Det norske Samlags Forlag (s. 69-70).

I Svenkeru paa Nes va dæ ei Gong ei Budeie eitte Rangdi, so va so ørski ette ein Gut eitte Hermund. Dæ va ein Vasakøpp detta, men han hadde Gard, o den so glup va, mæ Bu o Bøling o etand o slitand, so dæ ingjin Ting traut korkji Helg ell Sykkn. Sumbla Tie kom han Hermund o fridde te henne Rangdi o sa, han vilde ha ho; sumbla Tie vart han ohuga, skjikka Attrabø o sa; ho hadde kji Bo vente, at han vilde gjifte se mæ henne. Dæ hjølte kji, kost ho lokkast ve han, o ko søt o bli ho gjorde se; dæ vart samaleine dæ, at summa Tie vilde han Hermund, o summa Tie vilde han inkji paa nokort Sett ell Vis. Ho vart bangin, han kunna finne se ei ønnor ei mæ o gjeva henne Rangdi ein go Dag. So løvde ho ut, at den, so skulde vera go fere faa han Hermund te gjifte se mæ henne, skulde faa – eit Par Sokkeføsslo. So va dæ i Skømingen ein Kveld, han Hermund skulde gaa over eit lite Skogasnar. Gambleklukkaren der paa Nes – ja han va no berre ein Omage daa; men han vart Klukkar sia – han visste um dæ, sprang so han te i Ferevegen, klauv aav uppi ei Luddegrøn o sat der, te han Hermund kom. Daa sette han eit grovt Maal i se o skreik: „Hermund, Hermund!“ Han Hermund braastana o sto o lydde, gjekk ei nokre Steg o sto o lydde atte; men dæ va stilt o kurt allestan, so han alder høyrde Blae rega. Han to te seta paa att fortast han kunna. Ress so dæ va, so roste dæ atte burti Skoge: „Hermund, Hermnnd!“ sterkar o grovar en hi Gonge. Han Hermund stana atte, skjygla ikringo se paa imse kor Sie o lydde. „Ko vil du me?“ sa han te sist; men han va so rædd, at Maale bevra i hono. „Nu skal du gifte dig, Hermund, o det straks!“ sa dæ burti Skoge atte. „O æ de ei Røst ifraa Himmile, so sei me, kem e ska ha!“ „Tag Rangdi Budeie i Svenkerud, saa skal der ske dig Lykke!“ bora dene Jaalin, so uppi Grøn sat. „Ja, æ de so laga, so faar dæ so bli daa,“ svara han Hermund, gjekk sta o gjorde dæ aav mæ henne Rangdi i sama Rappe. Bryllaup vart dæ ogso no, o dæ tvert; ho Rangdi hadde kji Gang mæ bie heirsle lengji, taa di ho visste, han Hermund va kastut o inkji bles lang Heta ifraa sama Leian. Dæ allefyste, ho to se fere mæ, ette ho va heim komi, va o binde eit Par nauende fina Sokkeføsslo aat Gambleklukkare taa dei beste Ullen, han Hermund aatte; ho sette jamvel ei spildrende ny Vøddmaals Bot paa kor Hæl, før ho skjikka dei te ’o.

Dene Historia æ kji berre Uppdikt; e ha høyrt ho taa henne Magritte, Morsgommo minnar – Gu’ kvile Sæle –. Ho hadde øfto høyrt, Gambleklukkaren hadde førtelt ho, o hadde vøre i Svenkeru mang ei Gong.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.