraa Gudbrandsdalen og Gausdal hava „Brure fraa Ransverk“ og „Huldergarden paa Glombakka“ fyrr stadet i „Folkevennen;“ Forteljaren kallar seg Stein Fjellheim. „Jutulen i Holbergje“ er fortalt av O. Kjenslie, likaso i „Folkevennen.“ „Anne Kleppe,“ „Stasdakkjen“ og „Jutulen i Prestbergje“ hava stadet i „Dølen.“
- Februar 1871.
Sida | 6 | Rad | 9 | ovan, | dai | skal vera, | dei. |
– | – | 1 | nedan, | ko | – | kor. | |
– | 7 | – | 1. | – | vante | – | vanta |
– | 9 | – | 9 | – | tvau | – | tvo. |
– | 10 | – | 10 | – | kunne | – | kunna. |
– | 12 | – | 4 | ovan, | tye | – | betye. |
– | 14 | – | 3 | – | sto paa | – | paasto. |
– | 15 | – | 17 | – | se | – | si. |
– | 17 | – | 6 | – | meine | – | meina. |
– | 22 | – | 13 | – | skik | – | slik. |
– | 23 | – | 4 | – | framum | – | um. |
– | 30 | – | 4 | nedan, | meine | – | meina. |
– | 33 | – | 13 og 14 | ovan, | Si’e | – | Su’e. |
– | – | – | 13 | – | alle | – | alla. |
– | – | – | 15 | – | Tekn | – | Teikn. |
– | – | – | 7 | nedan, | Rossbugen, | skal vera, | Røsbugen. |
– | 34 | – | 16 | ovan, | seta væl | – | sita sæl. |
– | 35 | – | 11 | nedan, | laag i Lego, | skal vera, | laag baadnklen. |
– | 37 | – | 11 | – | vil e ’ki gjera uppatt, | skal vera, | vil e gjera uppatt |
– | 38 | – | 11 | ovan, | smaae Pjoko, | skal vera, | smaa’a Pjoko. |
– | 46 | – | 2 | nedan, | flaugsa, | skal vera, | flangsa. |
– | 48 | – | 13 | – | se | – | si. |
– | 72 | – | 7 | – | Nræ | – | Nær. |
– | 85 | – | 4 | ovan, | me | – | men. |
– | 106 | – | 9 | – | vere | – | vera. |
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ Wikikildens note: Mangler i originalens innholdsfortegnelse.