I Helheim/Nivlheim
Ned-yvi hallar
Myrke-Heimar
igjenom tetnande
Tòku-Eimar.
Ned-yvi hallar
Myrke-Land
til Nivlheim kalde
med Naae-Strand.
Til Nivlheim kalde,
det nifse Rike,
der Draken uler
i Naae-Dike.
Aldri er dèr
Dags Meim;
det er den skùmaste
Skoddeheim.
Aldri er der
Dags Rand;
det er det tettaste
Tòku-Land.
Som Muskregn vaate
heng inn av Hav,
Kaldskodda gøymer
Lande av.
Som Regnslufs um Hausten
vinter-surt
Kaldskodda løyner
Lande burt.
*
Volva glid fram;
alt seg ter;
djupt gjenom Nivl-Natt
Veslemøy ser.
Illfysin er
den Rædsle-Stad;
den slafsar og renn
med Regn og Slad.
Skinnvengje-Skap,
Eiter-Kinglar,
- tvist[1] og stilt
- i Skodda vinglar.
- Likfugl flakjar
- med blaae Vengir;
- olme Udyr
- med Augo rengjer.
- Det kraumar og kravlar
- rundt i Ring
- med ult Kryp
- og ufysne Ting.
- Der kulsar kruksne
- dei dømde daude
- og vèd i Snøslaps
- med Føtar raude.
- Det renn og det driv;
- det sutlar og skvalar.
- For Veslemøy mildt
- Systeri talar:
- „Kaldt det er
- der me gjeng inn no;
- d’er Sjølvhugen hard
- som iser so.
D’er Sjølvhugen hard
og hjartelaus,
som so her æveleg
frøyste[2] og fraus.
Det Regne som dryp
or Sky-Tyngd graa
er Taarir som fell
der ovan fraa.
Det Regne som droplar
or Skoddesveim
er Vonløyse-Graat
fraa Mannaheim.
D’er Vonløyse-Graat
som fell so kald
fraa Jordi tyngd
under Herre-Vald.
D’er Vonløyse-Graat
som fell so saar
fraa Folki som trotnar
i Trældoms Aaar.
So fell Graat
alle Dagar
fraa trotne Folki
som faafengt klagar.
Fell og mengjer seg
smaatt um Senn
med Blod-Aa som hit
fraa Mannheim renn.
Blod-Aa som hit
fraa Mannheim sig
av Hèr-Herjing
og Rans Krig.
Blod-Aa som sig
hit fraa Jord
av Hèr-Herjing
og Folkemord.
Graat seg blandar
med Blod som strøymer;
Naa-Brunn fyllest;
Naastrendar fløymer.
Naa-Brunn fyllest,
der Draken skrik;
Naastrendar fløymer,
fulle av Lik.“
Veslemøy.
Kven er dei villande Vaa’ar
som sviv her i Vaat-Roggs Sky?
Og seg, kva maa dei so mødde draga
der fram gjenom Søyledy?
Systeri.
Daude Kroppar dei so maa draga
der fram aat Naabrunns Vik;
Kroppar av fallne Hèrmenn er det
aat Draken som sliter Lik.
For Ufreds Drake, i Naabrunn svelt,
so maa dei i Djupheim træle,
av di dei øydde for Folki paa Jord
Hugnad og Heimesæle.
Hèrulvar er det og Blodmenn,
som rana Jord og Fe;
Heime-Liv og fredsamt Arbeid
dei under seg traakka ned.
Hèrulvar er det og Blodmenn,
som røva Bøndar bleike;
Bøn dei møtte med Bile kvass,
og trampa og trælka dei veike.
No gjeng dei sjølve trotne
og trælar i mødde Kav,
lik Folki arme som dei paa Jordi
so tungt aa bera gav.
Naud lid dei i Naae-Dalar
i Skoddeheimen kald,
Som yvi Brørar i Mannaheimen
raade vilde med Vald.
Vondt hev dei aat seg laga
og Mein seg i Naaheim lagt,
som yvi Brørar i Mannaheimen
raade vilde med Magt.
