P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 44-45).
◄  Livet
Livssyn  ►

 1. Dei segja no, Verdi skal vera so vond,
og sant nog det ofta kann finnast;
men vistnog me saago ein fagnadfull Stund
langt oftar’, en sjølve me minnast.
Me tenkja for kort og venta for stort,
og difyre kjenna me ofta Skort.

 2. Um endaa i Heimen er Trældom og Tvang
og Folk, som for store vil vera,
um Sanning og Rett verder heft i sin Gang,
og Smaafolk faa Skjemder at bera;
so sjaa me daa tidt, det teiknar seg blidt,
at Umbot vil koma, der alt var for stridt.

 3. Høgt upp yver alle dei Herrarne smaa
er ein med eit sterkare Rike;
han læter sitt Ljos og sin Varme naa
til faatøke Folk som til rike.

Han giv utan Skil, naar Timen er til;
han giv sina Gaavor til kven han vil.

 4. Dei arme fekk ofta ein Rikdom i Barm
ein Skatt i sitt Mod og sitt Lynde;
dei ganga med Von gjenom Saknad og Harm
og finna seg Hugnad og Ynde.
Dei fara fram stilt og taka det mildt
og lindra og lækja, der nokot er ilt.

 5. Rundt um er ein Heim, som af Fagnad er full
Sjaa alle dei Liv, som der liva,
og Soli, som straar yver Doggi sit Gull.
og Blomen, som opnar si Skiva.
Um vel du vil sjaa paa berre eit Straa,
du kann ikkje meir en at undrast derpaa.

 6. Men den, som gav Liv i so rikelegt Tal
og Kraft, som vel ingen kann tyda,
han hever vel endaa ein romare Sal
med endaa ei rikare Pryda.
D’er litet, me sjaa, og litet, me naa,
mot alt, som i Vonom der vera maa.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.