Myrkemagterne/Tridje vending

«Den 17. Mai» (s. 114-142).

(Utstyret fraa fyrste vending. Millom andre og tridje vending er det gjenge ni maanader).

(Anisja. Simpelt klædd, sit og arbeider ved vevstolen. Anjutka ligg paa omnen. Mitritsch kjem varlegt inn og tek av seg trøya).

Mitritsch (sukkar). Gud naade oss! — Er daa husbond ikkje komen enno?

Anisja. Kva seier du?

Mitritsch. Er kje Nikita endaa komen heim att fraa byn?

Anisja. Nei.

Mitritsch. So hev han nok rett kome paa lesterne. Aa Herregud!

Anisja. Hev du so gjort fraa deg uppi løda?

Mitritsch. Ja det skulde eg tru. Alting er i si ordentlegheit. Eg bryr meg ikkje um aa tuvsa med det eg gjer. — Aa Herregud ! — Det var elles paa tid um han vende nasa heimatt no.

Anisja. Kvi skal han vel skunda seg med det? Han hev daa pengar i lumma og leikar seg godt med tauserne.....

Mitritsch. Ja det er sant; kvi skal ein ikkje ha moro, naar ein hev pengar i lumma? Kva skulde elles Akulina i byen?

Anisja. Det maa du nok spyrja um, kva fen ho vilde der.

Mitritsch. Ja det kan eg ikkje skyna, kva ho vilde der. Der er fullt upp av alt, naar ein berre hev aa betala med. Aa Herregud!

Anjutka. Ja mor, eg høyrde det sjølv. «Eg skal kjøpa eit tørklæd til deg,» sa han; Gud hjelpe meg! det sa han, «og du kan sjølv velja kva for eit du vil,» sa han. Aa mor, du skulde berre ha set kor ho var pynta; overstykket av plyds, og eit fransk-tørklæd uni hovudet.

Anisja. Det er visst og sant: «unge gjentor hev tie sinn over ein dørstokk.» Berre dei er ute paa eigi hand, so er dei som dei var galne. Ho skulde rett skamme seg!

Mitritsch. Haa! Kva skulde ho skamma seg for? Pengarne er der, og so hev ein moro. Aa Herregud! — Det er vel for tidleg aa eta til kvelds enno? (Anisja teier). So vil eg upp og varma meg litt so lenge, (kryp uppaa omnen). Aa Herregud! Du Guds mor! Mikola du barmhjartige![1]

Aksinja (kjem inn). Han er nok ikkje attkomen endaa, høyrer eg?

Anisja. Nei.

Aksinja. Det kunne no elles vera tid til. Han skulde vel ikkje sitja her burt paa vertshuset? Eg høyrde nett at det var komne hestar fraa byn dit.

Anisja. Anjutka! Høyr hit, Anjutka!

Anjutka. Kva er det?

Anisja. Spring burt i vertshuset, Anjutka, og høyr; kanskje hev han i fylla teke inn der.

Anjutka (spring ned fraa omnen og tek paa seg). Strakst.

Aksinja. Og so hev han teke Akulina med?

Anisja. Ja, kva skulde han elles taka ut etter? Ho hadde lyst, og so fekk han braadt anvint med aa koma til byn. «Eg maa inn i banken etter pengar,» sa han; men det er ho som rotar seg inn i alting og fær han paa avvegar.

Aksinja. (rister paa hovudet). Du kan so seia.

(Togn).

Anjutka (i døri). Skal eg so seia noko, um han er der?

Anisja. Nei, sjaa berre etter um han er der.

Anjutka. Det skal snart vera gjort (spring).

(Ny togn).

Mitritsch (set i). Aa Herre Jesus! Du barmhjartige Mikola!

Aksinja (støkk). Huffa meg kor rædd eg vart! Kven er det?

Anisja. Det er drengen vaar, Mitritsch.

Aksinja. Du himmelske Gud kor han skræmde meg. Eg hadde reint gløymt at han var her. — Er det sant som eg høyrer at Akulina hev havt friarar?

Anisja (gjeng utor vevstaden og set seg ved bordet). Ja, her var bod fraa Djedlovs; men dei maa nok ha fenge njosn um tingen, for det vart ikkje til noko, og sidan hev me kje høyrt meir fraa dei. Ja, kven skulde vel ha lyst....

Aksinja. Men Lisunov’s fraa Sujev?

Anisja. Ja, dei sende og bod; men det vart helder ikkje til noko. Han vilde kje tala med dei um tingen, deshelder.

Aksinja. Men ho skal daa vel giftast?

Anisja. Ja det er visst nok. Berre eg hadde henne vel utav huset. Men eg veit ikkje kor det skal gaa til; for ikkje vil han, og ikkje ho helder. Som ein ser, hev han nok enno ikkje fenge rasa ut med henne.

Aksinja. Aa all den synd! Kven skulde vel ha tenkt slikt noko? Han er daa stykfar hennar.

Anisja. Ja desverre! Dei hev spunne meg soleis inn, dei hev gjenge meg soleis under augo, at det er ikkje nemnandes. Dum som eg var tenkte eg ikkje over det, og la ikkje merke til nokon verdens ting daa eg gjekk stad og gifte meg. Men utan at det sveiv meg i hugen eingong, hadde dei alt stukke hovudi saman og var sameinte um tingen fraa fyrst av.

