Haugabru’e
De va ei Gjente som eitte Anne; ko Gard ho va taa kann e ’ki visst segja, den eine nevne ein Gard aa den are ein ann’. Ho va Einbenn[1] aa skulde hava Garden ette Far sino. Ho va so oversle fin denna Gjenta, maa veta; ein fekk leite ette Maka hennar baade i Vang aa i Slidre aa langt utigjeno Aurdal ogso. Nett va ho voksi, de va skile som ho hadde vore spikka, aa friskdæmd va ho som ei Soløye; kor ho gikk, so fulde de eit Tekke me henne, so at alle som saago ho fingo godt te henne. Snill va ho baade mot fatik aa rik, inki va ho taa dei som tala ette alle Snota[2], aa vilja vera burga aa lauta; aldri høyrde nokon ho kve’a paa Rekarviso[3] ell bruke Ordtøkjo; men te aa syngje fina Viso fannst de ’ki hennar Make. Alle dei gildaste Gutadn i Bygdenn hadde fritt te henne, men ho vilde ingin hava. Ho fekk Illelæte taa Far sino, førdi ho jaga nefere alle som komo, men de hjølpte ’ki. „E undrast ko de bø’a de e,“ sa’e Faren te henne, „du faar væl bli ei Attegløyme teslutt.“ „De kjem nok den e ska hava,“ meinte ho Anne. „De e Skam aa mismæta[4] so gilde Guta, som era tebø’ands de,“ sa’e Faren. „E mismæt ingin, e synest skile godt um mange taa dei, aa res du vil truge me te aa gifte me, so faar e taka han Thor uppi Garde.“ Men Faren hadde ’ki Hug te truge henne; han tenkte, at de laga se væl me go’o.
Um Sumaren skulde ho vera paa Støle i Melønn’n[5]. Daa ho hadde vore der nokre Daga, vart de reint a’leis me henne. Kor ho gikk aa ko ho tok se fere, so va ho so illhuga, aa Hjarta slo so, at Bringesulgjudn singla; um Natte gret ho i Svevne aa um Dagen gikk ho me ein Otte i se, so ho visste ’ki si arme Raa; ho prøvde vera gla men ho va ’ki go te. So va de ei Natt ho laag i Halvsvevne; daa høyrde ho de kom nokon ri’and, de dunde i Jord’n aa de skrangla i Ringaskono. Ho visste ’ki Ord taa, fyrr de sto ein sin høg Kar framafore Sængjeskørenn. Han va so uppstrøkin maa veta me gresti nye Klæ’o so de glima taa hono. Han tek ho Anne i Hønde, aa so sette han se paa Sengjeskøre aa tala te henne. „E ha set de te kor Dag,“ sa’e han, „baade nær du ha lokka te Mednis[6] aa aat Langøktenn; e ha alder høyrt nokor Budeigje hulle Bulaattadn finar en du, aa e ha alder set nokor som ha trø’e nettare paa Steinadn en du, nær du e i Fjelle. E ha stunda ette aa faa tala ve de, men e kann inki koma te de fyrr kurrast Natt.“ Dei tala myki samen, men Sumarnatte e stytt. Nett som de va reiste han se upp, – „no kreta Fugladn,“ sa’ han, aa so va han burte; men han gikk ikki igjeno Døre. Ho høyrde han rei sin Veg i dragandis Tan, so de dundra i Jord’n; men daa de lei um ei liti Ri va de like kurt. Graaten kom att, aa ho sovna me Taaro paa Kjako. Soleine gikk de Natt ette Natt. Ho Anne misste Dæme, vart bleik aa mjaa. Men i nemmaste Sele va ei gamal Kjering, som eitte Guro, ho saag, at ho Anne kom otor se[7], aa at ho fall i Tanka, nær ho tala te henne. „Ko e de som e de daa, Gjente,“ sa’e ho Guro, „de e grove Spøk ko du fer ille.