Johan L. Sundt (s. 8-10).

§11. Orða i måle vert deilte i 10 slag, og namna på desse er: tingorð, skapnðoorð, kjønsorð, varorð, talorð, verkeorð, omstandsorð, høveorð, bindeorð, ut-ropsorð.

§ 12. Tingorða er orð, som nemne namne på eit menne eller ein ting eller på noko, som vert tenkt som ting, t. d. prest, stol, dugleike.

Merkn. Tingorða er 3 slag:

1. Sernamn er namn på ting, som de fins berre ein utav. Menneskjenamn vert au meðrekna til desse, t. d. Guð, Noreg, London; Olav, Guðveig.
2. Samnamn er namn på ting, som de er fleire utav, t. d. hus, prest, skomaker.
3. Tankenamn er namn på tenkte ting, enten ei verksemd, eit tilstand eller ein skipnað, t. d . sauming, somn, klokskap.

§ 13. Skapnaðorða er orð, som nemne eit kjennemerkje på eit menne eller ein ting, t. d. stor man, smal veit. Skapnaðoroð er enten ækte eller oækte. Ækte er dei, som ophavleg er skapnaðorð, t. d. stor, feit, grøn; oækte er dei, som eigjentleg er verkeorð, men som vert tenkte og bruka som skapnaðorð, t. d. ein flogjen fugl (§ 64, 2), ein dansande kalv (§ 64, 4).

§ 14. Kjønsorða er eit slag små lettonande orð, som syne os, kva kjøn tingorðe har, og som enten tene til å peike ut ein eller fleire ting av same slagje eller au til å syne os, at tingen (el. tingane) ikkje har eit slikt utpeik. I første tilfelle heite kjønsorðe de utpeikande, i de andre tilfelle de peiklause.

Merkn. Tingmåtemerkje: å (§ 74, 1,) kalle some tingmåtekjønsord.

§ 15. Varorða er orð, som stend istaðen for namne på menne eller ting, t. d. eg, din, kven? Både i brigde og tyðning og bruk nærme nokre seg til skapnaðorð eller talorð, t. d. nokon, al, denne o. s. b.

§ 16. Talorða er orð, som vi bruke til å telje með; t. d. ein, tvo, tri; første andre, trije.

§ 17. Verkeorða vert bruka til å segje ut ei verksemd, t. d. drikke, danse.

Merkn. 1. Dei verkeorða, som kan late verksemda si gå ut over ein motdeil (§ 28), kalle vi motdeilhavande verkeorð, t. d. smeðen gjer kniva. Dei, som ikkje kan ha nokon motdeil, heite motdeillause verkeorð, t. d. eg spring.

Nokre verkeorð kan vera både motdeilhavande og motdeillause, t. d. eg syng ein song, eg syng.

Merkn. 2. Nokre verkeorð er so inhaldslause, at dei som oftast ikkje kan vera omsegndeil (§ 23 og merkn. 1) åleine, men tene berre til å knyte samen með hovuðdeilen dei orða, som eigjentleg inneheld omsegna. Desse verkeorða kalle vi hjelpeverkeorð. Slike er: vera, verte, (bli), bi, heite, kallas, ville, skulle, måtte, knnne og (deilvis) ha (§ 80).

§ 18. Omstandsorða er orð, som utsegje ei utgreiðing eller eit omstand veð eit verkeorð, skapnaðorð eller anna omstandsorð: Spring fort! Ein ofse flink man. Overlag godt inballa.

Merkn. 1 . Omstandsorða opgjiv som oftast:

  1. Tið-omstand: no, då, igar.
  2. Rom-omstand: borte, heime, her, der, neð.
  3. Måte-omstand: korleiðs, soleiðs, vel.
  4. Orsak-omstand: difor.
  5. Motsetning-omstand: likevel.
  6. Jattande omstand: ja, visseleg, jau.
  7. Nektande omstand: nei, langtifra.

Merkn. 2 Mange omstandsorð likne skapnaðorðom. Dei kjennes frå desse ve de, at skapnaðorðe altið må vera lagt til eit tingorð (§ 27 merkn. 2) eller sjølv stå som eit tingorð (27 merkn. 3) eller au stå som omsegnorð (§ 23 merk). Omstandsorðe må altið) vera omstandsdeil (§ 31).

§ 19. Høveorða er eigjentleg understellande bindeorð (§ 20) og bind ein understelt setningdeil til ein overstelt.

§ 20. Bindeorða er tvo slag: siðestellande, som bind samen tvo (eller fleire) setningdeile eller setninga av same slag, og understellande, som bind ei understelt setning til ei overstelt.

Siðestellande er: og, både — og; eller, korkje — eller; enten — eller; men. Understellande er at, då, diat, innan, ændå, meðan, når, soframt at (som), om, ifal, o. s. b.

§ 21. Utropsorða er orð, som i seg sjølv ingja meining har men gjiv tilkjende, at ei kjensle av eit eller anna slag fins i rikt mål, t. d. au! å! uf! huf! hurra! hei!

Merkn. Slike orð er å likne með lyðane, som dyra føre fram.