Kaa Gamel-Nes’in fortalde
Gamel-Nes’in laag mykjy paa Maarkom og fiska baade Houst og Vaar og naar han ikje va imillom for Tobak og han elles va paa Go-Lone, saa ha han mangt rart aa fortelja um de, som han baade ha høyrt og seett, der han ha fare.
„Ve Surtningen ha eg alder likt meg,“ sa Nes’in, „de er eit godt Lorthol heile Vatne; kjøm du ut-i Møra te-gagns me ei Not, som gaar hardt paa Bott’n, saa kjøm ho inn-att saa tjukk og stinn, at Fisken kvovna i Mørun og du fynge ikje lennda Note, um du sette ei Merr i kaart Tog. Er du ikje likesaa kjend paa kaart Varp som paa Stugugolve dine, saa hengje du Note fast, og da staar du der som Takk-for-sist. Den Fisken du fær, er berre naagaa svart-vomba Selapinn-Sill[1], kvit i Kjøte som Raanæpe, men de sløng nok te, du kan faa mykjy paa Tale ’taa ’om.“
„Tvi! Surtningen er eit Skarve-Vat’n. Naagaa Djevels-Magt ha de helde se der, all sin Dag, og eg har vore ute for dessa tvo Gongo; den fyste Gongen va han Svein Bror me meg, oss laag der i nogre Neet og sopte inn Mør-Kjøe[2]. De er mange og tredeve Aar sia no, for eg veit de va saamaa Saamaar’n som eldste Dotter mi kom te, ho, som er gjift me ’om Lars Skarde, og miss-minnist eg ikje reint, saa va ho sjougogtredeve Jønsuku-Viko. Ja, eg og han Svein drog alle Varpe som paa Vatne va, Natt ette Natt. Siste Natte vart oss forlikte um, oss skulde draagaa berre di tri Varpe i søre Enda paa Vattne og oss ha nettup lennda Note siste Varpe, da oss fekk høyre de vart sett ut ein Baat sø-i Ose. De va Tjukk-Ver og saapass skomt, at de va ikje godt-um aa sjaa naagaa sø-i Lannfelle[3], men oss høyrde saa skjilligt Baaten karra[4] paa Steinom da han vart ytt ut, høyrde Aartakje og kaar de riksa i Kjeipom. „Jou, no ska du sjaa Sonn-Karann kjøm ou, saa bli de enno fleir te aa sope her,“ sa eg. Men da oss ha høyrt ni-hell-tie Aartak, vart de heilande stillt. Oss vart anna’s ve baae tvo og skonda oss aa fjaska Note uppi Baaten og rodde sø-i Osen. Og der sto Sonn-Baaten saa turr som Knosk og langt inn-paa Lannde og nugun a’an Baat hell hann, og den oss brukte, fannst de ikje paa Vatne. Kaa detta va, de veit ikje eg, men at de va naagaa meir, hell som vera skulde, de er eg viss paa.“
„Sia ein Gong saag eg ou eit onderleg Tekken ve Surtningen, hjolp ikje[5] de va berre ein My’lapp[6]. De va um Housten, de, eit Tri-Viku ette Larsuk. Eg fekk me meg ein Gut-Pjask ein Kvell og tok Ljost og Laag-Gryte skulde uppi Surtningsosen og ljoste, for de regna og bles og va Fiskever taa beste Slag. De va mykjy Fisk ut-paa Ose og oss heldt paa te Gut-Labben vart saa frosin, at han vilde stølne[7] for meg saa eg lout gjera upp Varme att-for ein stor Stein. Mea oss sto ve Varmin og skulde faa Øl’n i oss att, kom de krekande ein stor My’lapp og vilde kav krupe inni Varmin; eg tykte detta va olikt og saa tok eg han paa Skraanebben og skvetta han langt ut-paa Vatne, deg ska oss no vera kvitt, tenkte eg. Jou de va likt te di – um Lite kom han att enda ein Gong og ikje nokk me di, han kom att saales treja Gongen og vilde inn-i Varmin, kaa de snudd. Men da han kom att treja Venda, tok eg han me fulle Sinne i eine Bakfoten og sløngde ’n eitt godt Steinkast nordover Vatne. „Eg ska no full, for ein Fan, einn Gong faa deg fraa Varma, lel!“ sa eg. Men kaa ille ve[8] eg vart: me di saamaa My’lappen slomp ne-i Vattne, va de Naagaa, som slo i og kneggje-skratta saa Jorde skolv onde oss! Naagaa saa kall-tokka skulde du alder ha høyrt.“
„De er saa otyle, slikt, og eg vart imot Surtningje for dessa. Men naagaa saa gale som de, han Per Fa’bro’ fekk sjaa i Fugelsæter’n, ha eg alder vore ute for i mi Ti’. Ja han vart no mest vetskremd ou, og myrkredd va han, all sin Dag, ette. Han tente paa Lye i mange Aar, han Fa’bro’, og detta henda ein Houst, døm laag i Fugelsæter’n i Maasaa-Taakingen[9]. Døm Kvarber[10] laag der og tok Maasaa ou, saamaa Ti’e, men døm gjorde fraa se eit Par Daagaa førr, døm, og da døm reiste heim, kom de einn ’taa døm nord-i Lye-Sætre og ba um han Fa’bro’ vilde gjera væl, aa sjaa sø-i Kvarbers-Sele um Kvell’n. Døm ha Otte paa se ’taa Varma, maa’ta, og han Fa’bro’ laavaa ut, at han skulde sjaa ette me di, um Eftan. Ja, han gjekk sø-i Kvarbers-Sele i Skjymmingen som han ha laavaa, fyst gjekk han ut-i Bue og da han kom fram att derfraa, gjekk han burt-i Omn og kaaraa i Oskun for aa vera trygg ’taa, at Varmin va slokkjin og de va han, saa de ikje Eingong fannst att ein levandes Gneiste. Men da han slo upp att Hugue og vilde laagaa se te aa gaa, jou da sto de ein stor, gomol, graa Mann mitt for ’om! Han ha drivande kvitt Skjegg som laag ut-ivi heile Bringa og saa sidt, at de rokk ’om te-beltes, i di eine Haann ha han ein avraa’in tjukk Knarta-Stav og me hine heldt han se i Omnstolpin og Ougo hans gløste som Katt-Ougo i Myrkne. Slik sto han ei lang Ri’, men saa kvorv han burt for Ougom hans Fa’bro’. „Aa Gud fri deg, kaa innverkjeleg[11] redd eg vart!“ sa’n, „fyst kjende eg som Is inn-ve Ryggjebeine og bakette vart eg saa sveitt, at de silla ne-ivi Kjaakaane.“
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ svart-vomba Selapinn-Sill: svart i Bukje og smaa som Sela-Pinne.
- ↑ Mør-Kjøe: Snei-Ord um den smaae Fisken som staar paa Mør-Bott’n; Kjøe er Smaafisk.
- ↑ Lannfell: Lann-Kant, Vass-Bredd.
- ↑ karra: skura.
- ↑ hjolp ikje: enda de, um de no.
- ↑ My’lapp: Padde.
- ↑ stølne: stivne taa Kalde.
- ↑ ille ve: fælin.
- ↑ Maasaa-Taaking: Arbei’e me aa sanke ihop Reins-Maasan paa Sein-Houste.
- ↑ Døm Kvarber: Folk fraa Kvarber.
- ↑ innverkjele og illverkjele: utu Maata, gruvele.