H. Aschehoug & Co. (s. 127-146).
◄  Babylon
Nivlheim  ►

Midt i Byen
i Svaavelgov
stend det uheilage
Mammons-Hov.

Kor-Borg reiser seg
agefull;
til Høgaltar stend
ein Kongsstol av Gull.


Ein Kongsstol av Gull
paa Rullur svære;
der maggar seg Mammon
i Glans og Ære.

Der maggar seg Mammon
i Gullan-Skrud;
stygg er han aa sjaa,
denne Heimsens Gud.

Tung og diger
paa Lag og Skap;
Sprute-Armar
og Havhaa-Gap.

Gris-Augo glyrer
med daud Glans;
Humrakløar
er Hendane hans.

„Vidt han rekk,“
Systeri kved,
„dreg Ætti all
i sin Haasvelg ned.

Fær han si minste
Klo i ei Sjæl,

dreg han ho bønlaust
ned i Hel.

Aldri som no
var den Vonde klok,
daa Mammon til fyrste
Tenar han tok.

Daa fyrst fekk han
Ovmagti rette,
daa Mammon til Jarl
paa Jordi han sette.

I Verdi no
hev Mammon Styre
meir enn sjølve
det store Dyre.“

Veslemøy snur seg
det Trolle fraa;
kulsar og skjelv;
vil ikkje sjaa.

Framfyre den høge
Altarborg
glamrar med Gny
det store Torg.


Den store Torg
med sin Livnad all
det er Gud Mammon
sin Tempelhall.

Der ramlar Gognverk
og stor Trafikk;
det er Gud Mammons
Tempelmusikk.

Der gjeng eit ævelegt
Ville-Jag;
Der held dei Marknad
Døger og Dag.

Handelen gjeng
med Framgang skrinn:
alle taper
og ingin vinn.

Handelen gjeng
som jamt millom Fantar:
dei snyter og lyg
paa baae Kantar.

Dei snyter og lyg
og fjuskar og stel,

baade dei som kauper
og dei som sèl.

Det gjeng med Uling
og Skraal
og Mulling arg
og Gnaal.

Dei græmekved
og kvider
for desse laake
Tidir.

Dei bannar av bleike
Munn:
„alltid Utid
i Babylon.“

D’er Jammer paa kvar den
Led:
„det gjeng berre ned
og ned.“

Dei klagar av saare
Strupe:
„her er alle like
glupe.


D’er ingi vinning
aa faa,
naar der ingin er
til aa flaa.

Og daa maa Handlaren
syte,
naar alle hev lært
aa snyte.“

*

Mammons-Altar
stend rundt ikring;
Veslemøy ser
fælslege Ting.

Mennar i varme
Innvolar rotar
og kvar sin Næste
til Mammon blotar.

Slagtar og blotar
paa kvar si Vis
sin arme Næste
til Mammons Pris.

Uppatt sitt Liv
paa Jord dei drøymer,

so Angest-Sveiten
av Kinn strøymer;
alt kjem att
og klaart seg ter
so Syndeskammi
dei sjølve ser;
alt kjem att,
størst som mindst;
Næsten dei nyttar
til Handelsvinst;
paa Rokkeverk gilde
med Hjul og Armar
Gulltraad dei spinn
av Mannatarmar;
i Trollgrytur svarte
med Rædsle-Mod
Gull dei kokar
av Mannablod;
Næsten dei nyttar
til Ting, til Træl,
driv han med Slit
og Mas ihel,
driv og piskar
Kvende som Menn
og Born med,
so Sveiten renn,
lagar av den
med Sjælemein

blanke Perlur
og Dyrdestein;
piskar og driv
med Svigje kvass,
so Trælen bløder
for Arbeidslass;
lagar av Blode
med Samvitsbrand
Fingergull
og Glitreband,
Sylgjur til svellande
Kvendebarmar
og Ringar raude
til runde Armar;
driv og piskar,
til flengd fell Hud,
lagar av den
Tjeld og Skrud,
Skarlak rik
og Knipling fin
og Fløyelsduk
og det kvite Lin;
vender det alt
i Pengar
og blanke Gullan-
Spengar.
Men hev dei sin Næste
gjort i Gull

og hev baade Kistill
og Kjellar full, —
andre Mammons-
prestar stend hjaa deim
og lempar og stèl
Mìdelen fraa deim.

