Huldraslekte paa Kjøs

Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xxv-xxvii).

Daa dei paa Kjøs i Hørisbygdenn skulde bufløta heimatt taa Langstøle um Hausten, bar de so te, at dei ’ki fingo kokt ihop sidste Brimsødningen, før dei skulde reise. Kjeringi vilde daa sita att Dagen ette Bufardage o koke Brim, o so skulde Mann snerte se[1] uppattpaa me Salhest ette henne. Ho hadde att hjaa se ein liten Gut, Son hennar, før at de ’ki skulde vera so au’le. Som ho no sat der ve Peisla’e[2] o rørde i Brimgrytunn o vesle Gutekroken tulla o stelte paa Gølve, kom de inn te dei ei Kjering me ei liti Gjente, som heldt i Stakke hennar. Kjøsakjeringi tenkte ve se: „Ska tru de e nokon som gaar att her o leite ette Krøter no dette Bel.“ Ho undrast paa detta, o tes meir taa di, at Kjeringi heldan ikki sporde ette noko Krøter. „De faa seta dikkan frampaa,“ sa Kjøsakjeringi. Ja, Fremandkvendfølke gjorde de; ho sette se paa Krakken hjaa henne o sat o svalla ve ho um eit o anna, som paa Tunga kunna falle. Vesle Gjenta ga se te me Gute paa Aurgølve. Gutungin jaala no paa o smatt aav inn unde Rennebutten, som sto kvelvd paa Gølve; han hadde endaa ein liten Kniv i Høndenn. Vesle Gjenteomagin gikk no sta o fisla me Fingo unde Hølkebradden, likesom før o skjertast me Gute. Han kom daa te o vera innve ho litevætta me Knivsødde, so myki at han blogga ho i Fingertøppen. Daa Mor aat Gjentunn saag detta, kvakk ho, so at ho skreik ende over se. „Jeje me før dikka!“ sa ho, „no ljøte de hava ho, ner de ha gjort detta ve ho,“ sa ho. „Ho bli alder huld meir. Men de sto ingin Ska’e li’e taa di,“ sa Kjeringi, Mor aat Gjentunga. So ba ho dei vera snille ve Gjenta, o derme tok ho Velleva o gikk. Kjøsakjeringi skjønte no alti ko Folk de va, o ho va ottasam taa dessa; men de va no ’ki ønnor Raa, hona laut taka me se Gjenta heimatt, o si’a vart ho paa Garde, o Kjøsafølke alde ho upp de lækkrast dei kunna. Ho va so sin denna vesle Gjentesleto[3] me maaveta, at de va reint hugnarsle sjaa ho, o so vetog o ferm va ho, som ho ha vøre alder so vaksi. De einaste Lyte, som va paa henne, va de, at ho hadde Rove, plent likesom ei, Kyr. I Fystningenn vilde ho gjedne syne se unde Stakksfalde; men ho minka lite isenne, o teslutte vart ho reint burte. Daa ho vart vaksi, kom Guten o ho te o halde so reint hjartele taa hinan, at det gifte se me hinan. Ho fekk daa ogso Heimafuld, som va mandig; de va sakte ’ki me Ulikunn aatfare. Mor aat Gjentunn kom te Kjeringenn paa Kjøs o sa te henne, at dei skulde gjerde upp ei gild Kven. Detta gjorde dei, o Mørgo’en derette sto Kvene full me stora, væna, kølluta, brandsi’utta Kyra. Taa dei Krøterslage e de enno paa Kjøs.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. nøyta seg.
  2. Skorsteinsmur. „Peisla’blome“ um Ungmenne, som jamt vilja sitja aa lata seg ved Peisla’e.
  3. Sleto, ein spæd liten Ting (av slita, sleit).