Myrkemagterne/Fjorde vending

«Den 17. Mai» (s. 142-158).

(Tunet paa Nikita-garden. Ein maaneskinskveld um hausten. Midt i bakgrunnen: ingang til huset med gang; til høgre: stovehuset og porten; til vinstre: stabbur og kjellar. Innan or huset høyrest det søg og sjau, blanda med rop av fulle folk. Malanja stend i døri og vinkar paa Aksinja som kjem over tunet).

Malanja. Kvi kom so ikkje Akulina inn?

Aksinja. Ikkje inn? Jau ho vilde somenn meir en gjerne; men det læt seg ikkje gjera, ser du. Trulovarane er komne og skal sjaa paa brudi, og so ligg ho inne i kammerset, arme tinget, og kan ikkje visa seg for nokon.

Malanja. Men kva er daa ivegen?

Aksinja. Jau det stend gale til med underlivet. Det skal vera vonde augo, seier dei, som er skuld i det.

Malanja. Er du paa styr!

Aksinja. Ja, kva skal det vel elles vera? (kviskrar noko i øyra paa ho).

Malanja. Kva slag? Det er daa skamlaust! men trulovarane kjem daa vel etter det.

Aksinja. Kor skal dei det? Dei er daa fulle alle saman. Det er no elles helst arven dei renner etter. Tausi hev henderne fulle. Tenk berre! tvo pelsar, seks stakkar med lystykk, eit fransk plagg, heile rullar med lereft og tvo hundrad i reide pengar.

Malanja. No ja, dei pengarne skal ikkje gjera mange glade. Det er daa synd og skam..

Aksinja. Tyss! der kjem nok far til brudgumen (dei dreg seg undan).

Fjodor (kjem ut i gangen paa stova. Han hikkar og er tung i mælet). Uff, kor eg sveittar! Slik ein hite der inne! Ein maa ut og svala seg. (Stend og pustar, med’ han turkar seg med lummeduken). Eg veit ikkje kor det er laga, men eg er ikkje vidare glad over denne tilburden. Men lat oss no høyra kva mor seier...

Matrøna (fraa stova). Eg gjeng der inne og leitar etter trulovaren, og so er han her, kjære venen! No, Gudskje lov! alt er no i godt gjenge. Friarleik er ingen baaneleik. Men so hev me no trakka baaneskorne vaare, veit eg, og tek tingen med aalvor. De kom her i ein god meining, og med Guds hjelp skal de nok helder ikkje faa grunn til aa trega det. Og brudi — er det kanskje ikkje ei sjeldsynt gjente? Eg lovar paa der bid ikkje maken i heile bygdi.

Fjodor. Det kan du ha rett i; berre det no held seg uppatt med pengarne...

Matrøna. Nemn det aldri. All den vælstand ho fekk etter far sin, Gud have sjæli, er der heil og halden. Halvtanna hundrad — det hev noko aa seia det, i desse tider.

Fjodor. Me er helder ikkje misnøgde; men det er no vaar eigen son, og ein vil daa gjerne stella alt paa det beste.

Matrøna. Tru du meg, go mann: var ikkje eg, skulde du aldri i livet ha funne deg slik ei sonekone. Kormilin sende og bod; men eg stod ved det eg hadde lova: at de skulde faa henne. Kva pengarne vedkjem, so er det som eg seier. Det var det siste han sa, han som burte er — Gud løne hans sjæl! — at enkja skulde taka Nikita til seg i huset — eg hev det fraa min eigen son — og at pengarne, ser du, skulde gaa til Akulina. Hadde det vore ein annan, vilde han nok ha aust i si eigi hit; men Nikita er ikkje av det slaget. Han legg heile sumen paa eit brett. Og det hev noko paa seg: sodan ein pengeslump!

Fjodor. Det gjeng ord um at der skal vera fleire bungar ved tausi. Han gløymer nok ikkje seg sjølv. Nikita er ikkje so dum.

Matrøna. Aa, du kjære Guds lamb! Andre folks pengar er tunge aa telja; ein kopek vert so lett til ein rubel. Ver du trygg, de fær nok kva de skal ha. Eg seier deg, at lat det reknestykket fara og sjaa til at du fær tak i tausi. Tenk deg um kva ho er for ein skatt; rett ei rose.