Aksinja. Nei den som høyrer!

Anisja. Di lenger, di verre, og eg saag snart at dei hadde noko fyre som eg ikkje maatte vita. Eg kan ikkje seia kor ilt det gjorde meg. Hadde eg endaa ikkje vore so glad i han....

Aksinja. Ja det kan du nok seia.

Anisja. Og at han so skal krenkja meg paa den maaten — aa, det er grysjelegt!

Aksinja. Eg høyrer at han hev vorte so stygg til aa slaa.

Anisja. Aa, det med. Fyrr, naar han hadde ein rus, gjekk det altid so stilt av. Han drakk fyrr og, men me kom daa altid so godt utav det for det. No, naar han fyller seg, er han reint galen og var tilfreds han fekk trakka folk under seg. Her um dagen slog han kloi i haaret paa meg, so eg nær ikkje hadde sloppe fraa han. Og ho fyrkja er verre en ormen. Eg veit ikkje kor jordi kan vilje bera slikt eit eitre-kryp.

Aksinja. Ja det er rett synd i deg, stakkars kone. Kven kan vel tola sodant? Slik ei skamløyse! Du hev teke han i huset for sælebot, og no skal han ha deg til narr for umaken. Men eg veit helder ikkje kor det er vore, at du ikkje kan halda fyren i tøyme noko so nær.

Anisja. Aa du kjære sjæl, det er ikkje raad med meg; hjarta ligg til han kva han so gjer. Um nokon var streng, so var det fyremannen min, Gud have sjæli; men eg gjorde daa likevæl nett som eg vilde, og det var altid eg som sa kvar skaapet skulde staa. Her kan eg det ikkje. Berre eg ser han, er det som all harm braanar. Eg kjem meg ikkje til noko, men gjeng berre trippar som ei vaat høne.

Aksinja. Anisja! det kan ikkje anna vera, en at du maa vera forheksa. Dei seier Matrøna driv med slikt. Det er plent ho.

Anisja. Ein skulde mest tru det. So krenkjande det kan vera til sine tider. Eg synest, at eg gjerne kunne riva augo ut paa han; men berre eg ser han, er det slutt, og eg kan ikkje vera harm paa han lenger.

Aksinja. Ja kva anna er det so en djevelskap Og fandens kunstar? Der skal somenn ikkje stort til for aa øydeleggja eit menneskje. Det er daa ei ynk aa sjaa kor du hev folle or.

Anisja. Ja eg er so avpila som ei beinrad. Men sjaa no Akulina, det sauehove. So skitsam og puski som ho var, og so som ho no ser ut! Ho er ikkje til aa kjenna att. Det er han som hengjer klædi um ho, kan ein vita; men kor som er, so som ho veit aa spjaanka seg ut, og so som ho blæs seg upp som ei onnor okseblaase. So dum ho er, hev ho daa sett seg i hove, at det er ho som raar her i huset. «Garden er min,» seier ho, «og det var meiningi aat far aa gifta han med meg.» — Og so illbeitt er ho — du gode Gud og skapar! naar ho kjem rett paa galne mølet vil ho mest riva taket av huset.

Aksija. Ja det maa vera eit hardt livnet, ditt arme ting, naar ein rett ser til. Folk er jamt so ovundsjuke. «All den rikdom det er der i huset,» seier dei; men ein ser: «det er ikkje gull alt som glimer.»

Anisja. Ja det er rett noko aa ovunda paa! Den rikdomen fær nok snart føter aa gaa paa. Han sumlar med pengarne so det er grøtelegt.

Aksinja. Eg veit ikkje kor det er vore at du soleis læt han hanska som han vil. Det er daa dine pengar, han øyder.

Anisja. Aa visste du berre kor det rett heng saman! Men det forstend seg, i eit stykke hev eg bore meg dumt aat.

Aksinja. Var eg i din stad, Anisja, so vilde eg beintfram gaa til øverheiti og klaga mi sak. Pengarne er daa dine. Kor kan han da gaa so og øydsla med dei? Det er det daa ingen lov for.

Anisja. Det spør dei ikkje etter notildags.

Aksinja. Men kor er det med deg, Anisja, du hev daa reint mist modet.

Anisja. Ja det er det eg hev. Eg duger ikkje meir til noko. Han hev plent forgjort meg, so eg veit korkje ut elder inn. Aa, eg arme menneskje!

Aksinja. Eg synest der kjem einkvan.

Akim (kjem inn og krossar seg for helgenbilætet). Guds fred i huset! Godag, Anisja. Kor stend til?

Anisja. Takk, bestefar! Kjem De heimanfraa?

Akim. Det kom so fyre at eg tenkte: «Lat meg lydast um sonen. Lat meg lydast um sonen,» tenkte eg. Eg gav meg god tid og aat fyrst. Etter middag gav eg meg paa veg, og tenkte endaa aa koma i rett tid; men det snøar so, at det fell tungt aa gaa, og so kom eg so seint. Det er tingen. Kvar er so sonen? Eg meiner, er Nikita heime?

Anisja. Nei han er i byen.

