Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 55-56).

Um Jonsok-Kvelden sku alle Trøllkønu samlast fraa alle Sokno, aa daa hava dai me se Trøllkattadn sine. Samlage møtest gjednast ve Huvukyrkja te aa samraa’ast me korare, ko stor Krinsill kor taa dai sku hava te aa trølle i den Sumaren, aa so te aa kvaikje Trøllkattadn sine atte ette Vetretvala[1]. Te desse Kvaikingenn ha kor Trøllkjering gjoymt litevætta taa Brøe aa Vine, som ho fær nær hona gaar te Alters, aa dette giv hona Trøllkatte sino; men fysst ette at hona ha signa aa mulla paa de noko Ord. Nær dette e gjort, tek kor Trøllkjering fram sin Sopelime, aa so set hona se paa Limen aa Trøllkatten attafør henna. Derette seta dai te gaule aa se’a uti Vere solaise: „hiss hai te Hekkenfjell,“ aa me di sama rie dai tvert over Kyrkja aa kverve burt før Augo paa dai, som ha set paa dai. Trollkatten hava dai te suge Mjølk aat se taa Krytyro aat are Folk, aa dette ska gaa før se kor Naatt haile Sumaren. Dai Kønudn som kunne denne Kønste faa tryaa Gøngu so myki Smør taa jammange Ky som are Folk.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Tvale-, = Dvale.