Fjodor. Ja, ja. Det er berre ein ting som baade eg og kona synest er ivegen med tausi, og det er: kvi hev ho ikkje vist seg? Me tenkjer som so: en um ho no er klein og vanhelsa?...

Matrøna. Aa prat med deg! Ho — klein og vanhelsa? Der bid ikkje ei i heile grendi som mæler seg med henne. Ho er som ho var rend i ei lôd. Nei du kan rett vera trygg; sonen din vert ikkje narra med henne. Ja du saag ho daa sjølv her um dagen. Og kva arbeidet vedkjem, so heng ho iso det er ei lyst. Ho er ein liten kjend tunghøyrd, det er sant; men jamvæl beste eplet kan vera ormstukke og endaa vera like godt for det. At ho ikkje viste seg det hadde nok sin grunn. Ho er forheksa, skal eg seia deg. Og eg veit nok kven utinget er, som me hev dette aa takka. Det spurdest at her skulde vera truloving, og so hev dei forgjort tausi. Men hev dei forgjort henne, skal nok eg vita raad. Du skal sjaa, imorgo er ho so frisk som ein fisk. Det er ingen faare med det; ver du berre ankelaus.

Fjodor. Ja, igrunnen er det ikkje noko aa røa um meir, for saki er daa for so vidt i orden.

Matrøna. Ja, ikkje sant? Hald du fast paa det du hev. Og lat meg so sjaa, du ikkje gløymer meg for all den umak eg hev havt! Nei det maa du kje gløyma.

Eit kvendemål (fraa kammerset). Fjodor! kvar vart det av deg? Det er paa tide me kjem oss heim.

Fjodor. Strakst! (gjeng. Matrøna fylgjer etter. Gjesterne kjem ut og tek avgarde).

Anjutka (kjem farande fraa kammerset og vinkar Anisja til side). Mor!

Anisja. No, kva er det?

Anjutka. Mor, kom hit, so ingen høyrer det (Dei gjeng burt til skjolet).

Anisja. Kva er det? Kvar er Akulina?

Anjutka. Ho er inne i kammerset. Det stend reint ille til med henne. Ho renn att og fram over golvet. «Nei det er ikkje til aa halda ut!» seier ho. «Eg gjev meg til aa skrika av full hals». Hjelpe meg, ho seier!

Anisja. Aa, ho dyr seg nok. Lat oss no berre faa gjesterne avgarde.

Anjutka. Aa, mor, ho er reint eleg. Og so sint sum ho er! «Det hjelper ikkje noko at de skjenkjer folk fulle for aa verta meg kvitt!» seier ho. «Eg gifter meg ikkje korso. Eg vil helder døy!» seier ho. Aa, mor, um ho no gjeng av og døyr? Eg er so rædd!

Anisja. Ingen faare med di. Ho døyr ikkje denne gongen. Men du skal berre lata vera aa gaa inn til ho. Kom no! (Dei gjeng).

Mitritsch (kjem inn porten og gjev seg til aa sanka upp det høyet som ligg saadt utover tunet). Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola! Alt det brennevin dei hev tylla i seg! Det stend sniken av det heilt ut paa tunet (vedrar). Nei, eg skal ikkje ha noko av det; lat meg berre vera! — Og so som dei hev fare med høyet! Øykjerne hev ikkje ete so mykje som dei hev trakka ned: eit heilt fangand, skal ein sjaa! — Den fenes sniken! Det er so det riv i nasa. Giv fanden hadde han! — (geispar). Det er nok paa tidi aa leggja seg; men ein idst ikkje gaa inn, desmeir. Nei det var daa satan til lukt! Kvar ein gjeng so hev ein ho midt i nasa. (Ein høyrer utanfraa sledar som kjøyrer burt). So kom dei daa avgarde. — Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola! Den eine prøver so godt han kan aa grava ei grav for den andre, og so er det berre faavise alt saman.

Nikita (fraa gangen). Mitritsch! Gakk no du og legg deg, so skal nok eg rydja upp.

Mitritsch. Godt. Lat sauderne faa høyet. — No, du vart daa kvitt gjesterne?

Nikita. Ja. Men det er reint gale med altihop. Eg veit slett ikkje kva det skal verta til.

