Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 37-39).

Paa ein Gard i Vang som eite Li’e’ va de før mindre en eit Mannsminne si’a ein Mann som eitte Jahas. Han hadde Svartekunstboke aa kunna baade eit aa anna, men han vart ibeit teslutte likevæl. Han vaagde se te aa løyse Fan sjøl, men han va ’ki Kar te aa faa bønde han atte. Fre va de ’ki aa faa korki Natt ell Dag, aa de va fleira Gaange, at Fan skulde te aa reist me hono. Han va uppi Peispipunn tvo Skøv[1]; daa reko dei ein Brø’leiv myljo hono aa Trølle, so at han laut sleppe hono. Seint ein Kveld um Veten ok han heimatt or eit Gjestebø; Paallsson sto paa Mei’o. Rett som de va, kom de ein akandis ette me ein kvit Hest, so Eldsputeren sto undaa Høvo. „Ha du set verre Jaale te aa kjøyre du,“ sa’e Paallsson, han skynte ’ki kem de va. Men fyrr han fekk tala sidste Orde ut, va Hesten inni Ryggi hass me Nøse, aa no tok han sat paa Broke hass aa reiv ho i berre smaa’a Pjoko, so at dei løto inn paa nemmaste Garden aa laane ei Brok paa han. Dagen ette gikk han sta aa plukka ihop att Brokefilludn sine aa bar dei uppaa eit Loft i Li’enn; der liggje dei enno, aa dei spøkje so de høyrest lange Lei. Nær de e imot Uver, so skrala de aa svalla so i Brokenn, at de e skile likesom Tora slo. Difør pla dei segja: „de bli eit stygt Ver no, e ha høyrt Paallssonbroke.“ Men me hono Jahas i Li’enn vart de verre aa verre. Teslutte va de de einaste som munte, at dei heldo eit lite Baadn over Bringa paa hono, daa kunna ’ki den stygge koma innaat hono. Men detta vart for meinskle[2] i Lengdenn, aa ei Natt sende dei ein Gut me Hest aa Sle’e ette hono Lars Nøkrei; han skulde freiste um han fekk bønde Djævelen att. Men daa Guten kom te Nøkrei, va ’ki han Lars heime, so at han laut reise attiende eileine. Daa han va komin paa Saltmannaasen, bar de laust me eit slikt Ver, at de va som alt hadde vore snudt ikring. Elden sputra ikringo Sle’in, Hesten lyftest i Skjæko, aa Guten laut halde se fast i Sle’akarre me bæ’o Hendo, endaa va de so nær, at han hadde vorte slitin aav. Daa han kom aat nemmaste Garde, laut han gaa inn i Fjøse, me’a Vere let ifraa se. Men de vart eit Hus de. Kort einaste Naut sleit se laust, aa dei strøymde ut paa Garden me slik Belg aa Raut, at de va verre en noko Belgjarbol. De vart ikki stillt, fyrr Guten va taa Garde atte. Sidst paa Nattenn kom Nøkrei’en ette, aa han va so go, at han fekk bønde Djævelsbøygen; men harde Tak vart de no fysst, so at Sveiten laut ut paa Nøkrei’e.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Tak, Rykk.
  2. brysamt.