Jutulen i Prestbergje
Tett ve Kyrkjunn paa Vaagaa e de eit stort Berg, som e undele aa sjaa te for døm, som ser de for fysste Gongen. Detta Berge endast nesti i tvo dubbelte Døra – slike som ein notedags kann sjaa i Byom aa sjaa store Folk hellest au. Aa store Folk ha de livt der i gamle Daagaa, de e visst, for der budde ein Jutul, som va reint namnspurd. Han va snill aa viljug mot Folk, naar døm berre inkje gjorde honom imot, men, gjekk døm iveigen for honom, saa kunde døm like saa snart slagte Krytyre sine trast, for døm miste døm likevæl.
Naar nugun kom aa skulde laane naagaa taa Jutule, kasta han berre ein liten Stein i Døre aa sa: „Læt upp, Jutul!“ saa kom Jutulen trast ut.
Ein taa di siste, som saag han, va Jehans sy-i-Gard Blessom. Han va paa ei Reise i Kjøpenhamn, sjaa Kongen. Det va um ei Sak, han hadde me ein taa Grannom sine, han hadde vore der; for de va inkje Rett aa faa paa slike Ting i Norig den Tie. Dagen firi Julkvelden va han komen saa langt paa Heimveigen som aat Kristian. Der laag han da um Natte. Um Morgon da han strauk iveigen, tenkte han paa kaa tyle de skulde vore, um han kunde kome heimatt idag. Me de saamaa strauk ein Vaagver framum, som Blessommen kjende paa den sie Graavesten aa Knappann so store aa blanke som Sylvdale. „Du gaar fort, du!“ sa Blessommen. „Ja e fæ nok skunde me, dersom e ska naa aat Vaagaa ikveld.“ – „E skulde au aat Vaagaa, men e kjøm nok inkje dit ikveld.“ – „Vil du staa paa mæ me? E har ein Hest, som træ tolv Steg i Milenn.“ Blessommen vart lite fortutta men steig da paa Meiann. De gjekk saa fort, at han inkje va go te aa veta kor han va. Ein Sta’n kvilte døm, men Blessommen saag inkje Folk der; over Grinde vart han var eit Dauinghugu. Da døm va kome ein liten Stubb paa Veigen, tok Blessommen te aa frjose; men Jutulen sa: „du lyt traatte de, for oss e snart heimatt.“ Da døm kom aat Finbru’nn, skulde døm skyljast. Blessommen takka for Skjoten. Jutulen sa da: „No maa du lovaa me, at du inkje ser de attende, um du fæ høyre nugun Dunder ell sjaa nugun Ljoskje.“ Blessommen skulde nok inkje gløyme detta, aa saa tok han uppigjønom Bakkjen aat Heime sine. Litegrann ette tok de te aa dundre burte i Prestbergje. Da hadde han gløymt, kaa Jutulen sa, aa snudde lite paa Hugue. So saag han baae Jutuldørann paa vi Vegg aa Jutulen midt i Dørenn – de da Mannen, som hadde skjussa han. Men si’a den Tie sat Hugue skakt paa Jehans Blessom, for de han inkje hadde akta meir paa Ordom aat Jutule.
Ein Gong kom Sante Ola aat Vaagaa aa kristna Folke. Da døm for te aa kjøre Timber aat Kyrkjunn, vart Jutulen sinna aa vilde øyeleggje alt samen. Vaagveren laut gjera de Forlike me Jutule, at døm skulde faa Lov te aa byggje Kyrkja upp; men so skulde Jutulen kaste tri Steine ette Kyrkjetorne, aa raaka han de, skulde de inkje byggjast upp att.
Julkvelden vart Kyrkja ferdog. So for døm te aa time Helgje inn. Da Jutulen høyrde de, da han inkje sein. Han greip ein stor Stein, som han ha lagt ferdog for aa kaste. Men Steinen gjekk reint for langt, like over Finna. Andre Gongen skulde han vera varare, men da naadde inkje Steinen fram. So vart Jutulen fysst rigtogt sinna. Kjeringje hass hadde netupp kinna Smør, aa saa treiv han heile Smørknoa aa kasta ette Torne. Men Smøre vart te ein Stein paa Veigje, aa den Steinen staar enno paa høgre Sia taa Kyrkjeporte paa Vaagaa. Men Jutulen saag ingen naagaa meire te, han flutte fell, førde han inkje kunde traatte Laate taa Kyrkjeklukkom.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |