Presten som kjøpte se Gli’a

Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 22-23).

De va ei Gaang ein Prest, som skulde aat Kyrkjunn aa messe, men han hadde so klen Hest te aa ri’e paa, at han kom mest ikki taa Flekki, ko han skreik aa spende aa nødta paa han. Daa han va komin eit Stykki paa Veg, saag han ein Mann som sto aa kokte Tjøro aat Baate sino. „Ko e de du vil hava detta te som du har i Grytunn?“ spurde Presten. „E vil hava de aat Baate mino, te at han ska gli’e bære,“ sa’e Mannen. „Kann du ’ki læta me faa kjøpt noko taa sama Slage aat desse Fillegampe mino?“ sa’e Presten. „Jau de va Raa te di daa,“ sa’e Tjørokaren, –“ „ko myki vil du hava?“ „Før aatte Skilling,“ sa’e Presten. Mannen tok ei Fille aa dytte ho ne i den kokandis Tjørogryta aa smeiste ho innunde Rova paa Filleheste. Aa jau, no bar de i Vegen, so de va snaudt Presten va go te hange paa. Daa han kom aat Kyrkjunn, vilde ’ki Hesten stane men rende um me Preste. Kyrkjeaalmugin undrast paa detta aa strøymde ut aat Vegi; men Presten skreik aa rei. „Prottabia! prottabia! e kjøpte me Gli’a, for aatte Skilling; de hadde vore nok før fire.“ E ’ki Fillegampen stupt, so ri’e væl Presten enno.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.