Dei som herdest til Djevlar
paa Jordi eller i Hel,
lide maa den Vonløysa tunge
i djupaste Djupheim fæl.
*
Fram gjennom Natti
stilt det ber;
all Stad Hamar
flakkar og fèr.
Flakkar og fèr
Vegen stygg
med kvar sine Syndir
paa tyngde Rygg.
Kvar hev si Minning
fraa Livs Verke;
men alle hev dei
det same Merke.
Kvar hev si Sut
til Synde-Hyre;
men alle er dei
merkte til Dyre.
Paa Naastrendar vide
det stend kvar Dag
for Hèr-Draken hóle
eit hardt Slag.
Det glamrar av Vaapn
all Tid;
dei taper og vinn
kvar-si Rid.
Hèr-Lurar ljomar
og Egle-Song;
dei vinn og taper
kvar-sin Gong.
Kvar-sin Gong
dei fell eller flyr;
i Flokkar døyr Mennane
der i Myr.
Døyr i harde
Bane-Ridir;
vaknar upp att
til nye Stridir.
Folnar og døyr
i kalde Gru;
maa upp att til same
Staake snu.
All den Daude-
Rædsle og Kvide
maa upp att dei der
kvar Dag lide.
Veslemøy.
Kva slæst dei fyri? Og kven skal vinne,
naar ein Gong dei Enden naar?
Systeri.
Endelaust tøygjer seg denne Striden;
det er som paa Jordi vaar.
D’er Hat mot Hat, som med Hemn mot Hemn
kveikjer einannan upp,
so um det døyr paa den eine Sida,
pa hi Sida skyt det Knupp.
Ingin vinn og alle taper;
det kann dei sjølve sjaa;
endaa i æveleg Strid dei kivast
og rivast og slitast maa.
*
Paa Hovmannsdinsa
gjeng Dansen glup
paa Moseduk skral
yvi Avhols Djup.
Paa Hovmannsdinsa
gjeng Dansen lett;
fyrst dei stanar,
dei gjenom dett.
Raads-Dy heiter
ei Blautmyr fæl;
der søkk og bliv
so mang ei arm Sjæl.
Magthavar-Fèni[3]
er næste Rast;
so mang ei arm Sjæl der
vart sitjande fast.
I Doms-Dike ingin
til Botnar gjeng;
dei sokk ikkje heilt,
som halvt heng.
I Domsdike-Galgar
det hurglar og tyt;
dei heng ikkje heilt,
som halvt flyt.
Angest og Naud
er all Stad aa sjaa;
so kvar for sin Urett
lide maa.
Veslemøy.
Naar fekk dei det stygge Merke,
dei hev i sin Panne-Svord?
Systeri.
Den Dagen si Sjæl dei Dyre ofra,
til Velde aa vinne paa Jord.
Daa fekk dei av Dyre den Runemagt,
at Urett til Rett dei vende,
og raadde sidan med Velde villt
og tvinga og batt og bende.
Med Dyre-Hjelp under Drake-Vakt
dei trygge det Velde visste;
men Merke fekk dei i sine Skallar,
og Fred og Fridom dei misste.
Dyre maatte dei tena
og Dyre Truskap sverja
og lyde Dyre i smaatt og stort
og Magti aat Dyre verja.
Aat alt som Dyre elskar
dei reiste Støttur og Slott;
men Sanningsvitne og Guds Profetar
slog dei ihel med Spott.
Dei gjorde Urett som Dyre baud;
aat Magti letta dei Byrdi;
men kom Vaarherre i faatøk Naud,
so berre stengde dei Døri.
Dei dømde gali aa vera godt
og Lovi tøygde og rengde;
dei lét dei store Syndarar gaa
og trutt dei smaae dei hengde.
Det er dei syndige Styresmennar,
som døyvde Liv i Land
med Tvang og Tyngslur og Uretts Kravi
og Bendsle og Snøre-Band.