Mitritsch. Aa skit! Kva vande er der med det? Der er daa baanestiftelsen. Eitt feitt kven som kastar ungen; dei tek han likevæl. Um der so kom aldri so mange, so er der daa rom nok. Ein kan faa pengar til, berre ein gjeng inn som baanefostre. Jau no til dags er det greidt nok.

Nikita. Mitritsch! Um der skulde henda eit kvart, so lat meg sjaa du held tann for tunge.

Mitritsch. Kva kjem det meg ved. Syt du berre for at ingen kjem paa faret. — Kor brennevinsgjøysen stend or halsen paa deg! — No ja, so gjeng eg og legg meg daa. (geispar). Aa Herre Jesus! (gjeng inn i huset).

Nikita (gjeng lenge tagall att og fram, set seg so trøytt ned paa ein slede). Jau, det ser godt ut!

Anisja. Kvar er du daa?

Nikita. Her.

Anisja. Kva sit du her etter? Der er ingi tid aa spilla. Det maa skaffast or vegen paa timen.

Nikita. Kva skal me gjera daa?

Anisja. Gjer berre som eg seier.

Nikita. Kunne de kje bera det paa stiftelsen?

Anisja. Det kan du sjølv gjera, er du so sleiken etter det. Du er snop til aa faa andre i søyla; men naar det gjeld aa hjelpa dei uppatt, so knip det for deg, ser eg.

Nikita. Kva skal me daa gjera?

Anisja. Det hev eg sagt deg. Gakk nedi kjellaren og grav eit hol...

Nikita. Kunne ein ikkje stella det soleis... soleis...

Anisja (geiper etter han). «Soleis, Soleis»... korleis? Eg tenkjer det læt seg ikkje gjera «soleis». Det skulde du ha tenkt paa fyrr. Gakk no dit du er beden.

Nikita. Aa Gud, aa Gud!

Anjutka. Mor, mor! Matrøna ropar. Det er visst eit lite baan som skrik inne hjaa vesle Akulina, — Gud hjelpe meg!

Anisja. Skam faa munnen din! Kva er det du fortel? Det er daa kattungarne som remjar der inne. Sjaa til du kjem deg i seng no; elles skal eg nok læra deg, kan du tru!

Anjutka. Søte vesle mor! Hjelpe meg til Gud, det er sant....

Anisja (slær etter henne). Eg skal læra deg! Vil du sjaa koma deg vekk! (Anjutka spring inn i huset). No, Nikita! Gjer no som eg hev sagt. Elles svarar eg ikkje for noko (gjeng).

Nikita (etter lang togn). Jau, det ser godt ud! Aa dei kvinfolk! Aa Gud, aa Gud! — «Det skulde du ha tenkt paa fyrr.» Og kva var der aa tenkja paa? Ifjor sumar var det at denne Anisja tok til aa renna etter meg. Kva skulde eg so gjera? Eg er daa ingen munk, veit eg. So døydde mannen, og hadde der vore noko som ikkje var rett, so gjorde eg det daa godt att. I alt det hev eg ingi skuld. Plent som der ikkje var andre som livde paa same maaten! Og so desse pulveri. Var det kanskje eg som sette henne paa det? Ja hadde eg visst eit ord um det, skulde eg ha slege henne ihel som ein hund den gongen, det skulde eg! Aa vasa meg inn i slik fensdom, — det skarve kvinfolket! Fraa den tid av hev eg ikkje tolt ho for mine augo. Kor skulde eg so tilmed ha samkjømd med henne? Og so var det, at det gjekk som det gjekk. Der vilde tausi ikkje lata meg faa fred. Og kva var det so i det, tenkte eg; um det vart med meg elder med ein annan var daa like feitt. Men der ser me no kva der kjem ut av det! Og endaa er eg usaka i det heile. Aa Gud, aa Gud! — — — Det er noko til mod det sit i dei kvinfolk, kva det no er dei hev fyre! Nei, eg vil ikkje upp i noko av det slaget.

Matrøna (kjem farande ut med ei lykt i den eine handi og ein spade i den andre). Kva sit du der etter som ei vaat høne paa vaglet? Hev du gløymt kva kona bad deg? Gjer no tingen istand.

Nikita. Kva er det daa de vil?

Matrøna. Me veit nok kva me skal gjera; berre du gjer dine ting.

Nikita. De fører meg paa avvegar, gjer de.

