Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 39-48).

Haugabryllaupe. Ain Haust me’a Folke voro burti Aase aa toko upp Mose te Vetrars, hende de ain Dag, me’a dai voro haimatte te Maals aa kvilte se paa ain Stol ve Middagsbel, at de vart slik ain Stuk aa Svaal uti Mjølkeskjole, so at Mosafolke vorto se raine førgrunig, ko dette skulde hava paa se. Dai ottast myki før, at de maatte vera Haugafolk, som hadde se noko fyri der, aa so stilte dai se burti ai Glesu[1] paa Veggi i Bu’nn te aa endeseta, ko de va før Grai’e dai stuka me.

Daa dai føngo sjaa, so va de Brudferd dai foro me daa, før Bru aa Brugom soto sessa paa ain Benk aa myki Folk umkring paa kor sine Ostekollbyttu; dai berre kvesa sin imyljo te korare, aa dai voro grusele tefjelga paa mangselte Haatta. Brugomen hadde ai kvit Utapaa-Troye, som va lagd rund umkring me gulblanke Bordu, aa Undetroye taa stamperaidd gul Elgshu, aa so hadde han utstikka Knebrok taa raudt Floyil aa store Sylvspennu de Knjøne aa i Skono. Bru’e hadde ai stor forgylt Krune paa Skalla aa rau Troye me store Sylvhaka i, aa i Bringunn hadde ho ai hail Ra me forgylte Sylgju, aa Undestakken henna va taa grønt Filt, aa store avlange Spennu i Skono hadde hona me. Spelemannen sat paa ain Kjæsebutt nemmast Brudfolki aa spelte stødt aa jamt aa krinka se rund umkring paa Hælo te alle Si’o, aa han skinnrengde Augo hit aa dit i Huse, aa Haare hass sto ende ut or Skalla som Barnaalidn paa ain Furukvist, aa Fingadn paa hono gingo som Trummestikku.

Daa alt Folke hadde kome inn, so gikk de fram paa Golve ain Fyritalsmann, ain stor blaik krugghørda[2] Kar me langt raudt Haar aa Skjegg, som hekk ne i Bringa hass, aa tok fysst te aa gilda se, aa derette rende han or se ai gjole Lekse, koss dai løto laga se godt mot korare ette kort dai budde ihop. Daa han so hadde tala ait Bel, um ko godt dai hadde kvilt der, ynskte han dai Heppe paa Raisa si fram te Kyrkjunn i Aisberg. Derette skar Spelemannen att te laate, so de derra alt som laust va i Huse, so at ain taa Mosakaro dertaa ba Jysus bevara se; men daa kvarv haile dette Rai’e burt i ait ainaste Øgneblek, aa daa føngo dai sjaa væl ko Brurafolk detta va.