Akim (set seg paa benken ved døri og tek bastskorne av seg). Tingen er, eg hadde noko lite eg skulde tala med han um, litegrand eg skulde tala med han um, vilde eg sagt. Eg nemnde det her um dagen, kor vondt me var komne i det. Tingen er, me miste hesten, den vesle hesten me hadde. Og so skulde ein sjaa gjera utveg for ein annan, kor det so gjekk. Sjaa det er tingen. Og det var nok det eg kom for.

Anisja. Ja, Nikita rødde um det. Naar han kjem heim, kan De no tala med han um tingen. (gjeng burt til omnen). Faa no litt mat fyrst, so kjem han nok medan. Mitritsch, høyrer du, Mitritsch, kom so og et.

Mitritsch (ropar). Aa, Herre Jesus! Aa, du barmhjartige Mikola!

Anisja. Kom so og et.

Aksinja. Nei eg maa daa sjaa koma meg avgarde. Farvel daa! (gjeng).

Mitritsch (kryp ned av omnen). Fyrr eg visste ord av det, hadde eg somna. Aa Herre Jesus! Du fromme Mikola! — Godag, fader Akim!

Akim. Men det er daa Mitritsch! Kor gjeng det til, at....

Mitritsch. Jau eg tenar her hjaa Nikita, hjaa sonen din.

Akim. Æhæ! so du tenar her hjaa sonen? Æhæ!

Mitritsch. Eg tente fyrr hjaa ein kjøpmann i byn. Men der slo eg meg paa flaska, og drakk upp mi siste skjorte. So tok eg ut paa landet att, og daa eg ikkje hev nokon fast stad aa halda meg til, tok eg meg tenest, (geispar). Aa, du gode Gud!

Akim. Men korleis er det; kva gjer vesle Nikita daa? Paa den maaten er det daa eitslag han hev fyre, med di han leiger ein til aa arbeida for seg?

Anisja. Kva skulde han ha fyre? Fyrr greidde han arbeidet aaleine; men no hev han fenge anna i hovudet, og so hev han festa seg dreng.

Mitritsch. Han hev daa pengar. Kvi skal han so taka seg nær?

Akim. Nei der maa du orsaka, der maa du rett orsaka. Det er daa berre aa for venja seg, som ein seier, berre aa forvenja seg.

Anisja. Ja han er misann so utskjemd at det er fælt.

Akim. Det er tingen. Ein tenkjer aa gjera det paa det beste; men menneskja spaar, og Gud raar. Rikdom skjemmer eit menneskje, rikdom berre skjemmer.

Mitritsch. Um det er ein hund, so toler han ikkje aa ha gode dagar, kor mykje meir daa eit menneskje. Lukka gjer storsnuta. So gjekk det med meg og, daa eg hadde det godt. Eg drakk som ein svamp i heile tri vikor. Tilsist drakk eg upp mi siste brok. Daa eg so ikkje hadde noko meir aa drikka for, lét eg det vera. No hev eg svore paa at eg aldri meir vil smaka ein dram. Eg vil ikkje sjaa brennevin meir for mine augo.

Akim. Men kva eg skulde sagt — kvar er kona di?

Mitritsch Kona mi? Kona mi er der ho skal vera. Ho gjeng paa gjødsle i byen. Det er raust kjelle det, kan du tru. Ho gjeng med farga lampar under augo, og fjeset er skruva heilt um paa sida. Giv ho maa faa ein agurk paa tvert i sin hals um ho nokon gong er ædru!

Akim. Naa, naa, naa, kva er det eg høyrer ?

Mitritsch. Ja kva skal vel ei soldatarkjering gjera? Ho er no det ho skal vera.

(Togn).

Akim (til Anisja). Men kva drog so Nikita til byen med? Skulde han selja noko paa torget?

Anisja (som ber paa bordet). Nei han hadde slett ikkje noko med seg. Han skulde berre inn og taka pengar or banken.

Akim (ét). Taka ut pengar? Hev de daa noko fyre som det maa pengar til? elder....

Anisja. Nei me hev inkje bruk for dei. Det er berre ei tjuge tredive rublar som no skulde ut, og so maa dei daa hentast.

Akim. Maa dei hentast? Men kvi skal dei hentast? Ein dag tek ein ut nokre, ein annan dag tek ein ut nokre til, og fyrr ein ser seg um, hev ein teke allesaman.

Anisja. Nei, det er berre renterne. Pengarne fær staa iro allesaman.

Akim. Allesaman? Korleis allesaman? Du tek og tek, og der vert likevæl allesaman. Jau visst! Fyll du mjøl iei kasse, og tak so av det kvar dag, og sjaa so kva der vert att i kassa. Allesaman! Nei det kan ikkje gaa rett til. Sjaa du til aa faa greie paa tingen, so dei ikkje narrar deg. Allesaman! Du tek og tek, og dei er der likevæl allesaman?

Anisja. Ja, eg forstend meg ikkje noko paa det. Det var Ivan Moseitsch som raadde oss til aa stella oss paa den maaten. «Legg de pengarne i banken,» sa han, «der er dei trygge, og so kan de berre taka renterne.»

Mitritsch (som no er ferdig med aatnaden). Det er eit sant ord. Soleis var det og med kjøpmannen der eg tente. Dei folk ber seg altid eins aat: Pengarne i banken, og so kan du sjølv leggja deg paa latsida, og hev ikkje anna aa gjera en aa taka inn det du fær for kvar aarsbolk.