Sùme i Villske
med Græmekvæde
ofrar seg sjølve
Mammon til Glede;
sèl seg, gjev seg
den Hel-Gast fæl
heile og haldne,
Kropp og Sjæl;
dukkar i Møda
og Suti arm
og Vinst tøygjer
av eigin Barm,
gruvlar til Heilen
vert som ein Svull,
og slit seg og spinn seg
upp i Gull,
til dess dei ein Dag
seg ut hev spunni
og ingin Ting
sjølve vunni.
For daa fyrst fyllest

dei Kiste-Svelgar,
naar sjølve dei ligg der
som tome Belgar.

Fæl er den myrke
Mammons Torg;
Blodrøyk stig tung
um Altar-Borg;
d’er Seiding og Bloting
med Lukt av Lik;
d’er Tjuvskap og Handel
med Harmingsskrik;
det brælar med Braak
og Brumle-Ljod;
Trollrokkar sviv,
smurde med Blod;
det rullar med Hjul
og surrande Reimar;
det gyv med Gov
og ule Eimar;
men feitt myler Mammon
med Munn som heng;
for no med Kraft
Bruke hans gjeng.

Med’ Hel-Eld i Hugane
bivrar blaa,

myrke Skuggar
sviv til og fraa.

Myrke Skuggar
i svart Rad
glid att og fram
med Skræmslekvad.

Skrid att og fram
i lange Linur
med Trugsmaal tunge
med Draaps-Minur.

Bugtar seg fram
med Smell og Skòt:
„Hemn kjem for alle
bloduge Bròt.“

Bugtar seg um deim
i tett Lag:
„De rike! Lasarus
vaknar ein Dag.“

Bugtar seg um deim
i Bøyg rund:
„ein Dag me river dykk
alle sund.“


Ormar seg um deim
paa kvar Led:
„til Hemn me ein Dag
traar dykker ned.“

Ormar seg um deim
i slyngde Bugtir:
„ein Dag smakar de
Uretts Fruktir.“

Armodi mødde
skræmsleg seg ter
som eit upp dragande
øyde Vêr.

Som Torehausar
paa Himil-Rund
ho varslar ei komande
Rædsle-Stund.

Mammonprestane
folnar i Gru,
men kann ikkje fraa
sine Vegar snu.

All Stad renn
den raude Elv;

all Stad Blotmennar
bleike skjelv.

Dei Hjelp maa vone
av Mammon, sin Herre;
dei dyrkar han meir;
dei blotar verre.

Dei ofrar Guden sin
alt Slag;
dei blotar ukjend
og kjend i Lag.

Dei ofrar kjende,
dei ofrar kjære;
dei ofrar Samvit
og Elsk og Ære.

Dei ofrar Sanning
og Sæle-Von;
dei ofrar Far
og dei ofrar Son.

Alt dei paa Jordi
kjært kann faa,
naar Mammon krev det,
so lyt det gaa.


Dei ofrar og so
i Bøn talar:
„Hjelp oss, frels oss,
allmegtige Dalar!“

— — Volva stoggar
for Leike-Tram,
der Kvende vert ofra
i Last og Skam.

Veslemøy græt,
i Hjarta krenkt;
so vondt hadd’ ho aldri
trutt eller tenkt.

Halvnakne dansar
med Skrik og Styr
desse arme daudvigde
Offerdyr.

Syng og dansar
med ubljuge Faktir
for alle lausgjevne
Raaskaps Magtir.