Um Kvelden ette komo desse sama Mosakaradn attende or Markenn aa vilde kurre se paa desse Støle um Naatte. Ait Bel ette at alt va stilt aa kurt, føngo dai høyre ain Dur aa Svaal ute aa Omen taa Felunn, aa rett som de va høyrde dai endaa te Tramping taa Hesta aa Røste taa Fyritalsmanne som ba Folk stige taa Hesto aa innatt i Bu’e te aa kvile aa faa lite Fagning, „før e vonast,“ sa’e han, „at de Smaakreke, som kvekkte uss so paa Framraisunn, inki era her enno, før de vøsast[3] inki Skirna-Blo, aa held inki gjemast[3] de ell synest Lø’u ivi Dydne her ette dai, dersom ’ki Snarpvæta ha doyvt Teven aa dimma Syne paa me se’a ista me foro herifraa.“ Daa detta va sagt, toko dai te rumle se innatte i Mjølkeskjole; fysst gikk Fyritalsmannen inn aa skipa te sama Sæto aat Brurafolko aa likains te Spelemanne, som dai hadde fyrre Venda. Mosakaradn saago alt detta gjøno sama Glesu. I di sama Spelemannen hadde sessa se, tok han te laate paa Fela atte, aa no føngo dai sjaa Fela hass me; ho saag ut som ai Skibrette me Taglstrengi paa, aa nær han let paa ho, sette han Bakendin innaat ain Holstuve som han hadde te Felehus. Bru aa Brugom skulde no fysst gjera Krinsillen paa Golve ette ain Laatt som Spelemannen kalla Krullfuru; denne Dansen gikk so illhervele rundt, aa attimyljo kasta Brugomen Føtadn i Take. Denne Laatten minnast Folk her enno. Daa Dansen va te Endes, slutta Spelemannen Laatten, aa ai Raiddaigje kom framberande me noko Matgrai’e aa skifte ut paa Lage. Maten kalla ho Moltetrytu[4], aa han va te sjaa som Kantøffeleplu; nær detta va uppete, kom de ain Kjellarmann me noko Drykk, som va let som Molteløg, aa de kalla dai Haita. Nær so all Fagning va te Endes, kom Fyritalsmannen fram aa frudde Lage te aa ruste se att i Vegen, „før de e langt fram te Husann enno,“ sa’e han, aa no kvile me ’ki fyrr i Stolsbergo; der tøvre me litevætta, so myki Hestadn faa puste aa Folke snossa se[5].“ Daa han hadde svalla desse Orde, kvarv haile Rai’e att i Øgnebleki so nemme som ai gamal Kønu; ho vart atte tvillandis ait lite Bel ette hine; ho syntest gaa umkring i Skjole aa seta Nasin te Vers, som nær Kydn kjenne Vøsi taa Udyro. Ho mulla aa va ill aa sa’e de uti Vere: „her e ’ki fritt for, anna ell de tevja taa dessa Smaakrosso, me kvokko so taa daa me foro te Tempils i Dag,“ ve desse Orde henna knyste ain taa desse Karo, som voro ute i Setubu’nn, te aa læje, aa den gamle kvakk taa desse, aa te Dynns bar de me henne i Heljoro. Ho slo endaa atte Hurde ette se so snøggt, at han ’ki hadde faatt Rova si me se or Gaatte paa Hurdenn, so at ho gaula aa maatte rykkje i nokre Vendu, fyrr ell Tagle paa Rovunn sleppte Tak. Men daa han vart laus aa naadde ut, so tok hona Tak i Baisle te graasvta Heste sino, aa sløngde se i Salen, so de berre klass i Hesteryggi. Aa so or Garde, so dai oygde hona knapt nok som ain Dott taa dai aine Syningenn aa paa den are, aa so skraik ho paa han øldrug Vøtt Mann sin um aa tøvre lite, „held aa ottast hona før at detta Krosskreke i Bu’nn kunna førkrosse hona,“ før e kvakk so taa di e høyrde Krossen naus, sa’ ho, „at e slette me so snøggt paa Hesten, at Hulahatten flaug burt før me.“ Men derme vart denna Liku burte paa dai yttaste Syningenn, aa alt va kurt aa stillt se’a som fyrr.

Nærkønu. Ai Skurukønu vart ai Gøng ille ute taa ain stor Lopp, som svaipte se i Halme atfør Hendo henna me’a ho skar. Daa ho hadde mø’st[6] me Loppe noko lengi aa inki kunna faatt han ifraa se me Skræmu, sa’e ho de uti Vere paa Løgju: „gakk ifraa me; e ska bi di Nærkønu, nær du ska liggje i Barsæng;“ me di sama ho hadde sagt detta, kvarv Loppen burt. Detta vart Kønu se raint førgrunig over aa kvakk gjorde ho me, før de skaut i Hugen henna, at de ho hadde sagt paa Kveming mogele kunne bi Ølvøru me Ti’enn.