Akim. Det var daa noko løglegt. Taka inn. Eg skal berre taka inn; men kven skal dei so taka det fraa, dei som gjev meg pengarne?

Anisja. Pengarne fær ein i banken.

Mitritsch. Kva for ein smed? Men det er sant, kor skal vel eit kvinfolk forstaa seg paa slikt? Nei høyr du helder paa meg, Akim, so skal eg greia tingen ut for deg. Ser du. Lat oss seia at du hev pengarne liggjande, og eg hev vaaren i vente; men jordi ligg brak, eg hev ikkje saakonn, elder eg skal bruka pengarne til avgifter. So kjem eg til deg og seier: «Akim, laan meg ti rublar til ut paa hausten. So snart eg fær seldt konnet mitt, skal du faa dei att, og eg skal pløgja eit maal jord aat deg til takk for vælgjort.» Ser du daa at eg hev noko som er takande — ein hest elder ei ku — so seier du: «Lat meg helder faa tvo elder tri rublar, so er den sak kvitt.» Eg sit no eingong i klemma og kan ikkje greia meg utan hjelp, so der er ikkje anna fyre en aa seia takk som byd, og taka dei ti rublarne. Naar daa hausten kjem og eg hev vendt mine ting, maa eg ikkje berre betala attende dei ti rublarne som eg laante, men eg maa ut med tri rublar til.

Akim. Javisst; slike knip kan nok falla millom bønder naar dei gløymer Vaarherre; men det hev ikkje noko med dette her hersens aa gjera.

Mitritsch. Vent litt, so skal du sjaa det maatar som fot i hose. Kom no ihug kva du hadde gjort; du hadde flaadt skjorta av kroppen paa meg. Men no vil eg seia, at Anisja med hev pengar liggjande, og ikkje veit kva ho skal bruka dei til. Kvinfolk forstend seg ikkje paa sovore. Ho kjem daa til deg og spør um det ikkje skulde kunne lata seg gjera aa stella det so at pengarne hennar kom til same nytte. «Jau det kunne det nok,» seier du. Og no sit du og ventar. Til vaaren kjem eg att og bed, um du ikkje kan lata meg faa ein tiar til.... eg skal nok takka deg for vælgjort.... Og du gjev deg no til aa rekna tingen ut. Er ikkje skinnet daa flaadt heilt av kroppen paa meg, so laaner du meg av pengarne til Anisja. Er eg derimot ei fatig lus som ikkje hev noko aa eta, so fær bjølla ein annan laat. Du ser at der er ikkje noko aa fiska og seier: «Nei, gode ven, gakk du med Gud!» kjem der so ein annan som det er betre utsyn med, so gjev du han; og paa den maaten set du burt baade dine eigne pengar og Anisja sine, og flaar baade han og alle andre so godt du kan. Her hev du kva dei kallar bank. Paa den maaten gjeng det heile av seg sjølv. Jau, det er fint utrekna, kan du tru!

Akim (harm). Men kva er daa dette for noko? Det er daa beintfram snyting. Bønder kan nok gjera slikt noko — reine bønder. Men dei held det daa for synd, kor galne dei kan vera. Er det kanskje etter lov og rett? Nei det er ikkje etter lov og rett; det er farkestell er det. Kor kan daa uplærde folk.....

Mitritsch. Jau, far, det er just vatn paa kverni deira. Du skynar. Einkvar faamingen, elder eit kvinfolk, som ikkje sjølv kan setja pengarne i drift, dei set dei i banken, og dei kararne — giv dei maa faa ein agurk paa tvert i halsen! — dei stikk dei i lumma og flær skjorta av andre folk med dei. Jau du kan tru det er fint utrekna!

Akim (sukkar). Ja ja! Det er som dei seier pengar gjer sorger, anten ein hev dei elder ein ikkje hev dei; men etter mitt skyn er det daa betre aa ha forlite av dei en for mykje. Som no her. Kor skal ein daa forstaa sliktnoko? Gud vil at ein skal arbeida; men naar eg byrre set pengarne i banken, kan eg leggja meg til aa sova. og so kjem pengarne av seg sjølv og føder og klæder meg. Nei det er farkestell, og ikkje etter lov og rett.

Mitritsch. Lov og rett? Det spør ein ikkje etter no tildags. Her gjeld det — berre aa plukka ein stakkar for det siste han eig og hev. Det er noko heilt anna.

Akim. Ja ja! Det er vel snart den tidi daa vondemannen fær magt over verdi. — Der saag eg no desse hersens retiradar, dei kallar, inne i byen. So vidt er det kome, kan eg seia. Hyvla og glatt og fint aa sjaa til. Men det heile er til ingen nytte, til ingen verdens nytte. Dei hev gløymt Vaarherre, det er tingen, reint gløymt han, reint gløymt Vaarherre. — Takk for maten. Anisja! (krossar seg og gjeng fraa bordet).

Mitrisch (krossar seg likeeins og kravlar seg uppaa omnen). Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Anisja (tek av bordet og et imillomaat). Vilde endaa far hans tala han litt til rettes. Men ein skjemmest for aa nemna det.

Akim (som hev krossa seg for helgenbilætet). Sa du noko?

Anisja. Nei, eg rødde berre med meg sjølv.

(Anjutka kjem inn).

