Hr. Lars
Før tvo ell try Manneminno si’a va de ein Prest i Slidre, som dei kalla Hr. Lars. Han va ein fælt høglærd Mann; han hadde gange paa Vittenbergskulunn maaveta, o de va so nær, at han ’ki hadde sløppe utatt derifraa, so lærd va han vørtin. De tokst inn der tølv isenne, korki meir ell mindre; de skulde vera jamt likeso mange, som Jesus hadde Apostla. Ner[1] dei tølv hadde sta’e ut Læra, vørto dei provde, o den, som va best, laut vera att o lære dei nye, som komo inn. Men de va no ingi Godaga, dei hadde der, kann ein sagte veta, o difør va heldan inki han Lars myki huga te o vera der lenger; o de slapp han daa ogso; før han va so lærd, at han vann over Meistaradn si. Daa Læregutadn hadde sta’e ut Læra, vørto dei uppstelte o overhøyrde, o de va sagte ’ki ty’e Sporna’a, dei fingo. De va ’ki greidt vera den, som svara skulde; svara ein for klent, so laut han bli att der o lære uppatt; svara ein oversle godt, so laut han bli att o lære dei nye. Men han Lars visste Raa. Han tok Penkniven sin o stakk han i Veggen. „Svara før me du!“ sa han, o sjøl stelte han se baka Døre. Daa no dei elleve vøro overhøyrde, va han Lars att. Men paa fyste Sporna’en, han fekk, ga han Svar att, so de sat i dei. „Jau,“ tenkte Meistaradn, „du ska nok faa bli att her du Kar.“ O so leto dei alle hene gaa; men han Lars passa paa o snart[2] ut igjeno Døragløtten me dei. Daa Meistaradn saago te, va de ’ki anna en ein’ Penkniv, dei svalla ve. So vørto dei no harme, kann ein veta, o sette se te o mana han Lars att te se alle samne. Daa kjende han Lars, at de tok te dra i Haare hass. Men han va so go, at han fekk dei te o taka miste o dra i Haare paa Skreppunn hass. Um ei liti Ri va Skreppa haarlaus. Daa vart de for hardt før hono Lars, o de va ’ki an Raa, han laut sleppe Skreppunn, o soleine frelste han se. Men han miste manga taa Kønsto sene, som voro i Skreppunn. De e ’ki for di; han hadde nok att. De va ovandt før hono o truge Fan o Engladn hass te o gjera, ko han vilde, – plent soso han Peder Dass. De gaar den Seigne um han, at han hadde fordrygt se, ei Gaang han skulde gjera ei Reise, so att han ikki kunna koma te Tiars. So tok han te mana. Den Stygge kom. „Skaff me Skjuss!“ skreik han Peder. „Hasta de?“ sa Fan. „Ja,“ svara Peder. „Vil du ha ein, som ser som Gneistrin, ell ein, som fer som Nordavinden?“ – „Som Nordavinden,“ svara Peder Dass. So kom de fram ein svart Fant;, de va ein taa dei Djævelo, som tene unde sjølvo Stygge. Han Peder kasta se skrevs over han, o so flaug han i Vegen me hono, so de suste ikringo Øyro hass. Men Fantebøygen vart no snart leidt. „E ska faa Presten te fortala se, so ska e kaste han taa,“ tenkte Styggen. „Hvad beder Hr. Peder til Morgenbøn idag?“ sa han, – dei voro komne beint uppyvi eit Vatn, o so seilte han se tett ne’aat Vassmaale. „Højere op og fortere frem, din Djævel!“ svara Peder Dass, – han va ’ki go narre han.
Ner Hr. Lars vilde ha hogge Ve ell Timber, so gikk han aat Skoge me ei erliti Oks i Ølbøgskreki. Alle dei Trjøne, han vilde ha ne, merkte han bere lite med Oksenibbunn; Fan laut støra ne, o de gjorde han um Natte. Um Mørgo’en, ner Husmennadn komo aat Skoge me Hesta o Sle’a, laago Trjøne kvista o uppreidde.