Matrøna. Kva for noko? Snur du skjekerne um? So langt er me komne, og so vil du kje lenger?

Nikita. Tenk daa kva det gjeld! Det hev daa sjæl eit slikt lite ting med.

Matrøna. Sjæl! Jau eg sa det; det dreg knapt anden. Men kvar vil du daa at ein skal gjera av det? Um du ber det til stiftelsen, so døyr det daa korso. Det kjem berre ut millom folk, og dei vil rakka oss soleis til, at me aldri i livet fær tausi gift.

Nikita. Men um dei no fær hold i det likevæl?

Matrøna. Kven skulde faa hold i det? Me er daa i vaart eiget hus, veit eg, og det skulde sjaa gale ut um ein ikkje skulde klara for seg der. Nei, ver du trygg. Ingen skal faa so mykje som ein tanke um det. Men gjer berre som eg seier. For me kvinfolk kan no eingong ikkje hjelpa oss, minder me hev dykk manfolka med i spelet. Her hev du spaden. Kryp so ned og tak fatt. Eg skal lysa for deg medan.

Nikita. Kva skal eg ta fatt paa?

Matrøna (kviskrar). Du maa grava eit hol. So kjem me med det, og det heile er gjort i ei fart. Høyr, no ropar ho igjen. Skund deg no. Eg gjeng inn til henne.

Nikita. Er det daudt daa?

Matrøna. Javisst er det so. Men skund deg no. Grannarne hev ikkje lagt seg enno. Dei kunne snart høyra elder sjaa eitkvart. Slikt kram skal no ha nosi i alt. Igaar kom vaktmannen snerkande. Naa, eit ord so godt som tjuge. Der hev du spaden. Kryp so ned i kjellaren og gjer eit hol i ei kraa. Grunnen er mjuk der, og lett aa grava. Sidan jamnar du væl til att. Den kjære moldi nemner so visst ikkje eit ord. Ho slikkar alle spor ut liksom ei ku med tunga si. Naa, gjer det so, kjære sonen min!

Nikita. De fører meg berre i vanlukke de satans kvinfolk! Men eg gjeng min veg, det er visst. So kan de gjera det de vil.

Anisja (i stabursdøri). No, er han ferdig?

Matrøna. Kvi gjekk du ut? Kvar hev du gjort av det?

Anisja. Eg hev lagt nokre klutar over det. Det er ingen som kan høyra det. Er han so ferdig?

Matrøna. Han vil ikkje!

Anisja (rasande). Vil han ikkje! (spring ned av troppi). Han vil helder verta uppeten av loppor og lus i slaveriet, vil han?! Eg gjeng og melder han til vaktmannen i denne kveld. Ein skal daa so gaa til grunne korso. Eg fortel han alt saman.

Nikita (rædd). Kva vil du fortelja?

Anisja. Kva eg vil fortelja? Altihop, som det er. Kven var det som tok pengarne? Du! Og kven var det som gav gifti? Eg! Men du visste det, du visste det! Du var i samlag med meg.

Matrøna. Ti still med deg. Og du, kjære Nikita, slaa deg no ikkje vrang. Kva skal ein gjera? Du lyt og hjelpa til. Naa, gakk so, sonen min!

Anisja. Sjaa paa den skalke-Per! Han vil ikkje! Hædt meg hev du, og trakka meg nedi lorten; men no er det slutt. Du hev ride lenge nok paa meg, no er det min tur. Gjer so kva du er beden,elder du kan lita paa, at eg.... Naa, der hev du spaden. Skund deg!

Nikita. Aa, lat oss no vera kvitt dette ulevenet. (tek spaden kvidande). Naar eg ikkje vil, so vil eg ikkje.

Anisja. So du vil ikkje? (skrik av full hals). Hjelp! hjelp!

Matrøna (held henne for munnen). Kva er tids? Er du fraa vitet? Han gjeng daa, ser du.... No, kjære sonen min, gakk so, ver no flink.

Anisja. Eg vil ropa folk til.

Nikita. Hald daa stilt! Aa, de kvinfolk! So skund dykk daa, og lat oss faa ein ende paa det. (gjeng aat kjellaren).

Matrøna. Det er ikkje raad for, venen min. Hev du havt vit til aa faa deg moro, maa du og sjaa koma deg utor vasen.