Lide maa dei i Nivlheim,
i Kalddjupe gruggi og gruti,
som skygde med Tyngslur og stengde med Tvang
Soli fraa Folke ute.
Lide maa dei i Nivlheim,
i Kalddjupe vaatt og graatt,
dei harde, vonde Styresmennar,
som lagde um Jordi Nott.
Lide maa dei i Nivlheim,
som bygde med Stein og Staal
fagre, ljose Mannaheimen
um til eit Fangehol.
*
Fram sviv dei yvi
den Svarm av Draugar
til Dyre som sìt
paa dei sju Haugar.
Der ligg i Nedfall
ein gamall By;
enn lyfter seg morknande
Taarn mot Sky.
Enn lyfter seg Borgir
og Leikar-Hus
og Tempel-Bygningar
halvt i Grus.
Paa Høgste-Haug
yvi Gamle-Torg
ligg den mosgrodde
Raadhus-Borg.
Der sìt Dyre,
det store,
skræmmelegt,
underleg vori.
Høgt det ruvar
fraa Bakke-Braut;
bundi sìt det
keikt og kaut.
Bundi sìt det
breidt og bovi;
Løve-Bùl hev det
og Drake-Rove.
Rova seg veivar
i Bøyg og Sving
lang og skjoldklædd
Haugane kring.
Tøygjer seg sidan
ut og att,
til burt ho myrknar
i Nivlheims Natt.
Bùlen lyfter seg
fremst paa Topp
med tvo Hovud
paa ein Kropp.
Det eine er Hovud
av Vargen graa
med Keisarkrone
der ovan-aa.
Det andre er Hovud
av Reven fin;
Pavekrona
der upp-aa skin.
Hovud til anna
stundom kvæser,
skjeglar, glefser,
grin, fræser.
Men Inkje ved Strid
dei vinn eller vann;
det veit dei og blidkar seg
best dei kann.
Ikkje i Sjølvstrid
kann Dyre vinne;
Hovudi blidkar seg,
heite av Sinne.
I Krig ein maa
med seg sjølv halde Fred;
det skỳnar og veit dei
i Helvite med.
Vakt hev Dyre
ikring seg nære,
<poem>
- ei Herre-vakt,
- liksom til Ære.
- D’er Hamar morske,
- Løvur, Ørnar,
- Leopardar,
- Panterar, Bjørnar,
- mammonsmerkte
- Mannshamar stygge;
- dei sìt der og gjæter
- med Augo gløgge.
- „Dei held“ — kved Systeri —
- „alle vakt
- yvi Bandi som tvingar
- Dyre med Magt.
- Lekkjur og Lovband
- seigt spunne
- um Føtar og Rygg
- paa Dyre er bundi.
- Det veit dei alle
- og flirer med Spott;
- men Dyre dyrkar dei
- like godt.“
<poem>
Ytst stend Hirdi,
Dronningar fride,
Kongar og Keisarar,
Bispar blide.
Det er som dei frys
i sin Silke-Bunad
men mjukt dei seg bøygjer
kvar for si Kruna
Det er som dei skjelv
i den isande Vind;
men djupt dei seg krøkjer
for Herren sin.
Keisarar, Kongar
i Kaapur side
striglar Dyre
um Bog og Side.
Striglar Dyre
um Bog og Kne;
rundt ikringum
Bispane kved.
Stend i Radir
for Dyre og kved,
svingar med Røykverk
og til det bed.
Pavar stig fram
i stort Skrud;
messar for Dyre
som for ein Gud.
Dronningar høge
svarar i Kor
og dansar for Dyre
i tunt Flor.
Bundne dei er
til Herren sin alle;
han Merke sitt ser
i kvar Skalle.
Alt i Gledskap
og Glans seg ter;
daa peikar volva,
og Veslemøy ser.
Ser Dyre det store
i Lygn vundi
og midt i si Magt
basta og bundi.
Ser Hirdi den gilde
med lovsong i Munn
for Herren ho hatar
av Hjartans Grunn.
