Ormen i Stølsvøtno

Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 51-53).

I gamle Daga skulde de ette Søgn’n vore ain ovstor Orm i Stølsvøtno. Han laag der aa aat upp all Fisken, so at Aignaren te Vøtno inki fekk i mange Aar. Tesidst vart han teraadd aa raise te Viskønunn paa Kungsberg. De gjorde han, aa Viskønu raadde hono te aa kjøpe se Bøvergjeld aa so noko Linu so lange, at dai kunna naa over haile Vatne; paa dai skulde han hengje tryaa smaae Taatu aa hava noko Bøvergjeld inni desse aa so ro me desse ette Vatne fraa Innfallsose te Utsallsose; daa vontest hona, at Ormen laut ut or Vatne. Denne Ormen va sjelda aa alder te Synes, uta ainstaka Gøngu i Hundedøgo nær de va godt Ver; daa raakte de stundo, at han laag i Bugti uppi Vatskave, likesom de hadde liggi Øltunnui ai Ra ette korare. Men ai Gøng høvde de, at ain Mann va ute paa desse Vatne paa Staalise inn Hausten, aa daa fekk han bi vare tain stor rund Ring ne paa Botte i Vatne. Han vontest daa ko de va, aa te aa aathuga de bære, la’e han se i Gruvo paa Ise baint uppivi desse Ringi aa skodde ne paa han. Daa fekk han sjaa, at de va Ormen, som laag i Ring temotars me Skalla aa Sporde, aa inni desse Ringi hadde han samla ain unøgjes stor[1] Dungi me Fisk, som gikk der inni att aa fram som han vore fjetra, aa inki vaaga han se te springe or Ringi. Ljøte Trølle laag berre aa langsaup te se, so Fisk ette Fisk gikk inn i Gape paa hono.

Dette hende um Hausten, fyrr ell Aigaren taa Stolsvøtno hadde vore hjaa Viskønunn aa søkt Raa’bot. Um Sumaren ette gjorde han ette Fyrisøgn’n aat Viskønunn, aa se’a ha de vore Fisk i nok i Stølsvøtno, aa ingin ha øygt Ormen mair der i Vøtno. Men um Vaaren ette synte de ai Slæpe[2] sume Sta’ne i Vierkjørro som ette ain Timberstokk, aa de ha nok væl vore Slo’e[2] ette hono, daa han krak ut or Vøtno. Han vart se’a drepin taa ain Mann, som dai kalla Randin, taa di han budde nord i Urundli’enn paa ait Fjellbøle som aite Randin aa ligg noko utafør dessa Vøtno. Denne Randin vart vare ain fælande stor Orm paa ai Stelle, som aite Larsolabakkin, men han torde inki vaage se te, før Ormen va so nøggile[3], at kaim som saag han tok Foten te vare, baade Folk aa Fe. Raudin torde daa ’ki ænse hono, fyrr han hadde vore haimatte aa faatt se Handyvle; men daa gav han se i Kastarlag me hono. Ormen hadde lagt se so, at han laag me Skalla uppaa ai stor Furulaag. Randin stilte se te attafyri me dai svære Halvtydnunn[4] sina aa va so heppen, at han kabba Skallin taa hono i ait ainaste Høgg. Skallin va taa Storlaiki som ain stor Kalveskalle aa Skrotten som ai lang Ræle, aa ette Manka hadde han Hengifaks, aa Halsen va digar som ain Kars Arm. Randin hadde Skallin me se te Bygdars; han kom fysst te Sletto, aa daa va Skallin so fæl te aa sjaa, at Folke der paa Garde nøggo aa rymde te Skogs; aa jamvæl Katta tok Laupe upp igjøno Paispipa, taa di Randin hadde lagt Ormeskallin paa Durstokken.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. fælande stor.
  2. 2,0 2,1 Spor, Farveg, som etter Fe, og nokot som er dreget f. Ex. eit Beitalass i Snjoen. Gamalnorsk sloð og slæpa (slæpuveg).
  3. agaleg, imponerende.
  4. ei Øks (halfþynna). Ogso i Valdres.