P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 46-47).
(Tone: I Fior gjætt’ eg, Gjeiter i djupaste Dalom.)

 1. Det stiger em Sukk yver Heimen so vida,
der Tiderna vendast, og Ætterna kvida:
Kvi fer daa all Vænleike stundom so illa?
Kvi gjenger so ovmyket Lib daa til Spilla?

 2. Det veks ut i Grendom so livlege Flokkar
med leikande Mod og med vonfulle Tokkar.
Um stokkutte Stunder er Flokkarne skilde,
og mange kom aldri so langt, som dei vilde.

 3. Det kveikjest eit Ljos i ein mødeleg Skugge,
og Grenderna sjaa det med Fagnad og Hugge.
Det dimmest og sloknar, naar mest ein det trenger.
Kvi kunde det Ljoset daa ei standa lenger?

 4. Eit Hjarta, som nyst hever Maken sin funnet,
er rikar’ en den, som eit Land hever vunnet.
Men Maken fell fraa, og all Fagnad forgjenger.
Kvi kunde den Fagnad daa ei vara lenger?


 5. Det kjemer ei Stemna med Kjenningar saman;
di lenger det varer, di meir er det Gaman.
Men Skilnaden kjemer, og Samnaden gjenger.
Kvi kunde den Stemna daa ei vara lenger?

 6. So hever det gjenget i framfarne Tider
med Ætter, som eldest og gløymdest um sider.
Dei spurde, kvi ingen kann læra sin Lagnad
og tyda sin Hug til ein endelaus Fagnad.

 7. Men ovan or Høgdom ei Røyst hever svarat
og Mannen mot Utol og Vonløysa varat.
Og Ætterna lærde det Ord, som dei fingo,
og glad’ i sin Hug utor Heimen dei gingo.

 8. Og faafengt i Gisningar Mannsbarnet grever;
hans Umsyn i Uppheimen verder for snæver.
Med alt, som han grundar, han kjem ikkje lenger,
og stødt til det heilage Ordet han trenger.