§ 22. Ei setning er ei slik samenknyting av orð, at de vert utsagt noko om eit eller anna.

§ 23. Kvar setning må soleiðs ha minst tvo deile, ein, som de vert utsagt noko om, og ein, som inneheld utsegna. Den første deil heite hovuðdeilen, den andre omsegndeilen eller berre omsegna.

Merk. 1. Omsegndeilen opgjiv:

  1. enten kva hovuðdeilen er, (då vert, omsegna samenset av eit tingorð og hjelpeverkeorð, t. d. Hesten er eit dyr).
  2. eller korleiðs hovuðdeilen er, (då vert omsegna samenset av eit ækte skapnaðorð og hjelpeverkeordð t. d . hesten er stor).
  3. eller kva hovuðdeilea gjer (gjerande verkeset); eller kva de vert gjort veð honom (veðgjort verkeset). I desse tilfellom bruke omsegna berre eit verkeorð, eller ho vert samenset av hjelpeverkeorð og sjølvstenduge verkeorð. I dei tvo første tilfellom vert dyr og stor kalla omsegnorð, men «er dyr» og «er stor» er omsegndeilene. (Sjå §78).

Merk. 2. I tilsetsetninga vert hovuðdeilen oftast onemnt, t, d. kom! gå!

§ 24. Ei setning, som har berre hovuðdeil og omsegndeil, kalle vi ei snauð setning.

§ 25. Ei setning, som forutan hovuðdeil og om segndeil ogso har andre setningdeile, kalle vi ei utviða setning.

§ 26. Desse andre setningdeilene er enten: tingfylling, motdeil, siðedeil eller omstandsdeil.

Merkn. Varorðfylling vert rekna som tingfylling, með di varorðe stend istaðen for tingorð.

§ 27. Tingfylling kalle vi den setningdeilen, som (utan å vera omsegndeil) opgjiv eit eller anna kjennemerkje veð ein ting. Tingfylling kan følgjande orð vera: tingorð (varorð), skapnaðorð (ækte og oækte), talorð og tingmåten av verkeorðe.

Merkn. 1. Når tingfyllingja er eit tingorð, vert ho atåtlagt på ein av følgjande måtom:

  1. Veð endebrigde: mannens hat.
  2. Veð høveorð: hatten til mannen. Ein skarv til å slå.
  3. Veð å setje varorðe sin etter: mannen sin hat.
  4. Veð å setje hans eller henna førre: hatten hans Dag kua henna Sigrun (dette då berre veð dei sernamnom som er namn på menneskjo og veð nokre fåe samnamn (§ 12 merkn.), som vert bruka som sernamn, t. d. hesten hans far, kua henna mor).
  5. Utan noka hjelp: eit pund mjøl (ɔ: eit mjølpund).
  6. Atåtsette er eit eigje slag tiugfylling, som au kan reknas for ei tingfyllingsetning, (§ 35, 3.) der hovuðdeilen og hjelpeverkeorðe ikkje er nemnte, so berre omsegnorðe stend atter (§ 23 merkn.). Difor set vi au tverstrek førre og etter denne setningdeilen (§ 37, 1). Døme på atåtset er: Paris, hovuðstaðen i Frankrikje, er stor. Hovuðstaðen er atåtset, i Frankrikje tingfylling til hovuðstaðen.

Merkn. 2. Når tingfyllingja er varorð, skapnaðorð eller talorð, vert dei atåtlagte veð brigde, forsovidt dei er brigdelege, men au veð høveorð. Døme: Hatten min, nokre menner, kua hans; godt tårn, goðe born; fem man. Den største gaukjen av dem var du.

Merkn. 3. Somtið ser tingfyllingja ut til å vera omstandsdeil til eit skapnaðorð (§ 31), nemleg då, når skapnaðorðe inneheld både si eigje og tingorðe si meining, t. d, den beste av gutom ɔ: den beste gut av gutom; likeso með talorðe, t. d. de vart sundslegje fem av glasom ɔ: fem glas av glasom.

§ 28. Motdeilen legges til verkeorðe og fylle ut verksemda veð å gjive tilkjenne de menne eller den tingen, som hovuðdeilen verke på eller stelle til, t. d. Mora slo barne; snikkaren gjorðe stola. Tingorð Og varorð kan vera motdeil, likeso skapnaðorð og talorð, når dei vert bruka som tingorð, tingmåten av verkeorðe au.

Merkn. Når motdeilen er eit menne, kjennes han på de, ut han kjem som svar, når vi spør med orðe kven; er han ein ting, då kjem han som svar, når vi spør kva; t. d. Kven slo mora? barne. Kva gjorðe snikkaren? stola. De støðaste kjennemerkje på motdeilen er då å freiste å gjera han til hovuðdeil, deretter byte om de gjerande verkesette i oinsegndeilen með de veðgjorte og tilslut setje den førre hovuðdeilen með høveorðe av førre seg. Kan ein gjera de, utan at meiningja vert ei anna, so er de motdeil, t. d. vinden driv snøen. Snøen vert dreven av vinden. (Likn ihop § 17 merkn. 1.).

§ 29. Siðedeilen legges au til verkeorðe og fylle ut verksemda veð å gjive tilkjenne de menne eller den tingen, som verksemda er til skaðe eller gagn for, t. d. Eg gav Mildrið ein gulkros; eller: eg gav ein gulkros åt Mildrið. Eg gav døren eit hog. Som ein ser, kan siðedeilen ha høveorð førre seg, men au vera de forutan

Merkn. Siðedeilen vert som oftast kjent veð di, at vi spør; Kven åt? Kven til? Kven for? Eller: Kven var de til skaðe for? Kven var de til gagn for? t. d. Eg gav Mildrið ein gulkros. Kven gav eg ein gulkros åt? Åt Mildrið.

§ 30. I dei her nemnte tilfellom fins de både motdeil og siðedeil, men siðedeilen kan au sta åleine, nemleg veð dei verkeorðom, som tyðe: å følgje, høve, likne, hjelpe, gagne, lyðe, søme, tene, byte, skjifte, møte, t. d. eg hjelpte foreldrom, eg møtte gjenton.

Merkn. Frå gamal tið har folk veð desse orðom tenkt seg ei verksemd, som høve siðedeilen, og difor gjive honom siðedeilen si form (siðehøve), om de æn ikkje altið for os er godt å finne denne tanken. De i §29 merkn. opgjivne kjennemerkje høve difor heller ikkje altið veð some av desse orðom. Noko liknande er de með some skapnaðorðe og høveorð, som styre siðehøve (§§ 56, 3 og 97. 98. 99.).

§ 31. Omstandsdeilen vert enten lagt til eit verkeorð, skapnaðorð eller omstandsorð. I alle tri tilfellom kan han vera ækte eller oækte. Ækte kalle vi han, når han er nemnt með eit omstandsorð, oækte, når han er utsagt með eit høveorð og tingorð.

Lagt til verkeorð: Hesten sprang fort (ækte). Mannen reiste til byen (oækte). Slåttekarane kom heim (ækte) for å eta (oækte).

Lagt til skapnaðorð: Denne bera er gruveleg (ækte) sur; full av øl (oækte); glup til å riðe (oækte).

Lagt til omstandsorð: De var serdeiles (ækte) vel gjort. De var i (høgt) mål (oækte) klent gjort. (Høgt) er tingfylling til mål.

Merkn. 1. Somtið veri ein oækte omstandsdeil gjort til ækte, t, d. Eg reiste idag (eigjeutleg: i dag).

Merkn. 2. I dei oækte omstandsdeilom vert høveorðe ofte ikkje bruka, serleg er de tilfelle með slike, som utsegje ei vegt, eit mål eller ei tið, t. d. Vinters dag er de kaldt.

Merkn. 3. Om inhalde av omstandsdeilen sjå §18 merkn. I.

Merkn. 4. Tingmåten av verkeorðe kan vi bruke i alle dei setningdeilom, der tingorð kan brukas. Men de er å merkje, at han likevel tek åt seg motdeil, siðedeil eller omstandsdeil, som verkeorðe elles gjer, t. d. Eg tok han i håre for å lugge (oækte omstaudsdeil) han (motdeil til lugge).