Ser kor med høgtiding
hardt ho seg leitar
og under Kinn-Maaling
Blod sveitar.
Og kor under Smiling
og Ord fine
ho lid den verste
Helvites Pine.
Hat og Rædsle
og Angest fæl
hauk-rid og hakkar
kvar Hovmannssjæl.
Dei hatar Dyre
med Herjeklo
og tannkvasse Blod-Gapi
baae tvo;
knurrar i Løynd
mot det tunge Velde,
men slepp ikkje fraa;
er merkte og selde.
Hate er sterkt,
men Rædsla vinn;
blaakald ho ligg
um kvart Kinn.
Veslemøy.
Kven er dette stygge Dyretroll
med Hovud tvo yvi Herdi?
Systeri.
Det er den skraavande Heimsens Magt,
Rike av denne Verdi.
Veslemøy.
Kva er det for Band? Og all den Vakti
som gjæter so ottefull?
Systeri.
Folki bind Dyre med Lov og Landsrett
og Mammon bind det med Gull.
Men endaa raader og rikjer
Dyre med bønlaust Velde,
yvi alle som under Dyre-
Magti seg gav og selde.
Sterkt er Dyre, um no i Band
det sìt som ein Fange berre;
det nyt næst Mammon Ære og Ros
og Elsk hjaa den vonde Herre.
Fraa honom hev det Magti si;
ved honom Gud det svor
Ufred, og Rike sitt eigi sette
i staden for hans paa Jord.
Veslemøy.
Men Kross det hev yvi Kronur?
Og Bispar ikring det maa smjuge?
Systeri.
Med Krossen, det stal, og det heilage Namn
vil alt det under seg ljuge.
Men Bispar og Pavar som lider her
sin Dom paa denne Gjerdi,
d’er dei som gjorde Guds-Rike sjølv
til Rike av denne Verdi.
*
Fraa alle Nivlheims
Myrar og Flæe
kjem Helsar-Lag
med Talur og Kvæde.
Hit dreg dei seg seint;
burt rekkjer dei fort;
dei smeikjer so søtt,
dei gjøler so stort.
Men løynleg alle
vrid seg i Pine
og sveitar Blod
yvi Lygnine sine.
Og under Festsong
og Helsarskraal
høyrer Veslemøy
Klagemaal.
Og Bønir mot Dyre,
som sveik deim so ille,
og Upprørsrop
og Trugsmaal ville.
Fram gjeng Kongar
med tungt Gny;
paa Hovudi ber dei
Kronur av Bly.
Blykaapur tyngjer
med Blod-Rendar;
Bly-Spir skjelv
i dadrande Hendar.
Raadsherrar fylgjer
med Brevbok og Penn,
og Folkehovdingar,
trudde Menn.
Alle i Høgtids-
Hyre;
alle merkte
til Dyre.
Or Kaldskodda glid dei
nærre
og helsar Dyre,
sin Herre.
Volva.
Høyr! gjenom Helsing
Harmkvæde stig;
kvævd gjeng
Kongejammer.
Song.
Me svinga Styre-Stav,
men gløymde Rettferdskrav
og Fridomsbolk.
Vaar Magt til vern var sett
for Fred og heilag Rett;
me vart ei Svikar-Ætt
for alle Folk.
Til Eigenbatens Agt
me nytta vigde Magt
og Embætts Glans.
Guds Jarlar yvi Jord
me heilag Lovnad svor,
men etter Dyre fór
i Daare-Dans.
Me hjelpte Magti fjong
mot dei som Hjelpi trong
i Mødsla hard.
Men reiste Naud seg harm
og lyfte magre Arm,
med Odd mot nakne Barm
me stutt gav Svar.
Me livde utan Sorg
paa høge Herreborg
med Vin og Møy.
Me tok forutan Skam
Stakkarens eine Lam;
og bar han Klage fram,
so laut han døy.
Me sveik den arme Mann
som ei seg verja kann
med veike Arm.
Han sleit og smaatt fekk att;
me Stein paa Byrdi batt
og saug med Toll og Skatt
hans Blod av Barm.
No Domen tung me ber
og gjeng i Skjemsla her
i Skodde-Land.
Du Dyr som tok vaar Fred,
Vaabøn me mot deg bed;
deg tvinge Lém Led
alt tyngre Band!
Dyre skvakkar
med tver Laatt:
„alt de tenkjer,
det veit eg godt.“
Dyre flirer
med Augne-Rengje:
„banne meg vel
og banne meg lengi!
Di meir de bannar,
di meir de lid,
og det er min Hugnad
all Tid.“
Herrane bøygde
burt dreg
den lange Leid
og den tunge Veg.
*
Dyre skìl
som ein Skimt or Sky;
glytter rædd
mot det veike Gry.
Varge-Augo
raudt brenner;
Dyre stirande
Volva kjenner.
Uling gjeng
gjenom Nott;
høgt gøyr det Hovud
graatt:
Spaamøy som Tidine
veit og ser,
spaa meg du skal,
fyrr burt du fèr.
Suti mi veit du,
som aldri spaknar:
Velde, eg aatte,
saart eg saknar.
Meinsleg det gjeng
og mindre enn godt:
alt paa Jordi
vert veikt og smaatt;
vaakt det gjeng
og all Tid verre:
ingin paa Jord
er lenger Herre;
sund kaurast Heimen
i Rike som Bygdir,
Dvergar kliv upp
paa alle Høgdir;
kløyvd er Magti
og kløyvest meir,
Smaa-Magtir vert det
fleir og fleir.
Ille var det,
og hardt eg sytte,
daa Keisar og Pave
Magti bytte;
sidan Herrane
all Stund
meir og meir
skifte ho sund,
til dess dei no
paa det allra siste
halve Magti
til Folke miste.
Folke, ha ha!
som skal vera styrt,
stend no, ha ha!
som ei Styresmagt
vyrdt;
Jordi hev mist
sine Tindar og Berg;
alt er flatt
og Dverg yvi Dverg;
ille gjeng det
og alltid verre;
no er snart
Aalmugen Herre.
Tidine er
meir enn vonde;
alt er Skrap
og Borgar og Bonde;
alle styrer
og ingin raar,
ingin yvi
dei andre naar;
ingin er Cæsar
og Gud paa Jord;
ingin Tyran;
ingin stor.
Volve som veit
Tide-Vendi:
naar fær
denne Armod Ende?
Naar døyr
denne Borgartid kyrr;
naar veks meg Cæsar
veldig som fyrr?
Revehovude.
Høyr, Volve, det eg segjer deg:
den rette Cæsar, det er eg;
i dette Teikne er mi Magt;
ved det er alt meg underlagt
Eg ein Gong raadde Vargen fritt;
seg naar vert Velde heilt att mitt?
Guds Jarl eg er paa Jordi all;
ved dette Teikn eg vinne skal.
Reven messande,
blid i Ferd,
tyder paa Krossen
som Volva ber.
Vargehovude
grin stygt;
daa høyrer det Volva
kveda høgt.
Volva.
Kløyvd sìt du,
og klovne skal du,
morkne, visne;
Domen er fallen.
Mene, tekel
Magtine skreiv deg;
Udyr var du;
ingin deg saknar.
Vond Tid,
Vaade-Tid;
Graa Alder,
Græme-Alder!
Mammon den tunge
Mannheim traakkar,
jamnar med Jarnhæl
Jordi flat;
kry gjeng Konge
Kræmaren no;
Vakthund viljug
du vaktar hans Kjellar.
Minkande møder seg
Mannaætti,
vinn seg fraa vondt
til verre alltid.
Sæle ho slepper
og Sut seg avlar
og naknare Naud
for Nøgdi rike;
for Herre-Hugnad
i hardare Trældom
stridande tungt ho
strævar seg ned.
men midt i den mødde
Mannaheimen
fritt lever
Freds Rike;
aukande daa,
naar dei andre minkar,
sterkt ved ein Cæsar
du seint skynar,
han som mot vondt
vinn med godt
og Verdi tok
med Teikne dette.
Høgt lyfter Volva
den vigde Stav;
so sokk gjenom Nivlheim;
det tagna av.
Høgt lyfte ho Teikne;
det lyste mildt;
Nivlheim tagna
og sturde stilt.
Daa gjekk ein Gufs
gjenom Rome;
det hiksta i Natti
skùme.
Varghovude byste
seg:
„ved dette Teikne
vann eg!“
Daa lyfte seg Skolt
og Skalle,
Gapi opna seg
alle.
Vidopne Gapi
stod,
og heile Helvite
lo.
Volva.
Teikne deg kløyvde;
klovne skal du;
Rike, du rana,
reiser seg nytt.
Mene, tekel
Magtine skreiv deg;
i Lygn vann du,
i Løynd kverv du.
Dyre knurrar
og illt seg ber;
volva med Møyane
av fer.
Lengst i Nord
stig Frostheimen graa
med Isberg som Eggir
og spir aa sjaa.
Isberg gløser
i Kaldgòva der
som Eggir og agande
Spir og Sverd.
Under Høg-Egg sìt sveipt
i rimkvit Kjol’
Hel-Herren sterke
paa Keisar-Stol.
Andlite er
som i Hat isna;
Veslemøy kald
ved den Syni visna.
Um Hovde som brattreist
stig og rett,
ei Iskrone glimar
som stjernesett.
Um Ringen ei Løynskrift
blank seg dreg;
Volva les:
„Eg Mot Deg.“
Kring honom dansar
dei store Djevlar;
fuse paa vondt
dei vandt seg hevlar.
Veslemøy treiv seg
til Systeri snøgt:
„seg, kann her vera
so mykje stygt.“
Barmen snører seg
kvævd og kald:
„hu! her hev det stygge
Einevald.“
Det var so det sveiv henne
Sinn og Sans;
aldri saag ho
so fæl ein Dans.
D’er skakt og skeivt,
d’er vrangt og vindt,
d’er sleipt og kaldt,
d’er skrukkut og skrint,
d’er Kryp som krabbar,
og byksande Dyr
og Trollskap fraa tunge
Æventyr;
d’er Draken skjoldklædd
og Ormen svinn;
d’er Bustefeldar
og Raggeskinn;
d’er Hettur og Horn
og Brodd og Bryne
og Bløyg og Ugg
og Trant og Tryne;
Ape-Armar
og Hestelegg,
og Luggar og Faks
og Bukke-Skjegg,
Halsar hole
og Nakkar tette
Varge-Vembar,
aldri mette;
d’er trollstore gløsande
Augo ille,
Eld-Augo grøne,
Blod-Augo ville,
Rivtennar, Kløar,
Rovur i Ring,
Skinnvengir, alle
skræmslege Ting;
det dansar med Uling
som Øyro villar
av Gap som paa Løvur
og Krokodillar,
dansar og svansar,
svinsar og sviv
um Stolen, der Hel-Herren
stirer stiv.
„Dei braddar og brenn“
— Systeri kved —
„etter Glede aa øyde
og Sjælefred.
Kann vondt dei faa gjort,
snøgt dei seg skundar,
glefser til
liksom galne Hundar.
Aat Jordi dei hastar;
der hev kvar ein
sitt Folk aa elte
og gjera Mein.
Der hev dei sit Vonde
Verk aa gjera;
men tidt dei sin kjerre
maa Bòd bera.“
Smaadjevlar svarte
der millom smett;
„d’er dei som for Hel-Herren
Ærend skvett.
Snøgge dei høpp
her til og fraa;
hev kvar sine Sjælir
aa fyri raa’.
Hev kvar sine Sjælir
aa leika seg med
og daare og svike
og narre her ned.
Eller kvar sine Syndir
aa dyrke med sut,
at Røtane styrkjest
og ikkje gjeng ut.
Med Snøggbòd styrer
Hel-Hjerren daa
den Verdi han sjølv
er støytt ned ifraa.“
Hel-Herren.
Volve du vise høyr og seg kva Tidi mun lide;
lengi eg sat; og hardt meg Lengting sliter i Hugen.
Seg meg um Tidi er nær; um sotbrune Hane gjèl snart,
varslande Striden, daa han som Rome mitt tok skal falle.
Endelause skrid i roleg Gang gjenom Verdi,
seint som Uksar for Plog, dei seige graae Aartusund,
eitt for eitt. Eg mæler og tèl og reknar og gløymer;
ventar Stundi med tòl-laust Mod og æveleg ventar;
aldri mi Tid kjem.
Sant nok; eg raader og rikjer
yvi den vide Jord. Eg er denne Heimsens Fyrste.
Meg med dei mange Namn og mange Hamar som daarar
kvar etter Hug og Smak og Vìt, meg tenar dei trottugt,
Storfjølden all, i Borg, paa Børs, i Læger i Kyrkje.
Mine Futar eg hev og Tenarar all Stad paa Jordi,
Fyrstar og førande Menn, Riksstellarar, Tenkjarar, Skaldar,
Prestar og fyrst og fremst min beste Lokkemat Kvinna.
Men kva nyttar det alt. Eit framandt Velde hev lagt seg
tungt yvi meg og mitt. Sjølv sìt eg i Nivlheim bundin,
slitin i Uro og lange Harm; og dei som meg tenar,
hughalve gjer dei det, og rædde og lite glade,
elte av Samvìts Agg og Angest som løynleg gneg deim.
Trygt dei ikkje meg trur. Det andre Velde deim skræmer,
tyngjer til Slutt deim ned og øyder all deira Vinning.
Ingin som tenar meg fær hugheilt Løni si njote;
rædd han fæler ei Magt, som lurer og tek ifraa han
meir til sist enn han vann.
Ein Gud i Band og i Trældom
sìt eg her til Spott. Og alle mine er bundne
liksom eg. Det tòlte og bar eg mykje for lengi.
Aldri Ro i min Hug eg fær, fyrr Stundi er komi,
daa med Hel-hèren fram eg gjeng og Himilen stormar,
leggjande under meg alt; med Rett, for daa hev eg Magti.
Fri vil eg staa og sterk, og frie skal Mennar meg tena;
fri skal den store Lyst yvi verdi grenselaust fløyme
utan Trege og Sut for deim som er mine av Hjarta.
Eg er Gud og raar; min Vilje er Livslov og Lagnad;
gjenom Ævur og Tid og Rom gjeld mitt Ord aaleine;
ingin sèt meg Mein i Mannheim, Hèl eller Himil.
Daa er Verdi fri og sterk, og Live fær Helse,
løyst av Rædsla sjuk og Samvìts pinande Uro;
fritt daa rullar Blod med Elsk og Hat gjenom Aarir;
heit brenn Hug i Strid for glødande Eigin-Vilje;
veikt og skralt og mildt fær døy og det sterke vinne;
Gudar og Djevlar veks paa Jord og Gjerningar store,
Vaae-Verk og Ville-Leik som lyser til Himlen.
Daa er det komi, Rike mitt. Spaa, Volve, naar kjem det?
Volva.
Upprørar er du
alle Dagar,
Liv-Øydar,
Mot-Gud, Mot-Krist,
Brjotar som ikkje
byggje kann.
Eignalaus
annans Rike
raade du vil,
rive du laut;
vondt veld du,
vinn aldri.
Langt fraa dei laage
Leidine dine
Veg til Guddom
viste ein større.
Bøygd ber
beint den Veg
gjenom døkke Dalar
til Dag fram,
alltid upp,
merkt med dette.
Volva lyfter
det vigde Tre;
med Jammer søkk Nivlheim
i Skodda ned.
Med Jammer søkk Nivlheim
i Skodde-Skygd;
Volva med Systrane
stig mot høgd.
<references>