Anisja. Han og fyrkja hans hev lenge nok havt meg til narr. Men no skal det vera slutt! — Eg vil ikkje lenger vera aaleine um det. Lat no han med faa eit draap paa seg. So fær han kjenna kor det smakar.

Matrøna. Naa, naa, plent som ein raudeine! Nei, gjenta mi, vil du lyda meg, so skal du kje bausa slik paa, men taka saki med ro. Du skal sjaa ein kjem lengst med det gode. Gakk no inn til tausi. Han hjelper nok til her. (Fylgjer etter Nikita og lyser for han, med han gjeng nedi kjellaren).

Anisja. Ja, han skal sjølv faa lov til aa kverka skarveungen sin. Fyremannen min, Gud have sjæli, læt meg ikkje hava ro i gravi. Det er so det leitar paa vitet. Lat no han med faa prøva kva det vil seia! Um det so skal kosta meg livet, so skil det eitt.

Nikita (fraa kjellaren). Kom so med lykti!

Matrøna (lyser for han. Stilt til Anisja). Han grev no. Kom so med det.

Anisja. Men gjæt du paa han; elles kunne han smjuga undan. Det kunne vera den skarven likt! Eg gjeng no inn etter det.

Matrøna. Gløym berre ikkje aa faa det døypt. Det kunne no elles eg gjera. Du hev vel ein kross?

Anisja. Det finn eg nok. Eg veit um det. (gjeng).

Matrøna. Det var daa svært kor ho reiste bust, kona. Men det maa ein tilstaa, det kan vera krenkjande nok for henne. No, med Guds hjelp kan me vel faa løyna det me no hev fyre, og sidan skal ingen satan koma etter det. So vert me daa sagte av med tausi, og veslesonen kan faa liva i fred og ro. Det er daa fullt upp av alle ting i huset, Gudskje lov! Og so vil han nok helder ikkje gløyma meg. Kor skulde det vel ha gjenge um de ikkje hadde Matrøna? De hadde kje visst korkje att elder fram. — No, vesle far, er du no snart ferdig?

Nikita (stikk hovudet upp av kjellaren). Kva vert det til? Kom so med det! Kva er det de druntar med. Skal det gjerast, so lat det gaa i ei fart.

Anisja (kjem med baanet tulla inn i eit plagg). Her er det!

Matrøna (gjeng henne i møte). Hev du no døypt det?

Anisja. Ja ja. Eg hadde nær aldri fenge det fraa henne; ho vilde slett ikkje sleppa det (gjeng burt til Nikita og flir han det).

Nikita (kvier seg for aa ta det). Legg det ned sjølv.

Anisja. Dér! (slengjer baanet til han).

Nikita (triv det). Det liver! Du gode Gud, det rører seg .... kva skal eg gjera med det? Det er daa liv i det!

Anisja (riv det fraa han og kastar det ned i kjellaren). Kverk halsen paa det so er det slutt med det livet! (Støyter Nikita nedgjenom troppi). Det er du som hev vore meister for det; gjer no ende paa det og!

Matrøna(hev seg derifraa og set seg ved stovetroppi). Han er so mjuk av seg. Og det er hardt nok for han, arme tinget. Men kva raad er det? Han hev sjølv skuldi. — Kross i Jøsses, kor rædd han vart! Ja, ja; men um det kan vera hardt, so er det ikkje onnor raad fyre. Kva skal ein gjera? — — Naar ein tenkjer paa kor tidt folk er paa livet etter aa faa baan; men Vaarherre gjev inkje, elder dei kjem dødfødde til verdi. Som no prestekona ...... Men her som dei ikkje hev bruk for det, er det livande, (lyer). No hev han nok gjort ende paa det. (gjeng burt til Anisja som stend held auga med Nikita i kjellaren). No, kva vert det so utav det?

Anisja. Han la eit brett over det og sette seg paa det. Det er nok slutt no.

Matrøna (sukkar). Aa Herre Jesus! Kor traude ein vil taka den syndi paa seg, so er det daa ikkje anna fyre.

Nikita (kjem upp av kjellaren, skjelv over all sin kropp). Det er liv i det enno... Nei, eg kan ikkje... Det er liv i det...

Anisja. Er der liv i det, kvart vil du so av? (vil halda han attende).