“ „Aa de e me ingin Ting,“ sa’e ho Anne. „De e ’ki verdt du dylgje di,“ sa’e ho Guro, „men e skyne de nok; de e noko som hange ette de; men du ska ’ki læta dei faa Magt me de.“ Ho Anne laut no fortelja koss de va me henne, aa ho løynde ingin Ting. Ho Guro gav henne den Raa’e, at ho skulde lesa Fadervaare trjaa Gaange me lykt Munn baade um Morgon ve Dugurdsbel aa um Kvelden, aa so skulde ho leggje Salmeboke si unde Huvugjerde; detta skulde ho gjera trjaa Daga ette hinann’, so skulde de ingin Fare ha. Ho Anne vilde gjera ko de skulde vera, res de kunna muna noko, so at ho kunna bli kvitt dei saare i Otta, ho gikk me før Bringunn. Sama Kvelden tok ho te aa bruke Raa’e, aa den Natte sov ho role. Dagen ette syntest ho, at ho hadde besna; ho hadde lettna myki før Hjarta’e. Men are Dagen va ho skile sæl, aa dei lei’e Tankadn voro reint burte. Tre’a Morgon vakna ho taa ein fælande Bjølleraml paa Kven’n. „Ti no!“ tenkte ho Anne aa spratt upp, „e meina de e Trøll hjaa Krøtero.“ Ho kasta paa se Klæ’o aa sprang ut. De va ’ki anna ell ein stor brandutt Ukse, som va komin inn paa Kvene aa helt paa aa masa aa dreiv paa Kydn. Kvele’e va att, aa Garden va høg, so de va ’ki godt aa skyne koss Uksin va komin inn; men ho laut no sjaa te aa faa jaga han ut att. Ho tok se ein stor Svulk, men Beiste va ’ki rædd; han reis upp aa Bakfotadn imot henne aa belja, men han stanga ’ki; de va ’ki Ølvoro hass. Han sparka i Jorde so Molde dreiv. Eit slikt Uksevyrki hadde ho Anne alder set; han va so feit aa stor, at de va skile likle, aa so slett va han, at de glittra i Haaro, aa brandutt va han ifraa Øyro aa ne i Klauvidn. Ho fekk han daa utatt teslutt; men me di sama han va komin ut um Le’e va han huld, so at ho alder saag Liknils ette hono meir. Daa ho hadde stande lite aa undrast paa detta, sprang ho innatt ette Stuto aa Mjølkesponno; so gav ho Kyro Salt aa mjølka aa lokka. Trast ho va komi innatt, hadde ho uppaa Brestingkjelen[8], aa no fekk ho so annsamt me aa breste aa kinne aa buskapa, at ho gløymde aa lesa. Stundo slokkna de reint unde Kjele, stundo logabrann de uppme Bradde, stundo fauk de Føne[9] ne paa, stundo va de Gjeita i Jorde, – ra’e va de noko aa springe ette. Daa Kydn komo i Soglingenn[10], hadde endaa ’ki ho Anne lese. No mjølka ho Kydn aa sette dei paa Kvene, aa no hadde ho daa gjort ifraa se altsama, so ho kunna faa ei liti Ti te aa lesa aa syngje ein Kveldsalm. Men daa ho skulde taka Boke ne taa Hyllunn, vart ho stird ut igjeno Glase; daa vart ho vare, at Gjentudn paa Støle hadde flokka se isamen paa ein liten Fet trast utafør Jordisgarde; der heldo dei paa aa dansa aa leikte, aa ei gamal Kjering sat paa ein Stein aa slo paa Hørpa. So trøytt som ho va, stakk de henne, at ho hadde Hug te aa vera me; so lett aa