Akim. Aa gilde gjenta mi! Altid flink og glad. Du er nok forfrosi no, kan eg tenkja.

Anjutka. Ja eg er kald som ein istapp. Godag, bestefar.

Anisja. No, var han der?

Anjutka. Nei. Men Andrian hadde set han inne i byen paa eit ver tshus. Han var so full som ei alke, sa han.

Anisja. Vil du ha noko til kvelds ? — Der.

Anjutka (gjeng burt til omnen og varmar seg). Slik ein kulde! Henderne er snaudt valne.

Anisja (med’ ho vaskar upp). Bestefar!

Akim. Kva er det, baane mitt?

Anisja. Kor liver so det Marina-raket — godt?

Akim. Ja, ho hev det rett godt. Flink kone, stillferdig, tøymeleg, og gjer kva ho kan. Det er, som ein seier, ein maur til aa arbeida, lydig og trugi. Jau, ho hev det rett godt.

Anisja. Dei sa her, at ein frende av mannen hennar vilde fria til Akulina her. Hev du høyrt noko um det.

Akim. Det er Mironov. Ja, kvinfolka vasa um det. Eg la kje vidare gaatt til det. Og so er eg so veik paa minnet. Det er elles flinke folk, Mironov’s. Det er ikkje noko aa seia paa dei.

Anisja. Eg veit ikkje kva eg skulde gi, um me snart kunne faa henne gift.

Akim. Korleis det?

Anjutka. (som hev lydt ved døri). Der er dei!

Anisja. Lest ikkje i vera. (Driv paa vaskar, ser ikkje upp).

Nikita (i døri). Anisja! Kjering! Kven er det som er komen?

(Anisja gløser paa han tagall, snur seg so fraa han att og driv paa med vasken).

Nikita (hardt). Kven er komen? Elder hev du kanskje gløymt.....?

Anisja. Lat no det vera, og kom inn.

Nikita (høgare). Kven er komen?

Anisja (gjeng burt til han og tek han i handi). No, mannen i huset; gakk so inn.

Nikita (stritar imot). Det er tingen! Mannen i huset. Men kva heiter mannen i huset? Kom med det som det skal vera.

Anisja. Aa, gakk med deg — Nikita.

Nikita. Det er tingen! dumme kvinfolk; men farsnamnet!

Anisja. Akimitsch. So er det vel godt nok!

Nikita (framleies i døri). Det er tingen! Men etternamnet?

Anisja (lær, og prøver aa draga han inn). Tjilikin. — Kor han hev hylja i seg!

Nikita. Det er tingen! (held seg i dørkarmen). Nei, men vil du seia kor Tjilikin gjeng inn i stova.

Anisja. Lat det no vera nok med dette tullet. Du slepper daa ut all varmen.

Nikita. Nei her hjelper ingi kjære mor. Du skal seia det! Kor gjeng han so inn i stova?

Anisja (avsides). Eg fær no ikkje fred. (høgt). No, med vinstre foten fyrst. Kom so inn.

Nikita. Det er tingen! (raver inn).

Anisja. Du burde no sjaa deg fyre kven her er.

Nikita. Far? No ja, kva so? Eg skjemmest slett ikkje over far min. Eg kan visa han all vyrdnad. Godag, far! (bukkar og flir han handi). Eg hev den æra.....

Akim (utan aa helsa). Der ser ein kva brennevinet gjer, kva brennevinet gjer med eit menneskje. Fy!

Nikita. Fy, seier du? For det at eg hev drukke? Ja, der hev eg urett, det skal du ha rett i. Eg fekk meg ein liten taar med ein god kjenning, som eg maatte ynskja til lukke....

Anisja. Gakk og legg deg.

Nikita. Kjering! Kvar stend eg? Ut med det!

Anisja. Lat no det vera. Gakk no og legg deg.

Nikita. Eg? Nei, eg skal fyrst ha meg eit glas te saman med far! Gjer temaskina istand. — Akulina! kvar vert det av deg?

Akulina (kjem inn, svært utstasa, hev pakkar under armen. Til Nikita). Korleis er det du hev sumla med sakerne? Kvar er traaden?

Nikita. Traaden? Traaden er der ute. Hei Mitritsch! Kvar er du? Søv du? Gakk ut og stell med hesten.

Akim (skodar paa sonen utan aa sjaa paa Akulina; avsides). Det er soleis han steller seg! Der hev gamlen truska og slite so han er reint utkjøyrd, og han her hev berre belgja i seg. «Gakk ut og stell med hesten.» Fy! Nei, det ber ikkje til.

Mitrisch (kryp ned av omnen og tek paa seg filtskorne). Aa Herre Jesus! Er det hesten eg skal spretta fraa? Han er nok godt tilflidd, vil eg tru. Bitter det, kor han hev hylja i seg! Berre han ikkje gjeng av og rimnar! — Aa Herre Jesus! Heilage Mikola! (slengjer ein pels over seg og gjeng ut).

Nikita (set seg ved bordet). No, ver no ikkje vond paa meg lenger, gammeln! At eg hev drukke det er rett nok; men kva er det so aa gjera ved det? Um det so er ei høne, vil ho ha litt aa drikka. Hev eg rett elder ikkje? Lat no det vera godt. Mitritsch tek det ikkje ille upp; han syter nok for hesten.