Ai nokon Ævu ette kom ain stor stygg Fremmand-Mann te dai Kønunn me Bø fraa Kønunn sina, at ho laut koma te Nærkønu hjaa henne som ho hadde bø’est te, „ho fær ’ki letta se fyrr du kjem,“ sa’e han, „aa du ska hava go Like før Bry’e ditt.“ Kønu va umhuga[7] te fylgje Manne, før ho tottest skyne taa Aatferdenn hass, kor han aatte haime. Ho orsaka se me “di, at ho ingin hadde lovt slikt. „Du fær draga te Minnes ko som hende de i Haust,“ sa’e Mannen. De hugste nok Kønu, men ho vilde lell inki bi me hono. „Ja vil du inki ettekoma Løvu di, so ska de gaa uheppele me de aa di Aigedaild all di Ti,“ sa’e Mannen, i Vraiski som de saag ut te. No høyrde Kønu, at ingin Motebaaru[8] lenger munte; ho laut daa vera me Manne, aa um ait Augeblek sto ho inne hjaa Nefallskønunn. Der vart ho gjølele gildt fagna, aa Nefallskønu aa alle hine i Haugi gle’a se oversle ve de ho kom. Ait lite Bel ette, at ho va innkomin, aatte Hangakønu ait Gutebaadn. No skulde Mannen ut aa faa bytt de, men fysste Venda gikk de inki godt me hono aa held inki den are; men tre’a Venda han kom att, daa hadde de gingi godt, sa’e han. Daa hadde han kome inn te ai Konu, som hadde reki ifraa se Baadne sitt i slik Braahast, før ho skulde bjerge ai Mjølkegryte som vilde sjø’e ne i Eldsta’en, at ho hadde gløymt sagt Jøsu Namn over de. Hadde ’ki de vore gløymt, so hadde Haugamannen vonle faatt gingi te inkis denne Gøngi me. Daa alt dette va oversta’e, fekk Nærkønu Haimløv. Me di sama ho reiste, sa’e Haugakønu ve ho, at daa ho va utkomin maatte ho vera illsnøgg te skvette se bakum Hurde, „før Malmen kasta ette de ait haitt Jødn, aa paa dai Stellunn han raaka me di bi du nømen all di Ti,“ sa’e ho. Kønu gjorde ette Fyrisøgn’n, aa Jødne nauvde henne ’ki; ho kom haimatt hailskap. – Paa Borde i Nyestugunn aat Kønunn va noko Daga ette kome ai stor Korg mettstappa me graa Ull. Ette dai Ti’enn va de alder nokon Uhivil paa Krytyro henna, aa de gikk ette dai Ordo som vorto sagd fyriaat, „at ho skulde hava go Like for sitt Bry;“ ho fekk de ette Løvunn i alle Luti.

Muse. De va ain Haust ai Gjente helt paa aa skar i ain Aaker, aa me’a ho draiv paa som mest, kom de ai digar Mus te henne. Denne Muse gikk berre tvilla atfør henne so ho inki fekk skjera. Ho skruma[9] ette henne, men lel so vart ho inki kvitt henne. Som ho no inki kunna faa Muse ifraa se, so sa’ ho de: „vil du no pakke de her ifraa, so ska e vera hjaa de daa du bli liggjand paa Sængenn;“ daa kvarv Muse burt før Augo henna. Gjenta tenkte inki mair over detta. – Noko lengi ette kom de ain Mann te desse Gjentunn aa sa’e de: “„e skulde gaa te de før Kønunn mina aa be’a de koma te henne; du hadde lova henne aa vera hjaa henne, daa ho vart liggjand paa Sængenn, aa no ha ho vorte so tuskjen taa se. Gjenta vart førgrunig, for ho visste ho hadde inki lova nokon Kønu de han sa’e. Endele maatte han se’a, at den Muse, som hadde vore hjaa henne i Aakre, va Kønu hass, aa daa hugste ho paa de. So laut ho fylgje me Manne, aa de bar burt i ain Haug aa ne igjøno ait Hol, aa sidstpaa komo dai aat ai Verd[10]; der va ljøst aa der va ait Hus. Hona vart hjaa dai Folko noko lengi. Daa ho so fekk Haimattløv, sa’e dai te henne dessa Folki: „de staar ait Kvartil me Pe’ing burte i dessa Ro’nn: der kan du taka so mange Skjelinga du vil hava, før du ha vore hjaa uss.“ Gjenta tok se daa noko mange Neva me Sylvpe’ing. Daa hona ba væl fara me dai, so kvisska Kønu inn i Øyra henna: „daa du gaar ut igjøno Dydne, so maa du inki gaa midt i men mair paa dai aine Le’enn; før Mannen min e ’ki go før anna en sende ette de ai glohait Jødnstøng, men gakk som e sigi, so raaka han de inki.“ Aa solais gikk de me; Støngi kom ette so berre de frasa taa, henne, men raakte inki hona. So kom ho haimatt te Folki sino aa fortalde ho hadde vore hjaa Haugafolki, aa at ho va gla før ho hadde tiki se so mange Pe’ing, aa no skulde dai faa sjaa. Daa hona tok Pe’ingadn upp, va de inki anna en berre Blo.