glad, som ho idag va, hadde ho ’ki vore paa lengi; aa svinge se aa dansa me dei are Gjento ei Stund utover ljøse Kvelden, de skulde vera myki so morosamt. Ho va ’ki lengi aat, fyrr ho va burte paa Fete hjaa dei; men so som den Kjeringi kunna laate paa Hørpa, de va reint makalaust! Ho va ’ki go te staa still aa høyre paa; ho laut vera me aa danse aa snu se aa kverve se me hino Gjento, aa dei slutta ’ki, so lengi Kjeringi va go te laate. Men ho vart daa trøytt teslutt, aa so spurde ho paa Hopen, kem som vilde laane henne Hus. Ingi taa dei hadde set henne fyrr, men ho Anne hadde alder nekka nokon fatik Stakkar Hus fyrr, aa inki gjorde ho de no heldan. Kjeringi vart me henne inn; dei kvelda tesamen, aa si’a la’e dei se. Men Kjeringi fekk alder Hovdegjerde te Lags aat se; ho grov aa skubba, aa ve de reiv ho burt Salmeboke, som laag unde Hovdegjerd’n, aa no tok ho te aa fortelja Æventy so de alder fekk Ende, aa ho Anne hadde ra’e vore so dan[11] ette Æventy; ho høyrde paa te ho sovna. Midt paa Nattenn vakna ho taa di, at ho høyrde Haugakaren kom ri’andis. Daa ho slo upp Augo, va Fatikjeringi burte, aa Karen sto framafør Sængenn. „Du ha vore hard imot me du,“ sa’e han, „e ha re’e rund umkring Sele i trjaa Næta aa inki kunna koma inn. Men no kjem e te de sidste Gaange aa no lyt du vera mæ me. Du ska ’ki vera rædd; fint ska du faa de aa godt ska du hava de so ingin kann hava de bære.“ De va ’ki ønnor Raa, ho Anne laut bli me; men de gjorde henne ’ki so reint illt endaa, for ho likte Karen godt, aa hadde han vore eit kristna Menneski, so hadde ho ingin heldan vilja hatt. Daa dei komo ut, sto de tvo svarte Hesta bøndne i Trøngarden. Den eine va de Kvendfolksa’l paa, aa den va so ny aa fin aa mjuk, at de va morosamt aa sita i hono, aa Sa’lknappadn glima i Myrki’e som Stjerno. Haugakaren tok ho Anne um Live aa lyfte hona upp i Salen, si’a svinga han se sjøl upp aa hin Hesten, aa so ri’o dei. De gikk fort men linnt aa lett, ho kunna ’ki skyne, at Hestadn rørde ve Jorde; de va skile som ho hadde sete i ei Huske, aa de snødde[12] løngt ikringo ho. Daa de lei um ei liti Ri, ri’o dei inn paa ein blaamaala Storgard. Budeigja lokka te Mednis, daa dei komo. Ein slik Bøling hadde ho Anne alder set; de va ei Ra so lang me berre brandutta Køllo, at Bjøllekyre va komi or synande, fyrr dei sidste voro komne or Garde, aa her saag ho att sama Uksin som hadde vore inn paa Kven’n. De va ogso ei Sauestrau[13] so stor, at de va likle; Ulle naadde ne i Jorde, aa Gjeitadn hoppa paa Steino, so de va noko te Dans aa sjaa paa. Haugakaren fortelde henne, at Garden hass va den største som fannst paa tolv Mil umkring. Daa dei komo aat Trame, lyfte han henne ne or Sale aa leidde henne inn. Ho vart væl mottaki taa Folki aat Gute, aa de vart aavtala, at Bryllaupe skulde staa trea Thorsdagskvelden derette. Dei skulde vigje hjaa Klantepreste.