Anisja. Er det aalvor med at eg skal gjera temaskina istand?

Nikita. Javisst er det aalvor. Her er daa far, og me vil sitja og drøsa litt, og faa oss ein tekopp..... (til Akulina). Hev du so bore inn sakerne?

Akulina. Sakerne? Mine eigne hev eg teke; dei andre ligg ute i sleden. Ja dette her er daa ikkje mitt. (slengjer ein pakke paa bordet og gjøymer det andre i dragkista si).

(Anjutka stend og ser paa. Akim sit ved omnen og turkar paa sokkarne sine.)

Anisja (gjeng ut med temaskina). Kista var full fyrr; men sjaa til um han ikkje hev gjort nye innkjøp.

Nikita. Høyr, far, ver no ikkje vond paa meg. Du trur at eg er full? Men eg er mann for aa gjera radt kva det er; for ein skal nok drikka, men ikkje drikka vitet vekk. Her kan du sjaa, far; eg kan svalla med deg ura kva det skal vera. Eg minnest alt. Du tala um pengar. Den gamle øyken var krepert; eg hugsar det nok. Det skal me nok greia; me magtar nok det. Var det ein svær sum, so laut ein nok be um aa faa venta; men dette skal me nok greia. Pengarne er her! (slær seg paa lumma).

Akim (steller med fottyet). Nei, far min. Det er som med isen um vaaren ..... det er ikkje den vegen me skal.

Nikita. Kva meiner du med det? At det ikkje er verdt aa røa med ein full mann? Ver du trygg. No drikk me te, og du skal sjaa at eg er mann til aa gjera rett, kva det so er.

Akim (rister paa hovudet). Aa Gud hjelpe oss!

Nikita. Her er pengarne. (rotar i lumma etter setelbold. Tek upp ein tirubel-setel). Der hev du til hesten. Verso god. Eg er ikkje den mans son som gløymer far sin. Tak han no, ikkje noko tull. Det er væl unt. (Gjeng burt til Akim og vil fli han pengarne). Tak dei no naar du fær dei. Det er væl unt, seier eg.

Akim. Nei, eg kan ikkje taka dei..... Eg kan ikkje tala med deg; for det er slett ikkje skikk paa deg.....

Nikita. Eg gjev meg ikkje. Tak no vekk, Seier eg! (stikk setelen i handi hans).

Anisja (kjem inn; til Akim). Tak dei berre du. Elles fær du kje fred.

Akim (tek pengarne, og rister paa hovudet). Kva brennevin daa kan gjera! Det jagar menneskja fraa sans Og samling. (stikk setelen i lumma).

Nikita. Det kan eg lika! Kan du betala meg det att, so gjer det; kviss ikkje, kan det vera det same. Eg er so. — Akulina, lat dei so faa sjaa det pusleriet me hev med oss.

Akulina. Kva?

Nikita. Kom fram med sakerne, seier eg.

Akulina. Sakerne? Er det noko aa syna? Eg hev alt lagt dei ned.

Nikita. So tak dei uppatt. Anjutka hev nok hug til aa skoda paa dei. No, vis henne det. Tak av sjalet, og kom hit med det.

Akim. Aa, ein fær vondt berre av aa sjaa paa. (kryp uppaa omnen).

Akulina (kjem med plagget). Kva er vel dette aa syna?

Anjutka. Aa kor vakkert det er! Næ—æ! Det er likso pent som Stepanida sitt.

Akulina. Stepanida sitt? Kor skulde hennar kunne mæla seg med dette? (vert meir og meir uppi røyrd). Sjaa her kva vevnad det er .... franske greier, (tek fleire ting upp or dragkista).

Anjutka. Og denne sirsen — jau eg skulde meine det er fint! Masjutka hev eit slikt stykke; men det er ljosare, og paa blaa grunn. Nei so fint!

Nikita. Ja det skulde eg tru.

Anisja (hev vore inni kammerset etter ein duk; kjem burt til bordet). No, kva er det de der hev rota fram?

Nikita. Sjaa no rett paa det

Anisja. Kva er det aa sjaa! Hev eg ikkje set slikt fyrr? (til Akulina). Sjaa til du kan faa det vekk. (riv plagget nedpaa golvet).

Akulina. Kva er det du ruskar med? Rusk du med ditt eiget! (luter seg og tek plagget uppatt).

Nikita. Anisja! Sjaa her.

Anisja. Kva daa?

Nikita. Trur du eg hev gløymt deg? Sjaa her! (viser henne ein pakke og set seg nedpaa han). Det er noko til deg. Men lat no fyrst sjaa um du er verd det. No, kjering? Kvar sit eg?

Anisja. Eg veit kje kva du gjer deg til etter. Eg er slett ikkje rædd deg. Kven eig pengarne du svirer for og kjøper gaavor for til den fleskepurka du dreg umkring med? Eg.

Akulina. Jau, eg skal gi deg! So det er dine! Du vilde nok gjerne ha stole dei; men det gjekk ikkje. Sjaa du pakkar deg! (gjeng langsmed og skubbar til henne).

Anisja. Aa du skubbar! Men eg skal nok skubba istaden!

Akulina. Ja kom berre, um du torer! (gjeng paa henne).