Um tvær Ekkju. De va ai Gøng tvær gamle Ekkju, som jamt hadde Slaattelendudn ihop um Sumaren. Ai aitte Ingigjerd[11] aa ai Anne taa dai. Ho Ingigjerd vart ain Dag so sjuk, at ho laut halde ve Sængi; ho hadde de so, at daa ho fekk søt Mjølk, besna ho att. Ho Anne laut daa paa Stølen, der dai hadde den sine, ette Mjølk, aa Vegen dit laag over ain Aas. Paa Vegi attende taa Støle raakte ho paa ait Kvendfolk, som endele hadde vilja faatt ho te fylgt se ain Bustig som laag burt over noko runde Hauga aa store Mosaflæddi; „detta e Bainveg før de,“ sa’e ho; men ho Anne skynte Mainingi henna aa slo Kross før se aa gikk sin Veg. Ho stirde attende, aa daa saag ho, at Kvendfolktyvsa flangsa over ain Haug so Rova sløng paa henne. Me’a ho Anne va burte, hadde ho Ingigjerd vore uppe aa kokt Graut aat henne, te ho kom att. Daa ho hadde sett Grauten paa Borde aa lagt se paa Sængi att, kom de inn ai Fatikønu te henne aa fala ette Mat. „De staar Mat paa Borde, du fær eta,“ sa’e ho Ingigjerd. Kønu let væl aa sette se aat Borde te aa eta, aa syntest eta gildt me. Me’a ho aat spurde ho Ingigjerd kor ho va ifraa; „e er or søre Bergi,“ svara ho. Daa ho hadde ete, takka ho før Maten aa strauk te Dynns. – Um Kvelden daa ho Anne kom att me Mjølkenn, fortalde ho Ingigjerd, at de hadde vore ai Fatikønu der aa fala ette Mat. „E let ho eta taa Grautfate som staar paa Borde, so de væl ’ki e att noko aat de kanskje,“ sa’e ho. „E du i Ørskunn,“ sa’e ho Anne, „de syne ’ki noko paa Mate.“ Men ho Ingigjerd sto paa sitt, at ai Kønu va inne “hjaa henne; aa de va væl den sama, som ho Anne hadde svalla me paa Aase.

Ho Ingigjerd va ain Sumar fyrr uppi noko Bergsskøri aa slo, aa ho hadde me se Døtte si ai vesal Gjente. Han sette Gjenta i ai Skør, daa ho tok te aabua. Nett som de va syntest de sita tvær Smaagjentu i Skørenn so nauende like korare, at ho Ingigjerd eva se paa, kem som va henna taa dai. Te all Lykke hugste ho paa, at Døtte henna hadde ain Ring i Bringunn, som va vigt Sylv i. Ette di tok ho Baadne sitt att, aa i di sama kvarv hitt burt. De va ait vandt Augeblek før henne Ingigjerd detta; hadde ho ’ki tiki sitt aigi Baadn, so hadde ho faat drigi me ain Byting all si Ti.

Koss Haugafolki komo te. De e ai gjengile Søgn, ette som dai øldruge se’a, at Adam hadde tvær

Kjeringa, aa den fysste taa dai aitte Lillis. Ho fekk fælt myki Bødn Guta aa Gjentu, aa ve de vart ho utolig aa ill aa brydde se lite baade um Mannen sin aa um dai; ho plaga han jamt aa samt me alt som gale va. Teslutte vart ho so sinna paa han, at ho ’ki tola sjaa han men vilde raise sin Veg. Han ba ho aa sa’e: „bi aa li aa slit di Ti, so bi du aa dine før Sorg aa Motgang fri.“ Ho lydde ’ki ette desse men raiste me alle sine, aa i di sama vart hona aa alle Bødne nestoytte i Jorde. Taa henne era Haugafolki komne.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Opning millom Stakkom.
  2. krokryggjad.
  3. 3,0 3,1 vøsast, tevja, um fræk Tev som f. Ex. av Udyr, gjemast el gimast d. s., men um finare Tev, av Blomar o. dl. Subst. Vøs og Gim. m.
  4. d. e. Moltor, fyrr dei era gjorde.
  5. faa seg Mat.
  6. av mø’ast, mødast; amast, vera brydd, plagad, „generet.“
  7. havde Betænkeligheder ved.
  8. Motmæle, Motlegg, ogso Hindring, Mein. Av Baara, Bylgja.
  9. skræma.
  10. ein Heim.
  11. uttal. Injijæl, gamalnorsk Ingigerd. Verd fordanskat til „Inger.“