Nikita (kastar seg over henne). Vekk! Eg slær deg ihel! (triv henne i armen, men ho riv seg laus, og daa han renner etter henne med spaden, spring Matrøna i millom og held han; ho prøver aa taka spaden fraa han). Vekk! Elder eg slær ihel deg med! Vekk, seier eg! (Matrøna rymer inn i huset der Anisja hev søkt tilflukt. Han stansar og trugar dei med spaden). Eg slær deg ihel! Eg slær dykk ihel kvar ein!

Matrøna. Det er rædselen som gjer han vill. Det gjeng nok over.

Nikita. Kva er det de hev gjort! Nei kva er det daa de hev gjort med meg! Og kor det kvein daa eg krasa det under meg... Nei kva er det daa de hev gjort med meg?!... Og det er stødt vekk i live, ja, ja, i live! (lyer). No kvein det att ... ja, ja! (fer burt til kjellaren).

Matrøna (til Anisja). Han fòr der burt. No vil han nok grava det ned. — Vesle Nikita! Du skulde taka lykti med deg.

Nikita (lyer andsloppen). Nei, det er ingen ting aa høyra. Eg berre tyktest so. (Gjeng eit par stig fraa, stansar og lyer). Kor dei knaska under meg dei bitte smaa knokarne! ... Aa! ... (lyer). Men kva er det? No kvin det daa igjen!... Gud trøyste meg! det kvin ... Nei, kva er det! mor! mor! (raver burt til henne).

Matrøna. Kva er det, vesle sonen min?

Nikita. Nei eg kan ikkje meir; eg er reint fraa meg sjølv. Mor, mor! Hav medynk med meg!

Matrøna. Aa, so upskræmd du hev vorte, stakkar. — Gakk inn og drikk litt vin! Drikk litt vin, so skal du sjaa du modast.

Nikita. Aa mor! Eg kjenner det radt inni hjarteroti. Kva er det daa de hev gjort med meg? Kor det knaska i dei smaa knokarne, og kor det kvein!... Nei, mor! Kva er det daa de hev gjort med meg? (set seg hugsprengd ned paa sleden).

Matrøna. Gakk inn, venen min, og drikk litt. Det er ikkje spøk aa ha med slikt aa gjera nattes tider. Men vent litt, so vert det snart ljost. Berre det gjeng ein dag elder tvo, skal du sjaa det er ute av tankarne. Lat oss no berre faa tausi gift, so vil du slett ikkje tenkja meir paa det. Gakk no inn og faa deg litt aa drikka. Eg skal nok rydja upp i kjellaren medan.

Nikita (skjek seg som for aa driva tankarne burt). Tru dei hev leivt noko der inne? Eg vil sjaa um det kan fordriva tankarne. (Gjeng inn. Anisja gjev seg til sides for han).

Matrøna (gjeng burt til kjellaren). No, kom daa, Anisja! so skal eg hjelpa til. Eg meiner eg kryp sjølv nedi kjellaren og kastar holet til. Kvar hev han no gjort av spaden? Naa, her er han. (tek spaden og gjeng ned troppi). Anisja! Kom og haldt lykti aat meg.

Anisja. Men han daa?

Matrøna. Aa, han vart so skræmeleg rædd. Men so tok du no og væl hardt paa han. Lat han no skytte seg sjølv og koma seg i ro. Vaarherre vere med han! Eg skal nok greia det aaleine. Set no lykti der. Eg ser nok. (kjem avsyne i kjellaren).

Anisja. (ser etter Nikita). Naa! fekk du so ulysta deg? Du var kaut nok fyrr; men vent berre! No fær du læra elsken aa kjenna, so tenkjer eg nok du temst.

Nikita (kjem farande ut og spring aat kjellaren). Mor! mor!

Matrøna (stikk hovudet upp). Kva er det, fuglen min?

Nikita (lyer). Grav det daa ikkje ned! For Guds skuld! Det er livande enno! Høyrer du ikkje? Det kvin og pister der nede... høyr berre!

Matrøna. Kor skulde det kunne pista? Du hev daa krasa det flatt som ei pannekake. Heile hovudet er sundtklistra.

Nikita. Kva?! (held seg for øyro). Det pister like godt! Nei, det er ute med meg, reint ute med meg! Kva er det daa de hev gjort med meg?! ... Kvar skal eg gjera av meg?!... (sig ned paa troppi med hovudet i henderne).