Ho Larsemari
Ho Larsemari va uppe o stelte um Sumaren hjaa dei paa Vøle. Ein Dag hona gjætte Sau’o burtimyljo Haugo, fell ho i ein svær Tunge, so at ho søvna der ho sat. Daa ho slo Augo uppatt, va ho inni ei fin Stogo. Ova Borde sat de ein Gut o skreiv, o han va so græsk som ein Faut. Mor aat desse Gute sat o svalla ve hona Mari o gjorde henne tegoe me Spekikjøt o søt Mjølk. De va so mange Tenara o so myki Følk der, at dei rende Um hinan, mest likesom Maur i ei Tubbe. Stort o grepa va de altsama. De va ’ki vandt o sjaa, at de va Manndom der i Garde. Daa dei hadde sete svalla ei Stund, bar Kjeringi upp Maale o sa, at de nok va Meiningi, at ho Larsemari skulde bli Sonkono hennar. Ho Larsemari va ei nausin Gjente maaveta. Son hennar, sa ho, hadde østo set ho, ner ho gikk ette Krøtøro i Fjelle, o han va komin te halde so taa henne, at han vilde truløva se me henne ress ho sjøl inki hadde noko imot di. O nei! slek ein Kar va vel ikki misbøand henne. Ho Mari syntist skjele naugødt um Guten. De gikk som ein Varme igjeno ho, før kor Gaang han saag paa ho. Han tytte daa ogso, de va reint undele, at de skulde vera laga henne so gødt, ho som ’ki va anna en ein Husmannsomage. Daa More hadde kviskra te Gute, at ho Mari heldt taa hono, vart han so sæl, at han ’ki kunna løyne di. Han kom burtaat te henne o leidde henne um i allo Stogo o Klevo o uppaa Løfto o synte henne alle dei sine Tingi, som no skulde bli hennar. O rett so de va, ner ingin saag de, figna[1] han henne, so ho vart reint bljug. Me’a laga dei paa Borde nere i Stogunn. Men daa dei komo tebords, va ’ki ho Mari go te eta ei Grand, so sæl va ho. Men slek Mat o slek Bordstell so græsk o gild hadde ho alder set før. Daa de lei paa Kvelden, hugste ho ette, at ho laut heimatt paa Stølen o mjølke o stelle. Hona syntist ho kunna ’ki gaa ifraa Buskape soleine, men stelle te ho kunna faa Bø heimatt ette ei i Sta’en sin. Ja de vart heldan inki nekka henne, endaa de saag ut te, at dei hadde illt taa dessa. Ho ba daa Belleva, o Guten fulde henne ut o sa, at han vilde koma te henne paa Støle. Kost de no gikk te, visste ho ’ki, men i di sama sat ho paa sama Hauge som ho hadde sete paa, daa ho søvna. Daa ho kom paa Stølen att, va de seint, o Kydn støndo paa Kve’nn o rautte. Men de e eit gamalt Ord, at „de kjem Graat ette Skripelaat.“ Me’a ho’ Mari sat mjølka, tok ho te tenkje ette, at ho snart skulde fløta inni Fjelle o alder koma utatt meir, alder koma heimatti Bygde, alder sjaa Slekt o Vene øftar; – o ko fint ho syntist de va inne hjaa Haugafolki, so hadde de likevel ei Fælke me se, ner ho kom ihug, at dei ’ki vøro kristne Følk, o alt anna styggt, ho hadde høyrt um dei. Ho fekk heldan slite o træle kost ho kunna; men gifte se me Haugakare; nei, de laut ho be’a Gud bevare se ifraa. O likevel hadde ho paa ein Maate Hug te di; ho likte han so indele vel. Ho gikk daa tesengs; men ho fekk ikke søva. Ho hadde faatt ein forunderle Agg innfør Bringunn, so ho ’ki va go te halde se anna en ho gret. Daa de vel va vørte kurrast Natt, høyrde ho Felelæte, so mjukt o fint va de, so ho vart reint einly’and paa de; ja de va skjele, so Fela ha baade graate o legi i ei Gaang. Rett som de va, kom Haugakaren inn o burtaat Sængenn te henne. Trast ho saag han, vart ho gla; men so hugste ho se, fauk upp o sette se paa Krakken utme Peise. So krøssa ho se o sa Jøsøsnam. Daa kvarv Guten burt, o Felelæte vart meir o meir grøtele o vekjømele, te de reint døydde burt i Luftenn. – Men trast ho hadde lagt se att, tok de atte, o Guten kom att. Ho uppatt or Sængenn – o soleine gikk de heile Natte, o Natt ette Natt i ei heil Veko. Men alder hadde Krøtøre hennar vøre so snille ell mjølka so myki før, som i dei Vekunu. Stølsgrannin hennar, ho gamle Barbro i Brøta, saag nok vonost at de va noko tiss me Gjentunn, o ho ga se ’ki, før ho hadde faatt veta, ko de va. Ho ga daa Gjentunn den Raae, at ho skulde leggje Sælmeboke si unde Høvdegjerde o lesa Fadervaare tryaa Gaange me lykt Munn, ner Guten kom att, so skulde han ingi Magt hava me henne. Jau, Natte der ette høyrde ho sama fine Læte att, o daa ho høyrde Guten va ve Døre, les ho Fadervaare tryaa Gaange me lykt Munn, soleine som ho va teraadd. Daa kom ’ki Guten inn; men no vart Ljø’e i Felunn so igjeno grøtele, at de va reint illt høyre de. Ho syntist, ho høyrde Karen gret; de va skjele, sem de skulde gange tvert igjeno ho. Men um ei Stund fekk ho Ro o søv gødt te Sole spratt. Si’a kom ’ki Guten att. Men Krøtøre slogo se otor o vilde ’ki passe se heimatt te Kvelde. Draatten vart ussel o tjonin, o ho Mari sjøl vart klen o skrangli o faadna[2] burt meir o meir. Daa dei bufløtte heimatt um Hausten, va ho so otorkomi, at han Store-Tøstein Vøle greifte rund um Live paa henne, daa han lyfte henne ne or Sale. Før Veten kom, laag ho unde Tørvunn.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |