Jenta fraa Heringsta som vart inn-tikjin

Jenta fraa Heringsta som vart inn-tikjin.

For tri Hondrede Aar attende va de ein rik og maktog Mann paa Heringsta som kallast Knut Bagge. Kjeringje hans heitte Marit Tostinsdotter og de va nok ei, som ikje sleppte Tru’n um de saag myrkt ut umkring ho. Ho va tri Gongo gjift, fyste Gongen me ein ’taa Brattom paa Bjølsta, andre Gongen me’om Knut Bagge og den treja me ein Storing som heitte Abraham Stubb. Kaa mange Bon ho Marit ha i allt, ha eg alder høyrt, men ho ha’ tri Døtt’ og døm kom ille ’taa Verd’n, alle tri: ei bleiv, ei brann inne og den treja vart inn-tikjin. Saales fekk ho Marit Tostinsdotter gaa igjønom mykjy Leidt her i Verd’n, men ette som ho sjøl sa, orka ho aa bera de. „Eg ha misst tri Menn og Kubjolla mi ha eg hengt paa Veggen tri Gongo. Tri Døtt’ ha eg, ei bleiv, ei brann inne og den siste vart inn-tikjin, men eg takka Vorherre for, at de enda ikje ha fulle ein Taare ’taa mine Kjinn.“ Desse Orde ha vore hermt ette henne Marit.

Me di Jentun, som vart inn-tikjin, gjekk de saales te. Ho gjekk sø-ve Klukk-hougann ein Dag og ha me se ein liten Honn, og der vart ho saa tvert burte, at de sto ikje te aa finne ho att, hell faa naagaa Sporlag ’taa ’n, kaarmykjy døm leitte ette ’n og fretta og lydde se forr paa alle Lei’e. Saa skjøna alle, at ho lout vera inn-tikjin og dime fekk døm i Kjørkjeklukkunn i Prestgards-Kjørkjun, hengde døm uppi ei Furu sø-i Klukkhougom og bar te aa ringje ette Jentun. Klukkhougann ber Namne sitt ’taa desse den Dag idag. Døm ringde baade væl og lengje og Klukkun leet saa de ga ikje Upplette i 3 Jemdøger. Fyste Dagen døm ringde kom Honn att, andre Dagen kom eine Skraae[1] aat Jentun og no fekk døm go Von um, at Jenta sjøl snart skulde kaamaa att ou. Men ho kom ikje og da døm ha ringt treja Jemdøgre, lout døm gjeva se. Jenta va burte og vart burte saa døm alder saag ho paa Heringsta meir.

Mange Aar derette va de ein ong Gut, Bror hell Halvbror aa Jentun, som gjekk paa Øykje-Leiting burti Mug-Fjelle. Me di saamaa han kom uppaa høgste Mughalsen, raakaa han saa stoms[2] eit framont Kvinnfolk han alder førr ha seett. Ho ga se i Snakk me ’om og sa ’om, kaar han skulde finne Øykjinn sine og saa fortalde ho, at ho va Syster hans og at ho va den Jenta, som vart burte paa Heringsta Eitt-Aare. „Ha døkk ringt ette meg ei halv Matlag-Ri[3] te,“ sa ho, „saa ha døkk faatt meg att, men da ha eg alder vorte korkje te Hogna hell Gagn meir, korkje for meg sjøl hell andre. No kan du helse ’om Knut Bagge, at eg har de saa godt minn Mondag, eg, som døm sinn Juldag, men de eg syte for er mi Sæl[4] og Saligheit. Idag har eg Gjestbo’sdagen min, eg og Mann min ska fløtja ut-i Skreibergje ut-me Mjøsen. Er du hoga te aa sjaa Bru’-Ferde, saa er de berre du skjer upp ei Jord-Torve paa ein jordfast Stein og legg ho rang ne-paa Krona di. Da ser du oss; Mann min, ska bli, ri’ firi og han er oukjennd me di, han har saa gjill Naasaa.“ Da ho ha sagt dette kvorv ho burt for Ougom hans.

Guten gjorde ette som ho lærde ’om og um ei litol Ri fekk han sjaa heile Bru’hopen kom ri’ande ivi Mughalsen. De va ei lang Rei’, alle ha svarte Heste me Ormehugu-Beks’l og mykjy Blankt paa Salom som glema og blenkte i Solskjene. Fremst rei’ ein blaaklædd Kar me ein Naasaa som rokk ne-paa Salknappen.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Skraa: Sko.
  2. stoms: braatt, tvert.
  3. Matlag-Ri: saa lang Ti’ som de vaaraa aa eta se mætt.
  4. Sæl, uttaalast no: Sjæl, men for tvo Manns-Aldre sia sa alle Sæl.