Nikita (spring imillom). No, no, kvinfolk! Lat det no vera nok.

Akkulina. Ho skal og byste seg! Du burde helder halda munn, og koma ihug kven du er. Du trur kanskje ikkje ein veit det?

Anisja. Kva veit? Seg fraa, seg fraa kva det er du veit!

Akulina. Eg veit noko um deg.

Anisja. Jau, du er ei gild merr som liver med ei onnor sin mann.

Akulina. Og du hev teke livet av din.

Anisja (fyk i Akulina). Det logst du!

Nikita (held henne att). Anisja! Du gløymer ..

Anisja. Kva trugar du etter? Eg er ikkje rædd deg.

Nikita. Ut med deg! (tek ho i herdi og støyter ho mot døri).

Anisja. Kvart skal eg gaa? Eg gjeng ikkje ut av mitt eiget hus.

Nikita. Ut med deg. seier eg! Og kom ikkje meir her.

Anisja. Nei, eg gjeng ikkje. (Nikita vil kasta henne utgienom døri; ho græt og skrik, og held seg fast i dørkarmen). Kva er slikt for noko? Jaga folk ut av deira eiget hus! Kva er det du gjer, din usæling? Du trur kanskje at der bid ingi lov over deg? Men vent du berre!

Nikita. Naa, naa!

Anisja. Eg gjeng til eldstemannen..... til politiet!

Nikita. Ut med deg! (puffar til ho).

Anisja (ute). Eg gjer ende paa meg!

Nikita. Aa pytt.

Anjutka (hyler). Aa—aa — aa! Mor, mi eigi kjære mor!

Nikita. Jau visst, ho trur ho skal skræma oss! — Kva hiper du for? Ho kjem nok att, syt ikkje! — Gakk so, og sjaa til temaskina. (Anjutka gjeng).

Akulina (samlar sine ting saman og legg dei i kista). Den skamløysa, kor kjeften gjekk paa ho! Men bid du! Eg skal flengja trøya hennar. So sant eg liver!

Nikita. Eg hev no kasta henne ut. Kva vil du so meir?

Akulina'. So som ho hev svina til dette nye plagget mitt, den purka! Hadde ho ikkje gjenge, skulde eg ha rive augo ut paa ho.

Nikita. No, ver no ikkje harm lenger. Kva hev du aa vera vond for? Var eg glad i henne so var det ei onnor sak.

Akulina. Glad i henne? Jau det var ei aa vera glad i — slik ei ule! Du skulde ha jaga henne fanden ivald, skulde du, du skulde ha late vore henne daa ho vart enkje, so hadde me no vore kvitt denne ugreia. Huset er likevæl mitt, og pengarne med. «Eg er daa kona i huset» seier ho. Jau det er ei rar kone! Ho hev teke livet av fyrste mannen sin og ho vil gjera det same med deg.

Nikita. Nei naar kvinfolka fyrst fær munnen paa lôs, kan ein ikkje faa stoppa han, kva ein so gjer. Kva er det for noko du no vrøvlar um burt i hytt og ver?

Akulina. Aa eg veit nok kva eg seier. Eg vil ikkje for all den ting bu under tak med henne meir. Eg jagar henne fraa garden; me kan ikkje vera saman. Ho vil vera kone i huset ho? Den tukthuskjeringi!

Nikita. Haldt no upp. Kva hev du med henne aa gjera? Slaa du berre ein strik over henne og haldt deg til meg. Det er daa vel eg som er mannen i huset. Eg gjer kva eg vil. Ho er ute av mitt hjarta, og no hev du teke romet. Eg spør ingen etter kven eg er glad i. Det stend i mi magt. Og so kan ho gaa heim og leggja seg. Eg hev henne her (slær seg paa styvlehælen). Hadde eg no berre munnspelet mitt! (syng).


I omnen dei bakar kringlor.
og grauten skin so kvit,..
So lat oss berre liva
og gledja oss den stund.
Eingong so kjerne dauden,
daa maa me alle burt....
I omnen dei bakar kringlor
og grauten skin so kvit....

Mitrisch (kjem inn, kastar pelsen og kryp uppaa, omnen. Akim som sit ut paa kanten og held paa ta paa seg gjev rom for han). So ja, no hev kvinfolka vore i tottarne paa kvarandre att. Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Akim. Verso god, kryp du berre inn i kraai.

Mitritsch. Dei kan daa aldri koma tilliks um aa byta han millom seg. Aa Herre Jesus!

Nikita. Akulina? Kom med likøren so me kan faa litt av den i teen.

Anjutka (til Akulina). Akulina! Temaskina er ved aa gaa av kok.

Nikita. Og kvar er mor?

Anjutka. Ho stend utpaa gangen og græt.

Nikita. Aahaa! Rop paa henne og lat henne koma med temaskina. — Akulina, set so du kopparne fram.

Akulina (i tankar). Kopparne? No ja, det kan eg altid. (Set koppar og glas paa bordet).

Nikita (set kringlor, sild og ei likørflaske paa bordet). Det her er til meg; so er den traaden der til kona, og oljen sette me att ute. Og her er pengarne. (set seg ved bordet og tek reknetavla ned av veggen). No skal me sjaa. Kveitemjøl — firs, olje for .... ti rublar .... Far! kom so og drikk te. (Togn. Akim sit paa omnen og bind bastskorne paa seg).