Faren vart no ille ve, kann ein tenkje, daa han fekk Bo um, at Dotte hass hadde vorte burte. Han Thor uppe i Garde vart me hono te Støls, aa dei leitte aa hadde myki Folk me se te aa leite, men ingi Anne fønno dei. Ho Guro sa’e, dei skulde ’ki leite ette henne; hona va inntaki sa’e ho, aa de va ingi Raa før di. Faren laut gjeva se, men han tok se slik Sorg, taa di, at han vart reint klen. De va ’ki stort bære me hono Thor; han gikk der aa sveiv i Ørskunn, han vilde inki halde upp aa leite, før han heldt so taa henne. Men ho Guro hadde faatt tala te henne som allesnøggast ein Kveld ho va i Fjelle ette Sau’o, aa ho hadde be’e henne helse Far hennar aa hono Thor, at dei skulde inki syrgje; de sto væl te me henne. Men han Thor gikk der aa dreiv han; han vilde inki heimatt. Ein Kveld kasta han se ne paa ein Haug i Fjelle, aa Svevn rann paa han. Daa høyrde han de søng inne i Hauge, han kjende Maale hennar Anne; de va ’ki fleira en ho, som søng so fint. Han høyrde kort eiaste Ord, men no e de burtgløymt de meste, e ha ’ki høyrt meir en desse fire Veki;
„– aa tre’a Thorsdagskvelden
so ska mitt Bryllaup staa –
De gjere me so illt for hono gamle Far
som e alder meir faar sjaa.“
Daa han Thor høyrde detta, spratt han høgt i Vere, so sæl vart han. Han meinte han skulde frelse henne endaa. Nær Brufulgje rei te Kyrkje, vilde han leggje se attaat Vegi aa skjøte over Bru’e, so hadde dei ingi Magt me henne meir. Han rende daa einstrengt[14] heimatt aa ladde Byrsa si aa legg te Fjells att. Um Thorsdagskvelden, de va den tre’a ette Gjenta va inntaki, la’e han se paa ein Haug tett attaat Vegi, som gaar aat Klante. Daa de va kurrast Natt, saag han de kom eit Brufulgje ifraa Fjelle aa stemnde te aat Klante. So fint Brufulgje ha væl inki vore set korki fyrr ell si’a. Fere rei Spelemannen; Brulaattadn fløto or Felunn, Ljøe krulla aa kvervde se i Luftenn, so han Thor berre vart liggjand aa høyre paa Fela aa so nær hadde gløymt baade Byrsunn aa Bru’nn. Ette Spelemanne rei Bru’pare paa tvo svarte spræki Hesta, dei voro so høge, at Mune[15] flaksa uppi Skyidn, aa dei gingo skile so paa digt, at de va nettupp Skaalidn i Gullkrununn paa Huvu’e aat Bru’nn rørde se. Ette Brupare rei de eit Fulgje paa svarte Hesta, de va baade unge aa gamle, aa Gjentudn voro so fina aa so greskt klædda, at dei kunna gjedne vore Bru’e alla før di. Men rund umkring rei de ei Ra me svarte Kara, som hadde rau’a Jødnstenga i Hendo, aa lite attimyljo slogo dei Jødnstengadn isamen so at de gneistra umkring heile Fulgje. Daa dei voro komne beint før Hauge, der han Thor laag, klemde han laust over Bru’e; de va no skile so, at han hiksta ette Ande daa maa veta, aa i di sama de small, va heile Bru’fulgje burte. Men han visste at Bru’e laut bli att; han sprang daa ne paa Vegen, aa der laag ho; men ho laag Lik i Bru’stase sino, – Hesten va so høg at Anden hadde førgange henne, fyrr ho kom paa Jorde. Hadde han Thor hatt fleire Ladninga, so hadde han væl skote se sjølv attpaa, slik Hjartesorg fekk han. Men daa ho Anne va fari te Gravenn, hadde han ’ki lengi att aa leva han heldan. Faren døydde ogso um Hausten.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ einaste Barn (einberni).
- ↑ framande Motar.
- ↑ ogso Øllmannvise, Bygdavise; ei Spottvisa, som gjeng rundt i Bygdi, og som kor legg nokot til.
- ↑ vanda, raka, vanvyrda.
- ↑ Tidi millom Vaaronn og Slaattonn.
- ↑ Fleirtal af Morgon heiter „Medna.“
- ↑ magrast, otorkomin, mager.
- ↑ breste; ysta eller løypa Mjølk.
- ↑ fin lett Oska.
- ↑ Solaglading.
- ↑ hugad paa, fus etter.
- ↑ soleides i Uppskrifti, løngt skulde væl vera lognt; sup, sno, um Luftdrag. Meiningi er „de gikk ei Lygne umkring ho.“
- ↑ Strau eller Strod tyder ei lang Rad.
- ↑ snøggt og i Eining.
- ↑ Maan.