Men han fekk no ’ki ha denna Magte før inki, han Lars heldan. Kor einaste Thorsdagskveld gikk han aat Kyrkjunn o va der ei go Ri; men ko han gjorde der, va de ingin, som visste. Ner han kom innatt, va han sneitt o bleik o va ’ki go te tala paa ei lang Stund. Prestfruga baade gret o ba o truga o lokka; men fekk ho veta de daa! Ho heltst me allo dei Tenaro, ho hadde, at dei skulde gaa ette Preste o lure; men dei akta se vel; sjøl va ho den ræddaste. Jau te all Slutt hadde ho faatt se ei Tenestgjente, som va hjartognar en hene; men de va no ’ki anna en Einfoldigheite, før ho tok Øling[3]. Prestfruga vende ’ki att me o eggje ho upp ø løva baade søtt o gødt, baade etand o slitand, te ho fekk henne ette. Men fyst hadde ho løte sverja paa, at ho skulde ’ki uppedaga se ell segja, kem ho va utgjord ifraa. – Daa Presten kom utatt or Kyrkjunn, saag han denna Døtten burtimyljo Krøsso paa Kyrkjegarde. „E de Følk, ell e de Fansdom?“ sa han. Gjenta tagde still, som Fruga hadde be’e ho. „Svara trast, ell ogso mana e de ne,“ sa Hr. Lars. Alder knatt de i henne. So mana han ho ne aat Knjøno; aanei, de let alder i henne ei Gaang. So mana han henne ne aat Mjærmo. Endaa svara ho ’ki. So mana han henne ne radt uppunde Hoko. Daa tala ho, – gret o ba, at han skulde sleppe ho uppatt; men de va vel seint, ho va komi so djupt, at de ’ki sto i hass Magt aa taka ho uppatt. „Men soleine kann du likevel ikki staa,“ sa Hr. Lars; „les Fadervaare ditt, so faar e støyte de ne.“ Ho les, soso ho va go te, – likesom den, so heng ette ei Hønd i Isbrun’n o kjenne, at han trast lyt søkke. Daa ho hadde sagt Amen, lykta Tørva se over ho. Si’a den Kvelden fekk Presten Fre før Frugunn seno[4].
Hr. Lars va Meister te o aka. Ner han for te ell ifraa Anekskyrkjo si, reiste han som ein Skimt um Gardadn. Ein Synndag um Sumaren va de Messe ve Fystrokyrkja. Daa Messa va ute o Hr. Lars va rei’og. heimatt, kasta han se uppi Kjerra o garta te Heste, o i Vegen bar de, so at Skjussmannen mest ikki va go te hange paa. Kyrkjeølmugin, som sto o stirde ette hono, syntist, at Hesten ikki rørde ve Jorde, anna en paa ender o einkort Bakkerese. Før Mann, som sat attapaa, fekk set se um, vøro dei alt paa Einangskleivenn beint før dei Grøn’n, som staar i yttre Vegabradde midt paa høgste Kleivenn. (Ho va grøn o frodig daa; no e ho reint burttødna o stygg taa allo dei Tanneverki, som e mana i ho)[5]. Daa slaksa de ei Kraake ut or tettaste Greino, tok Hatten taa Huvue aat Preste, flaug tryaa Gaange ikring i Vere me hono, skreik noko illhervele Ljø, o sette Hatten beint ne’att paa Huvue hass. „Hjelpe Krist!“ sa Hr. Lars, „no e de gjort Mannslegt[6] paa Fystrokyrkjegarde.“ De hadde Kraaka sagt hono, før han skjønte Fuglemaale maaveta. Den, som va i Fikten den Gaange, va den sama, som va i Fikten so mangei Gaang, – det va han
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ nær, naar, gamalnorsk nær.
- ↑ skunda seg, nøyta seg; snerte, snart snørto, snørte.
- ↑ d. e. let seg lokka; Øling, av øla, ølte (tjukk l), lokka, telja til nokot (galet). Den som tek Øling heiter „eit Øle.“
- ↑ Dativ av sin. Soleides ogso, meno og heno.
- ↑ Tannverkmanararne hogde ei Øks i Treet, og det manade dei Tannverken inn. Han vart daa kvitt honom, den som hadde havt illt fyrr, og Verken skulde syna seg i Treet ved det, at det tytte Kvoda ut (Etter Upplysning av Forteljaren).
- ↑ Manndraap, gamaln. mannslekt, anglsax. manslyht, engl. manslaughter.