Anisja (kjem med temaskina). Kvar skal eg setja henne?

Nikita. Set ho her paa bordet. Naa, hev du so vore til politiet? Aha! Ein annan gong stikk du pipa inn og held tann for tunge. No, ver ikkje vond lenger daa. Set deg ned og drikk. (skjenkjer likør i eit glas). Og her hev du bygaave. (sender henne den pakken han fyrst sat paa. Ho tek imot, og rister paa hovudet).

Akim (kryp ned av omnen og tek paa seg pelsen; gjeng so burt til bordet og legg fraa seg tirubel-setelen; til sonen). Der hev du pengarne dine; gjøym dei so.

Nikita (utan aa sjaa setelen). Kvar skal du hen ennast du alt er komen i klædi.

Akim. Jau, eg vil gaa no. Du maa kje verta lei (tek huva og beltet).

Nikita. Det var daa rart! Kvar vil du hen nattes tider?

Akim. Tingen er, eg kan ikkje vera her i huset hjaa dykk; eg kan ikkje vera her, det er tingen. De fær orsaka.

Nikita. Kva er no det for noko... vil du gaa?... fyrr du fær te?

Akim (bind beltet um seg). Eg gjeng, ser du, avdi ein ikkje likar seg hjaa deg, Nikita-far. Det er eit skrøpelegt liv du liver, vesle Nikita, det er tingen! Og diso gjeng eg.

Nikita. Naa, lat no det snakket fara, og set deg ned og faa deg ein te-kopp.

Anisja. Men kva er det, bestefar! Du gjer oss daa til skammar for folk. Kva er du fortroten for?

Akim. Eg er ikkje fortroten, slett ikkje. Det er ikkje det som er ivegen. Men tingen er, eg ser at sonen min gjeng... i sin undergang... sonen min... det er tingen... i sin undergang.

Nikita. Kva er det for ein undergang? Det maa du daa fyrst gi grunn for.

Akim. Undergang, det er ordet, undergang. Du hev gjenge heilt under. Kva sa eg ikkje alt i sumar?

Nikita. No, kva sa du daa? Du sa so mangt.

Akim. Det var den foreldrelause gjenta, me rødde um. Eg sa du hadde gjort henne urett.

Nikita. Sjaa der er han med det att! Skal me rippa uppatt den greia? Det er daa slutt for lenge sidan.

Akim. Slutt? Nei, kjære, det er ikkje slutt. Den eine Syndi dreg den andre etter seg, og du vasar deg heilt inni synd, Nikita-far. Du hev sokke djupare og djupare, og no sit du i det til uppum øyro.

Nikita. Set du deg no ned og drikk ein kopp te, og so er den tunna tom.

Akim. Nei takk, eg skal ingen te ha. Alt det fæle eg her hev set, stend og kjeglar meg for bringa. Eg kan ikkje drikka te saman med deg.

Nikita. Han driv paa med sitt han. Kom no berre og set deg hit til bordet.

Akim. Rikdomen hev tulla seg umkring deg som eit garn som snører seg ihop um deg... ja, nett som eit garn. Aa, vesle Nikita-far! kom ihug det er sjæli det gjeld um.

Nikita. Kva rett hev du til aa koma her og reida meg til i mitt eiget hus, maa eg spyrja? Kva er det igrunnen du vil, naar det kjem til stykket? Eg er daa ingen gutunge for deg, veit eg, so du kan ruska meg i luggen. Det er ikkje lenger skikk og bruk det no tildags.

Akim. Nei, det er visst og sant. Eg høyrer kor sønerne no tildags ruskar sin gamle far i skjegget; men det fører altsaman berre til undergang, til undergang.

Nikita (sint). Me hev ikkje bede deg um noko enno. Det er du som kjem og hev bruk for oss.

Akim. Du meiner pengarne? (peikar paa setelen som ligg paa bordet). Der er pengarne dine. Eg vil helder tigga meg fram en taka noko av deg.

Nikita. Hald no upp, kvi skal du vera so lei, og blekkja gleda i laget? (tek han i handi).

Akim (riv handi til seg). Slepp meg! Eg ver her ikkje. Eg vil helder liggja paa landevegen en vera ein time lenger i denne søyla som du liver i. Tvi vere det! — Aa, Herre! forlat meg mi synd! (gjeng).

Nikita. Den var god!

Akim (opnar døri att og seier inn). Tenk deg um kva du gjer, Nikita! Kom ihug at det er sjæli det gjeld (gjeng).

Akulina (tek kopparne). Naa, skal eg so skjenkja i elder ikkje?

(Togn).

Mitritsch (med eit rop). Aa, Herre Jesus! Forbarm deg over meg arme syndar!

(Nikita skvett upp, Akulina og Anisja set i eit lett skrik).

Nikita (legg seg so lang han er paa benken). Eg hev slik hugverk. Akulina! Kvar er munspelet?

Akulina. Munspelet? Hev du no fenge bruk for det? Du hev daa sjølv sendt det burt for aa faa det istand. Naa, no hev eg skjenkt i; drikk so.

Nikita. Eg hev ikkje lyst. Sløkk ljoset Eg er so tung um hjarta! (græt).


  1. Mikola for Nikolaj, helgen som Mitritsch er uppkalla etter.