Huldergarden paa Glombakka
Har du vore so langt upp igjenom Dalen som aat Sætrom, so lyt du haa set Glombakkjen, der han ligg paa ein aarliten Haug tett ne ve Elve, aa du kjøm visst i Hug de me, at de ligg tri Steine, store som gilde Laave, tett framve Sele der. Paa dessa Glombakka e de ein Huldergard, som e no ska fortelja de lite um.
Du ha fell høyrt gjete di, at han Bestefar brukte Granngarden, som har Sæter tett framve Glombakka. De va soles han vandest uppover dit[1], aa Glombakkjen ha no høyrt Garde vaare te si’a. Men han Bestefar sette Sæterhuse uppi Bakka, aa der e de so laakt te Toft, at Huse vilde berre sige, aa derfor vilde han Far, da han va ikring tjuge Aar, endele flytja dem nepaa Haugen, der dem no staar. Han va da uppe der tile ein Vaar, fyrr Budeigjenn da komne, aa hadde me se nogre Kare te rive ne aa byggje upp att. Da dem hadde gjort fraa se Stugu aa skulde te me Fjøse tile ein Morgo, va han Far se reint tvikosen[2] um, kaa han skulde setja de upp aa ne ell nord aa sø; han vart ikkje ferdog te taa’ ut Tofte, fyrr de lei mest te Dugurds, aa so tykte han, at han laut setja de upp aa ne lel.
Uppi ein taa di store Steinom, e ha taalaa um, e de eit Hak som de ha drigjest ihop lite Jord ti, aa der veks de langt aa mjukt Gras, so de e godt aa liggje, aa de e høvele stort te Lego aat eit Menneskje; der plæga Far min kvile um Daagaann. Den Dagen va de nettupp han hadde lagt se, fyrr han fekk sjaa ein gild Gard tett ogofor Steinen. Du kann veta, at han Far vart forbina[3] paa detta Syne; de flaug ti han trast, at de laut vera ein Huldergard, men han hadde alder vore rædd nogonting, aa so la’e han i Veigen, for han va huga te aa deta, korles de sto te sjaa[4] slike Folk me, da han saag, at dem fannst, aa de hadde han ikkje fyrr trutt. Da han kom burti Garden, saag han ikkje Folk, men de rauk i ei taa Stugom, aa der gjekk han inn. Alting saag ut som paa ein taa di likaste Bondgardom; Skaap aa Døre, Klukkasse aa Bord aa Benkje da ma’ala aa Beggjenn so kvite, at de skjein atti. Framve Omnen helt Kjeringje paa stelle me ein fersk Ost i ei Tægje[5]. „God Dag,“ sa’e han Far. „Thor signe de,“ svaaraa Kjeringje, „set de nepaa,“ sa’e ho aa sette fram ein Krakk. „Takk e fæ nok sitja,“ sa’e han Far, han gjekk burti Benken aa sette se. „E ha,ikkje visst taa, at oss hadde slike Granne her fyrr,“ sa’e han. „Nei de e fell so de,“ sa’e Kjeringje, „de e nok ikkje ofte oss fæ syne oss fram maata,“ sa’e ho. So. gjekk ho ut i Kleven aa kom fram att me ei rosa Skaal full me den feitaste Mjølk aa baud Far mine aa spurde um han va tysst. Far min tok Skaale aa drakk aa takka for go Mjølk; drakk meir aa takka for Skjenken. „Du e nok ikkje go te henne, trur e,“ sa’e Kjeringje, ho truga han meir. „De va ikkje vandt um aa vera go te dessa Mjølkenn,“ sa’e han Far, „so feit aa go Mjølk ha e alder drukkje fyrr.“ „Aa ja de e fell lite bære Dygd i Krytyrom vaare en i døkre kanskje,“ sa’ e Kjeringje.
Huldre aa han Far vart sitjande lengje, aa dem svalla um mangt aa myki. „Hadde du kome te sett Fjøse dit nord aa sø,“ sa’e ho ve han, „so hadde de naatt inni Garden vaar me eine Enda, aa de hadde vore leidt baade for oss aa døkk; Krytyre døkre hadde alder kome te faatt stande i Ro paa di Baasom som hadde vore att i Veigje for oss,“ sa’e ho. Ho førtalde honom, at um Somren fylgdest Krytyre deres i Hamn kvar Dag. Dem budde der stødt dem, sa’e ho, aa dem avla ikkje so lite Kønn hell; beste Aakeren va uppaa Høgstule. Osten som ho ysta paa fekk han smaakaa, aa den va reint overlag go; ho fortalde honom enda, korles ho laagaa han te, men de gløymde han reint burt att. De sprang ei litol Veltgjente[6] paa Golve der aa leikte se; denne tok han Far uppi Fange sitt aa song aat henne, aa so spurde han ho paasidst, um ho vilde vera Gjenta hass. „Nei ho e so reint forlitol aat de, maata,“ sa’ e More, „men hadde du kome fyrr, so kanskje hadde du faatt eldste Dotter mi, ho vart gift i Vaar.“
„Nei, e lyt fell sjaa sta aat Karom mine att, e,“ sa’e han Far da paasidst. „Ja han kjøm snart heim te Nons Kallen min no,“ sa’e Huldre, „aa de e som de raake te me honom; dersom Sinne stakk han, so va de ikkje bra for de vera her, naar han kom.“ So ba han Far ho leva væl aa strauk att.
Kaa si’ døkk um detta, døkk som ikkje vil tru, at de finnst Hulder te? Døkk lyt nok tegja no, tenkje e, for heile Bygde veit de, at gamle Far min alder ha fare korkje me Lygn ell Vas, aa i Dag ha han sjøl synt me Flekken, som Garden sto paa.
Elles e de fleire me, som ha set Von te, at de finnst Hulder paa Glombakka. Han gamle Jehans Glombakka, som va Husmann der unde Preste, i Petersen si Ti, saag ein Gaang ein Vaar, da han hadde klivi uppaa ein taa dessa store Steinom, at døm pløgde uppaa Høgstule, aa da sto de me for Plogje ein taa Hestom aat Preste, som hadde vorte burte Hausten fyrr. „Aa e du der stakkar,“ sa’e han Jehans. Hesten kneggja, for han kjende Maale hass, men da han Jehans hoppa ne taa Steine aa skulde sta aa faa ti Gampen att, vart de burte alt ihop.
De e so mange som e handfallne paa, korles desse store Steinenn ska vera komne der. E er fell den einslege, som veit de; men no ska du faa veta de me. Uppi Klæbberbergje, som du veit e beint ogofor Glombakka, budde de fere lengje si’a ein gamall Jutul, aa paa Glombakka va ein ung aa staut Hulderkall. No vart baae dessa tvaa huga paa Dotter aat Kvanndalsbøygje[7]; ho va baade sin aa fager, aa da Jutulen skynte, at ho likte bære Hulderkallen, so vart han sinna aa tok te kasta paa Garden hass; men han va nok laag te sikte, for han raakte ikkje me di tri fysste Steinom, aa so hadde han ikkje Magt te kaste fleire.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |