Ungin hennar Ragnhild i Haga

Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xlii-xliv).

Her ein Sumaren bar de so te ei Natt at de kom noko Øyki ne or Aase o nie Aakeren hennar Ragnhild i Haga. Ho hadde yngste Gjenta si liti daa; hona va endaa ’ki aarsgamal. Ho Ragnhild vende daa ut o dreiv Øykidn uppatt igjeno Aasen. Detta tok slek Ti, at ho ’ki kom ne’att før i Degningenn. Men daa vart ho vel eingorleine ve; Ungin va burte or Huskunn. Vesle Boggefelden va taaslegin o vesle Høvdelage litevætta aavskreka[1]; men noko anna tedde de inki. Hene Ungadn, som eldre vørø, laago kurre o søvo v visste ingin Ting, um kost de va tegange. Ho Ragnhild daa te o leite o lyske me Graat o Jammer unde Bord o Benki i kor einaste Ron. Men ingin Unge fann ho. Ho legg te Gards o fekk mange me se te o leite; men de munte inki. Daa dei hadde førfare i kor Sprøngle[2] inne, sette dei ut o leitte rund umkring Huse o si’a ikringo Plassen allestane. Ingin Unge fannst de. Daa de tok te skøma[3] um Kvelden atte, slutta det me Leitingenn; de va inginstan o leite meir, o kor laut gaa heimatt te se. Men ho Ragnhild kasta se ne midt i Garde o ba te Gud o gret o bar se; so at Steinadn kunna synst Synd i henne. Ingin va daa inne i Stogunn. Ein Son hennar kom daa te o stige uppi Møldbenken o sjaa inn igjeno Glase; „sjaa der ligg Ungin unde Borde!“ skreik han. Ho Ragnhild inn, o der laag vesle Baadntullen, alder knatt de i hono, o dausle o rar saag han ut. „De e ’ki Ungin min detta! de e ’ki Ungin min detta!“ skreik ho Ragnhild, rak Ungin ifraa se att o tok han att o saag paa han o rak han ifraa se att, gret o jamra se endaa verre. Ein legg daa te Gards ette ein, som kunna skjøte. Han kom o skaut over Ungin. Daa va de, som noko da sprønge taa Unga i di sama Skrellen gikk. Han tok te graate, o no saag ho, at detta va Ungin hennar eigje. Men han va sterkt klen i lang Ti ette.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. komet ut or Lag.
  2. Sprunga, Sprokka. Veggjesprøngle.
  3. skuma, skymta, myrkna.