Dansar og syng
med Flogs og Gap

og øser og eggjar
til Ukjurskap.

So maa dei arme
paa Ferdi ned
eggje og draga
andre med.

So maa dei selde
til Blot seg laga
og andre med seg
i Dauden draga.

Til fram dei vert slæpte
for Altarfot
sulka og skjemde
til godt Blot.

Veslemøy.

Tala, Syster, so vert eg sterk!
Mæle ditt er so mildt.
Seg, kven er desse Sælingar arme,
som for seg hev bytt so illt?

Systeri.

Mammonstrælane sankast hit
fraa alle livsens Kantar:

Snyltrarar, Snytarar, Rente-Iglar
og Tjuvar og Spekulantar.

Herrar som lìver paa Jord i Mak
av Armod som svelt og slit,
maa svide saart her i Svarteheimen,
der Angesten brenn og bit.

Og hardt maa dei Syndarar bøte
i djupe Helvit-Grunn,
som falska Mat for svoltin Mage
og Mjølk for Barnemunn.

Alle dei stygge Snyltredyr,
som livde av anna Folks Daude,
maa lide meir enn nokon veit
i Svaavelheimane aude.

Stygt dei spillte sin Livsdag
for Mammonsløni skral;
Sjæli gjordest eit Reknestykkje,
og Næsten vart eit Tal.

Stygt dei spillte sin Livsdag,
der i sitt Kav dei stunde;
Sjæli gjordest ei Kaupmannsbok,
og Næsten vart til Kunde.

*

Kjem dei fram
paa ein Plass skùm,
der syndige Mennar
lid streng Dom.

Kjeringar arge,
Skrukke-Skinn,
Rivtonn-Tryne,
hev trengt seg inn,
hev trengt seg kvar
til sin Mann fram
og kallar og skjeller
utan Skam;
skjeller med Magt,
so det ryk og renn
og gøyser ut yvi
dei bleike Menn;
Fleggja byd
av Hjartans Grunn
og brùkar den verste
Slarvemunn;
Skamord auser
og Nidstev slengjer,
hekser og høgg
og hædeflengjer;
glefser, glibbar,
grin, gryler,

fleggjer og lær,
flirer, fyler;
ertar med atalle
Ord som sting,
neiser med skamlege
Stygge-Ting;
hækjer, hyner
og hundelæt,
til arme Sellar
paa Slutten græt.

Dei græt av Sinne
og Skam,
kann knapt faa Orde
fram;
og fær dei eit Ord
inn sprengt,
straks vert det imot deim
rengt;
og dylja dei ikkje kann,
at her sine Meistrar
dei fann;
d’er hardt; og i Harm
dei yler
og gruffar og ille
gryler.

<poem>

Volva.
Seg di Sut,
Syndar; kvi græt du?
Klagesong.

Øle-Bit og Ormestyngir ille full’ svide kann; men eitrande arge Kvinnetunga er sjølve Helvites Brand.

Eiter av Øle og Skorpion brenner som beiske Lut; men stingande kvasse Kvinnetunga, den held me aldri ut.

Veslemøy.

Kva hev dei synda som lid den Skam, og kann ikkje for seg svara?

Systeri.

Dei vonde forgiftige Bladmenn er det, som her maa so ille fara.

Det var deira Ros og Ære, og den vart millom deim stor, <poem> <poem> som kunde skjote med Eiterpilir og pine med rengde Ord.

Det var deira største Hugnad, og Prisen den av deim vann, som visste med Sløgd kvar Dag aa finne det Orde som drap sin Mann.

D’er dei som paa Jordi laga dei nidfulle Fareblad og let dei fljuge til Folke-Eggjing som Gneistar fraa Stad til Stad.

Dei laga og fraa seg sende Vondske som vide fór, Nidskriftir stygge som fyller Heimen med Harm og herjande Ord.

Laga og fraa seg sende til alle som taka gat, atalle, eglande Farebladi, som fyller Verdi med Hat. <poem>